ØRSTA KOMMUNE Kommunedelplan: Ørsta sentrum og Hovdebygda Planomtale Plannamn KDP Ørsta sentrum og Hovdebygda Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Saksnummer 2012/1410 Utarbeida av Ørsta kommune Utarbeida dato 08.04.2013 Sist revidert (C) 18.03.2015 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Innhald INNLEIING ............................................................................................ 2 1. BAKGRUNN ..................................................................................... 3 1.1. Føremål ........................................................................................3 1.2. Planområdet ..................................................................................3 1.3. Føringar ........................................................................................4 1.4. Prosess .........................................................................................8 2. GRUNNLAG FOR PLANEN ................................................................... 10 2.1. Folketal og framskriving av folketal .................................................... 10 2.2. Arealbehov og strategiar for arealbruken .............................................. 11 3. INNSPEL OG MERKNADER ................................................................... 20 3.1. Varsel om oppstart ......................................................................... 20 3.2. 1. gongs offentleg ettersyn ............................................................... 20 4. KONSEKVENSUTGREIING - OPPSUMMERING ............................................. 23 5. RISIKO- OG SÅRBARHEITSVURDERING .................................................... 25 6. OM PLANFRAMLEGGET...................................................................... 31 6.1. Overordna grep ............................................................................. 31 6.2. Arealføremåla .............................................................................. 32 6.3. Omsynssoner ................................................................................ 40 6.4. Verknader av planframlegget ............................................................ 44 6.5. Oppsummering .............................................................................. 45 6.6. Plandokument .............................................................................. 47 Revisjonar: A. Endring som følgje av vedtak i f-sak 20/14, dato 18.03.2014 (utvida sentrumsføremål og justert tettstadgrense samt naudsynte endringar i plandokumenta som følgje av justeringane. Tillegg i føresegna §3.7 vedk. utegløymd bestemming om Ørstafjordkryssing ) B. Endring som følgje av merknader etter 1. gongs offentleg ettersyn og NVE si rasfarekartlegging. C. Endring som følgje av formannskapet sitt vedtak i sak 30/15 den 10.03.2015 Planomtale Ørsta kommune Side 1 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 INNLEIING Dette er første gong det er utarbeidd Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Gjeldande overordna plan for området er kommuneplanen sin arealdel, frå 1991. Det har i lang tid vore trong for ein brei gjennomgang av arealbruken i Ørsta og Hovdebygda. Folketalsvekst og ein generell marknadsvekst har utløyst behov for bustad- og næringsareal og samordning av lokalt vegnett og gang- og sykkelvegnett. Industrien flytta ut av sentrum tidleg på 2000-talet og vart erstatta av kjøpesenter, bustadar og kontor. I kjølvatnet av desse endringane har sentrum vorte betydeleg oppgradert, men sjølina for E39 har sidan den vart regulert tidleg på 80-talet vore til hinder for utviklinga. For å legge til rette for vidare tettstadsutvikling, som og kan ta i bruk sjøsida, er det behov for å erstatte sjølina med kryssing av Ørstafjorden. Endra regionsstruktur har forsterka behovet for ein overordna arealplan som legg til rette for ei berekraftig og framtidsretta tettstadsutvikling. Utarbeiding av Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda er del av ein større revisjon og styrking av kommunen sitt overordna planverk. Arbeidet omfattar full revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel (vedteken i 2012) og arealdel irekna kystsona (vert utarbeidd etter denne kommunedelplanen). Varsel om planoppstart for desse tre planane er gjort 25.05.2011 og felles planprogram er fastsett 21.09.2011. Parallelt med kommuneplanarbeidet er det sett i gong eit Tettstadsprosjekt. Arbeidet omfattar mellom anna revisjon av Stadanalyse for Ørsta (frå 1999), og revisjon av reguleringsplan for Ørsta sentrum (sentrumsplanen, vedteken i 2000). Arbeid med ny sentrumsplan vert å starte opp etter at denne kommunedelplanen er ferdigstilt. Detaljert utforming av Ørsta sentrum vert avklart gjennom desse prosessane. Tidsperspektivet for kommunedelplan er 12 år, men ein har sett av areal som gir prioriteringar for framtidig arealbruk ut over denne planperioden, 20-30 år fram i tid. Dette grepet meiner ein vil gje føreseielege rammer for grunneigarar og høve til investeringar i landbruket. Det er i tillegg ein del utbyggingsområde som kan vise seg ikkje er råd å bygge ut, t.d. grunna rasfare. Behov for revidering skal vurderast i løpet av første året i ny valperiode som ein del av gjennomgangen med kommunal planstrategi. Om denne planomtalen og plandokumenta Planomtalen gjer greie for føremål, hovudinnhald og verknadar av planframlegget, og viser korleis nasjonale og overordna mål og retningslinjer er ivaretatt, jf. pbl. § 4-2. Verknadar for miljø og samfunn, konsekvensutgreiing, er del av planomtalen men er skilt ut som eige dokument. Hovudkonklusjonar frå konsekvensutgreiinga er teke inn i planomtalen. Plankart (med fire kartutsnitt for forskjellige omsyn) og føresegner er juridisk bindande for framtidig arealbruk jf. pbl. § 11-6. I tillegg kjem fem temakart, temautgreiing for hovudstruktur turvegar, alternativvurdering av hestesportanlegg, utteikning av alternative kryssingar av Ørstafjorden, alternativvurdering for vegføringar på Øvre Mo og alternativvurdering for vegføringar i Hovdebygda, innspel og merknader med våre kommentarar, samt saksutgreiing. Planomtale Ørsta kommune Side 2 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 1. BAKGRUNN 1.1. FØREMÅL Føremål med planen er å legge til rette for berekraftig og framtidsretta arealbruk i Ørsta sentrum og Hovdebygda, og styrke Ørsta sentrum som tettstad. Viktige planutfordringar er å sikre: - Tilstrekkeleg areal til bustadar, næring og offentlege føremål - Grøntstruktur, turområde, nærfriluftsområde og samanhengen mellom desse - Samanhengande lokalvegnett og gang- og sykkelstiar - Ørstafjordkryssing som erstatning for sjølina I planen skal det leggast vekt på ei klima- og miljøvenleg areal- og transportplanlegging, slik at ein også skal bidra til å oppfylle kommunen sine målsetjingar i klimaplanen. 1.2. PLANOMRÅDET Planområdet omfattar områda rundt Ørstafjorden, avgrensa mot kommunegrensa i sør, Nupen i nordaust og Brekke i aust. Kystsona og sjøområda er del av planen. Steinnes og Sørheim, Raudøya, Rjåneset og Flåvika er teke med for å omfatte ny lineføring for E39 over Ørstafjorden. Planomtale Ørsta kommune Side 3 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 1.3. FØRINGAR 1.3.1 Berekraftig utvikling Berekraftig utvikling er definert av Verdskommisjonen for miljø og utvikling (1987) som ei samfunnsutvikling som dekkjer dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar får dekka sine behov. Figuren er ein måte å visualisere berekraft på. Prinsippet om berekraftig utvikling er nedfelt i plan- og bygningslova som er lovgrunnlaget for denne kommunedelplanen. I føremålsparagrafen til plan- og bygningslova heiter det at ”Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner.” 1.3.2 Nasjonale og regionale føringar Kommunedelplanen er utforma i tråd med nasjonale og regionale føringar. Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (vedteke 24. juni 2011) Forventingsdokumentet peikar på oppgåver og interesser regjeringa meiner er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserer på i planlegginga for å gjennomføre nasjonal politikk og fremme ei berekraftig utvikling. Planleggingstema som er vektlagde er klima og energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap samt helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Kommunen har gjennom si planlegging eit særleg ansvar for å ivareta fylgjande tema: Universell utforming Regjeringa har ein visjon om at personar med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheiter til personlig utvikling, deltaking og livsutfalding på lik line med andre samfunnsborgarar (St.meld. 40 2002-2003). Kommunen har gjennom si arealplanlegging ansvar for å ivareta målsettinga om tilgjenge for alle (Rundskriv T-5/99 Tilgjengelighet for alle). Barn og planlegging Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga (T-1/95) har som mål å sikre eit oppvekstmiljø som gir barn og unge tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknadar, og som har dei fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetane som til ei kvar tid er i samsvar med eksisterande kunnskap om barn og unge sine behov. Vidare, å sikre barn og unge tilbod og moglegheiter som samla kan gje den enkelte utfordringar og ein meiningsfylt oppvekst uansett bustad, sosial og kulturell bakgrunn. Kommunen har gjennom si planlegging ansvar for at areal og anlegg som nyttast av barn og unge skal vere sikra mot forureining, støy, trafikkfare og anna helsefare. I nærmiljøet til barn og unge skal der finnast areal der dei kan utfalde seg og skape sitt eige leikemiljø. Kommunen skal sette av tilstrekkeleg, store nok og eigna areal til barnehagar (Rundskriv T-2/08 Om barn og planlegging). Areal- og transportplanlegging Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal og transportplanlegging (T-5/93) har som mål at arealbruk og transportsystem skal utviklast slik at dei fremmar samfunnsøkonomisk effektiv Planomtale Ørsta kommune Side 4 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 ressursutnytting, med miljømessig gode løysingar, trygge lokalsamfunn og bumiljø, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Kommunen skal i si arealplanlegging legge til grunn eit langsiktig og berekraftig perspektiv og med vekt på å oppnå gode regionale heilskapsløysingar på tvers av kommunegrenser. Samfunnstryggleik Kommunen har ansvar for at det vert gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for nye utbyggingsområde for å undersøke om områda er eigna for utbygging, jf. m.a. Sivilbeskyttelseslova. Strandsona Statlige planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen (2008) har som mål å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Ørsta kommune er i retningslinjene definert som eit område med mindre arealpress. I 100-metersbeltet langs sjøen skal kommunen mellom anna ta omsyn til at utbygging så langt som råd lokaliserast til område som er utbygd frå før, slik at utbygginga skjer mest mogleg konsentrert. Ein skal unngå utbygging i urørte område med spesielle friluftsinteresser, natur- og landskapskvalitetar eller kulturminneinteresser. Det gjeld for eksempel utbygging i kyst- og fjordlandskap med spesielle kvalitetar. Alternative plasseringar bør vurderast og velgast om mogleg. Behovet for næringsutvikling og arbeidsplassar, for eksempel satsing på reiseliv og turisme, skal vektleggast i vurderinga, men skal vegast opp mot omsynet til allmenne interesser. Moglegheita for fritidsfiske gjennom å tillate oppføring av naust og brygge skal også vektleggast, men ein må vege omsyna opp mot dei allmenne interesser nemnt over. Moglegheita for felles brygger og naust bør ein også vurdere. Ved større byggetiltak skal det utarbeidast reguleringsplan, utbyggingstiltak som ikkje er særleg omfattande bør styrast gjennom bestemmelsar til kommuneplan, og for mindre tiltak kan det etter ei konkret vurdering gjevast dispensasjon. Senterstruktur I gjeldande Fylkesdelplan for senterstruktur 2004—2008 er Ørsta definert som bygdeby i Ørsta/Volda-regionen. Med Eiksundsambandet og Kvivsvegen har regionsstrukturen endra seg. Ørsta, i lag med Volda, utgjer det geografiske midtpunktet i denne utvida arbeids-, bu- og sørvisregionen som omfattar Indre Nordfjord og Søre Sunnmøre. Fylkesdelplanen er under revisjon og den endra regionsstrukturen vert drøfta der. Kommunen vil i si planlegging ta omsyn til dei regionale retningslinjene for senterstruktur. Statistisk sentralbyrå sin sentrumsdefinisjon: 1. Eit sentrum er et område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring. 2. Ein sentrumskjerne er eit område med meir enn 3 ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse og sosiale tenester eller annan sosial og personleg service vere representert. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter. Lover - og andre nasjonale og regionale føringar Plan- og bygningslova (av 27. juni 2008) Naturmangfaldslova Lov om folkehelsearbeid Forskrift om rikspolitiske bestemmelser om kjøpesentre (FOR 2008-06-27 nr 742) Beredskap og samfunnstryggleik. Forskrift om konsekvensutredninger (FOR 2009-06-26 nr. 855) Retningsliner for handsaming av støy i arealplanlegginga, T-1442 Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013-2016 Jordvernstrategi for Møre og Romsdal Fylkesdelplan for strand- og kystsona Fylkesdelplan for elveoslandskap Planomtale Ørsta kommune Side 5 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 - KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Regional energi– og klimaplan Forvaltingsplan for vassdrag, grunnvatn og kystvatn (2010-2015) (Vassdirektivet) Sivilbeskyttelseslova Diskriminerings- og tilgjengelighetslova Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff 1.3.3 Lokale føringar Samfunnsdelen 2012—2025. Kommuneplan for Ørsta kommune (vedteke 21. juni 2012) Gjennom arbeid med samfunnsdelen er det peika på utfordringar og målsettingar for samfunnsutviklinga i kommunen, og desse er førande for overordna prioriteringar i kommunedelplanen. Samfunnsdelen har fem hovudmål fram mot 2025: - Ørsta kommune er ein attraktiv stad i regionen å busette seg og drive næring - Ørsta er ein inkluderande kommune med eit mangfald av opplevingar og gode oppvekstmiljø - Ørsta er ein berekraftig kommune - Ørsta sentrum er midtpunkt for kultur, handel og aktivitetar, og bygdene opplever vekst og utvikling - Ørsta kommune er ein aktiv samfunnsutviklar og ein attraktiv arbeidsgjevar Vidare har planen fem satsingsområde for å nå måla, mellom dei er sentrumsutvikling og samferdsel, og folketalsvekst. Utfordringar frå planprogrammet Planprogram for kommunedelplanen er fastsett av kommunestyret 21.09.2011. Her er det peika på utfordringar og oppgåver planarbeidet skal løyse. Vidareutvikling av Ørsta sentrum. Planen skal vurdere behov og sikre areal til offentlege føremål, handels- og servicefunksjonar og sentrumsbustadar. Den skal sikre grøntstruktur og samanhengen mellom desse, samt løysingar for det kommunale hovudvegnettet og gang- og sykkelvegnettet. Planen skal gjere ei romleg avgrensing av Ørsta sentrum. Bygningar og anlegg. Planen skal vurdere behov og sikre areal til bustadområde og næring. Landbruks-, natur- og friluftsområde. Planen skal avklare langsiktig grense mellom byggeareal og jordbruksareal. Grøntstruktur og friluftsområde. Planen skal sikre grøntstruktur, turområde, nærfriluftsområde og samanhengen mellom desse. Vegar og samferdsel. Planen skal avklare framtidig lineføring for E39 som erstatning for dagens trase og sjølina. Den skal vise løysingar for det kommunale hovudvegnettet og gang- og sykkelvegnettet. Sjø, vassdrag og strandsona. Sjøområde som er omfatta av tidlegare framlegg til kystsoneplan vert del av kommunedelplanen. Kulturminne og kulturmiljø. Planen skal kartfeste kjente automatisk freda kulturminne, bygningar i SEFRAK-registeret og andre kulturminne av regional/nasjonal/lokal verdi. Omsynssone. Omsynssone seier kva omsyn ein må ta når ein skal bruke eit areal i samsvar med planen. Plankartet skal skilje mellom arealbruksformål og omsynssoner. Samfunnstryggleik. Det skal gjennomførast konsekvensutgreiing for nye utbyggingsområde og av dei samla verknadane av planen. Planomtale Ørsta kommune Side 6 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 LUK-rapport: Strategiar for regionalt knutepunkt i Furene/Hovdebygda (Asplan Viak 2013) LUK står for Lokal samfunnsutvikling i kommunane og er Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på lokalt utviklingsarbeid. I regi av Ørsta og Volda kommunar og i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune er det i 2012—2013 gjennomført eit LUK-prosjekt der målsettinga var å etablere felles forståing og aksept for ei heilskapleg utvikling av Furene/Hovdebygda parallelt med styrking av Ørsta og Volda sentrum. Felles handelsanalyse for Ørsta/Volda er utarbeidd som del av prosjektet (Asplan Viak 2013-0110). Denne viser at det ikkje er full dekningsgrad for handel i Ørsta og Volda. LUK-rapporten rår til at næringsutviklinga endrar fokus frå handelsutvikling til samfunnsutvikling, og at ein satsar på eksisterande senter. Ein bør vidare ha fokus på vekst og auka folketal, for deretter å «dimensjonere» handelsnæringa for å oppnå 100 % dekningsgrad. Ein må då: 1. Arbeide for auka busetnad i Volda og Ørsta 2. Arbeide for auka næringsliv i Volda og Ørsta som kan tilrettelegge for punkt ein. 3. Satse på skule og utdanning. Det vidaregåande trinnet er kanskje det lettaste å påverke. For å få fleire tilsette og studentar må ein byggje gode bygdebyar. 