Øy-Blikk Torsdag 3. mars 2015 Spør oss om BUSTADLÅN Dei beste vilkåra får du gjennom Møre Ung og Møre Verdi. Sonja-Kristin Drabløs Aut. finansiell rådgivar Tlf. 920 20 568 [email protected] Nr. 9 | 31. årgang www.oyblikk.no | Vi har ledige leiligheter med heis og parkeringskjeller Størrelser i frå 83-120 m 2 Din lokale eiendomsmegler Odd-Arild Sæther Mob: 900 88 380 odd.arild.sather @moremegling.no Kontakt oss på tlf. 93 06 45 88 epost: [email protected] | Laussal kr 20,- BOLIGSPESIALISTEN I GISKE SELGE BOLIG? Kontakt meg i dag for en gratis verdivurdering Audun Sjøholt mob 906 03 774 [email protected] www.notar.no Historisk kommunestyremøte på Giske Eventhallen i Øygardshamna på Giske var arena måndag, då kommunestyrerepresentantar frå ti kommunar var samla til felles kommunestyremøte. SIDE 5 Draumereisa Anne Sofie Rørvik og Maren Sofie Tingvoll oppfylte draumar frå Peru til Thailand. SIDE 10-11 Fredag går Helge Nordstrand av med pensjon. Same dag flyttar Valumin frå Valderøya til Stette. Sistemann sløkker lyset etter seg, og så ventar kona og fiskestanga på Helge. Foto: Rolf Hansen Sistemann sløkker lyset Fredag er det slutt i produksjonslokala til Valumin. Sistemann som sløkker lyset er påtroppande pensjonist Helge Nordstrand (67). SIDE 6-7 Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 5/3. Ali kaffe 40% Filter-/kokmalt, 250 g ÷ Finn din nærmeste butikk på www.spar.no Kjøp ALI Kaffe og vinn reisegavekort fra Norwegian Reward VERDI 5000 kr. Nygrillet kylling Ringdalmør Epler 34 pr stk 90 Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger. 34 9 kokt, 400 g, Ringdal 87,25/kg 90 Royal Gala, 1 kg, pr pose 90 Alltid tilbud på noe godt! ord for dagen: 3. mars 2016 Veke 9 Ubunden lokalavis for Giske Ansvarleg redaktør: Odd Egil Valderhaug Utgjevar: Øy-Blikk AS Det er sjeldan éin skuld i at to trettast Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål. PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO. Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55 ODD EGIL VALDERHAUG ANSVARLIG REDAKTØR & DAGLEG LEIAR [email protected] 924 23 398 Norsk ordtak Eit industrieventyr er over Etter 43 år i Nordstrandfjørå, så er det slutt for aluminiumsprodusenten Valumin as. [email protected] 408 53 759 I morgon er siste dag med produksjon på Valderøya, då blir alt flytta til H-produkter på Skodje. Administrasjonen er flytta for lengst. For enkelte blir dette siste dag i firmaet. Dei nyttar høvet til å gå inn i pensjonistane sine rekker, medan andre bli rmed inn til Skodjebygda og held fram med å produsere vindauge og dører der. STINA HORMAZÁBAL MARKNADSSJEF I alle fall er eit industrieventyr i Giske kommune over. I tillegg til å vere ein god og stabil arbeidsplass for mange, så har firmaet også vore ein viktig bidragsytar til det lokale kulturlivet. Enten som annonsør eller som sponsor i 17.mai programma, programblad for idrett eller som ein viktig bidragsytar til andre kulturelle formål. Nå blir nok det aller meste av dette stønaden borte, sjølv om Skodje ikkje er så langt borte. Vi får sjå. KRISTOFFER OFTEDAL REDAKSJONSSJEF [email protected] 70 18 63 80 Valumin as vart starta av entreprenør Ole I. Nordstrand i 1973. Eventyret starta i ein nedlagt grisefjøs der han sette i gong produksjon av dører og vindauge i alumi- nium. I 1975 bygde firmaet nytt produksjonslokale ned i Nordstrandsfjørå, der det framleis ligg, men utbygd og påbygd fleire gongar. To år seinare, i 1977, overtok firma Støbakk & Volle alle aksjane i selskapet. Og dei har eigd det heilt til i fjor, då firmaet vart seld til Hprodukter på Stette i Skodje kommune. Valumin blir no ein del av det landskjende H-Vinduet som feirar sitt 50 årsjubileum i år. Varemerket Valumin forsvinn. Valumin har vore leverandør til mange store bygg både her i fylket og elles i landet. Mellom anna er det Valumin som har levert overbygget til hovudgata i Bodø. Men no er det altså slutt. Håper dei som må pendel fram og tilbake til Skodje kvar dag får ein ny og trivelg arbeidsplass der. I alle fall blir firmaet sakna her i kommunen. Men når nokon går så kjem andre til. Nordic Wildfish as har kjøpt lokala og familien Roaldsnes har alt etablert i administrasjonsfløya. Så arbeidsplassar blir det i huset framleis, og godt er det. Odd Egil Valderhaug Redaktør Bilethelsingar i Øy-Blikk er GRATIS ROLF HANSEN JOURNALIST – max. 30 ord – [email protected] 924 78 303 MARCUS MURPHY GRAFISK FORMGJEVAR [email protected] 450 21 595 MARIT ØRSKOG REDAKSJONSMEDARBEIDAR [email protected] 70 18 63 80 Øysenteret, 6050 Valderøy Telefon: 70 18 63 80 Faks: 70 18 63 90 e-post: [email protected] [email protected] [email protected] Helsingar med kunngjering av tid og stad for feiringa kostar 110 kroner. Mormor og morfar gratulerer Teodor Morlandstø med 6 års dagen 27. februar :) Denne kjekke, supre og snille jenta blir tenåring den 4 mars! Gratulerer så mye med 13 års dagen kjære Barbro Ringmo Fylkesnes. Klem fra mamma, pappa, Sander og Heidi. Mormor og morfar hilser også. Ella Lovise Iversen Breivik Gratulerer med 6 års dag 1. mars, kjære jenta vår som vi er så stolte av. Stor klem og hilsen fra alle i familien! Vi oppfordrar alle til å bruke fullt namn på den eller dei som vert gratulert. Helsingar kan sendast på e-post til: [email protected] Legg ved frankert konvolutt dersom du ønskjer biletet sendt i retur. Siste frist for innlevering av helsingar og takkeannonser er tirsdag klokka 12.00. HUGS! No kan du få Øy-Blikk i PDF-format direkte tilsendt til din e-post , når du abonnerar på papiravisa. 1 år 950,- 1/2 år 580,- Send din e-postadresse til [email protected] og du får Øy-blikk tilsendt som PDF-format Forretningsannonsefrist: Måndag kl.12 Privatannonsefrist: Måndag kl.16 Trykk: Polaristrykk AS Sats og montasje: Øy-Blikk JOURNALIST FRILANS: Nora R. Hesseberg Birgitte Magelssen Godø Anja Heimland Løkling tips øy-blikk 70 18 63 80 2 HUSK: Påskeavisa! Torsdag 17. mars ANNONSEFRIST FREDAG 11. MARS Torsdag 3. mars 2016 Øyriket Giske Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Øyriket har til saman 8000 (juli 2015) innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar. det skjer Møte Møte på Alnes bedehus. Odd Sæter taler, sanggruppa frå Godøy/Alnes syng torsdag. Alle er velkomne. torsdag 4. og fredag 5. mars, Alnes bedehus Gudsteneste Høgmesse ved Geir Sakseid. Offer: Søndagsskulen. Kyrkjelyden sitt årsmøte etter gudstenesta. søndag 6. mars kl. 11, Vigra kyrkje Høgmesse ved Berit Johansen. Offer: Kirkens Bymisjon Møre. søndag 6. mars kl. 11, Giske kyrkje Fastegudsteneste ved André Sjåvåg. onsdag 9. mars kl. 19, Johanneskapellet Søndagsskule Sang med barna, skattekista, søndagsskulekoret, tegning, litt å bite i m.m. Eiga gruppe for dei eldste. søndag 6. mars, Valderøy kyrkje Sveletreff Valderøy sokneråd arrangerer sveletreff kvar måndag i Valderøy kyrkje. Her blir det svele og kaffi, god prat, kanskje litt song og opplesing. Kom og gå når det passar deg. Alle velkomne. måndag 7. mars, Valderøy kyrkje øyglimt Oppmuntrande helg for damer på Orreneset Andre helga i april er det duka for årets Kvinnehelg på Orreneset Misjonssenter, fortel Oddveig Molnes, som ilag med kreative damer frå Valderøy, Vigra og Ellingsøy utgjer arrangementskomitéen. Rigmor Holst. INNSENDT Damer i alle aldrar blir invitert til fridagar til inspirasjon og oppmuntring. “Den svenske sunnmøringen på Kanal 10” Rigmor Holst vil for første gang besøke Orreneset. Ho har god erfaring frå liknande helger i Sverige og Norge. Ho kjem opprinneleg frå Sula og ser fram til å møte sunnmøringar og friske opp norsken. Oddveig Molnes seier at det starter fredag med å nyte mat frå Anbjørg´s fantastiske kjøkken, ha bli-kjend-samling og ord for natta. Dette skal bli dagar til “å hente seg inn igjen”, senke skuldrene, le i lag, bli kjend med nye og å pleie vennskap. Orreneset Misjonssenter ligg vakkert til i fjellheimen, nær Fjellsætra i Sykkylven og på vegen mot Fausadalen. Denne helga vil det bli tid til å nye fjellet på ski eller til fots. Strikkekafé og tid for sosialt fellesskap står høgt på dagsorden denne helga i tillegg til sang, musikk og åndeleg fellesskap. Gro Hofseide blir også med. Ho deler med oss frå sitt sangarkiv. Kontaktperson for interesserte er Oddveig Molnes. Pensjonistkafé Pensjonistkafe på Husmortun kvar tysdag. tysdag 8. mars, Husmortun Sjå også Kulturkalenderen på side 18 @siljebente - Silje Giske - 27.2.16 Tysdagar i Valderøy kyrkjekjellar. Sang og leik, mat og prat. Ta med matpakke. tysdag 8. mars, Valderøy kyrkje @havfroeken - 27.2.16 Babysang DATO 4.3 STAD ARRANGEMENT ARRANGØR Terminalen/Byscena Hellbillies Momentium 4.3 Parken Kulturhus Det ble en GUT Herreteateret 4.3 Scandic Ålesund Faulty Towers: The Dining Experience 4.3 Teaterfabrikken Rita Eriksen 5.3 Terminalen/Byscena Susanne Sundfør Momentium 5.3 KUBE Åpen Omvisning NIHIL og Echoes of Red and the River Jugendstilsenteret 5.3 Thon Hotel LAMA – LarsMartinThomassen Band Jazzsirkelen 5.3 Arbeideren Teaterlørdag: Hr. Mølsk 5.3 KUBE YOGA på KUBE Jugendstilsenteret 7.3 Parken Kulturhus Riksteatret: En midtsommernatts drøm Fjerdeklasses produksjoner Torsdag 3. mars 2016 3 Mange er vi, og fleire skal vi bli. Arkivfoto: Marcus Murphy Vi vert stadig fleire og eldre Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at vi har vorte 170 personar fleire i Giske kommune det siste året. Samstundes syner tal frå Folkehelseinstituttet at Giske-innbyggjarane lev lenger enn snittet elles for landet. ROLF HANSEN [email protected] Dei ferske tala som kom fredag kunne melde at det per 1. januar 2016 bur 8 084 personar i Giske kommune. Det er 170 fleire enn same dato i 2015, men samstundes den lågaste auka på dei siste fem åra. Vi må attende til 2010-2011 for å finne ein lågare auke i innbyggjartalt. Då gikk det frå 7 029 personar 1. januar 2010 til 7 149 innbyggjarar 1. januar året etter. Halvparten på Valderøya Om vi bryt tala noko ned finn vi ut at halvparten av innbyggjarane i kommunen er busette på Valderøya, der det bur 4 087 personar. Det er 50,5 prosent. Vigra har 2 061 personar eller 25,5 prosent av innbyggjartalet. På Godøya bur det 1 131 personar eller snaue 14 prosent, medan Giske har dei resterande 788 innbyggjarane i kommunen. Om ein ser dei siste ti åra under eit, så er det ikkje overraskande at folketalet på Valderøya har hatt den største auka. Det er naturleg ettersom svært mange byggjeprosjekt har vorte ført opp her. 913 personar har kome til i denne kommunedelen, medan det på Vigra har vorte 338 nye innbyggjarar i same periode. 