Brukerveiledning for Android

VERSJON 1.0
Brukarrettleiing for Android.
NB! Skjermbilda er frå ein Google-telefon. Det kan vere mindre endringar om du brukar andre
Android-nettbrett eller -telefonar.
For å kunne låne e-bøker treng du
1. Ein App: Bluefire Reader
2. Ein Adobe-ID
3. Eit lånenummer/brukarnamn og ein pin-kode som er knytt til eit bibliotek i Agder
Slik gjer du:
1. Last ned app’en Bluefire Reader. Dette treng du berre gjere ein gong:
Bruk av mobile Android-einingar krev at du lastar ned Bluefire Reader frå Google / Play
butikk. App’en er gratis. For å få lasta han ned må du skrive inn brukarnamn og passord for
Google, dersom dette ikkje er lagra frå før.
Trykk på ikonet til
Google Play / Play butikk
Søk etter Bluefire Reader. Appen får du lasta ned ved å velje på Gratis:
Trykk på Installer:
Om du får ei slik melding må du velje Godta:
Appen vert lasta ned...
Trykk på Åpne:
.. og du er kome til trinn 2 – Opprette ein Adobe-ID
2. Opprette ein Adobe-ID. Dette treng du berre gjere ein gong:
Fyrste gong du opnar app’en må du autorisere nettbrettet / telefonen din med ein Adobe-ID.
Dersom du har ein Adobe-ID frå før loggar du inn. Om du ikkje har ein velger du ’Opprett
ein gratis Adobe-ID’:
Skriv inn opplysningane i dei opne felta. Ikkje gløym e-postadressa og passordet du
skriv inn 
Trykk på Create. Du kjem no attende til innlogging av Adobe-ID. Skriv inn opplysningar:
Adobe-ID (=e-post-adressa) og passordet du valde, og trykk på Autoriser:
Gå tilbake til skrivebordet, og du er klar for trinn 3 – Låne og laste ned e-bok
3. Låne e-bok frå E-lån Agder ved hjelp av lånenummer/brukarnamn og
pinkode
Gå til internett og søk opp www.bibliotek24.no. Finn fram boka du ønskjer å låne og trykk
på bildet av bokas framside:
Undersøk om det er tilgjengelege eksemplar. Det ser du under ’Eksemplarinformasjon’. For å
låne må du velje ’Til lånekurven’. Dersom det ikkje er tilgjengelege eksemplar kjem det fram
eit val som heiter ’Reserver’. Du kan sette deg på venteliste om du vil.
Trykk på ’Lån denne’:
Klikk på rullefeltet ’Velg ditt bibliotek’:
Finn ditt bibliotek i rullemenyen:
Logg inn med lånenummer og PIN-kode. Dersom du er lånar ved eit folkebibliotek må du ha
nasjonalt lånekort knytt til eit Agder-bibliotek. Lånarar ved vidaregåande skolar kan bruke
nasjonalt lånekort eller anna type lånenummer/brukarnamn som er i bruk på
skolebiblioteket.
Dersom du ikkje har PIN-kode eller har gløymt PIN-koden din går du til websøket til ditt
bibliotek og tingar derifrå – eller kontakt biblioteket.
Boka er no lånt og tilgjengeleg frå ’Min side’. All nedlasting gjer du frå ’Min side’, og det er
mogleg å laste ned boka til inntil seks lese-einingar.
Trykk på ’Last ned’:
Du må velje kva for ein e-bok-lesar du vil bruke, trykk på ’Bluefire Reader’ og ’Alltid’ :
Til slutt kjem meldinga ’Nedlasting ferdig’. Om du veljer ’Gå til bokhylle’ kan du sjå bøkene
du har lånt, ’Leser nå’ opnar boka du har lasta ned 
NB! Vi har merka at e-boka nokre gongar ikkje kan opnast frå Samsung sin nettlesar (sjå bilde).
Bruk då Google Chrome og gjer nedlastinga frå denne nettlesaren.