4. Satse på helse og helsetjenester. Både som tiltak for eit betre og større fagmiljø, for utvikling av gode prosjekt innan bustadbygginga og som tiltak for å auke sysselsetjing frampeiker dette seg som ein god strategi. 5. Satse på kultur og auka attraktivitet i bygdebyane for å understreke punkt 1-4. Dette o o o o o gjer ein best gjennom berekraftig planlegging: styrke eksisterande by- og tettstadssenter bidra til meir effektiv arealbruk bidra til miljøvenlege transportval unngå auke av tettstadsarealet unngå bilavhengigheit Rapporten foreslår å etablere nye grenser for Volda og Ørsta sentrum, jf. kart under, og satse på fortetting. Funksjonar den tilrår å etablere i sentrum er offentlege funksjonar, helse og utdanning, bustadar, ”jobb nummer to” og detaljhandel. Furene ligg utafor dette området og det gjer også Ekset - Mork. Vidare bør ein arbeide for å knyte områda saman med gode kollektivstopp som kan danne sekundære senterpunkt i dei større områda. På denne måten kan ein kople saman strategiske punkt i Volda, Furene, Hovdebygda og Ørsta. Vekst rundt desse punkta er fornuftig. Rapporten frårår å opne for meir detaljvarehandel i Furene - Hovdebygda. Det er derimot rom for etablering av meir handel i form av ”plasskrevjande handel”, noko rapporten tilrår. Rapporten åtvarar mot å etablere større område for handel utanfor tettstadgrensene då det vil trekkje krefter vekk frå eksisterande tettstadssenter. Storvarehandel som definert i plan og bygningslova kan ligge utafor sentrum, men ikkje konsept som er definert som detaljhandel. Tettstadgrense (raud stipla linje) i Ørsta og Volda, slik LUK-rapporten foreslår. Planomtale Ei oppsummerande anbefaling er å samle nye tiltak i så få landskapsrom som mogleg. Då slepp ein konsekvensar i eit stort område. Å drive utvikling i utvalde landskapsrom vil gje tettare strukturar og vil spare meir areal til dømes for rekreasjon og jordbruk. Ørsta kommune Side 7 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Andre lokale føringar Kjerneområde landbruk. Ørsta kommune (2013). Fagrapport med registrering og prioritering av viktige produksjonsareal i jordbruket og landbrukets kulturlandskap. Barnetrakkregistrering i Ørsta kommune (2011). Rapport med registrering av born og unge sin bruk av vegar og uteareal i Ørsta sentrum og Hovdebygda. Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune (2012). Overordna plan for krise- og beredskapsplanar i kommunen. Ørsta kommune er partnar i God Helse i Møre og Romsdal. Ørsta kommune slutta seg til Fredrikstaderklæringa i 2001 og prinsippa om berekraftig utvikling gjennom Lokal Agenda 21. Klimaplan for Ørsta kommune 2009—2020. Kommuendelplan med føringar for områda energi, forbruk, avfall, transport, landbruk og næringsliv. Kommunen har også målsetting om å bevare prioriterte naturtypar som grunnlag for ivaretaking av det biologiske mangfaldet (vedtak i kommunestyret 19.06.2007) 1.4. PROSESS Utarbeiding av Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda er del av ein større revisjon og styrking av kommunen sitt overordna planverk, som i tillegg omfattar full revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel (vedteken i 2012) og arealdel irekna kystsona (vert utarbeidd etter denne kommunedelplanen). Planarbeidet er samordna og organisert som eige prosjekt. Sentrale avgjerder og vedtak i planprosessen er vist i lista under: - - - Vedtak om revisjon av samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen, igangsetting av kommunal planstrategi samt utarbeiding av ny kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Vedtak fatta av Ørsta kommunestyre 16.9.2010 (k-sak 66/10). Varsel om oppstart av planarbeid for samfunnsdelen, arealdelen og kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, og offentleg ettersyn av felles planprogram. Vedtak fatta av Ørsta formannskap 26.5.2011 (f-sak 68/11). Fastsetting av felles planprogram. Vedtak fatta av Ørsta kommunestyre 17.11.2011 (k-sak 70/11). Vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdelen 2012—2025, irekna kommunal planstrategi for 2012—2016. Vedtak fatta av Ørsta kommunestyre 21.juni 2012 (k-sak 39/12). I Kommunal planstrategi 2012—2016 for Ørsta kommune er Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda prioritert planoppgåve. Kommunedelplan for kystsona har vore til offentleg ettersyn (2007) men er ikkje vedteken. Planarbeidet vart mellombels innstilt på grunn av uvisse knytt til konsekvensar frå ras frå Åknesremna i Storfjorden. Kommunedelplan for kystsona vert sluttført i samband med arealdelen og Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. 1.4.1 Medverknad Tre arbeidsgrupper er etablert for å levere innspel til planarbeidet. Gruppene representerer høvesvis kommuneorganisasjonen, politikarar og frivillige lag og organisasjonar og tel om lag 30 personar. Hausten 2010 og våren 2011 gjennomførte dei fire samlingar der dei arbeidde med visjon og framtidsønske, verdiar og satsingsfelt, mål og strategiar for utviklinga i Ørsta kommune. I tillegg har dei kommunale (fag)seksjonane levert innspel der dei peikar på utviklingstrekk og utfordringar for sine respektive fagfelt. Innspela frå arbeidsgruppene og fagseksjonane var premissgivande for utforminga av felles planprogram, samfunnsdelen og kommunal planstrategi, og er førande også for denne planen. Planomtale Ørsta kommune Side 8 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Våren 2011 vart det gjennomført Barnetrakkregistrering ved fire sentrumsskular og ein utkantskule. Nær på 300 elevar deltok, frå 5., 6. og 7. trinnet i grunnskulen og 9. trinnet i ungdomsskulen. Kartlegginga gav ny kunnskap om barn og unge sin bruk av vegar og uteområda. Materialet er digitalisert og er eit av grunnlaga for planen. I samband med LUK-prosjektet vart det våren 2013 gjennomført omfattande opplegg for medverknad, mellom anna gjennom ein verkstad og to opne møte. Føremålet var å identifisere funksjons- og arealbehov og få innspel på ønska utviklinga i Furene/Hovdebygda og Ørsta og Volda sentrum. Inviterte deltakarar var lokalpolitikarar, næringslivsrepresentantar, representantar frå kommune- og fylkeskommunal administrasjon, brukarinteresser, grunneigarar og lokale eldsjeler. I tillegg kom mange innbyggjarar til dei opne møta. Resultata frå LUKprosjektet er eit av grunnlaga for planen. Planframlegget er drøfta i Regionalt planforum (27.11.2013), lokalt planforum (09.01. og 16.01.2014) og i drøftingsmøte med aktuelle seksjonsleiarar. Informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på kommunen si heimeside. Ein har også nytta lokalavisa til å orientere om planarbeidet. 1.4.2 1. gongs offentleg ettersyn og medverknadsaktivitetar i høyringsperioden Planframlegget var til 1. gongs offentleg ettersyn i perioden 29. mars – 16. mai 2014. I samarbeid med lokalavisa Møre Nytt vart det tidleg i høyringsperioden publisert tre utfyllande artiklar om planframlegget; 10., 12. og 15. april 2014. Føremålet var å skape merksemd om planarbeidet og sikre lokal forankring. Tema for artiklane var tettstadutvikling, næring og jordbruk og korleis desse aspekta er ivareteke i planframlegget. Seinare i høyringsperioden vart det arrangert folkemøte (23.april) og open dag (24. april). Møta var annonserte og opne for alle. Båe arrangementa var annonserte og med svært godt besøk. Planavdelinga har i løpet av våren 2014 orientert om framlegget i fleire politiske utval i kommunen. Planframlegget er også presentert på ulike fagkonferansar på regionalt nivå. I samband med motsegnene, jf. kapittel 3, er det gjennomført drøftingsmøte med Fylkesmannen i Møre og Romsdal (29. september 2014) og Kulturvernavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune (6. november 2014). I tillegg det gjennomført møte med Statens vegvesen (6. oktober) om trafikale løysingar. Merknader til planframlegget er kommentert og ligg som vedlegg. Samanfatting av merknader er teke inn i planomtalen, kapittel 3. Planomtale Ørsta kommune Side 9 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 2. GRUNNLAG FOR PLANEN 2.1. FOLKETAL OG FRAMSKRIVING AV FOLKETAL Folketal i Ørsta kommune er 10 536 innbyggjarar per 1. januar 2014. Om lag 7550 personar bur innanfor planområdet. Folketalet i Ørsta kommune har hatt ei svak positiv utvikling over mange år, men med enkelte svingingar. Siste fem-seks åra har kommunen opplevd ein positiv vekst. Folketal på krinsnivå syner at den største veksten har vore i Hovdebygda og Ørsta sentrum. Framskriving av folketal utrekna av Statistisk Sentralbyrå (SSB) syner at veksten i Ørsta kommune vil halde fram mot år 2025. SSB skildrar tre alternativ for vekst; Låg, middels og høg. Prognosen for låg vekst inneber ein auke på 415 personar fram mot år 2025, middels vekst 989 personar og høg vekst 1536 personar. LUK-rapporten peikar på folketalsvekst som ein av dei viktigaste drivarane å arbeide for i samfunnsutviklinga, og å arbeide for 100 % dekningsgrad innan handel. Rapporten legg opp til ein folkeauke på 4400 innbyggjarar i Ørsta og Volda. Dette tilsvarar ei dobling av SSB sin middels prognose for folketalsvekst. For Ørsta sin del vil det vere snakk om ein auke på om lag 2200 personar fram mot år 2025. I kommuneplanens samfunnsdel er folketalsvekst ei målsetting. Skal kommunen fylgje opp ambisjonen i LUK-rapporten, må ein i planlegginga ta høgde for ein større folketalsvekst enn den ein har hatt til no. Med utgangspunkt i den historiske utviklinga synest ein vekst på 2200 personar fram mot år 2025 optimistisk. I dette planframlegget har ein valt å nedjustere LUK-rapporten sin ambisjon om folketalsvekst noko, frå 2200 personar til 1536 personar. Dette tilsvarer SSB sin prognose for høg vekst (1536 personar i høve 2012-nivå) men må likevel karakteriserast som ambisiøst. Stipulert folketalsvekst gjeld for kommunen sett under eitt. I tråd med sentraliseringstrenden ein har sett siste åra forventar ein størst vekst i Ørsta sentrum og Hovdebygda. Planomtale Ørsta kommune Side 10 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 2.2. AREALBEHOV OG STRATEGIAR FOR AREALBRUKEN 2.2.1 Overordna strategiar for arealbruken Planprogrammet peika på behovet for å foreta ei romleg avgrensing av Ørsta sentrum med sentrumsfunksjonar ein kan nå til fots (detaljvarehandel, offentlege og private tenester). Statistisk Sentralbyrå sin tettstadsdefinisjon gir føringar for ei slik avgrensing av sentrumskjernen. I tillegg har ein behov for å definere område for sentrumsføremål med føringar for arealbruken. Gjennom planlagd tettstadsprosjekt og påfølgjande reguleringsplan for sentrum skal ein arbeide vidare med detaljutforming for området sett av til sentrumsføremål (herunder avgrensing av område for detaljhandel). Gjennom arbeidet med LUK-rapporten har ein fått råd om å innføre tettstadgrense. Føremålet er å styrke Ørsta som tettstad og hindre fragmentering av viktige landbruksareal, jf. kap. 1.4. 2.2.2 Bustad I dag er det om lag 262 daa regulert bustadareal innanfor plangrensa som ikkje er utbygt. Rystemarka og Osmarka 3 utgjer nesten heile denne arealreserven med høvesvis 145 daa og 78 daa. I tillegg er det lagt til rette for bustadar i reguleringsplanane for Hovden skule Enokmarka, og Hovdebygda barnehage. Andre regulerte bustadområde innan planen, mellom anna Mosmarka og Øvre Mo, er tilnærma utbygde. Ein har vurdert arealbehovet for bustadføremål med utgangspunkt i folketalsvekst og grad av arealutnytting. Ein folketalsvekst på 1536 personar og same fordelinga av byggtypar ein har i dag vil medføre eit behov for om lag 720 daa nytt bustadareal. LUK-rapporten legg til grunn ein folketalsvekst på 2200 personar, men på grunn av svært høg arealutnytting har dei stipulert eit arealbehov på berre 250 daa. Alternativet som er lagt til grunn for planframlegget tek utgangspunkt i ein folketalsvekst på 1536 personar og ein høgare grad av arealutnytting enn i dag, men går ikkje så langt som LUKrapporten. Det er føreset at 20 % av bustadbehovet skal dekkast gjennom bybustadar (leilegheiter i sentrumsbygg og større bustadbygg i sentrumskjerna), 50 % gjennom konsentrert utbygging (firmannsbustadar, rekkehus, lavblokker osb.) og 30 % gjennom einebustadar. Andelen som skal vere til bybustader må i stor grad basere seg på areal som allereie er utbygde og ombygging av eksisterande bygg, og ein treng difor ikkje ta med dette arealet i reknestykket. Denne utrekninga gjev eit arealbehov på om lag 410 daa til bustadføremål. Tilkomstvegar, avskjeringskanalar, leikeplassar osb. er del av dette talet. Når ein trekkjer ifrå det arealet som allereie er regulert får ein eit behov for nytt bustadareal på om lag 148 daa. For bustadbygginga har ein strategi om å fortette i eksisterande bustadområde i/rundt sentrumskjerna med bybustadar, og ei blanding av konsentrert utbygging og einebustad i byggjefelta. Hovudtyngda av areal for konsentrert utbygging bør vere nær sentrum eller kollektivnett. Vidare skal ein legge til rette for at buområda har tilgang til samanhengande turvegnett og grønstruktur, og at flest mogleg av dei større buområda vert universelt utforma eller tilgjengelege for alle. 2.2.3 Fritidsbustadar: Fritidsbustadar er ikkje omtala særskilt i planprogrammet. Ein ønskjer likevel å legge til rette for ei viss utbygging av fritidsbustadar kring Ørstafjorden, som eit supplement til dei større tilrettelagte områda for fritidsbustadar på Bondalseidet og Standaleidet. I planframlegget til kystsoneplanen er strekninga Liadal-Rjåneset peika på som aktuell for fritidsbustadar. Her er i dag spreidd hyttebygging, småbåthamn, badeplass og gode turmoglegheiter. Planomtale Ørsta kommune Side 11 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Generelt bør nye fritidsbustadar etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur og inngrepa bør samlast. Ein bør ikkje opne for slik utbygging der det er stor konflikt med friluftslivsinteresser, natur- og kulturminneinteresser. 2.2.4 Offentleg eller privat tenesteyting: Arealreserven for offentleg areal/tenesteyting innanfor planområdet er om lag 71 daa. (BakkOla-marka, ved Hovden skule, Mosflata) Barnehage Gjennom arbeidet med Samfunnsdelen er det peika på behov for ein ny 6-avdelings sentrumsbarnehage. Denne vil erstatte nokre av dei mindre sentrumsbarnehagane (Rystene og Kvitveisen), men samla kapasitet vil auke. Med auka prognose for folketalsvekst vil det på sikt vere behov for to nye 6-avdelings barnehagar i sentrum. Ved Barnas Vel er det lagt til rette for ei utviding med 2 avdelingar. Hovdebygda barnehage har moglegheit for utviding, men dette krev at teknisk rom vert flytta frå 1. til 2. etasje. Desse utvidingsmoglegheitene endrar ikkje samla arealbehov for barnehagar, men gir større fleksibilitet i utbygginga. Minimums arealbehov for ein 6-avdelings barnehage er stipulert til om lag 6 daa og inkluderer bygningsmasse, uteareal med parkeringsplassar og tilkomstveg. Ein veit at det i framtida vert større krav til arbeidsrom for tilsette. Det er også ønskjeleg å sikre areal til eventuelle utvidingar og andre behov som ein ikkje har oversikt over i dag. Samla arealbehov for to nye barnehagar er stipulert til 14 daa. Viktige lokaliseringskrav for barnehage er sikker tilkomst og trafikktryggleik, tilgang til gode nærfriluftsområde og nærturområde, soltilhøve og lokalklima. Lokalisering må vurderast i høve framtidige buområde (transportavstand) og i planen bør ein sikre areal til eventuell utviding. Skule Sak om skulestruktur er handsama i kommunestyret 13.12.2012, sak 79/12. Med utgangspunkt i kjente fødselstal er kapasiteten ved dei tre barneskulane i sentrum vurdert å vere tilstrekkeleg. Vikemarka skule har høve til mindre utvidingar. Velle skule er utvida men der er planlagt for eit byggetrinn 2. Hovden skule kan utvidast frå 1 til 2 parallellar (14 klasser). På ungdomssteget er kapasiteten vurdert å vere tilstrekkeleg, også dette med utgangspunkt i kjente fødselstal. Ved Ørsta ungdomsskule er det lagt til rette for utbygging ved elevtalsvekst. Krinsgrensene mellom skulane Velle, Vikemarka og Hovden er oppheva frå 01.08.2013 og skulane vert same skulekrins (Sentrum krins) med tre undervisningsstadar. Dette gjer at elevar kan styrast dit det er kapasitet. Med auka prognose for folketalsvekst må ein legge til rette for å auke kapasiteten i barneskulane og ungdomsskulen, tilsvarande 211 nye elever (145 i grunnskulen og 66 i ungdomsskulen). Ein slik vekst vil utviding av Velle skule og/eller Hovden skule kunne ta i mot, likeeins ei utviding av Ørsta ungdomsskule. Ungdomsskulen har også utvidingsmoglegheiter på Ripateigane, som er i kommunalt eige. Arealbehov til sentrumsskulane må vurderast i eit lengre tidsperspektiv enn det som ligg til grunn for denne planen, men ein meinar at den arealreserven som ligg i gjeldande reguleringsplanar er stor nok. Ein må likevel vurdere om lokaliseringane skal vidareførast, eller om ein må flytte dei regulerte områda. Helse Behov for offentleg areal til helsetenester er gjort greie for gjennom Bustadsosial handlingsplan 2010—2013 og felles innspel til dette planarbeidet frå seksjonane Bu- og habilitering, Helse og velferd, Institusjon, Heimetenester og koordinering. Planomtale Ørsta kommune Side 12 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Det er behov for 4 samlokaliserte bustadar med 4-5 bueiningar i kvar. Bustadane bør ha sentral lokalisering nær sentrumsfunksjonar og kollektivtilbod. For somme bustadar vil det vere ein føremon med samlokalisering med eksisterande helse- og institusjonsbygg. Prosjektering er i gong for 2 bustadar med til saman 6 bueiningar og 2 avlastningseiningar med personalbase, lokalisert ved Bakk-Ola-marka. I denne planen er det behov for å sette av areal til dei 2 resterande bustadane, samt å sikre areal for framtida. Lokaliseringsalternativ er Bakk-Ola-marka (”Lødetomta”) og på Jomarka. Ein del av bustadbehovet knytt til dette tenesteområdet kan også skje innanfor ordinære område for bustadbygging. Det er eit generelt behov for å sikre areal i tilknyting til eksisterande helse- og institusjonsbygg. Dette med tanke på eventuelle framtidige utvidingar. Det er konkret framlegg om å sikre tilleggsareal ved Ørstaheimen. Bakk-Ola-marka og nærområda husar i dag fleire helsetenester. For å utnytte fordelane gjennom samlokalisering bør attverande arealreserve i tilknyting til Bakk-Ola-marka reserverast til helseføremål. Legesenteret har vokse ut av lokala sine på Helsesenteret og har sett i gong prosess med å finne nye lokale, eventuelt utvide eksisterande lokale. Nytt legesenter utløyser ikkje eit eige arealbehov i denne planen. Helsesenteret er regulert til offentleg tenesteyting. Om lokala til legesenteret vert ledige kan dei disponerast av andre helsetenester med behov for samlokalisering til Bakk-Ola-marka og nærleik til sentrum. Generelt bør helsetenester, bukollektiv og institusjonar ligge sentrumsnært og med tilgang til tenester og funksjonar. Andre former for tenesteyting Det er ikkje kome spesifikke ønskje om areal til andre former for tenesteyting. Det som naturleg fell innanfor dette føremålet bør skal lokaliserast i sentrumsområda eller i regulerte område i Hovdebygda. Arealbehovet for kyrkjegardane i sentrum er vurdert som tilstrekkeleg. Arealbehovet for andre offentlege institusjonar er vurdert som tilstrekkeleg. 