Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Møtedato Møtestad Møtetid Levekårskomiteen 30.05.2016 kommunestyresalen , Rådhuset 17:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: [email protected] Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune side 1 SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2016/24 Notat - Informasjon om grunnskule- og barnehagetilbod på Fjelberg og Varaldsøy. PS 2016/25 Uttale til rullering av Hordaland fylkeskommune sin Skulebruksplan PS 2016/26 Notat - PC i grunnskulen. PS 2016/27 Styringsplan for sals- og skjenkeløyver Kvinnherad kommune side 1 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/1782-1 Saksgang Saksnr 2016/24 Anne Sofie Bjelland Kjeka Utval Levekårskomiteen Møtedato 30.05.2016 Notat - Informasjon om grunnskule- og barnehagetilbod på Fjelberg og Varaldsøy. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen tek informasjonen om barnehage- og grunnskuletilbodet til borna på Fjelberg og Varaldsøy til orientering. Saksutgreiing: Lovgrunnlaget Opplæringslova § 8-1.Skolen Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Opplæringslova § 7-1.Skyss og innlosjering i grunnskolen Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen. Opplæringslova § 7-4.Reisefølgje og tilsyn Elevane har rett til nødvendig reisefølgje. Elevane har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisningstida tek til og etter at undervisningstida er slutt Politiske vedtak i Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune har lagt til grunn at søknad om flytting til annan skule kan etterkomast når det føreligg spesielle grunnar, i hovudsak knytt til elevane sine tilhøve. Politiske utval for skule har ved ulike høve slutta seg til at sosiale tilhøve er grunnlag for å etterkoma ein søknad om flytting, og at Kvinnherad kommune skal ha ein liberal praksis. Det skal leggjast vekt på foreldra sine ønskje, sjølv om dette inneber at små skular kan verta tappa for elevar. Det er Kvinnherad kommune side 1 likevel sett som føresetnad at slike overføringar ikkje skal føra til auka kostnader for kommunen, som til dømes auka klassedeling eller kostnader med skuleskyss. Foreldra må såleis sjølve syta for skyss for eleven til/frå heim – skule. Bakgrunn Barnehagetilbodet i Fjelberg har vore lokalisert ved Brekke skule. Grunna lågt barnetal hausten 2015, vart driftsforma endra til familiebarnehage. Ved oppstart i januar 2016, var det berre eitt barn att i barnehagen. Barnet fekk tilbod om barnehageplass på Halsnøy i Hauge barnehage. Frå 01.02.2016 har det ikkje vore drift av Fjelberg barnehage. Barnehagetilbodet på Varaldsøy har vore skiftande dei siste åra. Borna hadde eitt år tilbodet sitt i Hatlestrand barnehage og eitt år i kommunal familiebarnehage på Varaldsøy. Komande barnehageår (2016-2017) vert det oppretta ordinært fulltidstilbod til alle born på Varaldsøy. (Syner til sak 2016/1356 i Levekårskomiteen) Grunnskuletilbodet i Fjelberg har dei siste åra vore slik: 1. – 4. trinnet: Brekke skule, Fjelberg 5. – 7. trinnet: Halsnøy skule, Halsnøy 8. – 10 trinnet: Øyatun skule, Halsnøy Brekke skule på Fjelberg har frå hausten 2016 to barn. I dialog mellom rådmannen og føresette har ein kome fram til semje om at Brekke skule frå hausten 2016 midlertidig vert lagt ned og at borna på 1. – 7. trinnet får Halsnøy skule som nærskule. Grunnskuletilbodet på Varaldsøy har dei siste åra vore slik: 1. – 4. trinnet: Trå skule, Varaldsøy 5. – 10 trinnet: Hatlestrand skule Ved Trå skule er det sju elevar på 1. -4. trinnet frå hausten 2016. FAU har i fleire møte vurdert og drøfta situasjonen. Etter drøftingar med rektor/rådmannen søkjer samtlege føresette om at borna får gå på Hatlestrand skule frå komande skuleår (2016/2017). Søknadane vil verta innfridde og Trå skule vert midlertidig lagt ned frå 01.08.2016. Vurderingar Det er vanskelege val og drøftingar føresette ved Brekke