Sakshandsamar: Magne-Bjarte Hatlem Telefon: 57643008 E-post: [email protected] Vår dato 20.04.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1574Dykkar referanse Til kommunane i Sogn og Fjordane Tilskot til leirskuleopplæring i 2016 Kommunar som har sendt elevar på leirskule kan etterskotsvis søke Fylkesmanen om tilskot. Frist for å søke tilskot er 15. juni og 15. november. For seint innsendt søknad er grunn til avslag. Leirskuleopplæring Etter opplæringslova § 2-3, første ledd, kan ein del av undervisningstida i grunnskulen brukast til leirskuleopplæring. Leirskuleopplæring betyr i denne samanheng opplæring ved bemanna leirskule eller ekskursjonar/turar som er ein del av grunnopplæringa, og har ei varigheit på minimum tre overnattingar i samanheng. Tilskot til kommunen Kommunar som har sendt elevar på leirskule kan etterskotsvis søke Fylkesmannen om tilskot til leirskuleopplæring per gruppe elevar. Reglane er slik at ei gruppe i tilskotsamanheng skal vere frå 16 til 22 elevar på same leirskuleopphald. Kommunen kan berre søke om tilskot for eitt leirskuleopphald per elev i løpet av grunnskuletida. Retningslinjer Tilskot til leirskuleopplæring fastsetjast etter ein sats per klokketime med inntil 5,5 klokketimar per dag og inntil 27,5 klokketimar per opphald. For 2016 er satsen per klokketime kr. 569. Tilskotet blir løyvd over statsbudsjettet kapittel 225 post 66, og Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for tildeling. Retningslinjene er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet si heimeside udir.no under Regelverk > Tilskudd >Alle tilskuddsordinger > Leirskoleopplæring. Tilskotsordninga er budsjettstyrt, som i praksis betyr at budsjettramma er avgjerande for tildelingane. Overstig den samla søknadssummen frå kommunane tildelinga til vårt fylke, fører det til at kommunane ikkje får tildelt søknadssummen fullt ut. Kommunane er med å sikre Sogn og Fjordane si framtidige budsjettramme når dei fyller ut skjema for prognose for planlagde leirskuleopphald samtidig med søknad om tilskot. Søknad Kommunen skal sende ein samla søknad om tilskot for gjennomført leirskuleopplæring for alle skulane på elektronisk skjema/blankett. Alle skjema må vere fullstendig og komplett utfylt, inkludert skjema for elevteljing og prognose. Aktuelle skjema er tilgjengelege på Utdanningsdirektoratet sine Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post [email protected] Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/2 heimesider udir.no, under Snarveier på hovudsida klikk Tilskuddsordninger > Skoleeiere > Leirskoleopplæring. Søknadsfrist for kommunen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for leirskuleopplæring gjennomført i vårsemesteret er 15. juni og for opplæring gjennomført i haustsemesteret 15. november. Retningslinjene for tilskotsordninga understrekar at for seint innsendt søknad er avslaggrunn. Med helsing John Ole Vange utdanningsdirektør Magne-Bjarte Hatlem rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Kopi til: Kopi med vedlegg: Kopi utan vedlegg: Kopi pr. e-post:
© Copyright 2024