2.2.5 Fritids- og turistføremål Ørsta camping har kome med ønske om utvidingsareal. 2.2.6 Næring Ein gjennomgang av næringsarealet i kommunen viser at ein har lite opparbeidd og ledig næringsareal tilgjengeleg. Berre ei tomt i Hovdebygda (ca 15 daa) og ei tomt på Mosflata (ca 14 daa) kan seiast å vere byggjeklare eller nær byggjeklare. Den regulerte arealreserven er på om lag 180 daa for industri/lager-føremål og om lag 115 daa for forretning/kontor/tenesteyting. Av dette utgjer Melsgjerda (112 daa) og Hovden næringsområde (103 daa) dei største areala høvesvis for industri/lager og forretning/kontor/tenesteyting. Frå 1990 og fram til i dag har det i gjennomsnitt vore bygd ut om lag 70 daa til industri/lagerføremål pr. tiår. Ledig areal på Mosflata og Rystelandet er relativt avgrensa. Areala i Hovdebygda er tenkt nytta til meir forretningsprega verksemd og lager/industriverksemd (jf. gjeldande reguleringsplan), og i mindre grad tradisjonell industriverksemd. I realiteten har ein difor berre eit regulert tilbod på Melsgjerda. Dersom ein berre ser på antal daa skal Melsgjerda gje tilstrekkeleg dekning innanfor planperioden. Likevel vil det vere verksemder som ønskjer anna lokalisering meir sentralt i høve hovudvegsystem eller ved sjøen. For å sikre eit differensiert tomtetilbod for industri/lager-føremål er det behov for næringsareal ved sjøen og alternativt areal til Melsgjerda som eit supplement til eksisterande næringsareal. Frå 1990 og fram til i dag har det vore bygd ut om lag 40-50 daa til forretning/kontor/tenesteyting pr. tiår. Det er nyleg regulert eit område på om lag 103 daa til denne typen føremål i Hovden næringsområde ved flyplassen. Her er ikkje tillate med Planomtale Ørsta kommune Side 13 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 detaljhandel. Området er vurdert å gje tilstrekkeleg dekning i planperioden. Detaljhandel og ein del publikumsrelatert tenesteyting bør lokaliserast i sentrumsområda. Tilrettelegging for desse føremåla bør skje gjennom fortetting av sentrumskjerna, eller ved at dei etablerer seg i eksisterande bygg. LUK-rapporten rår til at plasskrevjande handel lokaliserast utanfor sentrum, og at ein legg til rette for å kunne flytte eksisterande industri/lagerverksemder samt bilrelatert handel ut av sentrum for å frigjere sentrumsareal. Dette for å styrke sentrum. 2.2.7 Idrett I Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet (2013) er det gjort greie for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og statlig sikra friluftsområde i kommunen, og behovet for rehabilitering, utviding og etablering av nye anlegg/friluftsområde er skildra og prioriterte. Prioriterte idrettsanlegg som bør visast i planframlegget er lysløype i Hovdebygda og på Daleteigane. Hestesportanlegg Hestesportmiljøet i kommunen har meldt inn behov for å sette av areal til hestesportanlegg i kommunedelplanen. Arealbehov for baneanlegg er oppgitt å vere om lag 15 000 m2 (fotavtrykk) og føreset tett arealutnytting gjennom at baner vert lagt inni kvarandre. Det er viktig at anlegget er sentrumsnært og med utvidingsmoglegheiter. 2.2.8 Naust Naust er ikkje omtala særskilt i planprogrammet. Ein ønskjer likevel å legge til rette for ei viss utbygging av naust kring Ørstafjorden, som ein lekk i å styrke friluftsliv knytt til sjø. Fylkesmannen har utarbeidd råd for korleis kommunen kan handtere naust i føresegnene til kommuneplan og reguleringsplan. Framlegg til kystsoneplan held fram at vegtilkomst er eit vesentleg moment i vurdering av naustområde, at naust bør vere frittliggjande men likevel samla i klynger. Kystsoneplanen foreslår utviding/fortetting av eksisterande naustområde på Storeneset, Liadal (2 område) og Rjåneset. Generelt bør nye naustområde kring Ørstafjorden etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur og inngrepa bør samlast i eigne område/felt og i samanheng med eksisterande byggeområde. Ein bør ikkje opne for slik utbygging der det er stor konflikt med friluftslivsinteresser, natur- og kulturminneinteresser. 2.2.9 Sentrumsføremål Innanfor sentrumskjernen er det behov for å definere areal til sentrumsføremål, der ein legg til rette for forretning, kontor, tenesteyting, kjøpesenter, næring (hotell og bevertning), bybustadar og grønstruktur. Området bør ikkje vere større enn at det kan nåast til fots. Innan denne området er svært høg arealutnytting ein føresetnad. For dette området er det viktig med fleksibilitet, og den endelege arealprioriteringa (område for detaljhandel m.m.) vil verte fastsett gjennom tettstadsutviklingsprosjektet og ny reguleringsplan. 2.2.10 Mineralske ressursar Direktorat for mineralforvaltning sa i sitt innspel til planprogram/oppstart av planen av kommunen måtte vurdere behovet for mineralske ressursar. Dette er ikkje omtala særskilt i planprogrammet, men med auka byggjeaktivitet i framtida vil det vere eit aukande behov for mineralske ressursar. Ein må difor vurdere kapasitet i eksisterande massetak, og om det ev. er nye område innan planen som er aktuelle for slike føremål. Planomtale Ørsta kommune Side 14 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 2.2.11 Samferdsle og teknisk infrastruktur Hovudvegsystemet rundt Ørstafjorden består i dag av hovudvegane E39 og fv655. I tillegg er Håkonsgata, Mosmarkvegen, Osborgvegen/Leitevegen, Industrivegen, Torvmyrvegen og Ytrehovdevegen viktige samlevegar. Eit av føremåla med planen er å erstatte sjølina (E39) med Ørstafjordkryssing. Eit anna mål er å legge til rette for ein samanhengande infrastruktur, og ein del av dette vil vere å legge til rette for kollektivruter. For å kunne etablere ei kollektivrute som når ut i bustadfelta vil det vere naturleg å sjå på moglegheita for å lage eit samanhengande nett av samlevegar rundt heile sentrum. Dette vil også gje omkøyringsalternativ for hovudvegane. Statens vegvesen har i samarbeid med Ørsta og Volda kommunar utarbeida ein sykkelstrategi der det er peika på manglar og moglegheiter med tanke på å legge til rette for at fleire kan nytte sykkel som eit effektivt framkomstmiddel. Flyplassen er viktig for samfunnet både lokalt og regionalt. Reguleringsplanen for området rundt flyplassen vart vedteken i 2011, og ein legg til grunn at denne sikrar flyplassen tilstrekkelege rammer og areal. Hamn og kaianlegg Hamn og kaianlegg er ikkje omtala særskilt i planprogrammet. Ein ser likevel behov for å sikre at kommunen har tilfredsstillande fasilitetar for mottak og utskiping av gods og tømmer, og cruiseskipsanløp. Ein bør difor vurdere eksisterande fasilitetar og eventuelt behov for nye hamner og kaier. 2.2.12 Grøntstruktur Grønstruktur og friluftsområde Det er gjennomført ei kartlegging av grønstruktur innan planområdet som omfattar opparbeida parkar og offentlege friområde, gangvegar, grøne strukturar som ikkje er tilrettelagde/opparbeidde, viktige naturområde og nærfriluftsområde/turområde. Mindre leikeplassar o.l. er ikkje kartlagde. Parkar og offentlege friområde Dei fleste opparbeida grøntområda og parkane ligg i/rundt Ørsta sentrum; Hamneparken/Vikeparken, Laguneparken, Simahaugen, arealet rundt Svendsengarden og eit mindre areal i austenden av gågata. Gravplassen ved kyrkja og på Askjellhaugen utgjer dei største offentlege grøntområda. Utanom sjølve sentrumskjerna finn ein også badeplassane på Vekslet, Rjåneset og ved Hovdevatnet. Naturområde og nærfriluftsområde Dei viktigaste naturområda i dei utbygde områda finn ein langs dei store elvane Vikeelva, Rossåa og Ørstaelva. Området i Daleteigane, Skålavegen og området i Hovdeåsane og rundt Hovdevatnet er dei største og mest samanhengande nærfriluftsområda. Områda kring Hovdevatnet er nytta av innbyggjarar i både Ørsta og Volda og har regional verdi. Turmålet Pølsa og attverande strandsone er andre viktige nærfriluftsområde. Rundt Ørsta sentrum er det også store fjellområde, innanfor desse ligg m.a. Saudehornet, Vallahornet, Melshornet og Helgehornet. Raudøya og Raudøyholmen er verna som landskapsvernområde. Delar av Raudøya er statleg sikra friluftsområde. Deler av øya er også viktige naturområde, mellom anna naturreservat for kristtorn. Badeplassen på Vekslet og turveg langs Osskarelva er også statleg sikra. I Kommunedelplan for Idrett og fysisk aktivitet (2013) er det prioritert å arbeide for statleg sikring av attståande teig på Vekslet, Notaplassen, Hovdevatnet friområde (badeplass), turveg Ose og Raudøyholmen. Planomtale Ørsta kommune Side 15 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Gangvegar og turvegar Frå småbåthamna, gjennom Hamneparken og mot AMFI er der etablert ein gangveg som er skilt frå biltrafikk. Tilsvarande gangvegar finst langs Vikeelva, nedre del av Rossåa og Ørstaelva, Osskarelva og Hovdeelva, og over Simahaugen mot skuleområdet. Annan infrastruktur for gåande er i stor grad knytt opp mot bilvegar som gang-/sykkelveg eller fortau. Ein del anleggsvegar langs avskjæringskanalar og skogsbilvegar vert i dag nytta som turveg og/eller som tilkomst til naturområde. Desse er likevel ikkje knytt saman slik at dei dannar eit samanhengande turvegnett. Det er regulert turveg langs Osestranda til Notaplassen. På Liadal er det etablert tursti oppom E39 frå Rjåneset og til Liadal. I tillegg er der etablerte stiar framover dalen mot Liadalssetra. For å styrke dei grøne kvalitetane, folkehelse og tur- og naturområda må ein i planen legge opp til å sette av grøntareal til samanhengande turvegnett omkring sentrum, som også bind saman bustadområda og nærfriluftsområda. 2.2.13 Landbruks-, natur- og friluftsområde Det er gjennomført ei kartlegging av viktige produksjonsareal og kulturlandskap i Ørsta kommune, i fagrapporten Kjerneområde landbruk (2013). Kartlegginga viser at innanfor tettstadgrensa og i direkte tilknyting til denne ligg fleire viktige produksjonsareal. Gjennom å styre veksten til områda innafor tettstadgrensa hindrar ein fragmentering av viktige produksjonsområde utanfor grensa. Store og samanhengande produksjonsareal innanfor tettstadgrensa bør ikkje utbyggast før det er naudsynt, og på lenger sikt må ein rekne med at også større produksjonsareal innanfor tettstadgrensa vert omdisponert til utbyggingsføremål. Nye utbyggingsområde bør konsentrerast til få område framfor å spreie utbygginga. Produksjonsområde som vert omdisponert til utbyggingsområde skal ha høg grad av arealutnytting. 2.2.14 Sjø, vassdrag og strandsona Ørstafjorden, Hovdevatnet, Ørstaelva med Rossåa er dominerande sjøområde og vassdrag innanfor planområdet. I Ørstafjorden er det registrert gyteområde for torsk og hyse ved Raudøya (Rjånes-Flesjen), ein låssettingsplass sør for Raudøya og ein låssettingsplass ved Selbervik. Der er registrert eit notfelt for sild og brisling sør for Raudøya, og eit reketrålfelt midtfjords i nesten heile lengda av Ørstafjorden. Det er ikkje akvakulturnæring innan planområdet. Ørstaelva er nasjonalt laksevassdrag og Ørstafjorden er nasjonal laksefjord. Mange interesser er knytt til sjø og strandsona, m.a. er mykje av dagens industriverksmed lokalisert langs fjorden. Fiske, ferdsel og friluftsliv er andre interesser. Hovdevatnet er lokalt friluftsområde både sommar- og vinterstida. I framlegg til kystsoneplan har Ørstafjorden føremål NFFF – Vassareal for allmenn fleirbruk (natur, fiske, ferdsel og friluftsliv). Det er vist til at området har høg verdi for fleire tradisjonelle bruksføremål/interesser. Der var ikkje opna for etablering av akvakulturanlegg. For å bevare mest mogleg av den opne strandsona bør ein søke å samle inngrep og i minst mogleg grad ta i bruk ”nye” delar av strandsona. Småbåthamn Eksisterande småbåthamner kring Ørstafjorden har per i dag ca 365 plassar (Ørsta småbåtlag ca 185 pl., Håvoll småbåtlag 145 pl., i tillegg kjem nokre mindre private hamner, til saman 35 plassar). I tillegg kjem Vikaura småbåthamn (reguleringsplan eigengodkjend i 2010) med kapasitet på 90 plassar, men desse er ikkje utbygde enno. Kapasiteten ved eksisterande småbåthamner er fullt utnytta. Planomtale Ørsta kommune Side 16 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Dekningsgraden i Ørstafjorden i dag er på ca 1 plass per 21 innbyggjarar. Om ein reknar med Vikaura vert dekningsgraden ca 1 plass per 16 innbyggjarar. Dette er ei klar betring i høve i 2003, då dekningsgraden var ca 1 plass per 29 innbyggjar. Om ein legg til grunn dagens dekningsgrad (1/20) og legg til folketalsveksten (1536) får ein eit behov på om lag 85 nye plassar. Dette tilsvarar utbygging av Vikaura småbåthamn, eller anna alternativ av tilsvarande storleik. 2.2.15 Andre behov å ta omsyn til Energi I samfunnsdelen har ein målsetting om planlegge for endra klima. I klimaplanen sin handlingsdel står følgjande strategiar som er relevante i høve kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda: - Legge til rette eigna areal som gjev moglegheit for gode fellesløysingar for utnytting av alternativ energi og redusert behov for transport - Utarbeide lokal plan for gang- og sykkel med einsarta utforming som eit underlag for kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. - Vidare tilrettelegging/ utbygging av ringruta med gode stoppestader - Knytte strategi for fortetting innafor det sentrumsnære området inn i kommunedelplan for Ørsta sentrum – Hovdebygda - Sikre naudsynt areal og den offentleg funksjonen til Ørstaterminalen og dermed stimulere til frakt av gods til sjø. Ørsta eldhus er etablert på Mosflata, og fleire offentlege og private bygg i sentrum er tilknytt fjernvarmenettet. Anlegget er ikkje konsesjonspliktig (og har heller ikkje konsesjon). Sona i illustrasjonen til høgre viser dei områda som kan vere aktuelle for tilknyting til eldhuset. Kulturminne og kulturmiljø Kulturminne frå før-reformatorisk tid (eldre enn 1537) er automatisk freda. For sentrumsområdet omfattar dette mellom anna gravhaugane frå jarnalder, deriblant Kjempehaugen på hjørnet mellom Vikegata og Ivar Aasengata. På Steinnes har det budd folk sidan steinalderen og frametter heile førhistoria til i dag. Oversyn over automatisk freda kulturminne er tilgjengeleg frå Riksantikvarens database Askeladden. SEFRAK-registeret inneheld eit oversyn over ståande bygningar frå før år 1900. I Ørsta sentrum finst mange enkeltobjekt av høg verdi, slik som Svendsengarden, Garveriet (Bruksbutikken) og Klokkarstova. Langs delar av Vikegata og Kyrkjegata finn ein større område med trehus frå seint 1800- og tidleg 1900-talet. Delar av trehusbebyggelsen og den gamle landgangsvoren i sentrum er omfatta av vernebestemmelsar i reguleringsplan. Trehusbebyggelsen og den seinare kvartalsstrukturen frå 1930-talet representerer eit sentrumsmiljø med tidsdjupne og særpreg Eit utval lokale kulturminne, i hovudsak frå nyare tid, er registrert i databasen Kulturminneatlas.no. I høyringsutkast til Regional delplan for kulturminne har fylkeskommunen prioritert kulturminne i Ørsta av nasjonal og regional verdi. I samfunnsdelen har ein målsetting om å sikre ei berekraftig forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Planprogrammet peikar på behovet for å kartfeste kjente automatisk freda kulturminne, bygningar i SEFRAK-registeret og andre kulturminne av regional/nasjonal/lokal verdi, og at ein skal utarbeide temakart for kulturminne. Fylkeskommunen skriv i sitt innspel til planarbeidet at kulturminne frå nyare tid bør vektast i høve til om dei har lokal, regional eller Planomtale Ørsta kommune Side 17 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 nasjonal verdi, og at resultat bør framstillast i temakart. For kulturminne som er automatisk freda (nasjonal verdi) er det krav om omsynssone i arealplanar, jf. pbl § 11-8. 