og Trå skular har teke stilling til. Det magre sosiale miljøet på noverande nærskular er i hovudsak grunnlaget for ynskje om skifte av skule. Rådmannen har i sine vurderingar lagt til grunn lokalpolitiske og juridiske føringar. Felles for skulekrinsane på Fjelberg og Varaldsøy er at det er øyar, og at borna ved skifte av nærskule får ei reise med både bil/buss og ferje for å koma seg til/frå skulen. Å sikra elevane på alle vis på skulevegen, vert såleis ei viktig offentleg oppgåve. For å ta i vare borna sin tryggleik på ferjekaiar, bussar/bilar og sikra dei eit godt psykososialt miljø utan mobbing og plaging på skulevegen, vert det saman med føresette vurdert tiltak der vaksne er følgje på reisa til/frå skulen. Reisetida til borna må gjerast mest mogleg effektiv og ventetida må reduserast til minst mogleg. Det er eit mål at borna, samla sett, skal få auka utbyte av skuleskifte og at føresette skal kjenna seg trygge for borna både i skule- og reisetid. Halsnøy skule og Hatlestrand skule har eit ekstra ansvar for å ivareta og inkludera dei nye elevane sine på ein god måte. Økonomisk konsekvens: Innsparingar i oppvekstområdet på mellom 1,5 og 2 mill kr Miljømessig konsekvens: Ingen side 2 Kvinnherad kommune Vedlegg: Kvinnherad kommune side 3 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/87-46 Saksgang Saksnr 2016/25 Anne Sofie Bjelland Kjeka Utval Levekårskomiteen Møtedato 30.05.2016 Uttale til rullering av Hordaland fylkeskommune sin Skulebruksplan Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen i Kvinnherad kommune støttar rådmannen sitt forslag til uttale i høve rulleringa av skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune. Saksutgreiing: Skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune gjeld dei vidaregåande skulane i Hordaland. I Kvinnherad kommune er Kvinnherad vidaregåande skule omfatta av skulebruksplanen. Når skulebruksplanen no kjem på høyring, er dette ei fireårig rullering. Skulebruksplanen var sist på høyring i 2012. I brevet med invitasjon til å gje uttale står det: «Fylkesutvalet vedtok torsdag 19.05.2016 å legge Fylkesrådmannen sitt forslag til rullert Skulebruksplan ut på open høyring. HFK sin skulebruksplan for perioden fram mot 2025 vart handsama og vedtatt av fylkestinget 12. desember 2012 og 13. mars 2013. I november 2015 vedtok fylkesutvalet (PS280/15) at denne planen skulle rullerast i 2016. Forslaget til rullert plan vurderer skulestrukturen fram mot 2030 og legg til grunn dei same kriteria for skulestruktur som i den opphavlege skulebruksplanen. Hordaland fylkeskommune ønskjer å kunne tilby eit breitt og fagleg sterkt vidaregåande opplæringstilbod framover både innan yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram. Vidare er eit overordna mål at flest mogleg av ungdommane i Hordaland fullfører vidaregåande opplæring med eit godkjent kompetansebevis. For å oppnå dette er det avgjerande med eit godt samarbeid og ein god dialog med alle aktørar knytt mot vidaregåande opplæring. Det er difor stor verdi for Hordaland fylkeskommune å få innspel på forslaget til rullert skulebruksplan.» Skulebruksplanen er eit svært omfattande dokument, med grundig gjennomgang av grunnlaget for dei vurderingar som vert gjort i høve framtida for dei ulike skulane og tilboda på skulane. Kvinnherad kommune side 1 Sjølv om elevgrunnlaget går ned, vert skuletilbodet ved KVV og dei ulike studietilboda ved skulen i stor mon vidareført i denne rulleringa. Dette skuldast nok at Kvinnherad har Husnes som regionsenter og at det er eit kriterium i planen å prioritera eit godt tilbod i regionsentra. I og med at skulebruksplanen ikkje gjev endringar for det vidaregåande tilbodet i Kvinnherad i denne rulleringa, føreslår rådmannen ei positiv uttale som følgjer: «Kvinnherad vidaregåande skule er lokalisert på regionsentret Husnes. Kvinnherad kommune opplever det som positivt at det det i høyringsutkastet er vektlagt å prioritere vidaregåande skular ved regionsentera. Det er òg viktig for kommunen at reisetid til næraste vidaregåande skule er vektlagt. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune der Kvinnherad vidaregåande skule si lokalisering på Husnes gjer at skulen er eit naturleg fyrsteval for ungdomane i kommunen, og der reisetida til skulen er under 1 time. Det er viktig at skulen har eit godt og breitt tilbod til flest mogeleg av kommunen sine ungdomar i framtida òg, slik at det er eit fåtal som må reise vekk og bu på hybel for å gjennomføre vidaregåande opplæring.» Høyringsfristen er 01.07.16 Økonomisk konsekvens: Ingen Miljømessig konsekvens: Ingen Vedlegg: http://www.hordaland.no/skulebruksplan side 2 Kvinnherad kommune Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/1854-1 Saksgang Saksnr 2016/26 Anne Sofie Bjelland Kjeka Utval Levekårskomiteen Møtedato 30.05.2016 Notat - PC i grunnskulen. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen tek rådmannen sitt notat til informasjon. Saksutgreiing: I læreplanverket til Grunnskulen er digitale ferdigheter i alle fag eit krav til elevane. For å nå dette målet har Kvinnherad kommune hatt administrative føringar om at det skal vera ein PC pr tredje barn i skulen, og det er inngått avtale om leasing av maskiner. Før 2010 var det stor skilnad mellom skulane på både mengde utstyr og ikkje minst kvaliteten på datautstyret. Økonomien og prioriteringane innad på kvar einskild skule varierte. Dette var uføreseieleg og utfordrande både for skule og for IT-avdelinga. Drift av gamalt datautstyr var ressurskrevjande. For skulane var det utfordrande med mykje dårleg datautstyr. Saman med dei andre kommunane i innkjøpsforumet vart det inngått felles avtalar om leasing av datamaskinar til skulane. Omfanget skulle vera 1 maskin pr lærar i meir enn 20% stilling og 1 maskin pr tredje elev. Dette finansierte ein ved å inngå treårig leasingavtale. Tanken då var at ein etter dei tre åra skulle returnera desse pc’ane og leasa nye. På denne måten sikra ein at skulane til ei kvar tid var utstyrt med funksjonelle datamaskinar. Det viste seg å vera ein skjult kostnad ved dette. Datamaskinane var leasa over tre år med restverdi. Leasing-selskapet IBM forventa at maskinane etter 3 år skulle sjå ut som om dei var ubrukte og kommunen fekk ein rekning på mest kr 90 000,- ved tilbakelevering. Denne vart forhandla ned til kr 30 000. På lang sikt er leasing er ei ressurskrevjande ordning, og rådmannen vurderer å seia opp avtalane. Konsekvensane vil vera auka ressursbruk i 2016 og 2017. Etter dette vil kommunen eiga pc’ ane og trongen for auka ressursar vil gå ned. Rådmannen vil også vurdera om fordelingsnøkkelen skal variera frå dei klassetrinna og om elevane på ungdomstrinnet bør ha fleire maskiner enn barnetrinnet. I samband med endringar i skulestrukturen med midlertidig nedlegging av skular i Fjelberg og Varaldsøy, og innsparing av kostnader, ynskjer rådmannen å omdisponera midlar for å gå frå leasing til kjøp av PC. På sikt vil dette gje økonomisk innsparingar. Innsparingar vil koma etter 2017 då siste leasingavtale går ut. Kvinnherad kommune side 1 Økonomisk konsekvens: Auka økonomiske ressursar i 2016 og 2017. Etter dette vil dei økonomiske kostnadane med datamaskiner gå ned. Miljømessig konsekvens: Vedlegg: side 2 Kvinnherad kommune Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2015/3009-9 Saksgang Saksnr 2016/27 Solveig Hus Hansen Utval Møtedato Levekårskomiteen 30.05.2016 Formannskapet 09.06.2016 Kommunestyret 23.06.2016 Styringsplan for sals- og skjenkeløyver Innstilling frå rådmannen: Kommunestyret godkjenner «Styringsplan for sals- og skjenkeløyver i Kvinnherad kommune for perioden 2016 - 2020, slik den ligg føre. Saksutgreiing: Etter Alkohollova § 1-6 skal kommunestyret for kvar ny periode vedta retningslinjer for sals- og