139 personar har auka vore på Giske, medan Godøya har hatt den lågaste auka dei siste ti åra med 51 personar. Auka i kommune-innbyg- gjartalet starta forsiktig i 1998, men har sidan kring 2009 hatt ei fast auke på vel 150-200 nye personar kvart år inn til Giske kommune. Vert eldre Utviklinga i aldersgruppene har vore stabile det siste året, der det har vorte f lest nye personar i innbyggjartalet i alderen 40-49 år gamle. Dei har vorte 36 personar fleire, der damene utgjer heile 27 av dei igjen. Om ein ser på kjønna, så var det 4 099 menn og 3 995 kvinner busette i Giske kommune per 1. januar 2016. Det er om lag den same skilnaden som det har vore dei siste åra i ein kommune der snittalderen ligg på 82, 79 år. Kvinnene vert noko eldre enn menn i Giske kommune, der snittet for det ”svake” kjønn ligg på 84,91 år. For menn er snittalder 80,67 år. Dette er over landsgjennomsnittet, der menn i snitt vert 78 år gamle, medan kvinnene har ein levealder i snitt på 82 år. Dette er det ferske tal frå folkehelsa som syner, der folk på Vestlandet lev lengst av alle saman med Akershus-innbyggjarane. I denne statistikken kjem Oslo, Hedmark, Finnmark, Aust- Agder og Østfold dårlegast ut. Trygghet for de eldre Helt siden Fremskrittspartiets spede begynnelse har eldreomsorgen vært en viktig kjernesak for partiet. Nå i regjering har FrP lansert en forsøksordning med statlig finansering av eldreomsorgen, i tillegg til å få på plass en lovfestet rett til verdig eldreomsorg. Likevel er det fortsatt et stykke å gå. I dag er det mulig for folk som har utført kriminelle handlinger å jobbe innen eldreomsorgen, dette ønsker vi å gjøre noe med. I dag er det krav om politiattest for å jobbe med barn, unge og funksjonshemmede, men ikke for å jobbe med de eldre. Det vil si at folk som jobber med eldre kan ha utført vold eller andre kriminelle handlinger uten at sykehjem, kommunen, eller de eldre vet om det. Jeg ble selv overrasket over dette, fordi jeg trodde kravet om 4 god vandel var en selvfølge. Burde ha blitt innført i 2010 For noen år tilbake i Oslo, i 2010, skjedde det en hendelse som kunne ha blitt forhindret om kravet var innført. En hjelpepleier, med en bakgrunnshistorie som voldtektsmann, voldtok en 87-år ing. 87-år ingen varslet om hendelsen, men ble ikke tatt på alvor. Hjelpepleieren fortsette å hjelpe 87-åringen, til tross for det som hadde skjedd, og det førte til at hun sluttet å spise og døde. Jeg mener at etter denne hendelsen burde det ha ringet en bjelle. Krav om politiattest burde ha blitt innført allerede tilbake i 2010 når dette utspilte seg, likevel reagerte politikerne ikke. De eldre fortjener bedre Eldre, spesielt syke, blir satt i en sårbar situasjon. De kan bli utsatt for vold og overgrep uten å ha den minste mulighet til å si ifra. Det mener FrP ikke er greit. De eldre er en del av samfunnet vårt, og for hvert tilfelle det skjer er et tilfelle for mye. Jeg nekter å sitte å vente på at det skal skje noe mer alvorlig før krav politiattest i omsorgstjenestene blir innført. Vi må handle, og det fort. Regjeringen har satt i gang et arbeid for å se om dette bør innføres. De legger opp til at en slik ordning med politiattest skal være frivillig for kommunene å innføre, men jeg mener dette bør være obligatorisk. Krav om politiattest løser ikke alle utfordringer, men det er et steg på veien for å luke vekk noen av de menneskene som virkelig ikke har noe på et sykehjem å gjøre. Jeg ønsker ikke at min bestemor skal havne på et sykehjem med en som har voldtatt eldre, og hvor eldre ikke har vært i stand til å si ifra om dette. De eldre er ofte helt avhengig av hjelpepleiere og omsorgsarbeider, som de må stole 100 % på. Det er nemlig kommunen som har ansvar for at min og din bestemor, og alle andre eldre som har bygget opp det landet vi er så stolte av. Derfor må vi sørge for at de har det trygt på våre sykehjem, både kommunalt eller i privat regi. Derfor mener FrP at vi må slå et slag for de eldre ved å innføre krav om politiattest. De eldre fortjener en verdig eldreomsorg. Silje Kristin Sjåholm Fylkesnestformann Møre og Romsdal FpU Ungdomsrepresentant Giske FrP Torsdag 3. mars 2016 Historisk kommunestyremøte på Giske Eventhallen i Øygardshamna på Giske var arena måndag, då kommunestyrerepresentantar frå ti kommunar var samla til felles kommunestyremøte. ROLF HANSEN [email protected] På veggen utantfor står det “Peace, love and understanding”. På scena inne starta møtet med at Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF), utkledt som Elvis Presley, drog i gong “Are you lonesome tonight”. – Eg synest det er viktig at vi politikarar byr litt på oss sjølv, samstundes som vi har eit godt høve til å ha det kjekt saman. Det var eit godt kom- munestyremøte, der vi fekk sjå kor mange vi er til saman i dei ti kommunane. Det er nyttig å møte kvarandre, for det vil verte ein reform på den eine eller andre måten. Uansett om vi vel å stå aleine, går saman med nokre eller alle dei ni kommunane, vil det kome endringar frå 2020. Då er det greitt å ha felles tankegods kring samfunnsutviklinga, seier ordførar Harry Valderhaug. kommunestyre skal ta standpunkt til temaet i juni. – Vi jobbar no med lande ein ferdig forhandla intensjonsavtale. Den vil vere på nokre sider og fortelje alt om kva den nye kommunen skal innehalde av moment og informasjon om reforma elles. Det vil også kome ein forenkla informasjonsholdar, der dei som er interessert kan setje seg inn i saken, rundar Harry Valderhaug av. Full hall Det var Sunnmøre Regionsråd som var arrangør, og kring 400 politikarar og andre personar møtte fram. Føremålet med det felles kommunestyremøtet var å gi relevant informasjon om arbeidet kring kommunereforma. Dette er ein del av arbeidet på vegen fram mot at Giske Strategi Etter at ordføraren var ferdig med sitt Elvis-show, tok ulike foredragshaldarar over scena. Mest interesse var det til kva forskar Gro Sandkjær Hansen frå by- og regionsforskingsinstituttet hadde å fortelje om korleis kommunesamanslåing verkar inn på lokaldemokratiet. Der kom det fram at politikarar i større kommunar har høve til å sjå ting i ein større og meir strategisk samanheng. Det vart også snakka om profesjonelle fulltids politikarar som er løna for å vere nettopp politikar av profesjon. For Giske sine folkevalte lokalpolitikarar er neste kommunestyremøte torsdag 17. mars, der ein skal ta stilling til om det vert innbyggjarundersøking eller folkeavrøysting i høve kommunereforma. I dagane før skal forhandlingsgruppa med rådmann Marit Larsen, ordførar Harry Valderhaug, varaordførar Britt Giske Andersen og leiar i Giske Ap Roar Dyb Sandnes møte i det siste forhandlingsmøtet før intensjonsavtalen fell på plass. Det møtet er på Finnøya. LOKALDEMOKRATI: Forskar Gro Sandkjær Hansen frå by- og regionsforskings-instituttet fortalte dei kring 400 tilhøyrarane om TILHØYRARAR: Giske Ap sin Kåre Sæther, Janita Blomvik, Erlend Holm og Ernst Valderhaug korleis kommunesamanslåing verkar inn på frå KrF var fire av tilhøyrarane i ein tettpakka eventhall i Øygardshamna måndag. lokaldemokratiet. Foto: Rolf Hansen Foto: Rolf Hansen FRÅ POLITILOGGEN: • To personbilar støytte saman utanfor Øysenteret på Valderøya søndag kveld, der føra ren av den eine bilen st a k k av. Pol it iet kom t i l staden. Det viste seg då at den eine bilen dreiv øvingskøyring, og at heller ikkje p e r s one n i p a s s a sje r s e t te hadde førarkort. Bilen var allereie begjært avskilta pga. manglande omregistrering, og blei avskilta på staden. • T id l e g l au r d a g m o r go n køyrde ein personbil i autovernet på Alnes. Fleire unge men n blei påg r ipne, m is tenkt for å ha køyrd i berusa tilstand. Også der blei bilen avskilta på staden. • Ved Vigra lufthamn fekk politiet stansa eit køyretøy mistenkt for piratdrosjeverksemd, men det viste seg at vedkomande var ute i lovleg ærend. Bilen blei stoppa etter å ha vore observert jamnleg på lufthamna, men det viser seg å vere eit firma som bruker ein større bil til persontransportføremål • Ein flypassasjer som parkerte på privat område