2.2.16 Arealbehov fram til 2025 og strategiar for arealbruken. Oppsummering Bygg og anlegg (§11-7, nr. 1) Føremål Arealbehov og strategiar Bustad Arealbehov ca. 410 daa, fordelt på bybustadar (20%), konsentrerte bustadbygg (50%) og einebustadar (30%). Fortette i eksisterande bustadområde, og lokalisere bustadar innanfor tettstadgrensa, nær kollektivnett og med tilgang til grønstruktur/friområde. Fritidsbustadar bør etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur, og samlast i eigne område/felt. Fritidsbustadar Tenesteyting - Barnehage - Skule - Helse Fritid- og turistføremål Næring - Industri/lager - Forretning/ kontor/ tenesteyting Idrett Naust Sentrumsformål Mineralske ressursar Behov for to nye 6-avdelingsbarnehagar i sentrum, kvar på min. 6-7 daa. Viktige lokaliseringskrav er sikker tilkomst og trafikktryggleik, tilgang til gode nærfriluftsområde og nærturområde, soltilhøve, lokalklima, nærleik til bustadområde. Arealbehovet er dekt gjennom allereie regulert areal, men med folketalsvekst vil det vere behov for å auke kapasiteten i grunnskulen tilsvarande om lag 200 nye elevar. Det er utvidingsmoglegheiter på Velle skule, Mosflata og Hovden skule. Behov for areal til utviding av Ørstaheimen og kommunale bustadar (bustadar med 4-5 bueiningar i kvar). Helsetenester, bukollektiv og institusjonar bør samlokaliserast, og vere sentrumsnært med tilgang til tenester og funksjonar. Behov for utvidingsareal ved Ørsta camping. Tilstrekkeleg regulert areal innan planperioden, men behov for differensiert tilbod (sjønært og alternativ til Melsgjerda). Tilstrekkeleg regulert areal innan planperioden. For å styrke sentrum må detaljhandel lokaliserast i sentrum, medan plasskrevande varer bør lokaliserast i Hovdebygda. Behov for areal til sentrumsnært hestesportanlegg, om lag 15 daa netto. Prioritering for andre anlegg er gjort i KDP for Idrett og fysisk aktivitet, men det er ikkje avdekt andre arealbehov. Naust bør etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur, og inngrepa må samlast i eigne område/felt. Behov for å definere areal til sentrumsføremål, der ein legg til rette for forretning, kontor, tenesteyting, kjøpesenter, næring (hotell og bevertning), bybustadar og grønstruktur. Området bør ikkje vere større enn at det kan nåast til fots. Vurdere kapasitet i eksisterande massetak, og om det ev. er nye område innan planen som er aktuelle for slike føremål. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (§11-7, nr. 2) Føremål Arealbehov og strategiar Veg Behov for å erstatte sjølina med Ørstafjordkryssing, og fastsetje overordna kommunalt vegnett. Løysingar for overordna sykkelvegnett er omtala i sykkelstrategien for Ørsta og Volda kommunar. Behovet er i stor grad knytt til eksisterande og framtidige vegtrasear. Behov for å sikre at kommunen har tilfredsstillande fasilitetar for mottak og utskiping av gods og tømmer, og cruiseskipsanløp. Gang/sykkel Hamn og kaianlegg Grønstruktur (§11-7, nr. 3) Føremål Arealbehov og strategiar Grønstruktur og friluftsliv For å styrke dei grøne kvalitetane, folkehelse og tur- og naturområda, må ein i planen legge opp til å etablere eit mest mogleg samanhengande turvegnett omkring sentrum, som også bind saman bustadområda og nærfriluftsområda. LNF-område (§11-7, nr. 5) Føremål Arealbehov og strategiar LNF-område Utbygging må i hovudsak styrast til områda innafor tettstadgrensa slik at ein hindrar fragmentering av viktige produksjonsområde utanfor tettstadgrensa. Store og samanhengande produksjonsareal innanfor tettstadgrensa bør ikkje utbyggast før det er naudsynt, men på lenger sikt må ein rekne med at også desse vert omdisponert til utbyggingsføremål. Planomtale Ørsta kommune Side 18 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Bruk og vern av sjø og vassdrag (§11-7, nr. 6) Føremål Arealbehov og strategiar Bruk og vern av sjø og vassdrag Småbåthamn For å bevare mest mogleg av den opne strandsona bør ein søke å samle inngrep og i minst mogleg grad ta i bruk ”nye” delar av strandsona. Behov for ca. 85 nye plassar for å oppnå dekningsgrad på 1 båtplass pr. 20 Innbyggjarar (inkl. folketalsauke). Andre arealbehov og strategiar Energi Kulturminne og kulturmiljø Planomtale Gjennom samfunnsdelen har ein strategi om å planlegge for endra klima. Klimaplanen har prioritert konkrete strategiar som vert å fylgje opp gjennom denne kommunedelplanen. Behov for å utarbeide temakart som viser kulturminne- og miljø av nasjonal, regional og lokal verdi. Ørsta kommune Side 19 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 3. INNSPEL OG MERKNADER 3.1. VARSEL OM OPPSTART Det er registrert 102 skriftlege innspel og merknader. Talet inkluderer merknader til kystsoneplanen som var på offentleg ettersyn i 2007. Kystsoneplanen vert sluttført i samband med denne kommunedelplanen og arealdelen av kommuneplanen, jf. også kap. 1.4. Innspel og merknader gjeld i hovudsak arealdisponeringar. Alle innspel og merknader vart handsama av planutvalet ved utlegging til offentleg ettersyn. Innspel som gjeld endra arealbruk er vurdert i konsekvensutgreiing, jf. også kap. 4. Motsegner frå tidlegare planprosessar Kystsoneplan Det er varsla motsegn i ein merknad til kystsoneplanen, frå fylkeskommunen (23.03.2007). Motsegna er knytt til kulturminne og gjeld manglande omtale av nyregistrerte kulturminne, manglande buffersone rundt kulturminne i utbyggingsområde, og eit byggeområde som bør utgå på grunn av automatisk freda kulturminne. Den varsla motsegna er kommentert og teke omsyn til i planframlegget. Hovden næringsområde I samband med områdereguleringsplanen for Hovden næringsområde la Fylkesmannen i Møre og Romsdal ned motsegn pga. konflikt med landbruksinteressene knytt til to dyrka teigar innan planområdet. Kommunen vurderte då at fordelane med å kunne nytte dette sentrale arealet til næring ville vere større enn ulempene for landbruket. Etter meklingsmøte (07.02.2013) opprettheldt Fylkesmannen likevel motsegna. Noko av grunngjevinga var at utbygginga ikkje var vurdert i overordna plan. Ein har no gjort ei samla vurdering av behov for næringsareal og aktuelle lokaliseringar. Ein har også skaffa seg eit betre kunnskapsgrunnlag, m.a. gjennom rapporten ”Kjerneområde landbruk”. Kommunen meiner framleis at dette området er svært sentralt i høve næringsutvikling, og at fordelane knytt til næringsutviklinga er klart større enn ulempene knytt til landbruket. Området er difor foreslått teke inn i kommunedelplanen som framtidig næringsområde (område BN1). Torvmyrvegen Det ligg føre politiske vedtak i både Volda og Ørsta kommunar som peikar på behovet for å bygge ein forlenga Torvmyrveg. I samband med tidlegare reguleringsplanprosess og i pågåande kommunedelplan for E39 Volda-Furene ligg det føre motsegner som ikkje er løyst. Desse spørsmåla må løysast som del av den pågåande planprosessen eller seinare reguleringsplanprosess. Spørsmålet om vegen er såleis ikkje teke opp til vurdering i samband med dette planarbeidet (Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda). Området er vist i plankartet som ei bandleggingssone for seinare planlegging. 3.2. 1. GONGS OFFENTLEG ETTERSYN Det er registrert 103 skriftlege merknader til planframlegget etter 1. gongs offentleg ettersyn. Alle merknader er kommenterte i dokumentet ”Merknader til 1. gongs offentleg ettersyn med kommentarar”.. Merknader frå private gjeld i all hovudsak arealdisponeringar. Nokre tek opp tilhøve som er på eit detaljeringsnivå det ikkje er naturleg å ta stiling til i overordna arealplan. Problemstillingar som har gått att i fleire av merknadane er lokalisering av næring langs Industrivegen i Hovdebygda samt trafikkale tilhøve langs Sjøvegen. Her er det utarbeidd ei eiga alternativvurdering som foreslår tiltak for å betre situasjonen. Det har også kome mange merknader knytt til lokalisering av hestesportanlegg. Desse er vurderte samla i Planomtale Ørsta kommune Side 20 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 alternativvurderinga for hestesportanlegg. Dei øvrige merknadane går i større grad på enkelttomter eller enkeltområde og er vurderte og kommenterte i dokumentet ”Kommentarar til merknader”. Merknader som gjeld endra arealbruk er vurdert i konsekvensutgreiing, jf. også kap. 4. Frå offentlege mynde og interesseorganisasjonar har det kome fleire planfaglege råd og konkrete merknader til planframlegget. Det er reist motsegner til planframlegget på i alt 17 punkt, ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Som ein del av merknadshandsaminga har det vore gjennomført drøftingsmøte med både Fylkesmannen og fylkeskommunen, som har resultert i at 2 av motsegnene er trekte. Dei resterande motsegnene er imøtekomne, eller løyst gjennom supplering av underlagsmateriale. Kommunen oppfattar difor alle motsegnene som løyste gjennom det reviderte planframlegget. Planframlegget som no er lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn er revidert i hht innkomne merknader. Endringane som er gjort kjem fram av oversikta under. Der det er oppgitt ”tidl.” før områdenemninga, er nemninga nytta oppatt til andre område i det reviderte planframlegget Nye og justerte utbyggingsføremål Endring Endra fleire eksisterande uregulerte bustadtomter til noverande bustad (B) Redusert B2 i sør jf motsegn. Skilt ut tomter nord for eksisterande byggjefelt i Sjømyrane som eige byggjeområde (B1) Endra tidl. B1 til LNF-område med spreidd bustad (LSB1) Utvida regulert naustområde i Hagen (BUN6) Utvida regulert naustområde i Hagen (BUN7) Justert sentrumsføremålet ved gnr/bnr 13/190 Justert planleggingsbelte for Ørstafjordkryssing på Lianeset Justert BFR3 og BUN5 jf. eksisterande hyttetomter Endra gnr/bnr 2/26 til noverande næringsområde Endra deler av BC- området (Ørsta camping) til bustad Lagt inn naustføremål på gnr/bnr 3/3 Justert BFR1, BFR2 og BUN4 Innarbeidd B16 (Rystefeltet) Innarbeidd BN5 – Vikeura Innarbeidd turveg til Brekkeheida Kommentar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå gunneigarar. NB! Kan vere aktuelt å ta tilbake etter 2. gongs offentleg ettersyn jf. merknad frå grunneigar jf. rasfare Endra føremål jf. JS1 i gj. reguleringsplan jf. formannskapet sitt vedtak i sak 30/15 jf. formannskapet sitt vedtak i sak 30/15 Retting av feil Endring Teke inn badeplassen ved Hovdevatnet som friområde Innarbeidd friområde ved Strømpeneset jf. gjeldande reguleringsplan Teke vekk alt. vegføring på Ose frå temakart infrastruktur Justert turvegtrase langs Osstranda i temakart grønstruktur Kommentar Utbyggingsområde som er tekne ut av planen Endring tidl. BN4 - Strømpeneset B16 - Vinjevoll B17 - Liadal Hestesport (BAI) Mele/Melsbygda 1 og nedre Daleteigane Planomtale Kommentar jf. merknad frå grunneigar Motsegn fylkesmannen Motsegn fylkeskommunen Jf. motsegn frå fylkesmannen (Mele/Melsbygda 1) og merknader frå grunneigarar og andre. Sjå Ørsta kommune Side 21 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 også alternativvurdering Grunna terrengtilhøve og tilkomst Grunna rasfare (jf. nasjonal kartlegging) Grunna rasfare (jf. nasjonal kartlegging) tidl. BFR2 og tidl. BUN5 (Bjørndalen) tidl. LSB1 - Engeset tidl. BN5 - Skorgeura Øvrige justeringar Endring Utvida tettstadgrense til kommunegrensa mot Volda kommune Justert avgrensing av nærfriluftsområdet langs Indrehovden/Åsen Fjerna senterlinje i fjordkryssingane Lagt inn framtidige vegliner i Sjømyrane Lagt inn alternativ vegføring frå Øvre Mo til Brekke Innarbeidd sone for detaljhandel i sentrum (#4) Oppheva deler av gammal reguleringsplan på Liadal jf. viktige landbruksområde Innarbeidd omsynssone rundt hjortetrekket i Furene Utarbeidd fire kartutsnitt (juridisk bindande utsnitt av plankartet) som syner forskjellige omsynssoner Endra 20 m buffer langs mindre elvar og bekkar til faresone Justert omsynssoner rundt aut. freda kulturminne Lagt inn forbodsgrense ved vassdrag rundt Hovdevatnet Endra turveg gjennom Osholmane til sti, lagt om turvegen langs Melsvegen Justert nærfriluftsområde i Daleteigane og rundt Hovdevatnet grunna landbruksinteresser Lagt inn kulturlandskap i temakart kulturminne Lagt inn reg. friluftsområde og artsreg. i temakart grønstruktur Oppheva deler av RTK-8313-A – Bustadfelt Skorgeura. Oppdatert temakart naturfare Planomtale Kommentar Jf. merknad frå grunneigarar, sti. Ørsta næringskontor og samfunnsutvalet Jf. merknad frå grunneigarar Jf. merknad (motsegn) frå fylkeskommunen Jf. merknad frå grunneigarar og alternativvurdering Jf. alternativvurdering Jf. merknad frå fylkeskommunen jf. merknad frå VIN jf. merknad ang. lesbarheita i kartet jf. merknad frå fylkesmannen jf. merknad (motsegn) frå fylkeskommunen jf. merknad frå Naturvernforbundet Grunna konflikt med naturverninteresser og merknad frå VIN jf. rapporten ”Kjerneområde landbruk” Grunna svært store kostnader knytt til utbygging og feil lokalisering av bustad i høve kommunen sin strategi. jf. NVE si nasjonale rasfarekartlegging Ørsta kommune Side 22 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 4. KONSEKVENSUTGREIING - OPPSUMMERING Konsekvensutgreiing (KU) er ein del av planomtalen og skal leggast ut til offentleg ettersyn i lag med planomtalen, jf. pbl. § 4-2. Føremålet med KU er å sikre at omsynet til miljø og samfunn vert vurdert i planprosessen. Utgreiinga er gjort med utgangspunkt i eksisterande kunnskap. Ein del av kartelegginga er grovmaska og vil krevje meir detaljerte undersøkingar på reguleringsnivå. Alle innspel til planen som gjeld nye utbyggingsområde er vurderte i konsekvensutgreiinga. Ein del av innspela omfattar relativt små areal. I desse tilfella har ein også vurdert tilgrensande areal som ein meiner er naudsynte for å kunne tilrå utbygging med ei fornuftig utnytting. I tillegg har kommunen foreslått utbyggingsområde med tilsvarande konsekvensutgreiing. Resultata frå konsekvensutgreiinga er oppsummert her, i høve kvart enkelt utbyggingsområde. Utgreiinga i sin heilskap ligg som vedlegg. Utbyggingsområde Tabellen under viser alle enkeltområda som er vurdert i konsekvensutgreiinga. Svart/Utheva skrift betyr at området er teke inn i planframlegget. Grå skrift betyr at området ikkje er teke inn. Fleire alternative føremål KU-skjema 123456- Ryste Ryste Rystene SmådalaneOsberget Ose Mosflata 789- Nedre Daleteigane Jomarka Strømpeneset Hagen 10- Skorgeura Føremål Vurdering Konklusjon* Næring/tenesteyting/bustad Næring/tenesteyting/bustad Næring/tenesteyting/bustad Bustad, barnehage - Nei Delar Delar Delar Bustad, barnehage Bustad, næring 0 Hestesport, næring Bustad, barnehage, off. føremål Fritidsbustad, næring - - -- Fritidsbustad, næring - Ja Nei Nei Ja Delar Områdenamn B5 BN2 B8, BBH1 B9 (delar som noverande) B12, BBH2, BOP1 BUN7 Nei Bustadområde KU-skjema 11- Ytre- Hovden 12- Sjømyrane 13- Storerystene 14- Åsen 15- Rystemarka (nedre del) 16- Osborg 17- Øvre Mo - Brekke 18- Brekke 19- Ellingsbakkane 20- Øvre Mosmarka 21- Engeset (Fonna) 22- Vallabøen - Fonna 23- Hoggamyra 24- Vinjevoll 25- Liadal alt.1 26- Liadal alt.2 27- Liadal alt.3 66- Rystefeltet (JS1) Føremål Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Vurdering 0 -0 Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad Bustad 0 -0 Konklusjon* Delar Ja Ja Nei Ja Ja Delar Nei Delar Nei Ja Delar Ja Nei Nei Nei Nei Ja Områdenamn LSB2 B1, B2 B3 B4 B7 B10 B11 B13 B14 B15 B16 Fritidsbustadar KU-skjema 28- Hovdevatnet 29- Klubben 30- Lianeset Planomtale Føremål Fritidsbustad Fritidsbustad Fritidsbustad Vurdering --- Ørsta kommune Konklusjon* Nei Nei Nei Områdenamn Side 23 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 31- Flesjen 32- Liadal Fritidsbustad Fritidsbustad 0 0 Ja Ja 33- Liadal Fritidsbustad 0 Deler 34- Bakkedalen 35- Grøvik 36- Grøvika Fritidsbustad Fritidsbustad Fritidsbustad 0 0 - Nei Ja Nei BFR1 Imøtekome som naustBUN8 BFR2, noverande BFR noverande BUN BFR3, BUN5 Naust KU-skjema 37- Hovdefjøra 38- Storeneset 39- Vikaura - Sørheim 40- Sætre 41- Hagen Føremål Naust Naust Naust Naust Naust Vurdering 0 - Konklusjon* Nei Ja Delar Delar Ja Områdenamn BUN2 BUN1 BUN3, BUN8 BUN4 Føremål Institusjon Vurdering 0 Konklusjon* Ja Områdenamn BOP2 Føremål Næring (industri/lager) Næring (industri/lager) Vurdering 0 Konklusjon* Delar Ja Områdenamn BN5 BN1 Tenesteyting KU-skjema 42- Ørstaheimen Næring KU-skjema 43- Vikaura 44- Hovden næringsområde 45- Indrehovden 46- Rystelandet 47- Smådalane Næring (forretning/kontor/ tenesteyting) Næring(industri/lager) Fritid- /turisme -- Nei 0 - Ja Nei BN2, BN3 Idrettsanlegg KU-skjema 48- Mele/ Melsbygda 1 49- Mele/ Melsbygda 2 50- Haugen 51- Bjørdal 52- Sporstøl Føremål Hestesportanlegg Hestesportanlegg Hestesportanlegg Hestesportanlegg Hestesportanlegg Vurdering 0 -0 Konklusjon* Nei Delar Nei Nei Ja Områdenamn Føremål Småbåthamn Småbåthamn Småbåthamn Vurdering 0 --- Konklusjon* Ja Nei Nei Områdenamn V1 Føremål Bustad (spreidd) Bustad (spreidd) Vurdering -- Konklusjon* Nei Ja Områdenamn Føremål Hovudsamleveg Vurdering 0 Konklusjon* Ja Områdenamn BAI1 BAI1 – alt. Småbåtanlegg KU-skjema 53- Ørsta sentrum 54- Osstranda 55- Notaplassen LNF- spreidd busetnad KU-skjema 56- Digernes 57- Engeset/ Nupen LSB1 Samferdsleanlegg KU-skjema 58- Rystefeltet Mosflata 59- Mosflata – Øvre Mo 60- Vinjevoll - Mork 61- E39, bru Sørheim Lianeset 62- E39. tunnel under Raudøya 63- E39, bru over Raudøya 64- Turveg VikegeilaFonna 65- Turveg langs Storelva 67- Turveg Brekkeheida Hovudsamleveg Hovudsamleveg Trase-alternativ for framtidig E39 (Ørstafjord-kryssing) Trase-alternativ for framtidig E39 (Ørstafjord-kryssing) Trase-alternativ for framtidig E39 (Ørstafjord-kryssing) Delstrekning hovedstruktur turvegar Delstrekning hovedstruktur turvegar Turveg 0 0 - Ja Ja Ja 0 Ja -- Nei 0 Ja 0 Ja 0 Ja * - Ja= innarbeidd i planen, Delar= delar av området er innarbeidd i planen, Nei= området er ikkje innarbeidd i planen Planomtale Ørsta kommune Side 24 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 5. RISIKO- OG SÅRBARHEITSVURDERING Risiko- og sårbarheitsvurdering for Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda (arealROS) kartlegg risikofaktorar med føringar for arealbruken. Kartlegginga er grunnlag for planlegging av arealbruken, fastsetting av omsynssoner og føresegner, jf. plan- og bygningslova §4-3. Temakart som viser arealspesifikk risiko er utarbeidd som del av kartlegginga. Utgangspunkt for kartlegginga er Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune, og korleis kommunedelplanen kan handtere arealspesifikk risiko avdekt i overordna analyse. Skjematisk framstilling av arbeid med ROS-analysar i Ørsta kommune. Areal-ROS for kommunedelplanen er utheva. 