skjenkeløyver. Grunnlaget for retningslinjene ligg i Alkohollova og Alkoholforskrifta. Alkohollova fekk endringar 1. januar 2016, som er teke med i dette styringsdokumentet for sals- og skjenkeløyver. Retningslinjene er ute til høyring hjå aktuelle instansar, Lensmannen og SLT koordinator. Eventuelle innspel, vil bli lagt fram. Det er i dag 22 skjenkestadar i Kvinnherad kommune. Ved samtalar med skjenkestadane, gjer dei fleste uttrykk for at skjenketidene som har vore vedteke for perioden 2012-2016 har fungert bra. Det er 19 salstadar for alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkoholinnhald , og deira opningstider vert regulert av maksimaltida i Alkohollova kapittel 3. Innan for desse tidene, kan salstadane sjølve bestemme opningstider. I høve einskildløyver har det vore eit gebyr på kr 300,- Dette gebyret skal dekke saksbehandling, og kontrollar. Dette er ein sum som er for låg og kommunen fekk i fjor eit underskot. Rådmannen har forslag om å auke desse satsane etter størrelse på arrangementa, som krev meir kontroll og tid til saksbehandling. Alkohollova er og endra i forhold til ressursbruk av kontrollør, der det er krav om to kontrollørar ved kontrollar, jfr. Alkoholforskrifta kap.9 , som gjev kommunen auka utgifter til godtgjersle. Økonomisk konsekvens: Kvinnherad kommune side 1 Miljømessig konsekvens: Vedlegg: Styringsplan for sals- og skjenkeløyver i Kvinnherad kommune for perioden 2016-2020. side 2 Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune Fellestenester Informasjonsavdelinga 2015/3009-8 25.04.2016 Styringsplan for sals- og skjenkeløyver i Kvinnherad kommune for perioden 2016 – 2020 Innhald 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. Formål Salsløyve Faste skjenkeløyve Bevillingsperiode Ambulerande skjenkeløyve Einskild skjenkeløyve Delegasjon Kurs Kontroll og sanksjonar 1. Formål Alkohollova 1-1: « Å begrensa i størst muleg grad dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk medfører. Lova siktar på begrensa forbruket av alkohohaldige drikkevarer.» Denne styringsplanen vil gjelda for inneverande valperiode 2016 – 2020, og slik vera retningsgjevande for ny handsaming av sals- og skjenkeløyve. Kommunane sitt løyve- og kontrollmynde er blant dei mest effektive verkemidla vi har for å redusera alkoholforbruk og alkoholrelaterte skadar. Alkohollova gjev oss stor friheit til å utforma vår eigen alkoholpolitikk, og styringsplanen skal spegla vår politiske overbevisning, våre lokale forhold og dei utfordringane samfunnet vårt ellers står ovafor i perioden. Kvinnherad kommune skal utøva alkoholpolitikken, herunder handsama einskildsaker, i samsvar med lovkrav på området og god forvaltningsskikk. For å oppfylla formålet i alkohollova er det i tillegg viktig at kommunen utøver stor grad av skjøn ved behandling av søknader om bevilling, ved utøving av kontroll og når det gjeld vurdering av inndraging av løyve (Alkohollova § 1-7a). Kommunen kan mellom anna leggja vekt på tal skjenkestader, type skjenkestad(karakter), plassering av skjenkestader, målgruppe, orden og andre tilhøve knytt til lokalmiljøet. Egnethet hos personar i §1-7b bør også vera ein del av skjønsutøving. Ynskje om å begrensa tilgang og omsynet til forsvarleg drift skal vege tungt. I tillegg til skjønsutøving vil dei generelle rammene i alkohollova vera styrande: Dette gjeld mellom anna tidsbegrensing og vandel hos bevillingshavar og personar med vesentleg innflytelse, noko som er beskrive tydeleg i Alkohollova. Alkohollova § 8-9.Serverings- og drikkeforbud Det er forbudt å drikke eller servere alkohol med mindre det føreligg bevilgning til dette, og sjølv om dette skjer uten vederlag. Alkohollova styrer kva lokaler som må søke om skjenkeløyve. Døme på dette er lokaler der det vert drive serveringsvirksomhet og andre lokaler som er allment tilgjengelig for offentligheta. Saksbehandling skal sikra at: Alkoholpolitisk plan (styringsdokument) vert følgd. Kommunen har oversikt og kontroll på bevillingshavarar. Søkjar oppfyller lovkrav. Veiledningsplikta vert oppfylt, saksbehandlar skal ha kunnskap om aktuelt lov- og regelverk Sanksjonering mot brot skjer. Samarbeid politi/sosial/kommunar rundt oss/næringa sjølv All saksbehandling skjer knytt til alkohollova med forskrifter, vedkomande saksbehandlar må til ei kvar tid vera oppdatert i aktuelt lov- regelverk. Melding om alle typar skjenkeløyve vert sendt skjenkekontrollen og politiet. 