ved lufthamna, har fått bilen ramponert med skadar i karosseriet og fleire oppkutta dekk i perioden bilen stod parkert på staden. Lensmannen anbefalar at reisande tek i bruk lufthamna si parkering. Politiet er kjent med at det ikkje er første gong slikt skjer. Dei har ingen mistenkte når det kjem til hærverket mot bilen, så saka kjem raskt til å bli lagt vekk. Nynorsk administrasjonsspråk i ein regionkommune! Sunnmøre Mållag vil på møte med representantskapet i Sunnmøre reg ionråd 26. febr uar gjere framlegg om at nynorsk må bli administrasjonsspråk i ein regionkommune. Dette f ramlegget bygg jer på den sterke stillinga som nynorsken har som administrasjonsspråk i kommunane og som skule- og kyrkjemål på Sunnmøre. Torsdag 3. mars 2016 Regjering og Storting gir klare signal om at ei kommunereform må gi gode løysingar for nynorsk. Språkval for ei kommunereform på Sunnmøre er såleis ei viktig kulturell sak, med nasjonal rekkevidd. Sunnmøre er eit område der nynorsken står sterkt. Det er få stader i landet der det er meir naturleg at administrasjonsspråket vert nynorsk. Sunnmøre Mållag meiner at nynorsk administrasjonsspråk kan vere med å gjere Å lesund til ny norsk ho vudstaden i landet og kan brukast positivt av kommunen. Kva er meir naturleg enn at Ålesund tek rolla som nynorskhovudstad for landet, med dei tradisjonane og det fotfestet nynorsken har i regionen? for ein regionkommune. Til no er ikkje innhaldet i visjonen drøfta. Sunnmøre Mållag peikar på at innhaldet i lokal identitet må vere klart før spørsmålet om ein regionkommune vert lagt ut til folkerøysting i aktuelle kommunar. Sunnmøre Mållag vil gjerne vere med i dette arbeidet. I rapport frå Sunnmøre regionråd i august 2015 om ei kommunereform er lokal identitet ein del av visjonen For Sunnmøre Mållag Solveig Linge Stakkestad Øystein Grønmyr 5 Siste veke med gjengen Fredag er det slutt i produksjonslokala til Valumin. Siste mann som slokker lyset er påtroppande pensjonist Helge Nordstrand (67). ROLF HANSEN [email protected] Epoken som starta som Vestnorske lettmetallfasader i grisehuset på oppsida i 1974, er denne veka forbi etter knappe 40 år med namnet Valumin. L i ke lenge ha r Ha ra ld Blindheim (65) vore på jobb, og ingen kjenner historia betre enn “sjuande far i huset” – Eg er inne i mitt 41. år her, og det har vore ein kjekk arbeidsplass med eit fantastisk miljø. Vi har vore gjennom ei rivande utvikling i produksjonen sidan vi skrudde alt for hand sjølv til vi fekk fullautomatisert det meste kring 2000. 65-åringen vert med resten av gjengen inn til Stette, og med seg har han mange gode minne. – Vi starta med ein hall her i 1977, før det vart bygd på opp til slik byggjet står i dag vi to etappar til. Det er litt vemodig å miste ein slik solid arbeidsplass her på øya, for her har vore svært lite gjennomtrekk, rundar Harald Blindheim av. Siste mann ut Valumin fl yttar siste rest av produksjonen til fabrikken på Stette etter at arbeidsdagen er over i morgon. Dit drar “gutane på golvet” på Nordstrandfjøra etter – nesten alle. Helge Nordstrand vert pensjonist på same dag som arbeidsgivaren gjennom store delar av jobb-karrieren flyttar produ k sjonen ut av Giske kommune. Faktisk så slutta han for å prøve noko anna – for så å kome attende til arbeidsplassen han no vert pensjonert frå. Sakna han arbeidskollegaene? – Sakna dei her? spør han med eit smil og ser kring seg, og får høge latterbrøl til svar frå seks andre godt vaksne menn i arbeidskle. For latteren og den gode kommentaren sit laust mellom veggane på golvet i pro- duksjonen. Det er smilet som har heldt dei her so lenge, og som gjer at nesten alle følgjer med på flyttelasset til Stette. – No vert det meir tid til fisking og kjerring, smilar Helge Nordstrand. Det er ikkje sikkert arbeidskompisane har sett det siste til Helge, for det hender ikkje reint så sjeldan at tidlegare arbeidarar sleng innom lokala for å slå av ein prat. – Her er det mange som går att, seier ein smilande Asbjørn Harald Giske, før han greier ut for spøkelsesinntrykket: STETTE NESTE: Erling Hellevik, Malvin Valderhaug, Finn Farstad, Jan Henning Valkvæ, Asbjørn Harald Giske, Helge Nordstrand, Frode Rørstad og Harald Blindheim har til saman knappe 200 år av sitt arbeidsliv trakka ned golvet på i Valumin sine lokale på Nordstrandfjøra. Måndag flyttar verksemda inn til Stette. Foto: Rolf Hansen Vil kurere flyskrekk på Vigra KURERER FLYSKREKK? Ellen Halvorsen held kurs for dei flyredde på Vigra i slutten av april. Pressefoto 6 For somme står det verken på økonomien eller reisetilboda frå Vigra. Dei flyr ikkje uansett, på grunn av flyskrekk. Alternativa er bil, buss, tog, Hurtigruta kan hende – eller ikkje å reise i det heile tatt. Det vil flyplassjef Tor Hånde gjere noko med. REDAKSJONEN [email protected] Ifølgje Hånde blir Avinor frå tid til annan kontakta av enkeltpersonar som lurer på om det blir arrangert slike kurs i nærleiken: – Det viser seg at det er mange som har angst for å fly, men som ynskjer å bli kvitt denne angsten for mellom anna å kunne nytte dei mange tilboda som er direkte til utlandet frå Vigra, seier Hånde. Avinor arrangerer ikkje sjølv slike kurs. Det er derfor gjort avtale med ein aktør som har spesialisert seg på kurs i mestring av flyskrekk. Purser og atferdspsykolog Kursleiar Ellen Halvorsen frå Co-Inspiration har sitt daglege verke i lufta med SAS, som air purser (leiar for kabinpersonalet). Ho har fagleg bakgrunn innan pedagogikk, leiing og atferdspsykologi. På heimesida hennar kan vi òg lese at ho er sertifisert, profesjonell coach. Ho jobbar vidare som instruktør for kabinpersonale innanfor sikkerheit og service. Med seg til kurset får ho flykaptein Jørgen Bue. Dagskurset i slutten av april vil ifølgje arrangørane fokusere på teknikkar og strategiar for mestring og handtering av flyangst. Torsdag 3. mars 2016 GULLREKKJA: Til saman knappe 250 år er denne gjengen i alder. Helge Nordstrand (t.v), Erling Hellevik, Malvin Valderhaug og Harald Blindheim har nytta knappe 115 av dei på golvet i lokala til Valumin. Foto: Rolf Hansen – Det er fleire tidlegare arbeidarar som stikk innom her for å slå av ein prat. Arbeidsmiljøet er så bra, at ingen sluttar her, seier Asbjørn Harald Giske. To vart til 17 Erling Hellevik tok seg arbeide på Valumin for å få seg eit avbrekk og teste noko anna i eit “par” år. Det er 17,5 år sidan. Han talte opp i går og heldt på å få granatsjokk, seier ein leande Finn Farstad. – Eg var frisk og rask heilt til eg starta her. Sidan vart det både hjarteproblem og blodige sår. Trass i det har eg altså heldt ut med denne banden her i over 17 år, og eg skal halde fram til eg er 67, fullfører Erling Hellevik. Valumin har vore ein plass du begynnar å jobbe – og du held fram år etter år etter år. Finn Farstad er inne i sitt 19. år i produksjonslokala. Måndag må han gjennom Valderøytunellen for å fi nne fram til arbeidsplassen. – Det kan fort hende nokre av oss køyrer hit av gamal vane, og det vert litt spesielt å brått skulle få så lang veg til jobb. Vi vert eit større miljø på Stette, og det vert spennande med noko nytt. Tida her har vore utruleg fin, seier Finn Farstad. Eit veggmaleri Frå kontoret til høvdingen Malvin Valderhaug kan ein sjå ut over fjelltoppar og ein stille Vigrafjord. Det ligg der utafor vindauga som eit vakkert veggmaleri heng på veggen heime i stova. Utsikta vart att, medan Valderhaug forsvinn til eit nytt kontor på Stette. Der er ikkje fjord og frodige fjellknausar å sjå. – På stette ser vi rett inn i ein høg betongvegg, så du kan no tenkje deg den overgangen. Difor har vi gutane foreslått å setje opp eit webkamera her ute, og kle opp den betongveggen på Stette med eit digert lerret, seier ein leande Valderhaug. Ha n ha r vore det sida n Valumin starta opp i 1977, og har nesten like lang fartstid som kollega Harald Blindheim. Saman med Erling Hellevik og Helge Nordstrand utgjer dei røynsla i det som kunne ha vore eit kanonbra oldboys-lag. Dei andre vert som reine ungfolane, der Asbjørn Giske er einaste som har runda 60. Dei andre ligg tett oppunder. Fredag er det slutt i produksjonen på Valderøya, og snart er alle spor etter Valumin borte. – Vi leiger ut mars med Nordic Wildfi sh, og skal nytte dei siste vekene til å rydde ned. Her er mykje som skal bort, og nedmontering av maskinar har allereie starta. Dei fleste av oss startar på Stette neste veke, rundar Malvin Valderhaug av. GULLREKKJA: Til saman knappe 250 år er denne gjengen i alder. Helge Nordstrand (t.v), Erling Hellevik, Malvin Valderhaug og Harald Blindheim har nytta knappe 115 av dei på golvet i lokala til Valumin. Foto: Rolf Hansen Torsdag 3. mars 2016 7 Fire av arbeidarane på Alnes. Stålmontør og sveiser Abshir Ali, Ålesund VBBygg; utplassert elev frå Borgund vgs Sondre Andreassen; kranfører Richard Nørve, Ålesund; tømmerbas Lennart Furnes, Langevåg. – Her skal det bli kunsthall og kafé Bak fyret på Alnes vert det jobba jamt og trutt. Vinteren igjennom. Prosjektet med besøkssenteret er godt i gang, og folk i kommunen har fått noko dei kan sjå fram til. Masseturismen let nok heller ikkje vente på seg når bygget står klar til bruk. Glasfasade Taktekker, stålmontør, sveiser og kranfører er på plass. Aktiviteten er stor, og prosjektet er i rute. Grunnmur er lagt, og fremste del av stålbygget er