5.1.1 Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune er sist revidert i 2014. Analysen tek føre seg sentrale risikomoment og sårbare objekt i kommunen, beredskapstiltak, og kva kommunal planlegging bør ta omsyn til i høve endringar i klima. For fleire av temaa er det gjort ei vurdering av risiko, der ein har konkludert med om risikoen er høg, tilstades eller låg. Tema der ein har konkludert med høg risiko gjeld ras, flaum og stormflod, forureining og trafikkulykker. Forureining er avgrensa til grunnforhold, landbruk og oppdrett. Tema der ein har konkludert med risiko tilstades er verksemder med fare for brann, eksplosjon, kjemikalieutslepp, og ulukker knytt til transport av farleg gods. Risiko for stråling frå Planomtale Ørsta kommune Side 25 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 elektromagnetiske felt og terror er vurdert som tilstades. Det er uråd å seie om eller når slike hendingar kan skje, men om dei inntreff vil dei kunne få store fylgjer. Det er konkludert med låg risiko for skog/lyngbrann, radon og dambrot. Dette er risikoar som kan endre seg, og må difor vurderast på nytt ved revidering av ROS-analysen. Ein har valt å ikkje vurdere sårbare objekt i høve risiko. Svikt i eitt eller fleire av dei sårbare objekta vil kunne få konsekvensar for store delar av busetnaden i kommunen. Beredskapstiltak og planlegging for endra klima er heller ikkje vurdert i høve risiko. 5.1.2 Areal-ROS for Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda Arealspesifikk risiko avdekt i overordna analyse får konsekvensar for arealbruken i kommunedelplanen. I tillegg er det i vurderinga teke med andre risikomoment som er funne relevante. Areal-ROS er framstilt i tabellform (under) og gjennom temakart. I konsekvensutgreiinga er samfunnstryggleik eit eige utgreiingstema for kvart av dei potensielle utbyggingsområda. Samtlege tema i overordna analyse er vurdert i tabellen, og tiltak for korleis kommuneplanen handterer desse er gjort greie for. For oversynet sin del har ein valt å fylgje same disposisjon som i overordna analyse. Temakart viser arealspesifikk risiko. Beredskapstiltak er ikkje ein arealspesifikk kategori og det er ikkje gjort eigne vurderingar for denne. Kategorien sårbare objekt rommar fleire tema ein ikkje har funne formålsteneleg å vurdere i høve arealbruk. I mange tilfelle er det også slik at løysingar for tryggleik og beredskap må avklarast på eit lågare detaljeringsnivå enn kommunedelplan. Type risiko NATURRISIKO Skred Flaum Stormflo Skog- og lyngbrann Vindutsette område Radon Planomtale Risiko Kunnskapsgrunnlag Tiltak/handtering i plan Høg risiko. Særleg skredutsette område langs nordsida av Ørstafjorden, og deler av Ose og Melsbygda NVE – nasjonal skredfarekartlegging NGI aktsemdkart – 1989 NGU (NVE) aktsemdkart – 2010 Rasfarevurderingar for einskilde område NVE – flaumfarekartlegging 2009 Faregrenser og aktsemdsområde er framstilt i temakart – naturfare. Omsynssone (faresone) og sone for verneskog med bestemmelsar er innarbeidd i planen Faregrenser er framstilt i temakart – naturfare. Omsynssone (faresone) med bestemmelsar er innarbeidd i planen. Rapport havnivåstigning for norske kystkommuner 2009 Framstilling i plankart/temakart vil ikkje verte lesbart. Teke inn bestemmelse i føresegna Heilskapleg ROSanalyse Ikkje aktuelt Heilskapleg ROSanalyse Ikkje aktuelt Heilskapleg ROSanalyse TEK10 fastset krav om radonsperre og tilrettelegging for Høg risiko. Kartlagd flaumfare med fareområde langs Ørstavassdraget. Ikkje kartlagd flaumfare langs øvrige elvar innan planområdet Høg risiko. Ørsta sentrum og strandlina kring Ørstafjorden er utsett for stormflo. Stormflonivå i 2100 er anslått til 2,72 moh. Låg risiko for skog og lyngbrann i kommunen, også i kommunar som grensar inn mot Ørsta Risiko tilstades. Sterk vind kan føre til skade på skog og bygningar. Vanskeleg å førebyggje. Låg risiko. Generelt lågt risikonivå innan planområdet. Ørsta kommune Side 26 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Type risiko Grunntilhøve/ kvikkleireskred KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Risiko Kunnskapsgrunnlag Låg risiko. Lausmassekart syner marine avsetningar og elveavsettingar for store delar av sentrumsområdet og langs fjorden. Teoretisk risiko for kvikkleireskred i område under marin grense med marine lausmasseavsetningar (ev. med elveavsetningar over). Heilskapleg ROSanalyse, generell fagvurdering/ lokalkunnskap. Rapport ”Sjølinja – grunnundersøkelser og fyllingsstabilitet” datert 16.10.1984. Risiko for ustabil grunn tilstades i strandområde i deler av sentrum, VERKSEMDRISIKO Brann og eksplosjon Kjemikalieutslepp Transport av farleg gods Forureining frå landbruket Planomtale Sist revidert (C): 18.03.2015 Tiltak/handtering i plan førebyggande tiltak i alle nye bygg. Ev. problemstillingar i eks. bygg må vurderast individuelt. Terrenganalyse har utelukka område med terrengfall < 1:15. Store deler av dei attverande områda er heilt eller delvis utbygd over ein periode på mange tiår. Ingen registreringar som tyder på at det er funn av grunn med kvikkleire. I regionen er det heller ikkje denne typen grunntilhøve kjent. Opplysningar om utførte grunnboringar (På Ose) gir ingen indikasjon på leire eller kvikkleire. Kommunen finn det usannsynleg at faren for kvikkleireskred er til stades i eit omfang som overstig grenseverdiane i TEK i desse områda. Område med ustabil grunn langs sjøfronten i sentrum innarbeidd i temakart og plankart. Risiko tilstades. Det er ein viss risiko ved lagring og bruk av brannfarleg materiale, gass og eksplosivar. Ei verksemd i kommunen er underlagt storulykkeforskrifta. FAST, oversikt over anlegg med farlege stoff (DSB) Det er arealmessige avgrensingar innan tryggleiksavstand gitt etter eksplosivforskrifta. Innarbeidd omsynssone som gir tilstrekkeleg tryggleiksavstand for etablering av alle typar tiltak. For etablering av tiltak innan denne sona skal tryggleiksavstanden for det aktuelle tiltaket vurderast, og den aktuelle verksemda skal kontaktast. Ingen verksemder i kommunen er underlagt storulykkeforskrifta mtp kjemikalieutslepp Risiko tilstades. Transport av farleg gods er i hovudsak knytt til E39 og fv 655 Heilskapleg ROSanalyse Ikkje aktuelt NVDB (Norsk vegdatabank) Omlegging av E39 vil redusere transport av farleg god i dei tettast bebygde områda Høg risiko knytt til avrenning frå gjødsel og silo til vassdrag i kommunen Heilskapleg ROSanalyse Landbrukskontoret Innanfor planområdet 6-7 bruk som har siloanlegg og gjødsellager i bruk. Dersom uhell skulle skje vil om lag halvparten gje utslepp til sjø og andre halvparten til vassdrag. Aktuelle tiltak gjennomførast på det enkelte bruk. Ikkje behov for særskilde tiltak innan planområdet. Ørsta kommune Side 27 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Type risiko Forureina grunn Forureining knytt til oppdrett Fysisk øydelegging av kritisk infrastruktur Trafikkfare Elektromagnetiske felt Dambrot Terror Flyplass SÅRBARE OBJEKT Offentlege bygg Vegnettet IKT- installasjonar Planomtale KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Risiko Kjente lokalitetar: Amfitomta (tidlegare galvaniseringsverkstad med større mengder sink og nikkel), Prestegardsmarka (gamle Møre folkehøgskule, sprøytemiddel), Klubben (tidlegare deponiplass) og flyplassen i Hovdebygda Ingen oppdrettsanlegg innan planområdet. Heller ikkje opning for nye. Kritisk infrastruktur er m.a. telenett, straumnett, vatn- og avlaupsnett, transport, olje- og gassledningar, fjernvarmenett Høg risiko. Fleire ulykkespunkt innanfor planområdet, i hovudsak knytt til kryss. ”Dagens flyplasskryss” er i konflikt med høgderestriksjonsplan omkring flyplassen. Risiko tilstades. Fleire høgspentliner innanfor planområdet. Tiltaksgrense er definert ved 0,4 µT (mikrotesla) strålingsnivå. Ikkje problemstilling i planområdet Risiko tilstades. Stadar som samlar mykje folk, kraftstasjonar, flyplass og hamn/terminal kan vere utsett for terror Kunnskapsgrunnlag KLIF Sist revidert (C): 18.03.2015 Tiltak/handtering i plan Ved regulering eller etablering av nye industri/næringsverksemder må fare for forureining vurderast. Ikkje aktuelt Heilskapleg ROSanalyse Nytt hovudsamlevegnett legg opp til omkøyringsmoglegheiter. Heilskapleg ROSanalyse Flyplasskrysset er omregulert, og kryss mot Industrivegen er under regulering. Heilskapleg ROSanalyse Trygg byggeavstand til høgspentlinjer vert sikra gjennom omsynssone i plankartet og gjennom den enkelte reguleringsplan Ikkje aktuelt Heilskapleg ROSanalyse Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Høgderestriksjonane er viste i temakart verksemdsrisiko og dei er innarbeidd omsynssone i plankartet. Støysoner går fram av gjeldande reguleringsplan. Offentlege bygg vert sett på som sårbare i ein kritisk situasjon Heilskapleg ROSanalyse Vi får sårbarheitspunkt ved trafikkuhell og andre årsaker som rammar trafikkårane Mangel på telenett i ein kritisk situasjon utgjer ein stor risiko for liv og helse Heilskapleg ROSanalyse Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Nytt hovudsamlevegnett legg opp til omkøyringsmoglegheiter Ikkje del av Heilskapleg ROS. Risiko knytt til flytrafikk, støy og forureining. Heilskapleg ROSanalyse Ørsta kommune Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak Side 28 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Type risiko KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Risiko Kunnskapsgrunnlag El-forsyning Svikt i el-forsyning over lengre tid kan få store konsekvensar for liv og helse, og store materielle skadar Heilskapleg ROSanalyse Drikkevassforsyning Om vatnet vert vekke over lengre tid vil dette kunne få konsekvensar for innbyggarar og verksemder som er avhengige av vatn. Drikkevasskjelda ligg utanfor planområdet Svikt i avløpsinstallasjonar kan få konsekvensar for busetnaden i kommunen, miljøet og materielle verdiar Naturreservat på Raudøya og Skorgeura (utanfor planområdet). Fleire artsregistreringar og naturtyperegistreringar, særleg langs sjø og vassdrag Stort antal automatisk freda- og nyare tids kulturminne. Kulturlandskap registrert i rapporten Kjerneområde landbruk (2013) Heilskapleg ROSanalyse Avløpsinstallasjonar Natur Kulturminne og kulturmiljø Skogbruk BEREDSKAPSTILTAK Beredskapsutval/ kriseleiing Katastrofar/ storulykke Pandemi/ smittevern Utrykkingstid Sløkkevasskapasitet Planomtale Risiko knytt til skogbruk er i hovudsak vindfallskadar der tre stenger vegar og fell over kraftliner og busetnad Heilskapleg ROSanalyse DN Riksantikvaren, Sefrak-registeret, kulturminneatlas.no, Kjerneområde landbruk Heilskapleg ROSanalyse Sist revidert (C): 18.03.2015 Tiltak/handtering i plan innanfor den enkelte verksemd Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Sikra gjennom eigne omsynssoner og arealføremål i plankartet Registreringane er framstilt i temakartkulturminne. Automatisk freda kulturminne og regionale kulturminne er sikra gjennom omsynssone i plankartet (jf. tabell kap. 6.3.2.) Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Ikkje problemstilling i høve arealbruk Ikkje problemstilling i høve arealbruk Ikkje problemstilling i høve arealbruk Lokalt brannvern God kapasitet der det er framkomeleg med køyrety. Eining kommunalteknikk Ørsta kommune Bygg og anlegg innanfor tettstadgrensa har uttrykkingstid under 12 minutt. For øvrige delar av planområdet er uttrykkingstida under 20 minutt Preakseptert nivå: 20 l/s (bustad) og 50 l/s (næring). Forholdsvis god kapasitet i dei fleste område. Manglande kapasitet dekkast av Side 29 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Type risiko Flaumvern Behov for befolkningsvarsling PLANLEGGING FOR ENDRA KLIMA Konsekvensar av auka nedbør Ekstremvêr Havnivåstigning Gradvis endring av klima Planomtale KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Risiko Kunnskapsgrunnlag Store delar av sentrumsområdet er flaumutsett (kjellarflaum). Behov for befolkningsvarsling var ikkje vurdert i Heilskapleg ROS-analyse, men vert innarbeidd i revidert versjon. Heilskapleg ROSanalyse (revidert versjon). Risiko knytt til auka nedbør er overvassproblem, større flaum- og skredfare Heilskapleg ROSanalyse Klimaendringar bidreg til meir ekstremver og større skadeomfang på menneske og eigedom Heilskapleg ROSanalyse Det er forventa at havnivået på Vestlandet vil stige rundt 70 cm i det 21. århundre Klimaendringar kan få konsekvensar for helse, jordbruk og fiskeri, naturmangfald, samferdsle, bygg og anlegg Heilskapleg ROSanalyse Heilskapleg ROSanalyse Ørsta kommune Sist revidert (C): 18.03.2015 Tiltak/handtering i plan tankbil. Innarbeidd omsynssone knytt til flaumfare. Ved utbygging innan desse områda må utbygginga og ev. vilkår til utbygginga vurderast for å gje tilstrekkeleg tryggleik. Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan. Tema for beredskapsplan. Overvassproblem knytt til vatn- og avløpsinstallasjonar sikrast gjennom eigne tiltak. Flaum- og skredfare framstilt med faregrense i temakart-naturfare, og med omsynssone i plankartet. Buffer på 20m til kvar side av småelvar og naturlege bekkar er vist i temakart naturfare. Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd og på reguleringsplannivå. Krav om å byggje trygt i høve stormflonivå (2,72 moh) jf. kap naturfare (stormflo) Ikkje aktuelt med tiltak gjennom kommunedelplan, må følgjast opp med tiltak innanfor den enkelte verksemd Viktig å ivareta produksjonsareal Viktig å sikre rømmingskorridorar for sårbare artar, oppover i terreng frå fjord til fjell Side 30 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 6. OM PLANFRAMLEGGET 6.1. OVERORDNA GREP Tettstadgrense Eit av dei viktige grepa i planen er innføring av ei tettstadgrense som skal gje ei langsiktig avgrensing av tettstaden Ørsta. Innanfor denne grensa skal hovudtyngda av bustadbygginga, handel, kontor og anna næringsverksemd, offentlege tenester m.v. etablerast. Areal- og volumkrevjande varehandel bør lokaliserast i Hovdebygda. Innanfor grensa er utbyggingsomsyna gitt større vekt enn landbruksomsyna. Område som er avsett til landbruksføremål skal likevel ikkje takast i bruk til utbyggingsføremål før ny planrevisjon viser at det er naudsynt. Ein skal nytte fortetting som verkemiddel og legge til rette for miljøvenlege transportval. Utbygging bør skje rundt kollektivknutepunkt eller i gang/sykkelavstand til desse. Dette vil bidra til å redusere bilbruken og auke kollektivbruken. På denne måten legg ein opp til effektiv arealbruk og større grad av urbanisering enn ein har hatt til no. Dette vil bidra til å redusere bilbruk og stimulere auka bruk av sykkel og gange, noko som vil vere positivt for mellom anna folkehelsa og i høve til å redusere klimagassutslepp. Ved å prioritere kva areal som skal byggast ut i løpet av dei neste 20-30 åra er målsetjinga at planen i størst mogleg grad skal gje påreknelege rammer for eigarane av dei areala som ikkje er lagt ut til utbyggingsføremål. Ved å styre hovudtyngda av veksten til områda innanfor tettstadgrensa hindrar ein også fragmentering av viktige landbruksareal utanfor tettstadgrensa. Illustrasjonen syner utstrekning av tettstadsgrense, sentrumsføremål og sentrumskjerne. Planomtale Ørsta kommune Side 31 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 6.2. AREALFØREMÅLA For fleire av utbyggingsområda er det behov for vidare utgreiingar, t.d. i høve rasfare eller støy. Dette er nærare omtala i konsekvensutgreiinga. 