2. Salsløyve Alkohollova § 1-4: Definisjon av sal, skjenking og engrossalg: Med salg forstås overdragelse av alkoholholdig drikk til forbruker mot vederlag for drikking utenfor salgsstedet. Salsløyve for alkoholhaldig drikk med høgst 4,7% vol. kan berre tildelast daglegvarebutikkar og gardsbutikkar som har mikrobryggeri. Det er omsetnaden av vareutvalet som avgjer om staden skal reknast som daglegvarebutikk eller kiosk, ikkje vareutvalet i hyllene. Salsløyve skal ikkje tildelast bensinstasjonar / kioskar. I spesielle tilfelle kan det gjerast unnatak frå denne regelen. Søknader blir avgjort av formannskapet etter uttale frå politiet, skatteoppkrevjaren og helse- og sosialsektoren. Nærare vilkår for løyva kan setjast i kvart enkelt høve med grunnlag i reglane i alkohollovgjevinga. Salstidene for perioden er: - Kvardagar kl. 08.00 – 20.00 (makstid etter alkohollova) - Dagar før søn- og helgedagar kl. 08.00 – 18.00 (makstid etter alkohollova) - Dagen før Kristi Himmelfartsdag - sal til kl. 20.00. - Påske- pinse, og nyttårsafta sal til kl. 15.00. Det er lov å selja alkohol på valdagar og dagar for folkeavstemming. Løyvehavar står fritt til sjølv å bestemma si eiga salstid innanfor denne ramma. Styrar og reservestyrar må ha bestått Kunnskapsprøve for salsløyve. 3. Faste skjenkeløyve Alkohollova § 1-4: Definisjon av salg, skjenking og engrossalg: Med skjenking forstås salg for drikking på stedet. Som skjenking regnes det også når bevillingshaver vet om at det drikkes i deler av hans hus som han har rådighet over, eller på andre steder i hans besittelse, eller på husets nærmeste tilliggelser. Skjenkeløyve kan etter søknad tildelast hotell, restaurantar/ kafear /selskapslokale/pub og bardrift. Søknader blir avgjort av formannskapet etter uttale frå politiet, skatteoppkrevjaren og helse- og sosialsektoren. Nærare vilkår for løyva kan setjast i kvart enkelt høve med grunnlag i reglane i alkohollovgjevinga. Skjenketidene for perioden er: - Alkoholhaldig drikk under 22 vol. %: kl. 12.00 - 01.30 - Alkoholhaldig drikk over 22 vol. %: kl. 13.00 – 01.30 Formannskapet kan vedta kortare uteserveringstid på einskilde skjenkestader, dersom skjenkinga fører til støyplager for naboar. Ved tildeling av løyve til skjenking utandørs skal det takast omsyn til naboar og offentleg ro og orden, og nærleik til sjø og trafikk. Det skal vere tydeleg avgrensa skjenkeområde for utandørs skjenking. Styrar må ha godkjent etablererprøve og kunnskapsprøve for skjenkeløyve, reservestyrar må ha godkjent kunnskapsprøve for skjenkesaker. 4. Bevillingsperiode Kommunal bevilling kan gjevast for 4 år, med opphøyr seinast 30. september, året etter at nytt kommunestyre tiltrer, jamfør Alkohollova § 1-6. Kommunen kan bestemma at bevillingar likevel ikkje skal opphøyra, men gjelda vidare for ny periode med inntil 4 år, med opphøyr seinast 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. I Kvinnherad kommune vert faste sals- og skjenkeløyve tildelt utan tidsavgrensing, men endring av løyve og eventuelle nye vilkår for løyva vert vurdert for kvar ny kommunestyreperiode. Løyva kan maksimalt gjelde i to periodar, 8 år, før det må søkjast på nytt. 5. Ambulerande skjenkeløyve Ambulerande skjenkeløyve etter alkohollova § 4-5 kan berre gjevast til lukka lag som bryllup, jubileum og liknande arrangement, anten i private eller