no på veg opp. Her skal glasfasaden og kafeteriaen komme. – No skal vi straks til å byrje på tømmerbiten i prosjektet, seier Furnes. Fin jobbplass – Å jobbe her er heilt annleis enn det vi lærer på skulen, seier utplasserte Sondre Andreassen. Han går 2. år på Borgund vidaregåande skule. – Her lærer vi mykje meir. Åtte mann er virksomme denne torsdagsettermiddagen. Kranførar Richard Nørve har kome frå Ålesund for å utføre sin jobb med dei store tunge elementa. Inne i senteret høyrest muntre utsagn frå andre byggarbeidarar som jobbar med å få golvet ferdig. Kunsthall og kafé – Her skal det bli både kunsthall og kafé, seier Furnes, og peiker mot området som snart skal dekkast med plater. Når platene er på plass blir tømmerveggar reist. Berande stålkonstruksjonar kneisar i veret, og peiker ut mot det som etterkvart skal bli som eit skodespel med naturlagnaden å sjå til. Dette er eit spennande byggverk og kan, so langt, bli eit flaggskip for kommunen. TEKST/FOTO: NORA R. HESSEBERG [email protected] Går alt etter planen vil Alnes Besøkssenter stå ferdig rundt summartid: – Vi er i rute, seier Lennart Furnes. Samstundes som den nytilsette tømmerbasen snakker om framdrifta, bles det godt kring øyrene, og snøbyger ligg i kø uti synsranden: – Det er vèrhardt, men vi skal få det til, seier Furnes. Giske Omsorgssenter og besøkande Besøk er bra! Både for den som får besøk, og den som besøker. Giske Omsorgssenter har mange som ønskjer å få besøk, og vi er fleire som ønskjer å besøke. Slik det er no, er det til tider vanskeleg å vite kvar ein skal gå, eller kven ein skal henvende 8 seg til. Dette gjeld ikkje berre etter vanleg arbeidstid, men særskild då. Ei oppslagtavle hadde løyst dette. Dei av bebuarane, eller deira verjer, som ønskjer at det skal vere offentleg at dei bur her, kan få namn og avdeling på ei slik tavle. Tavla kan også syne kvar avdelingane ligg. Dette inneber ikkje noko brudd på teieplikt og er vanleg praksis ved institusjonar. Ei slik tavle kostar sikkert nokre tusen, men dette er liten kostad når ein ser på gevinsten. I tillegg kan ein spørje om veiskiltinga til Omsorgssenteret er klar nok. Det er nemleg ikkje noko skilt som viser veg til senteret.. Nokon har vel ansvar for dette? Randi Sjåvåg Torsdag 3. mars 2016 Over 10 000 kundar På Ytterland ligg ei avdeling av Consignor Group beståande av ei lita gruppe på fire tilsette. Consignor Group produserer programvare for transportetikettar, og er svært store sett i verdssamanheng. På Sunnmøre har firmaet over 100 kundar. Kasper Mannsverk ved arbeidspulten til Consignor, som tyder avsendar av gods. TEKST/FOTO: NORA R. HESSEBERG [email protected] Gründer Peter Tang Thomsen starta bedrifta frå kjellaren i Oslo i 1997. No har føretaket vakse frå éin til 135 tilsette. Og bedrifta veks framleis. Nyleg gjekk Consignor inn både i England og Kina, seier Kasper Mannsverk frå Godøya, busett på Valderøya. Frå Oslo til Valderøya – Sjefen ynskte ikkje at vi skulle slutte. Mannsverk og tre andre er til dagleg tilsett ved kontoret på Valderøya: – Dette er eit satellittkontor. Alle dei fire har vore tilsett i Consignor sidan dei sjølv budde i Oslo, då med ti tilsette. Frå 2011 og fram til 1. august i fjor har denne avdelinga på vestkysten vore lokalisert ved Vigra Flyplass. No sit dei i nyoppussa lokale på Ytterland. Programmerarar i Romania – Jobben inneber mykje reiseverksemd, innrømmer Mannsverk. Når dei ikkje er på reise går den daglege kommunikasjonen til dei andre kontora over Skype eller moderne møterom med videolink. Tre av dei tilsette på Valderøya er leiarar for utviklarar som sit i Romania, medan den fjerde er økonomisjef i konsernet. Elles er bedrifta lokalisert i Norden, Kina og England. PÅ “SATELLITTKONTOR”: Kasper Mannsverk, Webjørn Mannsverk, Ole André Tomren og Lars Erik Fjørtoft. Foto: Privat Effektiv digitalisering Bring er eitt av dei 300 transportfirmaene som er knytta opp mot Consignor: – Kundane bruker vårt system fordi vi støtter fleire transportørar, seier Mannsverk og held fram:. – Draumen til gründer Tang Thomsen var å effektivisere transportadministrasjonen gjennom digitalisering. Software er basis I tillegg til programvare for transportetikettar drifter og utviklar firmaet ein online søkemotor for pakker, mobilscanner, samt transportløysingar for nettbutikkar. Men det er i programvaren for produksjon av transportetikettar at suksessen har f unne stad. ”Alle” hugsar vel den tida då ein skreiv adressa på ein lapp, reiv av øvste del som kvittering, og limte lappen med adressa på pakken. No er alt mykje enklare og betre for dei som sender ut eit stort volum pakker, og med online søkemotor kan ein spore pakken og straks finne ut kvar den er til kvar ei tid. BRUK VÅRT LOKALE NÆRINGSLIV INDUSTRI | BIL Ditt Firma Her Kr350 Torsdag 3. mars 2016 Aluminiumsvindu – Aluminiumsdører – Fasader – Glasstak – Rullegitter Tlf.: 70 18 97 70 fax: 70 18 97 80 E-post: [email protected] Nordstrand, 6050 VALDERØYA 9 Anne Sofie med gledesspreiaren frå barneheimen i Thailand. – Ei jente eg saknar veldig mykje, seier Anne Sofie. Foto: Privat <<< ung og en Draum Anne Sofie Rørvik og Maren Sofie Tingvoll frå Valderøya hadde ein draum. Den draumen var å oppleve andre land og kulturar og å arbeide frivillig på ein barneheim. Derfor bestemte dei seg for å planlegge ei reise til andre land og kontinent. Dei spara pengar og førebudde seg i lang tid, før dei endeleg kunne reise av garde, den 10. januar 2015. BIRGITTE MAGELSSEN GODØ Allereie på ungdomsskulen bestemte Anne Sofie og Maren Sofie endeleg framme på Machu Picchu. Foto: Privat Anne Sofie og Maren Sofie seg for at dei ville reise ut i verda og oppleve andre kulturar og folkeslag på nært hald. Dette er ein draum dei har hatt så lenge dei kan huske, og ein slik draum krev mykje planlegging og ikkje minst måtte dei spare pengar. Siste året på vidaregåande skule byrja planlegginga for fullt, og sparinga ikkje minst. Maren Sofie fortel; – Vi tok kontakt med reisebyrået Kilroy som ville hjelpe oss å planlegge reisa. Vi fekk vår eigen reisespesialist som designa reisa akkurat slik vi ville, og gav oss tilbakemeldingar på kva som var lurt og ikkje. Vi hadde begge ein draum om å jobbe frivillig på ein barneheim og å bestige inkariket Machu Picchu. Begge draumane fekk vi oppfylt i løpet av dei tre månadane vi var på reise. Reisemåla vart Thailand, Kenya, Tanzania, Zanzibar, Brasil, Peru, Bahamas og New York. Den 10. januar 2015 reiste dei frå Norge og tre månader seinare kom dei heim med mange opplevingar og minner som dei vil ha med seg resten av livet. Frivillig i Thailand Anne Sofie fortel at første reisemål var Thailand. – Vi skulle jobbe frivillig på ein barneheim i byen Singburi nord for Bangkok. På barneheimen jobba vi frå klokka 8-16 mandag til fredag. Vi fekk mellom anna hjelpe dei å bygge handvaskar, bad, flislagte golv, og ikkje minst leike og kose med dei 270 fantastisk nydelige barna som bur på barneheimen. –Vi tok også kontakt med familie og venar i Norge for å få samla inn pengar til skap til barneheimen, fortel Maren Sofie. –Takka vere alle bidraga fekk vi nok pengar til å bygge skap til alle barna, og vi har fått bilde av utviklinga av prosjektet undervegs. Safari i Afrika Etter Thailand reiste jentene vidare til Afrika der dei skulle vere med på ei safarireise gjennom Kenya og Tanzania. I løpet av desse vekene budde dei blant ville dyr på savannane. – Noko som var litt i skumlaste laget for enkelte, ler Anne Sofie. – Vi vart faktisk vekka midt på natta av hyener og bavianar som klora på teltet vårt. Det er noko av det skumlaste eg har opplevd, eg var sikker på at eg var døden nær. Det var ikkje skummelt for Maren Sofie, for ho sov gjennom det heile. 10 Giftige slangar og AIDS I løpet av vekene i Tanzania fekk dei også besøke eit sjukehus for menneske som har blitt bitt av giftige slangar og treng akutt hjelp. – Å besøke dette sjukehuset var ei skremmande oppleving for oss begge, seier Anne Sofie. – Vi var vitne til ein liten gut på ca. 5 år som hadde blitt bitt av ein Pytonslange i leggen. Den stakkars guten mista foten sin av gifta, men han er ein av dei heldige som har fått hjelp. Seinare same dag vart vi overraska med ein tur til ein liten landsby der vi skulle besøke ein familie som var smitta av AIDS. Den eine meir skeptisk enn den andre gjekk vi inn i landsbyen og helsa på denne familien som ikkje hadde anna enn kvarandre. Meir livsglede og takksemd skal ein leite lenge etter. Alle dei fantastiske smila og den fantastiske barnelatteren har satt djupe spor i oss begge og vi lærte mykje av dette besøket. Inkariket Machu Picchu i Peru Så gjekk reisa vidare til Peru, og draumen om å bestige inkariket Machu Picchu skulle realiserast. Det var ein fire dagar lang tur med mange store og små utfordringar. – På denne turen fekk vi verkeleg vise kva vi var gode for, seier Maren Sofie. – Vi fekk samla ei gruppe på ca. 15 personar frå heile verda i lag med tre peruanske guidar. Vi vart ein samansveisa gjeng, og vi hadde eit felles mål om å kome oss til Machu Picchu ilag. På det høgaste var vi over 4300 moh. noko som betyr veldig dårlig luft. Etter fire slitsame dagar med lite søvn, vonde bein og med Anne Sofie som fekk urinvegsinfeksjon midt oppi det heile, kom vi til slutt fram til Torsdag 3. mars 2016 