6.2.1 Bygg og anlegg Bustad I utrekninga av arealbehov for bustad er det stipulert eit behov for om lag 410 daa til bustadføremål fram til 2025. I planframlegget er det lagt inn om lag 1000 daa inklusive ubebygde område som allereie er regulert. Framtidige bustadområde er plasserte innanfor tettstadgrensa, og i gang- eller sykkelavstand til kollektivtilbod eller sentrumsfunksjonar, m.a. for å minske transportbehov og å forenkle det offentlege tenestebehovet (jf. illustrasjonen under). Arealberekninga gjeld for heile kommunen, men sjølv om ein oppfyller arealbehovet i denne planen vil det framleis vere behov for bustadtomter andre stadar i kommunen. Dette behovet reknar ein med vil vere ein god del mindre, og innanfor usikkerheita i berekningane. Det er eit mål å legge til rette for bustadbygging i alle deler av kommunen, likevel legg ein til grunn at hovudtyngda av befolkningsveksten vil kome i sentrumsområdet. Illustrasjonen viser noverande og framtidig hovudvegstruktur (heiltrekt/stipla line), noverande (blå ”buss”) og framtidige (raud ”buss”) kollektivstopp med gangradius (300 og 600 m). Utsnitt frå temakart infrastruktur. Ved å legge ut over det doble av estimert behov fram til 2025 reknar ein med å ha arealreserve ca. 20-30 år fram i tid. Dette meiner ein vil gje føreseielegheit til eigarane av dei areala som ikkje er lagt ut til utbyggingsføremål. Ein har også teke høgde for usikkerheit i berekningane og at det kan vise seg at nokre av områda ikkje er råd å byggje ut, t.d. pga rasfare. I utvelginga av areal er det teke høgde for kva jordbruksareal som er del av aktive bruk, og ved å prioritere desse meiner ein å gje dei bøndene som driv aktivt jordbruk i dag størst mogleg tryggleik til å kunne gjere naudsynte investeringar. T.d. er store areal på Ryste vidareført som jordbruksareal, sjølv om desse vil vere svært sentrale også som framtidige utbyggingsareal. Planomtale Ørsta kommune Side 32 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Ein føresetnad for planen er ei høgare arealutnytting enn kva som har vore vanleg i kommunen tidlegare, og ein har innført eit nytt omgrep – bybustad – som er små og sentrale leiligheiter, t.d. slik som Ørsta Brygge. Ein legg også opp til ein høgare andel (50%) konsentrert utbygging i nye felt. Det er vurdert om det er naudsynt med spesielle grep i høve rekkefølgje for utbygging av bustadområda med tanke på skulekapasitet. M.a. grunna flytande krinsgrenser og mogleg utviding av kapasiteten på Hovden skule og Velle skule meinar ein det ikkje er behov for å setje ei bestemt rekkefølgje for utbygging. Med omsyn til prioritering av utbyggingsområde for bustad har ein lagt vekt på lokalisering langs begge sider av fjorden, likeeins variasjon i utnyttingsgrad. Dette for å gje eit breiast mogleg bustadtilbod og fleire alternativ å velje blant. Sjølv om einebustader ikkje er særleg arealeffektivt og såleis ikkje i samsvar med ei generell målsetjing om fortetting og ulike miljøomsyn, legg planen til grunn av 30% av bustadtilbodet skal dekkast ved slike bustader. Dette er gjort delvis på bakgrunn av ei vurdering av kva som er etterspurt no, men også ut frå at eit tilbod om einebustadtomter vil vere eit fortrinn i høve byområda. Ein har drøfta kor vidt ein skal prioritere vidare utbygging på Øvre Mo no framfor meir sentrumsnære alternativ innanfor tettstadgrensa, mellom dei Ellingsbakkane. Båe stadar er det store landbruksinteresser. Ein har konkludert med å legge ut Øvre Mo no, då utbygging her vil bidra til naudsynt finansiering av hovudsamleveg og VA-anlegg. Anna prioritering vil skyve tidspunkt for mogleg realisering av hovudsamlevegen langt fram i tid. Tabellen viser utbyggingsområde bustad som er teke inn i planen. Namn Område totalt areal (daa) eks. bustadareal (daa) "Nytt" areal (daa) Sjømyrane B1 9 0 9 Sjømyrane B2 33 10 23 Rystene B3 116 13 103 Rystemarka eks reg 145 0 145 Rystemarka nedre del B4 75 18 57 Gerhard Ryste B5 17 0 17 Osmarka 3 B6 78 0 78 Osborg B7 40 5 35 Ose ‐ Smådalane B8 158 30 128 Ose B9 21 4 17 Øvre Mo 3 B10 237 7 230 Ellingsbakkane B11 37 1 36 Jomarka B12 21 0 21 Engeset/Fonna B13 14 0 14 Vallabøen ‐ Fonna B14 40 0 40 Hoggamyra B15 75 3 72 Enokmarka eks reg 37 4 33 Hovdeb. Barnehage eks reg 46 40 6 Rystefeltet (JS1) B16 2,5 0 2,5 Sum 1067 Fritidsbustad I grunnlaget for planen er det ikkje rekna ut eit konkret arealbehov for fritidsbustadar, men ein har peika på at der er eit behov, og Liadal-Rjåneset som aktuelt område. Ein har også sagt at fritidsbustadar skal plasserast i område der det er god nok teknisk infrastruktur, og at utbyggingar bør samlast i eigne område/felt. I planframlegget er det lagt inn totalt 89 daa, alt Planomtale Ørsta kommune Side 33 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 på strekninga Flesjen-Rjåneset. Dei områda som no er innarbeidde var også innarbeidde i kystsoneplanen, bortsett frå området like vest for Bakkedalselva og området BFR3 i Grøvika som den gong i hovudsak var lagt ut til framtidig bustadområde. Etter 1. gongs offentleg ettersyn vart det gjennomført ei synfaring i området, og det viste seg då at arealet vest for Bakkedalselva truleg ville vere for bratt for utbygging. I tillegg var området i konflikt med automatisk freda kulturminne (motsegn). Dette arealet er difor teke ut av planen. Desse områda meiner ein er godt egna til føremålet, og er i mindre grad i konflikt med andre arealbruksinteresser. Lokaliseringane frå Liadal til Rjåneset er svært sentrale mtp. vegsamband og tilkomst gjennom fjordane (Ørstafjorden-Vartdalsfjorden-Voldsfjorden-Rovdefjorden. I dette området er det også etablert småbåthamn og friområde/badeplass). Men ein må ta omsyn til rasfaren for deler av BFR3. Lokaliseringa på Flesjen (BFR1) er ei utviding av det eksisterande feltet, men ein må ta omsyn til rasfaren for deler av området. Tabellen under viser utbyggingsområde fritidsbustad som er teke inn i planen. Namn Område totalt areal (daa) eks. bustadareal (daa) Flesjen BFR1 47,0 0,0 47 Liadal BFR2 10,0 0,0 10 Grøvika BFR3 35,0 3,0 32 Sum "Nytt" areal (daa) 89 Sentrumsføremål Gjennom sentrumsføremål er det opna for forretning, kontor, tenesteyting, kjøpesenter, næring (hotell og bevertning, småskala industriproduksjon, bensinstasjon), bybustadar, idrettsanlegg, samferdsleanlegg og grønstruktur. Svært høg arealutnytting er ein føresetnad. Likevel må ein ta omsyn til omgjevnadane og til eksisterande kulturverdiar og verna bygg. Alle område innanfor sentrumsføremålet er regulerte i dag. Desse reguleringsplanane skal framleis gjelde, med unntak for der dette er særskilt vist med gjennomføringssone – område for fornying. Dette gjeld for to område innanfor sentrumssona: H830_1, område mellom sjøfronten, AMFI og gågata, der ein vil legge restriksjonar i påvente av tettstadsutviklingsprosessen og ny reguleringsplan jf. avsnittet under om tettstadsutvikling. H830_2, ”Lødetomta”. Gjeldande reguleringsplan vert oppheva med sikte på å utarbeide ny reguleringsplan med føremål å endre arealbruken til offentleg tenesteyting. I rådmannen si tilråding var arealet lagt ut til offentleg tenesteyting. Planutvalet gjorde vedtak om å utvide området for sentrumsføremål slik at ”lødetomta” vart liggande innanfor sentrumsføremålet. Planutvalet har ikkje gjort vedtak om å endre lista av reguleringsplanar som skal opphevast. Planutvalet sitt vedtak er tolka slik at det ikkje var planutvalet sin intensjon å endre realiteten i rådmannen sitt framlegg om framtidig arealbruk for ”lødetomta”. I framlegget som er sendt til offentleg ettersyn er såleis framstillinga for området slik det går fram ovanfor. Det må difor utarbeidast ein ny reguleringsplan for området. I tillegg er det føresett at verneplanen for Kyrkjegata skal utvidast og reviderast jf. motsegn frå Møre og Romsdag fylkeskommune. For dei områda der føremåla i gjeldande reguleringsplan samsvarar med sentrumsføremålet, vil reguleringsplanane gjelde uendra. For dei områda der det er motstrid mellom kommunedelplanen og reguleringsplanen, vil kommunedelplanen gjelde framom reguleringsplanen. Tettstadsutvikling Når sjølina no er teke ut av planen, opnar det seg nye mulegheiter for utviklinga i Ørsta sentrum. Det er også fleire element i gjeldande reguleringsplan som ikkje lenger ”heng heilt saman”. Dette gjeld sjøfronten, men også i høve korleis Ørsta som handelssentrum skal utvikle seg vidare. Rammer for dette er tenkt utvikla gjennom eit tettstadutviklingsprosjekt med m.a. arkitektkonkurransen Europan13. I denne samanhengen er det naudsynt å setje av eit område Planomtale Ørsta kommune Side 34 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 med krav til ny reguleringsplan for å sikre at det ikkje vert sett i verk tiltak som er i vesentleg konflikt med ei ønskt utvikling. Deretter vil det vere behov for å revidere reguleringsplanen for sentrum. I samband med denne prosessen skal ein også fastsetje område for detaljhandel. Kjøpesenter og forretningar Det er ikkje innarbeidd eigne føremål for forretningar eller kjøpesenter i planframlegget. Desse føremåla inngår i sentrumsføremålet eller er del av godkjende reguleringsplanar. Dette er vurdert å gje tilstrekkeleg dekning innan planperioden. Utanom sentrumsområdet definert for detaljhandel, må ein legge til grunn dei til ei kvar tid gjeldande bestemmelsar med rammer for detaljhandel. Pr i dag er maks 3000m2 detaljhandel ramma innanfor kvart område. Det er naturleg å forstå regelverket slik at Hovdebygda vil vere eitt slikt område, Ose eit anna og områda i sentrum utanfor sentrumskjernen som eit anna. Offentleg eller privat tenesteyting Barnehage I grunnlaget for planen er det gitt eit behov for to nye sentrumsbarnehagar med 6 avdelingar i kvar. For å dekke dette behovet er det vurdert tre aktuelle lokaliseringar; Jomarka, Ose og Osmarka. I planframlegget er alternativa på Jomarka og Osmarka innarbeidde. Desse er vurdert å vere dei beste med tanke på nærleik til bustadområde og omkringliggande friluftsområde. I tillegg til desse to kan det vere rom for utviding av Hovdebygda barnehage. Namn Område totalt areal (daa) eks. bustadareal (daa) "Nytt" areal (daa) Ose BBH1 9,0 0,0 9 Jomarka BBH2 9,0 0,0 9 Sum 18 Skule I grunnlaget til planen er det gitt eit behov for auka kapasitet på om lag 200 nye elevplassar. Dette behovet kan dekkast gjennom areal som allereie er regulerte. Hovden skule kan etter gjeldande reguleringsplan doble kapasiteten. Velle skule er tilnærma full pr i dag, men det er planlagt eit andre byggjesteg som vil kunne ta ein del av kapasitetsbehovet. Arealet på Mosflata som er regulert til offentleg areal/skuleførmål er avsett til ny vidaregåande skule. Området bør framleis reserverast til dette. Om/når dette vert ein realitet kan arealet for dagens vidaregåande skule omdisponerast til ny barneskule. Om vidaregåande skule ikkje flyttar kan arealet på Mosflata nyttast til eventuell framtidig barneskule. Ei samlokalisering av skulane i dette området er gunstig ut i frå samdriftsfordelar ved bruk av idrettsanlegga og at området er sentrumsnært og med tilknyting til offentleg transport. Det er uansett ein føresetnad for planen at Velle skule vert sikra tilstrekkeleg areal. Institusjon/Helse I grunnlaget til planen er det gitt behov for areal ved Ørstaheimen og areal til bustadar med personalbase. I planframlegget er det sett av areal aust for Ørstaheimen og på Jomarka. I tillegg er det allereie regulert eit større areal på Bakk-Ola-marka. Arealet på Jomarka er tiltenkt bustadar med personalbase. Dette føremålet kan også vere aktuelt innanfor dei andre områda, men her kan det også vere aktuelt med andre føremål, t.d. institusjon. Namn Område totalt areal (daa) eks. bustadareal (daa) Jomarka BOP1 14 0 14 Ørstaheimen BOP2 10 0 10 Sum "Nytt" areal (daa) 24 Fritids- og turistføremål Ørsta camping har kome med ønske om utvidingsareal, men grunneigarane i aust ønskjer å nytte arealet til bustad. Ved 1. gongs offentleg ettersyn var området foreslått som utvidingsareal for Planomtale Ørsta kommune Side 35 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 campingplassen. For å høyre begge dei aktuelle føremåla har ein no endra den austlege delen til bustadføremål. Kommunen vil ta endeleg stilling til føremål for dette området etter høyringsperioden. I planframlegget er det likevel sett av utvidingsareal mot nord. I tillegg er noverande arealbruk med utleigehytter/turisme i Smådalane teke inn i plankartet som fritids- og turistføremål. Næring I grunnlaget til planen er det gitt at ein ut frå ei rein arealvurdering truleg har tilstrekkeleg næringsareal i lang tid framover. Likevel er om lag heile dette arealet lokalisert i Melsgjerda. Det er difor eit behov for eit meir differensiert tomtetilbod, m.a. for sjønært areal og areal lokalisert nærare viktige samferdsleaksar. I planframlegget er det lagt inn 237 daa til næringsføremål. Areala i Rystene (langs Industrivegen), Sjømyrane og Vikeura er sjønære. Ein ønskjer ikkje å legge til rette for industri langs sjøen i andre delar av Ørstafjorden no. Ved utarbeiding av reguleringsplan for Hovden næringsområde, måtte den delen som skulle romme industriføremål takast ut av planen på grunn av motsegn frå Fylkesmannen. Det er svært viktig å kunne gje eit tilbod om slike føremål i dette svært sentrale område for næringsverksemd. Dei overordna prinsippa og prioriteringane som er lagt til grunn for arealbruken i kommunedelplanen styrkjer også vurderinga av at dette vil vere ei rett samfunnsmessig avveging. Området er innarbeidd i planframlegget. Innanfor gjeldande reguleringsplan på Rystelandet er der eit visst potensiale for vidare utbygging og ev. flytting av verksemder som ikkje er avhengig av sjønære areal. Dette kan truleg gje rom for noko ny næringsverksemd her. Området nord for flyplassen, mellom E39 og Indrehovdevegen, har i tidlegare samanhengar vore vurdert som aktuelt næringsareal. Høgderestriksjonar knytt til flyplassen gjer at det ikkje er praktisk mogleg å legge inn dette som utbyggingsområde no. Ved eventuelle justeringar av høgderestriksjonskrava vil arealet vere aktuelt som næringsområde i framtida. Namn Område totalt areal (daa) eks. areal (daa) "Nytt" areal (daa) Hovden næringsområde BN1 85 0 85 Rystene ‐ industrivegen BN2 67 2 65 Sjømyrane BN3 30 8 22 Vikeura BN5 65 0 65 Sum 237 I tillegg er fleire eksisterande næringsbygg (Hovden møbel, Hagevegen, Sætre) teke inn i plankartet som noverande næringsområde (BN). Idrettsanlegg – hestesport I grunnlaget til planen er det gitt eit behov for areal til nytt hestesportanlegg. Det er vurdert sju lokaliseringsalternativ. Av desse er fem samanstilte i alternativvurdering; Regulert område på Daleteigane, arealet like framom Askjellhaugen - ”Nedre Daleteigane”, Mele/Melsbygda1 (ved elva), Mele/Melsbygda2 (øvre alternativ) og Sporstøl. I planframlegget ved 1. gongs offentleg ettersyn er det høyrt fire alternative lokaliseringar; ”Nedre Daleteigane”, Mele/Melsbygda 1, Mele/Melsbygda 2 og Sporstøl. Fylkesmannen har fremja motsegn mot alternativ Mele/Melsbygda 1 med bakgrunn i landbruksinteresser. Vidare er det peika på store naturverdiar knytt til Melsholmane og flaummarksskogen langs Ørstavassdraget. Desse er svært sårbare og vil ikkje vere foreinelege med hestesportanlegg. Gjennom merknadene kjem det fram sterk motstand mot alternativ ”Nedre” Daleteigane, med bakgrunn i at området er eit viktig tur- og friluftsområde, jakt- og beiteområde, samt at det representerer ein potensiell ressurs for landbruket. Etablering av hestesportanlegg i dette Planomtale Ørsta kommune Side 36 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 området vil truleg også utløyse behov for oppgradering/flytting av veg. Hestesporlaga og Idrettsrådet har peika på ”Nedre” Daleteigane som den lokaliseringa dei ønskjer. Det er knytt landbruksinteresser til både Mele/Melsbygda 2 og Sporstøl, men korkje Fylkesmannen eller landbruksmynde lokalt vurderer desse til å vere så omfattande som for Mele/Melsbygda 1 og Daleteigane. For Sporstøl-alternativet har ikkje Fylkesmannen merknader i det heile. For begge desse alternative er det lokal motstand blant grunneigarane. Med bakgrunn i motsegna frå Fylkesmannen tek kommunen ut alternativet Mele/Melsbygda 1 av planen. Grunna potensiell konflikt med friluftsinteresser (jf. også fleire merknader til planen) og konflikt med landbruksinteresser tek kommunen også alternativet på ”Nedre Daleteigane” ut av planen. Både Sporstøl og Mele/Melsbygda 2 er trygge for ras jf. den nasjonale rasfarekartlegginga. For å gje kommunestyret eit best mogleg grunnlag for å fatte avgjerd ved eigengodkjenning, foreslår ein no å høyre begge desse alternativa når dei andre er teke ut av planframlegget. Det alternativet som vert valt må gjennom ein reguleringsprosess. Det alternativet som går ut vil verte LNF-område. Naust I grunnlaget til planen er det ikkje gitt eit spesifikt arealbehov for naust. Ein peikar likevel på eit visst behov, og ein har strategi om at naustområde bør leggast i tilknyting til eksisterande infrastruktur, og i samband med andre utbyggingsområde. På strekninga Hagen/Sætre har ein motteke mange innspel om naustbygging. Området er allereie regulert og til dels utbygd med naust. Den indre delen av gjeldande plan vert vidareført, men den ytre delen er føresett omregulert for å fastsetje avkøyrsleplasseringar og kva område som kan byggast på. På Liadal-Rjåneset er det lagt ut naustområde som eit tilbod til dei hytteområda som er foreslått. På Sørheim er det sett av eit avgrensa område for naust nærast bebyggelsen. Ein har også vurdert ei større utbygging i tilknyting til småbåthamna i Vikeura, men på grunn av store kostnadar knytt til omlegging av vegen var dette sett på som lite aktuelt. I planframlegget er det lagt inn 8 naustområde. Namn Område totalt areal (daa) eks. bustadareal (daa) "Nytt" areal (daa) Sørheim BUN1 3 0 3 Storeneset BUN2 4 1,5 3 Sætre BUN3 4 0 4 Hagen BUN4 9 1 8 Grøvika BUN5 8,5 1,4 7 Mork BUN6 6,5 0 7 Hagen BUN7 1 0 1 Liadal BUN8 1,2 0 1 Sum 33 Hamner og kaier Det er djupvasskai og hamneterminal på Rystelandet inst i Ørstafjorden. Området er regulert til føremålet, og anlegget er godkjent i hht Norsk hamnesikringsforskrift og ISPS kode del b. Anlegget er nytta til rutetrafikk for gods, utskipingskai for tømmer og der er ein viss aktivitet med anløp av cruiseskip. Djupne er 10,5 meter på lågvatn i heile lengda, som inneber at det ikkje er avgrensingar i høve storleik på båtar som kan gjere anløp. I seinare tid er det gjort utbetringar på land. Med dette ligg det til rette for å lenge kaifronten, frå dagens 95 meter til 180 meter. Anlegget kan då få status som nasjonal utskipingskai for tømmer. Kommunen eig grunn og anlegg, drifta er ved VIK Ørsta. Planomtale Ørsta kommune Side 37 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Djupvasskai i andre delar av Ørstafjorden har vore drøfta i tidlegare plansamanhengar, men er ikkje prioritert no. Ein legg til grunn at det skal satsast på dagens terminal og vidareutvikling av denne og planframlegget vidarefører gjeldande plan. Den gamle kommunekaia på motsett side av fjorden, nedom Webjørn Svendsengata, vart øydelagt av orkanen Dagmar i 2011. Kaia var ikkje lenger i bruk. Sjøsida langs denne delen av Ørstafjorden vert å arbeide vidare med i tettstadsprosjekt i etterkant av denne kommunedelplanen. Mineralske ressursar Regulert område for råstoffutvinning innanfor planområdet er pukkverk på Klubben ved Digernes. I NGU sin database for grus og pukk er fylgjande andre førekomstar registrerte, viktigheit oppgitt i parentes: Steintipp ved Eiksundtunnelen (viktig), grusressurs på Liadal (lite viktig), Skorgeura (ikkje vurdert), Nupen (lite viktig) og Storeindvika mellom Lianeset og Flesjen (viktig). Sistnemnde med massetak i sporadisk drift. På Digernes er det registrert karbonatmineraler, viktigheit ikkje oppgitt. Steintippen ved Eiksundtunnelen er snart brukt opp og skal i fylgje reguleringsplan tilbakeførast til landbruk. Andre regulerte område for råstoffutvinning i kommunen er Indre Standal (regionalt viktig), Grossmyra i Åmdalen (viktig) og Holen i Bondalen (viktigheit ikkje oppgitt) og Flatnes (viktig). Detaljreguleringsplan for Åmbø massetak/deponi er under utarbeiding. Ei rad andre grus- og pukklokalitetar kjem i tillegg, til saman er 38 lokalitetar registrerte i grus- og pukkdatabasen til NGU. Gjennom desse områda har ein ein viss reserve for mineralske ressursar. Reguleringsplanen for Klubben massetak ver vidareført gjennom kommunedelplanen. Innan planområdet ser ein ikkje lokaliseringar for nye massetak som er aktuelle innan planperioden. Det vil likevel vere behov for å vurdere framtidige arealreservar, men dette må vurderast i samband med kommuneplanen sin arealdel. 