ngasjert >>> Fellesbilde frå barneheimen i Singburi. Foto: Privat mereisa Maren Sofie med ei nydelig jente på 5 år frå barneheimen, eitt av dei barna ho fekk best kontakt med. Foto: Privat det fantastiske inkariket Machu Picchu. Kjensla av å sjå målet frå den fantastiske Sun Gate som er porten inn til Machu Picchu (berre nokon få meter ifrå), og vite at du og din beste venn har nådd dette målet saman, er heilt ubeskriveleg! Då pressa tårene seg fram, og vi kunne ikkje halde dei tilbake. Det var ei sterk oppleving som vi vil hugse for alltid. Og kven skulle trudd at der oppe, så langt heimafrå og alt vi kjenner frå før, møtte vi ei venninne frå Ålesund som var på tur til Peru med folkehøgskulen sin. men, Pwan Wan og koordinatoren dei hadde der. På turen møtte Anne Sofie og Maren Sofie menneske frå mange ulike kulturar, og andre ryggsekkreisande (backpackarar) som dei fekk god kontakt med. På barneheimen i Thailand var det fleire andre frivillige arbeidarar som dei vart godt kjend med, og som dei fortsatt har god kontakt med. – Det går ikkje ein dag utan at vi tenker på barna på barneheimen i Singburi, seier Maren Sofie. Bahamas og New York Anne Sofie fortel at etter tre månader borte frå familie og venar gleda ho seg veldig til å kome heim, men det vart ikkje akkurat slik som ho hadde trudd. – Dei første dagane og vekene heime på Valderøya var heilt fantastiske, men etterkvart vart skilnadane alt for store. Det vart eit stort antiklimaks for meg, og eg sleit veldig med å tilpasse meg miljøet igjen. Det vart rett og slett for mykje på ein gong. Alle tankane og kjenslene som eg sat att med frå turen var meir enn nok, og i tillegg døde morfaren min brått. Dei siste månadane av 2015 var ganske tøffe, men no går alt mykje betre. Eg har hatt god tid til å tenke over alt eg har opplevd og sit att med berre gode minner frå draumereisa. Maren Sofie fortel at ho eigentleg ikkje var klar for å reise heim når turen var over, men når ho møtte familien igjen var det vanskelig å halde tårene tilbake. – Dei to første vekene etter turen var heilt fantastiske, men når kvardagen tok til var det vanskeleg å gi slepp på fridomen vi opplevde på turen. Eg føler også på urettferd og dårleg samvit når eg tenker på kor bra vi har det her heime i forhold til korleis mange menneske lev i andre delar av verda. Frå Peru gjekk turen til Nord Amerika, og Bahamas stod for tur. – Vi var ei veke i paradiset Bahamas, og hadde det som plomma i egget, slappa av og kunne nyte livet med dusj som faktisk hadde nok vatn til å vaske håret i, fortel Maren Sofie. -Vi fekk oppleve store kontrastar på dei ulike kontinenta og i forskjellige land. Draumereisa vart avslutta i New York der vi besøkte Fridomsgudinna ”Statue of Liberty”, var på Knicks basketballkamp, Mamma Mia musikal på Broadway og så blei det ein del shopping, seier Maren Sofie. – Vi må innrømme at å gå på shopping i New York gav ein bismak etter alt vi hadde vore vitne til på turen, spesielt opplevingane frå barneheimen. Sterke inntrykk For Anne Sofie var det Machu Picchu, Afrika generelt og barneheimen i Thailand som gjorde størst inntrykk på turen. Maren Sofie fortel at det gjorde stort inntrykk på henne å møte så mange ulike nasjonalitetar, og Peru gjorde eit sterkt inntrykk. Ho sit også igjen med sterke inntrykk og opplevingar frå barnehei- Torsdag 3. mars 2016 Antiklimaks å kome heim Endra perspektiv på livet – Reisa har lært meg mykje om meg sjølv og andre, fortel Anne Sofie. – Eg har blitt meir bevisst på sette pris på det eg har, og mitt mål i livet er å hjelpe dei som ikkje har det så bra som meg. Maren Sofie seier at ho endra meiningar og haldningar etter ho kom heim frå reisa. – Kvardagsproblem som vi støyter på her heime verkar plutselig så overflatiske i forhold til dei problema og utfordringane eg fekk sjå og oppleve hjå menneske på reisa. Eg har blitt meir bevisst på å hjelpe andre, og har sett korleis små bidrag kan gjere ein stor forskjell, som til dømes skapa på barneheimen. Turen har også gjort meg meir open og nysgjerrig på verda. Vil tilbake Kjem de til å gjere noko liknande igjen? – Utan tvil! stemmer begge til i kor. Dei har allereie bestemt seg for at ein gong i livet skal dei reise den eksakt same ruta. – Vi vil også utforske nye plassar og møte nye menneske, men no er det skule og utdanning som står for tur, seier jentene. Viss vi får sjansen vil vi reise tilbake å besøke barneheimen i Thailand, kanskje allereie i sommarferien. Vi vil gjerne anbefale alle å reise på ein slik tur. Å bruke tid, pengar og energi på opplevingar som det vi har vore med på gir så mykje tilbake, og det er noko vi vil ha med oss resten av livet. Eit bilde fra Singburi, eller twin house kor jentene budde i fem veker. Her står dei saman med koordinatorane frå barneheimen. Fra venstre Pwan Wan, Maren Sofie, Joe Eldrighe og Anne Sofie. Foto: Privat 11 REGIONSMEISTER: Fredrik Emblem Eiken vann recurve rekrutt for gutar under regionsmeisterskapen i Vigrahallen søndag. Foto: Rolf Hansen Vigra fekk tre regionsmeistrar Arrangørklubben Vigra fekk tre regionsmeistrar i bogeskyting i Vigrahallen søndag. ROLF HANSEN [email protected] 68 skyttarar stod på startstreken i Vigrahallen laurdag til dei innleiande rundane i regionsmeisterskapet i bogeskyting. Arrangørklubben Vigra stilte med 22 skyttarar til eit stemne med svært mange gode deltakarar. Til slutt stod arrangøren att med tre regionsmeistarar, ein sølv og ein bronse. – Det er omtrent som venta, og er gode resultat i hardt selskap. Her er folk som reiser 8-10 timar, og då seier det seg sjølv at dei har sigersambisjonar, seier leiar Tormod Roth i Vigra bogeskytarklubb. Sterk skyting Fredrik Emblem Eiken vann klassa Recurve rekrutt gutar etter sterk skyting, der Markus Gustavson frå Sverresborg vart tatt ned i finalen. Isak Synnes tapte bronsefinalen i ein klasse der Vigra hadde åtte av totalt 13 skytarar. Theodor Hagen Fagerheim vann tradisjonell-klassa for senior med sterk skyting. Han var einaste Vigring i klassa, og tok ned Sigurd W. Damsberg frå Goma i finalen. Sverre Moldskred Molnes vart også Regionsmeister i klassa Recurve Junior Gut. I tillegg henta Johanne R. Flo heim andreplassen i Recurveklassa for damer, der Linn Rosø frå Stoksund vart for sterk i finalen. Sander Roth tapte sin semifinale mot Simen Alvestad frå Hundeidvik, men kunne til slutt ta med seg bronsemedaljen heim etter å ha slått Kristian Krohn frå same klubb i kampen om 3. plassen. Ikkje uventa stod Kristian Fet frå Sykkylvsklubben Hundeidvik att som vinnar av denne klassa. NM neste Vigra sender tre skyttarar til Klepp om to veker, der det skal skytast Noregsmeisterskapen innandørs i Klepphallen. Sander Roth, Johanne Flo og Fredrik Emblem Eiken vil der møte knalltøff motstand. Klepp er heller ikkje rett borte i gata for Vigra-skytarar ute på reise. – Klepp er ein dyr stad å reise til, der vi må via to fly og leigebil mellom anna. Difor tar vi oss ikkje råd til å sende så mange til NM i år. I 2017 er meisterskapen på Lillestrøm, og der vert talet på deltakarar høgare, seier reiseleiar Tormod Roth. I tøft selskap vert ambisjonane deretter. – I recurve-klassa til Sander vert det beintøft å hevde seg, og vi har ambisjonar om å kome på topp 10 der. Noko som vil vere svært bra i hardt selskap. For Johanne har vi ei von om pallplass i ein klasse med fire skyttarar, men dei tre andre er svært gode. Rekruttklassa til Fredrik er stor i deltaking og med eit høgt nivå, der ein topp 10 plassering er målsetnaden, seier lagleiar Roth vidare. Vigra 2019? Den relativt unge bogeskytargruppa til Vigra har det siste halve året vore arrangør i både Norges Cup og regionsmeisterskap. Neste søknad ligg allereie inne om å arrangere ein enda større meisterskap i Vigrahallen. – Vi har søkt om å vere NMarrangør i 2018 eller 2019, og vi satsar på å få det eit av åra. Det vert avgjort på tinget i april, der vi sender tre representantar frå Vigra. NM er eit stort arrangement over tre dagar med 500 skyttarar og støtteapparat i tillegg, rundar Tormod Roth av. TREDJE PLASS: Sander Roth tapte semifinalen, men vann bronsefinalen i recurve kadett klassa. Foto: Rolf Hansen 12 Torsdag 3. mars 2016 Opprykkskampen avblåst for Giske-laga Valder, Godøy og Vigra har alle lag rusta for toppstrid i år, men opprykket kan dei berre gløyme. Det bestemte Fotballtinget i helga. utvida med to lag i 2017. – Det positive med endringa er at vi får helde fram med Sunnmørs-avdelinga, og dermed slipp turane til Nordmøre, seier Valder-trenar Tom -Gøran Jønsson. ROLF HANSEN Ståplass [email protected] Der fekk nemleg Troms Fotballkrets sitt forslag fleirtal med fire stemmar. 2016-sesongen vert ein mellomsesong, der 4. divisjon vert nivå 5 i den nye seriestrukturen. Ingen lag rykkjer opp frå 4. divisjon i år, og truleg rykkjer berre eit fåtal lag ned. Det skal vere 24 avdelingar totalt i heile Noreg, og dermed vert krinsserien med berre lag frå Sunnmøre vidareført. I forslaget frå Troms fotballkrets heiter det seg at det skal vere 14 lag i kvar avdeling. Då vil 4. divisjon Sunnmøre verte Det er talet på Sunnmøre-lag som rykkjer ned frå 3. divisjon som avgjer kor mange lag som bergar seg i 4. divisjon. I 3. divisjon bergar dei fire beste laga seg i kvar avdeling, og i tillegg får dei åtte beste tabellfemmarane frå avdeling 1-10 plass i 3. divisjon 2017. Sju Sunnmørslag speler i 3. divisjon i år, og av disse vil truleg fire eller fem rykkje ned i 4. divisjon. Med 14 plassar vil då dei ni eller ti beste laga i 4. divisjon berge plassen inn til sesongen 2017. For Valder og Godøy forsvinn resultatfokuset, og ingen av klubbane har noko mål om å spele høgare i divisjonssystemet. – For vår del handlar det om spelarutvikling, og 4. divisjon er ein kjempearena for unge spelarar å utvikle seg. Det negative kan sjølvsagt vere om det vert for mange kampar som ikkje betyr noko som helst, rundar Tom-Gøran Jønsson av. Spenninga borte I ein serie der ingen kan rykkje opp, men ”berre” få med seg KM-tittel, og i tillegg berre eit fåtal lag rykkje ned, vil det truleg bli ein rekkje lite spennande kampar etter sommarferien. For dei fleste laga vil ikkje ha noko som helst å spele for. I praksis kan ein ha sikra seg ståplass til sommarferien. Typisk nok kjem ordninga i ein sesong der både Valder og Godøy går inn med to solide mannskap. Då er det godt å ha kvarandre til naboduellar som betyr alt å vinne, og eit mogleg cup-eventyr i sikte. – Vi skal vel ha ein grei sjanse til å stå i divisjonen i alle fall, smilar Godøy-trenar Kristian Stenerud, før han held fram; – Målsetnaden må vere å kome seg til første runde i NM. Det vert tøft, men vi må gå for det no som vi har fått sjansen, rundar Kristian Stenerud av. Godøy skal møte Rollon i 1. kvalikrunde heime 16. mars. Seks dagar etter første derby mot Valder – då i Godøy sin neste treningskamp. Giske godt rusta Krinsen vurderer å opne for ein kvalik, der vinnaren av 5. divisjon møter det svakaste laget over nedrykk i 4. divisjon. Vinnaren får plassen i 4. divisjon 2017. Der ligg sjansen til Vigra, som truleg vil vere det sterkaste laget i 5. divisjon. – Eg har ikkje studert dette skikkeleg enda, men uansett har vi ikkje så mykje å gjere i 4. divisjon slik som stoda er no. Oppkøyringa so langt har ikkje særskilt bra, fortel notorisk toppskårar Kennet Kjevik. Sesongen kan bli dryg blant dei 12 laga, og talet på klubbar som rykkjer ned vil avgjerast av kor mange lag som kjem ned frå 4. divisjon. Det kan bli så få som 2–4 lag. Nyopprykka Giske har styrka seg inn mot sesongen, der dei har tatt mål av seg til å bite godt frå seg. – Dette vart litt betre enn venta, og truleg vert det få lag som rykkjer ned frå 5. divisjon. Bakdelen er at dei fleste kampane vil vere meir intern prestisje enn prega av poengfokus. 4. divisjon vert meir interessant for Sunnmørsklubbane i framtida. Vi har ein brei og god stall i år med godt oppmøte på treningane, så vi har eit von om å kjempe der ope i toppen, seier fotballformann Steinar Lillebø. FOKUS PÅ SPELARUTVIKLING: Fotballsesongen 2016 vert utan opprykk frå 4 divisjon, og dermed kan Valder-trenar Tom-Gøran Jønsson (t.h) ha fokus på å utvikle dei mange lovande juniorane i klubben i ein sesong der truleg mange kampar ikkje betyr noko som helst. På biletet ser vi Bak frå venstre: Elias Mulelid, Magnus Furnes Nordstrand og Levi Blindheim. Framme frå venstre står: Peter Eikås Larsen, Oskar Telvik og Peter Thu Utheim. Foto: Rolf Hansen @oyblikk #øyblikk Tips Øy-Blikk på Har du tips til oss? Send oss gjerne ei melding i innboksen på Facebook-sida vår! Torsdag 3. mars 2016 –30% VIN #øyblikk R ISE ARK SM DU ELLEVILLE PRISER! INNTIL 30% RABATT! RING: 911 50 200 www.fasadeprodukter.no ALT INNEN SOLSKJERMING, INTERIØRGARDINER OG GARASJEPORTER! 13 Kor er kor – e Sokneprest André Sjåvåg drog til Nepal for å lære bort fleirstemt song. Kulturimperialisme eller fargerikt fellesskap? Sjåvåg har nokre tankar om det. KRISTOFFER OFTEDAL [email protected] Frå venstre: Morgan Berg frå Spjelkavik kyrkje, André Sjåvåg, sokneprest i Valderøy kyrkje, den nepalesiske pastoren som vi diverre ikkje har namnet på, dirigent Moa Jamir og organist Liv Marie Hovseth. Foto: Privat BAKGRUNN: Bjørn Ødegaard i HimalPartner (tidl. Tibetmisjonen) besøkte sangarar Nepal i lag med Per Oddvar ”Prots” Hildre og 38 sangarar allereie i 2010. Gjennom Korfestivalen i Ålesund eit par år seinare, som blei arrangert i samarbeid med Prots og Kulturmix, starta eit samarbeid opp med den unge nepalikyrkja, fortel Ødegaard. Samarbeidet blei følgt opp med kurs i Katmandu i 2013. Her lærte nepalesarane meir om dirigering og fleirstemt sang, med klar vekt på damerøystene alt og sopran. – Denne gongen ville vi gjerne ha større tyngde på tenor og bass, seier Ødegaard. Det blei fleire konsertar på Sunnmøre, inkludert ein jonsok-konsert i Giske Amfi som mange vil hugse. I det store koret var åtte nepalesiske sangarar med. Bassen André Sjåvåg blei invitert i lag med tenoren Morgan Berg, prest i Spjelkavik kyrkje og organist Liv Marie Hofseth (oppvaksen i Borgund) frå Nordstrand kyrkje. Soknepresten i Valderøy sokn og eit følgje med sunnmøringar har nyleg vore 10 dagar i Nepal, nær mare bestemt hovudstaden Katmandu. Der heldt dei mellom anna kor-kurs i tre dagar for dei 160 korsangarane i Nepal sitt ”Nasjonale kyrkjekor”. Desse har ynskt å forbetre kvaliteten og sangkompetansen. Samstundes er dei lite kjende med fleirstemt sang og ville gjerne lære meir om dette og spesielt om kordireksjon. Det er her dei sunnmørske utsendingane kjem inn (sjå faktaboks). Nysgjerrig Sjåvåg kom til Nepal med ein stor nysgjerrigheit på korleis nepalesarane brukte sin eigen musikk, femtoneskalaen og folkemusikken, fortel han. Grovt forklart er salmane som blir brukt i kyrkjene på landsbygda folkemusikkbasert, medan dei i storbyane i stor Lavpris inkl. mva. FURENE, 6100 VOLDA Tlf. 70 04 59 90 FAx 70 06 87 70 www.koppenind.no – [email protected] 110 x 120 PVC opningsvindu 2840,TS kr 3595,- DK kr 120 x 120 PVC opningsvindu DK kr 2940,- 36 x 68 just. pr m kr 12,50 48 x 98 just. pr m kr 20,45 15 x 70 prof. golv/dør kvit. pr m kr 35,60 21 x 70 prof. tak kvit. pr m kr 42,50 122x239 12 mm std. spon 1 pr pl kr 162,00 19x148 dobbelfals 1. sort. grunnet kvit pr m2 146,70 13 mm gips std. 120x240 pr plate 90,50 12 mm foliert takplate spon 62x122 pr m2 94,30 70 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . .pr m 2 kr 34,95 100 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . .pr m 2 kr 47,90 150 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . .pr m 2 kr 70,10 200 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . pr m 2 kr 93,35 Tetti 12 mm våtrom 60x250 . . . . . .pr plate 324,00 Tetti 20 mm våtrom 60x250 . . . . . .pr plate 402,80 grad er inspirert av vestlege lovsang-tradisjonen, ifølgje Sjåvåg. – Og så var det rett og slett gøy å drive med kor, sangteknikk og litt ablegøyer i tre dagar. Han skryt av kor flinke deltakarane var til å løfte fram dei som skulle bli dirigentar. Nepal er truleg, som dei fleste andre land, eit meir patriarkalsk samfunn enn Norge, men: – Eg synest det var veldig flott å sjå unge kvinner som stod foran og dirigerte menn, og såg ikkje anna enn støtte og engasjement. Det er sikkert mykje ein ikkje ser når ein kjem frå ein annan kultur, men slik opplevde eg det. Kulturimperialisme? Ein kan kanskje lure på om ikkje det er ein form for kulturimperialisme når ein kjem utanfrå og skal lære folk å synge på vestleg vis. Den tanken er ikkje framand for soknepresten: – Det skal vi alltid vere merksame på. Det er godt mogleg at vi ikkje greier å ta bort kulturimperialismen frå det vi gjør, for det er fort gjort å ”kome her og kome her”, seier Sjåvåg. – Men det vi trefte var mykje sangglede, entusiasme, sjølvstende og eit ynskje om å utvide gudstenesterepertoaret. – I den augneblinken dei erstattar sine eigne tradisjonar 2 NB!: Køyrerute kvar onsdag til Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog. Sykkylven (tirsdag) og Hareid (torsdag) FRAKTFRITT Bever tak skygge MDF 11 x 128 x 2390 mm Eggkvit 172,- kr pr m2 TS kr 3850,U-verdi =1,2 Bygg1 Kari 1200,m/ karm kvit 7/8/9x20/21 10x21 Perle MDF 11 x 620 x 2390 mm Eggkvit, Cafelatte, Skagen - Kostmalt kr 134,- pr plate Fritt levert Fas MDF 11 x 620 x 2390 mm Eggkvit, Cafelatte, Skagen - Kostmalt kr 134,- pr plate Fritt levert Fas MDF 11 x 620 x 2390 mm Eggkvit, Cafelatte, Skagen - Kostmalt kr 134,- pr plate Fritt levert Bygg1 YTTERDØR Hovdeby m/ frosta glas 7900,m/ karm kvit NB! Alle bestillingar for kjøyreruta må vere innkomne innan tirsdag kl. 12 14 Torsdag 3. mars 2016 eller? kan ein vel i alle fall snakke om kulturimperialisme? – Jau, men det er også veldig vanskeleg for oss i ein heilt annan kontekst å førestille oss korleis ei veldig ung nepalesisk kyrkje skal ta omsyn til sin bakgrunn, spesielt den hinduistiske bakgrunnen, meiner Sjåvåg. – Det er klart, eg skulle gjerne ha kome til Nepal og sett at dei hadde tatt i bruk sin eigen musikk og kultur uten snev av vestlege sangar vi syng her heime, mein dei er i ein etableringsfase. Viss vi har vore med på å hjelpe til at nokon får større glede i musikklivet sitt, er det bra. Og viss dei konkluderer med at ”nei, vi vil ikkje ha vestleg tradisjon, så er det også bra, smiler Sjåvåg. Ung kyrkje Han fortel at den kristne kyrkja i Nepal berre er nokre tiår gamal. Først på 90-talet tok den kristne minoriteten verkeleg til å vekse, då forbodet mot å skifte religion og påverknad til det same blei oppheva frå grunnlova. Han meiner likevel kyrkja i Nepal har vakse mest for eiga hjelp, med misjonen utanfrå langt ute