6.2.2 Samferdsel og teknisk infrastruktur I grunnlaget til planen er det gitt behov for å erstatte sjølina med Ørstafjordkryssing (E39), og å fastsetje ein samanhengande hovudvegstruktur rundt Ørsta sentrum. I planframlegget er det innarbeidd to alternativ for framtidig E39, eit med bru mellom Sørheim og Lianeset, og eit med tunnel under Raudøya. Alternativ for fjordkryssing er alt gjort gjennom konseptvalutgreiinga til Statens vegvesen, men endeleg val av løysing tek ein ikkje stilling til no. Alternativ for fjordkryssing som ligg inne i planen erstattar sjølina. I planframlegget er det også foreslått ein hovedsamlevegstruktur frå Hovdebygda til Morkabrua. Løysinga baserar seg på Torvmyrvegen, Leitevegen, Osborgvegen, Mosmarkvegen og Håkonsgata. Nye vegstrekningar er Hovden næringsområde til Rystefeltet, Osborg til Mosflata, Mosflata til Øvre Mo og lenging av Håkonsgata frå Vinjevoll til Hagevegen. Totalt gir dette om lag 3,1km ny kommunal veg. Det ligg føre politiske vedtak i både Volda og Ørsta kommunar som peikar på behovet for å bygge ein forlenga Torvmyrveg. I samband med tidlegare reguleringsplanprosess og i pågåande kommunedelplan for E39 Volda-Furene ligg det føre motsegner som ikkje er løyst. Desse spørsmåla må løysast som del av den pågåande planprosessen eller seinare reguleringsplanprosess. Spørsmålet om vegen er såleis ikkje teke opp til vurdering i samband med dette planarbeidet (Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda). Området er vist i plankartet som ei bandleggingssone for seinare planlegging. I sykkelstrategien er det peika på fleire konkrete utbetringar mtp. syklande. Løysingane baserar seg i stor grad på G/S-veg langs køyreveg eller sykkelfelt, og det er ikkje foreslått eigne trasear for syklande. Dagens E39 gjennom sentrum er tenkt 40 km/t og med MPG-tiltak (miljøprioriterte gjennomkjøringstiltak). Grunna mange merknader knytt til vegløysingane i Sjømyrane (Sjøvegen og Industrivegen) vart det gjort ei alternativvurdering av det framtidige vegsystemet i området. I denne er det vurdert om det er Sjøvegen eller Industrivegen som skal vere fylkesveg for framtida. I konklusjonen er Planomtale Ørsta kommune Side 38 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 det ikkje teke endeleg stilling til framtidig fylkesveg, men ein har konkludert med at både Sjøvegen og Industrivegen uansett bør leggast om for å betre stigningstilhøva. Moglege framtidige vegføringar er viste i planen. Likeeins er det gjort ei alternativvurdering for moglege vegføringar frå Øvre Mo til Brekke. Denne vurderinga konkluderer med at der er to alternativ ein bør arbeide vidare med på reguleringsplannivå. Desse er teke inn i planen som alternative vegføringar. 6.2.3 Grønstruktur I grunnlaget til planen er det gitt eit behov for å sette av areal som gir samanheng mellom parkar, turvegar, friområde og friluftsområde, og at desse er knytt saman med bustadområda. Det overordna turvegnettet er innarbeidd i plankartet. I tillegg har ein prioritert viktige sentrumsnære naturområde med eige føremål, og ein har definert tiltaksgrense langs vassdrag. For å sikre viktige nærfriluftsområde har ein lagt omsynssone over området rundt HovdeåsaneHelgehornet- Hovdevatnet og området i Daleteigane. Dette medfører ikkje nødvendig vis forbod mot andre tiltak (nydyrking, skogsvegar e.l.), men ein skal vurdere desse særskilt opp imot friluftsinteressene. Temakart for grønstruktur syner den samanhengande grønstrukturen, også innan regulerte område. Omtalen av temakartet (kap 5.6) gir ei meir utfyllande skildring. 6.2.4 Landbruks-, natur- og friluftsføremål I grunnlaget til planen har ein erkjent at på lenger sikt vil alt jordbruksareal innan tettstadgrensa verte omdisponert. I planframlegget er det likevel gjort ei prioritering som sikrar det ein meinar er det viktigaste jordbruksarealet dei neste 20-30 åra. Dette skal gje eigarane/drivarane tilstrekkeleg tryggleik til å gjere naudsynte investeringar. Dette gjeld t.d. områda i Åsen-Hovdebygda, Rystene, resterande del av Mosflata (det som ikkje er regulert) og Ellingsbakkane. Områda på Brekke, Melsbygda og ein del område på nordsida av Ørstafjorden og på Liadal ligg utanom tettstadgrensa, og her er landbruksinteressene prioriterte. I planframlegget er det foreslått eitt LNF-område med spreidd busetnad i Ytre-Hovden. Dette området er relativt oppstykka, og lite eigna for moderne landbruksdrift. Det er lagt opp til inntil 8 nye bustadhus innan området. 6.2.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag Ørstafjorden er i planframlegget lagt ut som sjøområde for ålmenn fleirbruk (natur, fiske, ferdsel og friluftsliv). Det er ikkje opna for akvakulturanlegg. Langs strandlinja skal natur- og friluftsinteressene ha fortrinn, og sjølv om eit område vert utbygt skal ein så langt som råd halde strandlinja open for ålmenn ferdsel. Dei største elvane innan planområdet er viste med eige føremål i plankartet, og det er lagt byggeforbodssone på kvar side. Innan denne sona er det forbod mot nye tiltak (jf. pbl §1-6). Forbodet gjeld også landbrukstiltak. Det kan likevel etablerast tursti/turveg i samsvar med plankartet samt enkel tilrettelegging for friluftsliv. Langs sjøen gjeld byggegrense på 100m. Der offentleg veg ligg nærare sjøen enn 100m er vegen grense for byggeforbodet. For noverande byggeområde er det definert byggegrense i plankartet. For framtidige byggeområde skal byggegrensa fastsettast gjennom reguleringsplan. I grunnlaget til planen er det gitt eit behov for om lag 90 nye småbåtplassar i Ørstafjorden. I arbeidet med planen har ein vurdert tre alternativ; Vikaura (regulert), Osstranda (etter innspel) og Notaplassen (etter innspel). Dei to sistnemnde medførte store negative konsekvensar (jf. konsekvensutgreiing), og vart difor vurderte som uaktuelle. Kommunen har ikkje motteke andre innspel på plassering av småbåthamn, og har heller ikkje vurdert andre alternativ som aktuelle lokaliseringar. Vikaura gir tilstrekkeleg dekning innan planperioden og er difor vidareført. I tillegg er det sett av eit areal utanfor Ørsta sentrum som skal vurderast i samband med tettstadsposjekt og arkitektkonkurranse. Eit forslag er å etablere marinaløysingar med Planomtale Ørsta kommune Side 39 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 gjesteplassar i dette området. Endeleg konklusjon vert trekt i samband med ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. 6.3. OMSYNSSONER 6.3.1 Faresone Jf. temakart for naturfare er det berre kartlagt risiko i høve rasfare og flaumfare. Ras (H310_1) Omsynssone H310_1 angir ytterkant av kjent- og potensiell rasfare. Alt areal innan denne sona må avklarast nærare i høve rasfare etter den aktuelle tryggleiksklassa. Areal som ligg utanom denne sona er trygge i høve rasfare med nominelt sannsyn på 1:5000 (”5000-årsraset”, S3). Temakart naturfare viser grense både for ”1000-årsraset” (S2) og ”5000-årsraset” (S3). I tillegg har kommunen oversikt over mange rasfarevurderingar, noko som gjer at eit område kan ”friskmeldast” utan behov for vidare utgreiing, sjølv om det ligg innanfor omsynssona. I stor grad er konkrete rasfarevurderingar teke inn i temakartet. Flaum (H320) Område som er utsett for flaumfare er merka i kartet med omsynssone H320_1. Denne sona dekker både areal som er utsett for kjellarflaum og areal som er utsett for 200-års flaum. I temakart for naturfare er desse to sonen skilt med ulik farge. I tillegg til flaumfare frå elv må ein ta omsyn til dimensjonerande stormflonivå (pr. i dag 2,72moh) og oppskyllingshøgde etter ras i Åkneset (jf. NGI-rapport 20110232-00-1-R). Område merka H320_2 er 20 m tryggleikssoner rundt mindre elvar og bekkar. Lausmasseras/Ustabil grunn (H310_2) Terrenganalyse har utelukka område med terrengfall < 1:15. Store deler av dei attverande områda er heilt eller delvis utbygd over ein periode på mange tiår. Ingen registreringar som tyder på at det er funn av grunn med kvikkleire. I regionen er det heller ikkje denne typen grunntilhøve kjent. Opplysningar om utførte grunnboringar (På Ose) gir ingen indikasjon på leire eller kvikkleire. Kommunen finn det usannsynleg at faren for kvikkleireskred er til stades i eit omfang som overstig grenseverdiane i TEK i desse områda. Område med ustabil grunn langs sjøfronten i Ørsta sentrum innarbeidd i temakart og plankart. Brann- og eksplosjonsfare( H350_1) Innan omsynssone H350 er det arealmessige avgrensingar for å sikre omgjevnadane rundt anlegg som oppbevarer eksplosjonsfarlege stoff. Etablering av tiltak innan denne sona skal vurderast særskilt opp imot bestemmingane om tryggleiksavstand for det aktuelle tiltaket jf. Forskrift 26. juni 2002 nr. 922 om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff (eksplosivforskrifta). Verksemda som driv eksplosivanlegget skal kontaktast, og dersom kommunen gir løyve innanfor tryggleiksavstanden må verksemda dokumentere tilstrekkeleg tryggleik for DSB. Aktuelle tryggleiksavstandar: Offentleg veg, kai m.m = 320m. Bustadhus = 480m. Alle objekt (institusjon, skule, barnehage, forsamlingslokale osb.) = 960m. Høgspenningsanlegg (H370_1) Innan omsynssone H370 er det potensiell stårlingsfare frå høgspenningsanlegg. Det er ikkje gjort konkrete målingar ut ifrå kor mykje straum som går gjennom linjene, men det er lagt inn ei buffersone på 35m til kvar side frå ytterste fase. Ved bygging/regulering innan denne sona må det gjerast ei konkret vurdering opp imot grenseverdien på 0,4 mikrotesla. 6.3.2 Omsynssoner Omsynssone landbruk (H510) Innan planområdet er det tre område som er peika på som svært viktige for landbruket. Området på Brekke inneheld store areal som er fulldyrka i dag og som er dyrkbare. Området heng saman med dei store landbruksområda vidare framover Brudavollen/Brungot. Arealet på Engeset er del av eit viktig driftsgrunnlag for bøndene i dei mest sentrumsnære områda. Dei to areala på Liadal er viktige i høve dei lokale landbruksinteressene på Liadal. Planomtale Ørsta kommune Side 40 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Omsynssone friluftsliv (H530) Innan planområdet er det to område som er vekta som viktige nærfriluftsområde; området rundt Hovdeåsane/Hovdevatnet og området i Daleteigane. Desse er innarbeidde i plankartet med omsynssone for friluftsliv. Nye tiltak innan desse områda skal vurderast særskilt opp imot friluftsinteressene. Kulturminne og kulturmiljø (H570) Alle kjende kulturminne og kulturmiljø er framstilte i temakart for kulturminne. I plankartet er automatisk freda kulturminne innarbeidde som bandleggingssone (jf. kap 5.4.3), og kulturminne av regionale kulturminne er innarbeidde som omsynssone H570 der det er aktuelt (sjå tabellen under). Automatisk freda kulturminne (nasjonal verdi) kjem fram av Riksantikvaren sin database Askeladden. Kjende lokalitetar er innarbeidde i plankartet som bandlagde jf. lov om kulturminne. Kulturminne av nasjonal og regional verdi: Objekta er definerte gjennom regional delplan for kulturminne. Planen er på høyring, og det kan verte aktuelt å gjere justeringar som følgje av den vidare handsaminga. Objekt Bruksbutikken, Ørstavik Verdi Regional Fagerlia, Ørstavik Regional Ivar Aasen-tunet, Hovdebydga Nasjonal Kalkomn i Hovdebygda Regional Kvernhus i Skorgeura Kyrkjevoren, Ørstavik Regional Regional Raudøya, gravrøyser Nasjonal Raudøya/Raudøyholmen Regional Svendsengarden, Ørstavik Velle, gravhauger Regional Nasjonal Nasjonal Planstatus Regulert til skule Regulert til bevaring Regulert til bevaring (eldste delen) LNF Regulert verna Regulert til bevaring Automatisk freda. Eigen verneplan Eigen verneplan Regulert til bevaring Automatisk freda Automatisk freda Regulert off. føremål/kyrkje Regulert til industri KDP Ligg innanfor sentrumsføremålet med krav om ny reguleringsplan Vidareført, med krav om ny reguleringsplan Vidareført. I temakart vert Ivar-Aasentunet markert som kulturminne av nasjonal verdi Innarbeidd med grøntområde og omsynssone Vidareført Ligg innanfor sentrumsføremålet. Status vert vidareført i ny plan Vist i plankart med omsynssone Vidareført bandleggingsområde Ligg innanfor sentrumsførmålet. Status vert vidareført i ny plan Vist i plankart med omsynssone Ytre Steinnes, fornminne Ørsta kyrkje, Ørstavik Vist i plankart med omsynssone Regional Ørsta Tricotagefabrikk Regional Ørstavik kyrkjestad (stod kyrkje før reformasjon) Ørstavik tettstad Nasjonal Automatisk freda Ligg innanfor sentrumsføremålet. Status vert avklara gjennom framtidig sentrumsplan. Ligg innanfor reguleringsplan for Ørsta kyrkje Regional Regulert til bevaring Vidareført, føresett utvida gjennom ny reguleringsplan Vidareført Kulturminne av lokal verdi Kommunen er i ferd med å registrere kulturminne i kulturminneatlas som eit kunnskapsgrunnlag for kommunedelplan for kulturminne. Ein hadde intensjon om å utarbeide denne planen parallelt med kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, men på grunn av manglande Planomtale Ørsta kommune Side 41 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 finansiering er arbeidet utsett. Vekting av lokale kulturminne og – miljø er derfor ikkje utført enno. Som bakgrunn for temakartet har ein gjort ei førebels sortering av kulturminne av lokal verdi og prioritert dei som kan kartfestast og som inngår naturleg i større kulturmiljø som alt er verna (gjeld særleg bebyggelse i Kyrkjegata og Vikegata).Temakartet viser såleis ikkje ei endeleg vekting av lokale kulturminne i denne delen av kommunen, dette vil skje i samband med kulturminneplanen. 6.3.3 Bandleggingssoner Bandlagt for regulering etter pbl (H710) Område merka H710_1 er planleggingssoner i dagen kring framtidige trasear for E39. Desse områda er bandlagde inntil ny kommunedelplan eller reguleringsplan for vegtrase ligg føre. Område merka H710_2 er planleggingssoner i dagen kring framtidig trase for Torvmyrvegen (jf. kap. 6.2.2.). Desse områda er bandlagde inntil ny kommunedelplan eller reguleringsplan for vegtrase ligg føre. Bandlagt etter lov om naturvern (H720) Område innan omsynssone H720 (1 og 2) er bandlagde gjennom ”Forskrift om vern av Raudøya som landskapsvernområde med plantelivsfreding” og ”Forskrift om vern av Raudøya som naturreservat”. Bandlagt etter lov om kulturminne (H730) Alle kjende automatisk freda kulturminne er innarbeidde i plankartet som bandlegginssoner. 6.3.4 Sikringssone Areal innan omsynssone H310 er det høgderestriksjonar knytt til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Sjølv om omsynssona omfattar store delar av sentrumsområdet er det i berre i dei områda som ligg nærast flyplassen der det er konflikt mellom bygg/terreng og høgderestriksjonsplanet. Omsynssone H190_1 omfattar område der det er skog i løsneområde for snøskred. Her har skogen forankrande effekt på snødekket. Det naturlege skogsbildet skal difor ivaretakast og flatehogst er ikkje tillate. Hogst i kulturskog kan likevel skje i horisontale striper med maks breidde slik det går fram av fig. 25, jf. NGI-rapport 20120078-01-R, kap. 6. Skogsvegar skal utførast slik at overvatnet ikkje fører til fare for erosjon og ras, jf. vegleiar Skogsveger og skredfare, ISBN: 978-82-7333-178-6, August, 2011. 6.3.5 Gjennomføringssone Gjennomføringssone – krav om felles planlegging Planomtale Ørsta kommune Side 42 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Enkelte av utbyggingsområda er avhengige av avklaring av tilhøve innan eit tilgrensande utbyggingsområde. Til dømes kan det vere ein føresetnad at det vert regulert ein samla tilkomst inn til området. For desse områda er det stilt krav om samla planlegging, slik at regulering av eit område ikkje vert til hinder for regulering/gjennomføring av dei tilgrensande. Innan sona H810_1 skal områda BOP1, B12 og BBH2 planleggast samla. Innan sona H810_2 skal områda BOP3 og del av B15 planleggast samla. Innan sona H810_3 skal del av B15 planleggast samla. Innan sonene H810_4 og 5 skal det utarbeidast ny plan for å take i vare kulturminneinteressene. Område for fornying Innan omsynssona H830_1 kan det ikkje gjennomførast tiltak før det ligg føre ny reguleringsplan for sentrum. Dette området vil vere del av sentrumsutviklingsprosjekt med t.d. arkitektkonkurranse. 6.3.6 Detaljeringssone Detaljeringssone – vidareføring av reguleringsplan Mange av dei gjeldande reguleringsplanane innan planområdet skal vidareførast heilt eller delvis. Dei delane av reguleringsplanane som skal vidareførast uendra er vist med ”detaljeringssone – vidareføring av reguleringsplan”. Dei områda som vert endra er vist med eigne arealføremål med tilhøyrande bestemmelsar. I vedlegg til føresegna er alle planane lista opp i ein tabell der det går fram om dei vert vidareførte heilt eller delvis, eller om dei vert oppheva. Planomtale Ørsta kommune Side 43 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 6.4. VERKNADER AV PLANFRAMLEGGET Samla areal for nye utbyggingsområde i planframlegget er 1516 daa. Dette fordeler seg slik: Bustadar Fritidsbustadar Offentleg tenesteyting Næring og turisme Idrettsanlegg Naust 1067 daa 89 daa 42 daa 237 daa (48) daa 33 daa I tillegg kjem 3,1 km med ny veg. Framtidige trasear for E39, lokale tilkomstvegar og mindre samlevegar kjem i tillegg. Foreslegne utbyggingsområde beslaglegg 504 daa fylldyrka jord (197 daa av dette er innanfor kjerneområde landbruk) og 178 daa dyrkbar jord. Utbyggingsområda er i hovudsak lokalisert til områda innanfor tettstadgrensa. Utbyggingsområda er viktige for vekst og utvikling. Gjennom utbygging vil ein misse fleire landbruksareal nytta til fôr og beite. Planframlegget ivaretek til ein viss grad store og samanhengande landbruksområde innanfor tettstadgrensa definert som driftsgrunnlag for bruk som er i aktiv drift i dag. Landbruksområda utanfor tettstadgrensa er i liten grad lagt ut som utbyggingsområde, og gjennom å definere ei tettstadgrense ønskjer ein å gje viktige landbruksareal utanfor denne eit sterkare vern. Ved å konsentrere utbygging til sentrumsnære område oppnår ein meir effektiv areal- og transportbruk. Dette vil bidra til å redusere bilbruk og legge til rette for auka bruk av sykkel og gange, noko som vil vere positivt for mellom anna folkehelsa og i høve til å redusere klimagassutslepp. Summen av alle bustadområda legg opp til ein stor vekst i folketalet. Folketalsvekst vil gje eit generelt auka behov for alle typar kommunale tenester, og ein må rekne med investeringar og auke i kostnadar. Folketalsvekst vil mellom anna medføre behov for auka kapasitet i barnehage og skule. Det vil aktualisere behov for sanering og oppgradering av vassleidnings- og avløpsnett i Hovdebygda og utbygging av ringleidning på Øvre Mo for sikker vassforsyning der, og behov for bygging av hovudsamleveg til Øvre Mo. For fleire av utbyggingsområda i planframlegget er naturfare ikkje endeleg avklara. Områda dette gjeld kjem fram av aktsemdkart utarbeidd som del av areal-ROS. Avklaring av naturfare skjer gjennom reguleringsprosess eller som følgje av avklaringar i nasjonal skredfarekartlegging. Ingen av utbyggingsområda er i konflikt med kjent verksemdrisiko eller sårbare objekt, jf. arealROS. På generelt nivå er det eit risikomoment knytt til transport av farleg gods langs E39. Den langsiktige arealstrategien legg opp til store arealbeslag, men ingen trua elle nær trua artar er påverka, heller ikkje anna verdifullt naturmangfald. Planlagt arealbruk får fylgjer for fleire Sefrak-registrerte bygg. Omsynet til desse kan til ein viss grad ivaretakast gjennom regulering. Konflikt med kjente automatisk freda kulturminne er låg, men ved realisering av utbyggingsområde er det potensial for konflikt med hittil ikkje kjente automatisk freda kulturminne. Samla landskapseffekt av utbygginga vil redusere grøne drag og ”lunger” i sentrumsområda, men vil ikkje medføre markante silhuettendringar. Planomtale Ørsta kommune Side 44 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 6.5. OPPSUMMERING Bygg og anlegg (§11-7, nr. 1) Føremål Arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg Bustad Arealbehov ca. 500 daa, fordelt på bybustadar (20%), konsentrerte bustadbygg (50%) og einebustadar (30%). Fortette i eksisterande bustadområde, og lokalisere bustadar innanfor tettstadgrensa, nær kollektivnett og med tilgang til grønstruktur/friområde. Fritidsbustadar bør etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur, og samlast i eigne område/felt. Lagt inn om lag 1000 daa inklusive ubebygde område som allereie er regulert. Utbyggingsområda ligg innanfor tettstadgrensa og i tilknyting til hovudsamlevegen. Behov for to nye 6-avdelingsbarnehagar i sentrum, kvar på min. 6-7 daa. Viktige lokaliseringskrav er sikker tilkomst og trafikktryggleik, tilgang til gode nærfriluftsområde og nærturområde, soltilhøve, lokalklima, nærleik til bustadområde. Arealbehovet er dekt gjennom allereie regulert areal, men med folketalsvekst vil det vere behov for å auke kapasiteten i grunnskulen tilsvarande om lag 200 nye elevar. Det er utvidingsmoglegheiter på Velle skule, Mosflata og Hovden skule. Behov for areal til utviding av Ørstaheimen og kommunale bustadar (bustadar med 4-5 bueiningar i kvar). Helsetenester, bukollektiv og institusjonar bør samlokaliserast, og vere sentrumsnært med tilgang til tenester og funksjonar. Behov for utvidingsareal ved Ørsta camping. To utbyggingsområde lagt inn, Jomarka og Osmarka. Totalt 18 daa. Tilstrekkeleg regulert areal innan planperioden, men behov for differensiert tilbod (sjønært og alternativ til Melsgjerda). Lagt inn 237 daa til næringsføremål. Areala i Rystene (langs Industrivegen), Sjømyrane og i Vikeura er sjønære. I tillegg er det sett av areal ved eksisterande næringsområde ved flyplassen. Tilstrekkeleg regulert areal innan planperioden. For å styrke sentrum må detaljhandel lokaliserast i sentrum, medan plasskrevande varer bør lokaliserast i Hovdebygda. Behov for areal til sentrumsnært hestesportanlegg, om lag 15 daa netto. Prioritering for andre anlegg er gjort i KDP for Idrett og fysisk aktivitet, men det er ikkje avdekt andre arealbehov. Tilstrekkeleg areal er vidareført gjennom gjeldande reguleringsplanar og innan sentrumsføremålet. Fritidsbustadar Tenesteyting - Barnehage - Skule - Helse Fritid- og turistformål Næring - Industri/lager - Forretning/ kontor/ tenesteyting Idrett Planomtale Ørsta kommune Lagt inn 100 daa, alt på strekninga Flesjen-Rjåneset. Ingen nye areal utanom eksisterande og allereie regulert areal. Lagt inn areal aust for Ørstaheimen og på Jomarka. Totalt 24 daa. I tillegg er det allereie regulert eit større areal på BakkOla-marka. Sett krav om reguleringsplan for ”Lødetomta” mtp. omregulering til offentleg tenesteyting (helse) Lagt inn utvidingsareal Med bakgrunn i motsegna frå Fylkesmannen tek kommunen ut alternativet Mele/Melsbygda 1 av planen. Grunna potensiell konflikt med friluftsinteresser (jf. også fleire merknader til planen) og konflikt med landbruksinteresser tek kommunen også alternativet på ”Nedre Daleteigane” ut av planen. Både Sporstøl og Mele/Melsbygda 2 er trygge for ras jf. den nasjonale rasfarekartlegginga. For å gje Side 45 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 Naust Sentrumsføremål Mineralske ressursar KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Naust bør etablerast der det er god nok teknisk infrastruktur, og inngrepa må samlast i eigne område/felt. Behov for å definere areal til sentrumsføremål, der ein legg til rette for forretning, kontor, tenesteyting, kjøpesenter, næring (hotell og bevertning), bybustadar og grønstruktur. Området bør ikkje vere større enn at det kan nåast til fots. Vurdere kapasitet i eksisterande massetak, og om det ev. er nye område innan planen som er aktuelle for slike føremål. Sist revidert (C): 18.03.2015 kommunestyret eit best mogleg grunnlag for å fatte avgjerd ved eigengodkjenning, foreslår ein no å høyre begge desse alternativa når dei andre er teke ut av planframlegget. Det alternativet som går ut etter høyringa vil verte LNF-område. Seks naustområde er lagt ut; Sørheim, Storeneset, Sætre, Hagen, Bjønndalen, Grøvika. Totalt 33 daa. Gjennom sentrumsføremål er det opna for forretning, kontor, tenesteyting, kjøpesenter, næring (hotell og bevertning, småskala industriproduksjon, bensinstasjon), bybustadar, samferdsleanlegg og grønstruktur. Svært høg arealutnytting er ein føresetnad. Likevel må ein ta omsyn til omgjevnadane og til eksisterande kulturverdiar og verna bygg. Planen vidarefører massetak på Klubben. Ikkje andre lokalitetar i planområdet er vurdert som er aktuelle. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur (§11-7, nr. 2) Føremål Arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg Veg Behov for å erstatte sjølina med Ørstafjordkryssing, og fastsetje overordna kommunalt vegnett. Lagt inn to alternativ (konsept) for Ørstafjordkryssing, bru mellom Sørheim og Lianeset og tunnel under Raudøya. Gang/sykkel Hamn og kaianlegg Løysingar for overordna sykkelvegnett er omtala i sykkelstrategien for Ørsta og Volda kommunar. Behovet er i stor grad knytt til eksisterande og framtidige vegtrasear. Behov for å sikre at kommunen har tilfredsstillande fasilitetar for mottak og utskiping av gods og tømmer, og cruiseskipsanløp. Lagt inn hovudsamlevegstruktur frå Hovdebygda til Morkabrua. I sykkelstrategien er traseane knytt opp imot eksisterande/framtidige vegar, og tiltak langs desse vegane. Planframlegget vidarefører gjeldande plan for Ørstaterminalen. Grønstruktur (§11-7, nr. 3) Føremål Arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg Grønstruktur og friluftsliv For å styrke dei grøne kvalitetane, folkehelse og tur- og naturområda, må ein i planen legge opp til å etablere eit mest mogleg samanhengande turvegnett omkring sentrum, som også bind saman bustadområda og nærfriluftsområda. Temakart for grønstruktur viser den samanhengande grøne strukturen rundt sentrum. Turvegtrasear og nærfriluftsområde (omsynssone) er innarbeidde i plankartet. LNF-område (§11-7, nr. 5) Føremål Arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg LNF-område Utbygging må i hovudsak styrast til områda innafor tettstadgrensa slik at ein hindrar fragmentering av viktige produksjonsområde utanfor tettstadgrensa. Store og samanhengande produksjonsareal innanfor tettstadgrensa bør ikkje utbyggast før det er naudsynt, men på lenger sikt må ein rekne med at også desse vert omdisponert til utbyggingsføremål. Landbruksinteressene er prioriterte utanfor tettstadgrensa. Innanfor tettstadgrensa har ein gjort ei prioritering som sikrar sentrale jordbruksareal dei neste 20-30 åra. Det er lagt vekt på i ivareta areal i aktiv drift og som inngår i dei viktigaste områda i ”Kjerneområde landbruk”. Planomtale Ørsta kommune Side 46 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Bruk og vern av sjø og vassdrag (§11-7, nr. 6) Føremål Arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg Bruk og vern av sjø og vassdrag For å bevare mest mogleg av den opne strandsona bør ein søke å samle inngrep og i minst mogleg grad ta i bruk ”nye” delar av strandsona. Behov for ca. 90 nye plassar for å oppnå dekningsgrad på 1 båtplass pr. 20 Innbyggjarar (inkl. folketalsauke). Ørstafjorden er i planframlegget lagt ut som sjøområde for ålmenn fleirbruk (natur, fiske, ferdsel og friluftsliv). Det er ikkje opna for akvakulturanlegg. Vikaura småbåthamn gir tilstrekkeleg dekning innan planperioden og er difor vidareført. I tillegg er det sett av eit areal utanfor Ørsta sentrum som skal vurderast i høve småbåthamn/marina i samband med tettstadsprosjekt og arkitektkonkurranse. Småbåthamn Andre arealbehov og strategiar Utbyggingsområde innarbeidd i planframlegg Energi Konsekvensar av endra klima er vurderte i ROS-analysen. Aktuelle målsetjingar i klimaplanen er følgt opp. Kulturminne og kulturmiljø Gjennom samfunnsdelen har ein strategi om å planlegge for endra klima. Klimaplanen har prioritert konkrete strategiar som vert å fylgje opp gjennom denne kommunedelplanen. Behov for å utarbeide temakart som viser kulturminne- og miljø av nasjonal, regional og lokal verdi. Kulturminne og -miljø av nasjonal verdi er framstilt med omsynssone i plankartet. I temakart viser kulturminne og – miljø av nasjonal, regional og lokal verdi. 6.6. PLANDOKUMENT Plankart Plankartet er utarbeidd i samsvar med kartforskrifta og ”Nasjonal produktspesifikasjon og digitalt planregister”. Kartdata er utarbeidd i sosi-versjon 4.5 (prodspek ”Kommuneplan – 20120416”), og i koordinatsystem UTM-sone 32 basert på EUREF89. Plankartet inneheld mykje informasjon, og spesielt gjer eit stort tal omsynssoner at kartet er vanskeleg å lese. For å betre lesbarheita er det utarbeidd fire kartutsnitt; Landbruksområde, Kulturminne, Naturfare og omsynssoner knytt til verksemder og tekn. infrastruktur. Karta inneheld eit utdrag av omsynssoner for å vise ulike interesser. Desse karta er juridisk bindande på lik line med det primære plankartet. Føresegn Føresegner til planen er juridisk bindande og kjem i tillegg til tilhøva som er fastlagde i plankartet, jf. pbl. §11-6. Føresegndokumentet inneheld også retningsliner som ikkje er juridisk bindande. Dersom retningslinene må fråvikast skal dette grunngjevast. Oversikt over gjeldande reguleringsplanar er vedlegg til føresegna. Planomtale Planomtalen gjer greie for føremål, hovudinnhald og verknadar av planframlegget, og viser korleis nasjonale og overordna mål og retningslinjer er ivaretatt, jf. pbl. § 4-2. Verknadar for miljø og samfunn, konsekvensutgreiing, er del av planomtalen men er skilt ut som eige dokument. Hovudkonklusjonar frå konsekvensutgreiinga er teke inn i planomtalen. Temakart Grøntstruktur Temakartet viser samanhengen i grønstruktur både innanfor og utanfor regulerte område. Kartet viser m.a. parkar, friluftsområde, naturområde, turvegar og stiar. Ein del av samanhengane i temakartet ligg innanfor område som er lagt ut som t.d. bustadføremål i plankartet. Turvegen er vist som linjesymbol slik at ein må ta omsyn til grønstrukturen i den påfølgande reguleringsplanen. Planomtale Ørsta kommune Side 47 Nasjonal ArealplanID 1520 2012007 KDP: Ørsta sentrum og Hovdebygda Sist revidert (C): 18.03.2015 Landbruk Temakart for landbruk viser dyrka areal, dyrkbart areal, innmarksbeite og dei delane av dyrkaarealet som er del av kjerneområde landbruk. I tillegg er det synleggjort kva delar av dyrka og dyrkbart areal som vert foreslått omdisponert til byggeføremål som følgje av kommunedelplanen. Areal som er omdisponert gjennom tidlegare planar har ikkje fått denne skravuren. Naturfare Temakart for naturfare viser dei kjende naturfarene. Dette gjeld skred og steinsprang – vist med aktsemdområde eller faregrense for ”100-årsras”, ”1000-årsras” og ”5000-årsras”. Flaumfareområde er vist med sone for kjellarflaum og ”200-årsflaum”, og potensielle område for lausmasseras/ustabil grunn. I kartet er også innarbeidd 20m aktsemdsone langs mindre elvar og bekkar. NVE si nasjonale rasfarekartlegging gir avklaring for store deler av planområdet. Endeleg versjon av dette kan medføre mindre endringar. Kulturminne- og kulturmiljø I tråd med planprogrammet og råd frå fylkeskommunen har ein i temakartet valt å framstille kulturminne av nasjonal verdi (automatisk freda), regional verdi (i hht fylkeskommunen si prioritering) og lokal verdi (i hht Kulturminneatlas og SEFRAK). Ein hadde intensjon om å utarbeide Kommunedelplan for kulturminne parallelt med denne kommunedelplanen, men på grunn av manglande finansiering er arbeidet utsett. Vekting av lokale kulturminne og – miljø er derfor ikkje utført enno. Som bakgrunn for temakartet har ein gjort ei førebels sortering av kulturminne av lokal verdi og prioritert dei som kan kartfestast og som inngår naturleg i større kulturmiljø som alt er verna (gjeld særleg bebyggelse i Kyrkjegata og Vikegata).Temakartet viser såleis ikkje ei endeleg vekting av lokale kulturminne i denne delen av kommunen, dette vil skje i samband med kulturminneplanen. Infrastruktur Temakart viser noverande og framtidig hovudvegsystem, samlevegar, kollektivstopp (eksisterande og mogleg plassering av framtidige) med synleggjering av 300- og 600 meter gangavstand. Andre plandokument Konsekvensutgreiing Vurdering og kommentar av innkomne merknader Alternativvurdering Hestesport Alternativvurdering Ørstafjordkryssing Alternativvurdering vegføringar på Øvre Mo Alternativvurdering vegføringar i Sjømyrane Temaomtale ”Hovudstruktur turvegar” Planomtale Ørsta kommune Side 48
© Copyright 2024