i kulissane. Dei omtrentlege (og nokså usikre) tala seier at kristne i Nepal utgjer om lag 2,5 millionar av ei befolkning på kring 28 millionar. Utfordringar Hinduismen, med innslag av buddhisme, er statsreligion i Nepal og pregar ifølgje Sjåvåg samfunn og tankesett på veldig mange område. Kva utfordringar har dei kristne i så måte? – Eg fekk berre sjå ein liten bit av kyrkjelivet, og prøver å vere varsam med å seie at eg har forstått så mykje. Men dei har utfordringar knytt til å vere ei ung kyrkje, og det å vere ein minoritet. Rik kyrkje, fattige medlemmar – og omvendt Å forklare nepalesarane noko av kyrkjelivet i Norge var ikkje berre enkelt: – Dei har ei relativt rik kyrkje, men veldig fattige medlemmar, fortel Sjåvåg. – Korleis har det seg? – Det betyr berre at dei gir over evne, trur eg. Medan her i Norge er situasjonen nesten motsett; vi har ei relativt fattig kyrkje, med rike medlemmar som gir lite, seier soknepresten og legg til at han set det litt på spissen. Han illustrerer ”brannfak kelen” med den norske gjennomsnittskollekten på 20 kroner. Fordelt på snittinntekta er det truleg eit stykke unna nepalesarane si verkelegheit. – Det er jo ikkje heile bildet, men noko av det. Dei lokale bass-sangarane hang entusiastisk med på notene. – Folk likar kor her heime, og dei likar det i Nepal, seier André Sjåvåg (delvis skjult bak til venstre). Foto: Privat Nye bein å stå på Kulturimperialisme eller ikkje, André Sjåvåg skryt av misjonen i Nepal. – Det er ei utfordring for misjonen, og for oss som driv kyrkje, å førestille oss nye måtar å vere kyrkje saman på som påskjøner styrkene i dei unge, kristne kyrkjene. Difor ser misjonen etter stadig nye bein å stå på, seier Sjåvåg og nemner bistandsprosjekt i samband med m.a. vannkraft (tidlegare omtala i Øy-Blikk, red.). – Kva kan vi lære av dei, og kva kan vi tilføre? Det er fint å sjå at misjonen stoler nok på folk til å ikkje blande seg inn i korleis ein forkynner evangeliet, og til å kunne gi frå seg prosjekta når den tida er inne, avsluttar sokneprest André Sjåvåg. GATELANGS I KATMANDU: André Sjåvåg (i midten) med Jostein Holm, som var med som tilretteleggar, og organist Liv Marie Hofseth. Foto: Privat KOR ER ANDRÉ? André Sjåvåg (i bakre rekke) med norsk følge og nepalesiske korsangarar på seminar. Foto: Privat Torsdag 3. mars 2016 15 FOLK Hans Einar Sæther Hans Einar Sæther. Foto: Privat Alder: 52 Yrke: Lagersjef hos XL-Bygg Roald Sivilstand: Gift med Ada Familie: 4 barn Bur: Valderøya BIRGITTE MAGELSSEN GODØ Kva er ditt beste minne frå barndomen? – Eg hugsar at eg stadig var på besøk i skogen og på fjellet, det var største interessa i barndomen. Korleis var du som tenåring? – Eg var som tenåringar flest, tenkjer eg. Dersom du skulle velje eit anna yrke, kva kunne du tenke deg? – Det må nok ha vore noko med å jobbe med folk på ein eller annan måte. Kva bruker du fritida di til? – Tida går mest til familieaktivitetar og ting som ein må gjere. Korleis er du på kjøkkenet? – Ingen gourmetkokk, men bergar meg nok akkurat. Kva les du? – Eg er veldig glad i nordisk krim. Bruker du ofte kulturtilbodet i Ålesund? – Det blir nok litt for sjeldan. Kva er ferien du drøymer om? – Eg er veldig glad i å vere på hytta vår og finne roa, men kan også tenke meg eit par veker i Hellas. Kva forhold har du til sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram? – Har ein Facebook-profil, men er ikkje av den mest aktive. Stemmer du ved kommune- og stortingsval? – Ja. Kva musikk høyrer du helst på? – Blir nok mest popmusikk. Kva er det beste ved å bu i Giske kommune? – Nærleiken til fjellet og fjøra og all den friske lufta. Korleis held du deg i form? – Trener litt på treningssenter og er ein del ute i friluft. Kva meiner du om kulturtilbodet i Giske? – Vi har mykje kultur i Giske. Mykje godt arbeid for barn og unge: kyrkjer, bedehus, idrettslag, korps, ungdomslag og mange andre ting. Vi har eit stort frivillig arbeid i vår kommune. @havfroeken - 21.2.16 Har du grøne fingrar? – Nei, men eg likar å ha det fint rundt meg. Kva saknar du i Giske kommune? – Eit kulturhus. 16 Kva kommune kunne det vere mest naturleg å slå seg saman med? – Det må nok bli ei samling av landkommunane rundt Ålesund. Kva er du opptatt av akkurat no? – Gler meg til vinterferien. (intervjuet blei gjort før vinterferien, red.) @rogerstrand - 13.2.16 Spelar du eit instrument sjølv? – Nei. Bør Giske halde fram som eiga kommune eller bør vi slå oss saman med andre? – Eg er nok litt skeptisk til ei storkommune, men eg veit nok litt for lite enno om kva som er alternativet. Torsdag 3. mars 2016 Frå A til Å med tunkatten ”Lurivar” Barnehageungane frå Gnist Nordstrand og Daggry løyste bokstavmysterium med tunkatten ”Lurivar”. Karoline Iversen og tunkatten “Lurivar” fanga merksemda til barna med bokstav- og språkleik. TEKST/FOTO: KRISTOFFER OFTEDAL [email protected] ”Oppdrag alfabet” er ei interaktiv framsyning for 3- til 5-åringar, utvikla på oppdrag regi av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Målet er gjere barna nysgjerrige på og opptekne av språket rundt seg – både talespråk og skriftspråk, samt å gi dei eit rikt møte med nynorsk litteratur, ifølgje Nynorsk kultursentrum. Ulikt frå gong til gong Frilansskodespelar Karoline Isaksen har turnert stykket ei god stund, og har vore med på utforminga av det i samarbeid med forfattaren bak, Helga J. Petersen og ein instruktør, på bestilling frå dei allereie nemnde aktørane. Ho er likevel spent på førehand – det blir aldri heilt likt frå gong til gong, fortel ho. Mellom anna, får ein tru, grunna det unge publikummet, som har færre hemningar som teaterpublikum enn oss vaksne. – Ein veit aldri kva som skjer, det er det som er spennande, seier Isaksen. Nysgjerrig publikum Mellom bokreolane i Giske folkebibliotek har dei eldste barna frå Daggry barnehage samla seg og ventar på dei jamnaldrande frå Gnist barnehage på Nordstrand, som er litt forsinka. Barna er tålmodige, men òg veldig nysgjerrige på kva som skjuler seg i boksane framfor dei. Kvar av boksane er merka med ein bokstav, og eit par gutar som har forbokstaven sin på ein av boksane opplyser ivrig om akkurat dét. Bibliotekar Trine Naadland samlar troppane med å fortelje om dei andre barnehagane som før har kome hit med buss, og vips er dei i gang med å syngje om ein bussjåfør med godt humør. Så innfinn barnehage nr. 2 seg, og skodespelar Karoline Isaksen kan sette i gang. Tunkatten Lurivar Tunkatten Lurivar frå Aasentunet dukkar opp bak bokstavboksane, og har straks den fulle merksemda til ungane. At handdokka ikkje er ”på ekte” er like fort gløymd som det blei kommentert. Lurivar (oppkalla etter Ivar Aasen, om nokon var i tvil) samlar bokstavar i boksane sine, men lurer på kvar Iboksen har blitt av. Dette er eit mysterium han må løyse med hjelp frå ungane. Snart er jakta i gang, og det heile blir løyst gjennom oppgåver og leik med språket. Heile førestillinga fekk ikkje Øy-Blikk med seg, men ut frå latteren og ivrige kommentarar frå starten av kunne vi i alle fall slå fast at ungane truleg fekk ei fin oppleving. Barna er med på notene frå første sekund. I bakgrunnen til høgre sit Anne Lise Hessen Følsvik frå Folkeakademiet Giske, som har bidratt med økonomisk støtte for å få vist framsyninga i Giske folkebibliotek. Stormen «Tor» og gravstøtter i Giske kommune Stormen «Tor» la ned ein del gravstøtter i kommunen vår i januar. Det ligg nede støtter på alle kyrkjegardane. Vi vil be om at folk ser etter dei gravminna dei har ansvar for og undersøkjer om dei er skada. INNSENDT Etter loven er dette festaren sitt ansvar, men når det er så mange støtter som ligg nede, prøver vi å hjelpe til med å få dei forsvarleg på plass igjen. Skadar på gravminna må dekkast av den einskilde eigar. Vi vil starte dette arbeidet med å sette Torsdag 3. mars 2016 opp igjen gravminne i veke 10 og prøver å få mest mogleg gjort før påske. Vi viser til gravferdslov og forskrifter om ansvar for gravminne, i gravferdsloven kapittel 3 står følgjande: § 15. Festerens rettigheter og plikter. Festeren har rett til å bestemme hvem som skal gravlegges i graven og forsyne graven med gravminne samt ellers rå over den, om ikke annet følger av gjeldende bestemmelser. Festeren har plikt til å holde graven i hevd. I forskrift til lov om gravplass står det i kapittel 3 Gravminner: § 26. Ansvar Eieren er ansvarlig for at gravminne ikke er i forfall, til sjenanse eller til fare for dem som ferdes på gravplassen. Når fellesrådet finner det nødvendig, skal eieren varsles med pålegg om å bringe gravminnet i overensstemmelse med de krav som er stilt i forskrift og vedtekter. Dersom eieren unnlater å etterkomme slikt pålegg eller det er uvisst hvor eieren befinner seg, kan fellesrådet sette i verk tiltak som er nødvendig for å bringe grav minnet i orden, her under fjerne gravminnet. Turid Urkedal Valderhaug Kyrkjeverje Giske kyrkjelege fellesråd 17 DATO 4.3 STAD ARRANGEMENT ARRANGØR Terminalen/Byscena Hellbillies Momentium 4.3 Parken Kulturhus Det ble en GUT Herreteateret 4.3 Scandic Ålesund Faulty Towers: The Dining Experience 4.3 Teaterfabrikken Rita Eriksen 5.3 Terminalen/Byscena Susanne Sundfør Momentium 5.3 KUBE Åpen Omvisning NIHIL og Echoes of Red and the River Jugendstilsenteret 5.3 Thon Hotel LAMA – LarsMartinThomassen Band Jazzsirkelen 5.3 Arbeideren Teaterlørdag: Hr. Mølsk 5.3 KUBE YOGA på KUBE Jugendstilsenteret 7.3 Parken Kulturhus Riksteatret: En midtsommernatts drøm Fjerdeklasses produksjoner Løvenvoldgt2 Digitalt fotokurs for nybegynnarar Sponland Foto 8.3 Klippfiskakademiet Kokketeater: Klippfisk 10.3 Jugendstilsenteret Bokbad med Simon Stranger 11.3 Terminalen/Byscena Minor Majority Momentium 11.3 Color Line Stadion AAFK - Stabekk Aafk 11.3 Parken Kulturhus Remember When & Ålesund Strykekvartett 11.3 Terminalen/Byscena DJ Friendly 12.3 Arbeideren/sidesal Teaterlørdag: Fortellerstund 12.3 Arbeideren Teaterlørdag: BZZ – Et Insektliv 12.3 Parken Kulturhus Elektrisk Andreas Wahl 12.3 Terminalen/Byscena I Want It All - Luffen Valle Momentium 12.3 Teaterfabrikken Visekveld m/ ”Kor henne” og Askjell Molvær Teaterfabrikken 13.3 Giske komm. Idrettshall Kulturlivets Dag i Giske Giske kommune/Kulturlivet 13.3 Parken Kulturhus Ingebjørg Bratland 17.3 Øygardshamna En dag på jobben 17.3 Teaterfabrikken Distingvertene live 7.-31.3 Momentium Momentium 18.3 Teaterfabrikken Stand up Ålesund 18.3 Terminalen/Byscena Freddy Kalas Momentium 19.3 Terminalen/Byscena Cascada Momentium 24.3 Terminalen/Byscena Mahogny Slippfest Momentium 25.3 Terminalen/Byscena Påskenøtter m/ Ante og Lars Momentium 30.3 Parken Kulturhus Den hellige Johanna frå slaktehusene 31.3 Terminalen/Byscena Violet Road Momentium 1.4 Terminalen/Byscena Open Mic Momentium 8.4 Terminalen/Byscena OSLO ESS Momentium 9.4 Terminalen/Byscena Lost Frequencies Momentium 15.4 Terminalen/Byscena Motorpsycho Momentium 21.4 Terminalen/Byscena Unni Wilhelmsen Momentium 28.4 Terminalen/Byscena Halvdan Sivertsen Momentium 30.4 Terminalen/Byscena Prom Night Momentium 14.5 Terminalen/Byscena Melodi Grand Prix Momentium 17.5 Terminalen/Byscena Nasjonal Romantikk Momentium 21.5 Terminalen/Byscena Dag Sørås – Ekkokammer Momentium 26.5 Terminalen/Byscena Ole Paus Momentium 18.6 Terminalen/Byscena Superheroes & Villains Momentium 25.6 Terminalen/Byscena Fagernes Yacht Klubb Momentium 10.6 St.Olavs Plass, Ålesund Ålesund Live Momentium 30.6 Color Line Stadion, Ålesund Elton John @ Color Line Stadion Momentium 1.7 Terminalen/Byscena Popquis med Finn Bjelke Momentium 2.7 Øygardshamna, Giske Sommerfest Momentium 21.8 Color Line Stadium, Ålesund Jugendfest Momentium Oppføring i Kulturkalenderen er gratis for kulturlivet. Send di oppføring til: [email protected] Kulturkalenderen viser kulturarrangement inntil 9 månader fram i tid. | Kalenderen skal fortelje kort om arrangementet og skal vise tid og stad, men ikkje klokkeslett. GISKE KOMMUNE HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA 18 LYD OG LYS PARTNER Torsdag 3. mars 2016 G F - HUGS! No kan du få Øy-Blikk som e-avis direkte tilsendt på e-post Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå AS Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå Tidlegare SISenteret AS begravelsesbyrå AS Gardsbruk/småbruk ØNSKES LEID Døgnvakt: 70 17 86 60 Døgnvakt: 70 17 86 60Døgnvakt: 70 17 86 60 Vi er ei småbornsfamilie på fire, som er på jakt etter eit VI ER DER NÅR DU TRENG OSS VI ER DER DU TRENG VI ER OSS DER NÅR DU TRENG OSS DIN LOKALE BYGGMESTER gardsbruk/småbruk som me kanNÅR leige. Vi kan avtale i heimen, avdeling eller kan avtale møte i heimen, Vi kan avdeling avtale Øysenteret møte i heimen, eller avdeling Øysenteret eller Vi Vi bur per i dagmøte på Vigra, og ynskjer åØysenteret bu i området. kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik kontoret kontoret i Spjelkavik Vi leverer og utfører følgende: Tlf. 412 54 770 E-post: [email protected] E-post: [email protected] E-post: [email protected] www.bbsunwww.sisenteret.no www .sisenteret.no ØNSKES LEID Enebolig/Leilighet/Småbruk Er eit par i 30 åra som er på leiting etter en enebolig eller leilighet til utleige. Er også interesert i småbruk til utleige. Vi er ordensmennesker og rolige av oss av natur, har to dyr, hund og katt. Ser etter leige fra 1. april / 1. mai. Tlf. 401 71 851 / 981 73 502 TIL SALGS Tama slagverk Stortromme, basstromme, 2 tam-tam trommer og skarptromme. Hi-hat, Paiste symball m/stativ og 2 trommekofferter. Alt til salgs for KUN kr 1950,Henv. SMS.: 924 23 398 1 år 950,- Dei beste vilkåra får du gjennom Møre Ung og Møre Verdi. 70% Din lokale eiendomsmegler Odd-Arild Sæther Mob: 900 88 380 odd.arild.sather @moremegling.no Nr. 20 | 30. årgang Selge | ? Cecilie Clausen Dyb [email protected] Tlf: 400 01 064 www.oyblikk.no | Laussal kr 20,- BOLIGSPESIALISTEN I GISKE GISKKE GIS SELGE BOLIG? Kontakt meg i dag for en gratis verdivurdering Audun Sjøholt mob 906 03 774 [email protected] www.notar.no Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå AS Tidlegare SISenteret begr Tidl Døgnvakt: 70 17 86 60 Døgnvakt: 70 17 86 60Døg VI ER DER NÅR DU TRENGNÅR OSS VI ER DER DU TREN VI E Vi Vi kankan avtale møte avtale i heimen, avdeling møte Øysenteret i heimen, eller Vi ka av kontoret kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik kont Valumin og H-Produkter er i forhandlingar om sal av aluminiumsverksemda på Valderøya. SIDE 7 E-post: [email protected] E-post: E-post: [email protected] [email protected] www.bbsunnmore.no www www.sisenteret.no .sisenteret.no Topp moderne klinikker med autoriserte tannteknikere og kirurger. Lang erfaring. Snart siste hand på verket Øy-Blikk har følgt førebuingane til Giskespelet. SIDE 8-9 Wenche: 90 68 14 23 Sunnmørsveret viste seg frå godsida då folket i Giske feira 17. mai, og Øy-Blikk har bilete frå alle øyane. SIDE 10-11 finn oss på 100 000 kr. Giske kommune har avsett 150 i årets budsjett til gatelys. 15. mars Innbyggarar kan søke innan 31. Søknader som kom inn etter fristen i fjor vert teke med i årets behandling. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. ALNES BEDEHUS Vi utfører alle elektro opp- Velkommen til møte drag for bolig og næring. utfører alle elektro opp03. og 04. marsVi utfører Vi drag for bolig og næring. elektro opp•alleSkift til LED: spar penger kl. 19.30 drag for bolig og næring. • Styr varmen: spar strøm Har du tips til oss? Send oss gjerne ei melding i innboksen på Facebook-sida vår! Giske kommune Teknisk eining Odd Sæther forkynner • Skift til LED: spar penger • El. kontroll: lavere forStyr varmen: spar strøm • Skift til•LED: spar penger sikring • El. kontroll: lavere for• Styr varmen: spar strøm sikring • El. kontroll: lavere forKjetil Løvold sikring Ring 7095 11 67 14 05 Mob 46 99 eller 70 11 14 05 Ring Ring 70 11 14 05 Kristen muslimmisjon sykkylvsbladet-høy.indd 1 ALFA BEGRAVELSESBYRÅ AS sykkylvsbladet-høy.indd 1 sykkylvsbladet-høy.indd 1 5/13/2014 9:24:52 AM 5/13/2014 9:24:52 AM 5/13/2014 9:24:52 AM HAVLANDDAG Vi står alltid til tjeneste ved dødsfall og begravelse. Personlig oppfølging fra våre konsulenter. DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20 (Avd. Ytterland og Gåseid) Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no Sparebanken Møre på Valderøy ønskjer velkommen til Atlanterhavsparken torsdag 3. mars frå kl. 15 og 19. Det blir servering, aktivitetar og utdeling av sparepremie. Kom gjerne innom kontoret på Valderøy og tøm bøssa i forkant av Havlanddagen. HUSK: Påskeavisa! Torsdag 17. mars ANNONSEFRIST FREDAG Torsdag 3. mars 2016 E-po www Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? SOL OG NESTEN SOMMAR: Flaggberarane i Giske slapp å gå i regn og bitande vind i år. Foto: Marcus Murphy 17. mai 2015: Her er bileta 1782+ Likes! Takk! GATELYS Kontakt oss: Tlf. 92610506 [email protected] Konkurrenten kjøper Valumin Sensasjonell ny teknologi - implantat eller kroner på timen! GISKE KOMMUNE Tegning-prosjektering Planlegging Byggesøknader Øy-Blikk Torsdag 21. mai 2015 Spør oss om BUSTADLÅN Kariann G. Holm Aut. finansiell rådgivar Tlf. 912 40 898 [email protected] www.tyrkiatannlege.com Vi tar oss også av: Send e-postadressa di til [email protected] og du får Øy-Blikk tilsendt i PDF-format Tannlege i Tyrkia 1/2 år 580,- Er du abonnent frå før er det gratis! Spatril opp Tak og veggskifting Vindusskifting Tilbygg/ombygging Garasjer Etterisolering E-post: [email protected] www.sisenteret.no 11. MARS 19 Siste sida Enebolig Flatebøen Godøy Annonsere her kun 590,- Vi har ledige leiligheter med heis og parkeringskjeller Størrelser i frå 83-120 m 2 Spjelkavikkrysset tlf.: 70 15 15 10 www.fellinirestaurant.no Kontakt oss på tlf. 93 06 45 88 epost: [email protected] Åpningstider: Man-tors: 1200 -2200 Lørdag: 13 00 -23 00 Fredag: 1200 -2300 Søndag: 1300 -2200 Vekas lagbilde er presentert av: Sparebanken Møre Giske IL, A-lag fotball Bak frå venstre: Lars Johan Gidske, Ole Hermann Eliassen, Jan Egil Ulla, Håkon Giske, Christian Worren Ullstein, Bjørnar Gundersen, Andreas Molnes Giskegjerde, Lars Lervik Langås, Oddbjørn Giske. I midten frå venstre: Steinar Lillebø, Håkon Høybakk, Even Giskegjerde, Stian Rørvik Johansen, Håvard Furnes, Tom Edvard Giskeødegård, Josef Benchi, Sigurd Lillebø, Axel Njord Giske. Foran fra venstre: Vetle Eliassen, Norvald Avseth, Ole Espen Giske, Daniel Giske, Jan Otto Honningdalsnes, Henrik Giskegjerde, Jonas Fjørtoft Nygård Giske, Mads Tollås Nation. Desse var ikkje til stades då bildet blei tatt: Magnus Rørvik Johansen, Joakim Giske, Ulrik Giske Holm, Sondre Giske Holm, Lars Åkre 5128 personar les Øy-Blikk kvar veke
© Copyright 2024