offentlege lokale. Ambulerande skjenkeløyve kan ikkje gjevast til arrangement i kommunale skulebygg. Unnateke: Mauranger skule/grendahus og Åkra skule/grendahus. Ved tildeling av løyve for skjenking utandørs, skal det takast omsyn til naboar og offentleg ro og orden. Løyve for brennevin kan berre gjevast dersom søkjar allereie har skjenkeløyve for øl og vin, og alkoholfritt alternativ skal vera tilgjengeleg. Ansvarleg for løyvet må vera over 20 år. Skjenkeløyvet er personleg og kan ikkje overdragast til andre. Skjenketida for ambulerande løyve for lukka lag er til kl. 01.30. Melding om ambulerande skjenkeløyve vert sendt skjenkekontrollen. Tildeling av ambulerande løyve er delegert til rådmannen, og behandlingstida er 14 dagar. Løyvehavar skal betale gebyr for ambulerande løyve: Gebyret er kr. 340 ,- (regulert av staten sine satsar for omsetning av alkohol, regulerast kvart år.) 6. Einskild skjenkeløyve Skjenkeløyve for einskild høve gjeld arrangement som er opne for publikum. Døme på dette kan vera dans eller festivalar. Løyvet blir gjeve for kvart einskild arrangement. Løyvet er tidsavgrensa og knytt til det konkrete arrangementet. Ved større arrangement vert søknaden sendt lensmannen og branntilsynet for uttale. Ved tildeling av løyve til skjenking utandørs skal det takast omsyn til naboar og offentleg ro og orden og nærleik til sjø og trafikk. For eit einskild skjenkeløyve vert det berre gjeve løyve for øl og vin under 22 % vol. og alkoholfritt alternativ skal vera tilgjengeleg. Skjenketida er sett frå kl. 12:00 til kl. 01:00. Ansvarleg for løyvet må vera over 20 år. Skjenkeløyvet er personleg og kan ikkje overdragast til andre. "Krav og plikter for den skjenkeansvarlege ved ambulerande/einskildløyve" skal liggja ved løyvebrevet. Løyvehavar skal betale gebyr for eit einskildløyve: - For tilskipingar der forventa tal deltakarar er frå 0 - 100 personar/gjester: kr. 400,-. - For tilskipingar der forventa tal deltakarar er frå 100 - 200 personar/gjester: kr. 800,- For tilskipingar der forventa tal deltakarar er meir enn 200 personar/gjester: kr. 1500,Ved søknad om løyve skal det gjevast opp kor mange gjester tilskiparen forventar. Rekning for gebyr vert sendt ut på bakgrunn av tal personar i søknad. Dersom kontroll av tilskipinga syner at det er fleire gjester enn gjeve opp i søknad, vert det sendt restkrav etter ny sats. Tildeling av einskildløyve er delegert til rådmannen, og behandlingstida er ca. 14 dagar. 7. Delegasjon Det vert gjeve delegert mynde til administrasjonen til å avgjere søknadar om: • Ambulerande løyve (§ 4-5) • Sals- og skjenkeløyve ved enkeltarrangement (§1-7) • Godkjenning av styrar og stedfortreder (§1-7c, 2 ledd) • Endring av sals- og skjenketider i einskildhøve og ambulerande (§§3-7, 4-4) • Utviding av skjenkelokale ved einskildhøve (§4-2, siste ledd) Alle andre søknader om løyve skal leggjast fram for formannskapet til politisk avgjerd. 8. Kurs (gjeld faste skjenkeløyve) Alle som har oppgåver knytt til alkoholsal og vakthald på skjenkestaden, skal gjennomgå opplæring i alkoholhandtering. Kommunen arrangerer kurs i alkoholhandtering. Kurset kan også nyttast for å oppfylla pålegg i internforskrifta om opplæringsplan. Kurset skal arrangerast 1 gong pr. år og skal vera sjølvfinansierande. Festivalar og einskilde arrangement med sal av alkoholhaldig drikke, som vert arrangert årleg, skal og gjennomgå denne opplæringa. 9. Kontroll og sanksjonar Kommunen skal utøve kontroll av alle sals- og skjenkeløyve, jamfør Alkohollova §1-9. Det skal kvart år gjennomførast 3 gonger så mange kontrollar som det er gjeve løyve til. Kommunen skal og gje naudsynt råd og rettleiing til bevillingshavar, styrar og stedfortredar, slik at omsetnad av alkohol kan skje i samsvar med regelverket, og på ein slik måte at alkoholpolitiske, og sosiale omsyn vert ivaretekne. 01.01.2016 vart det innført nye reglar for inndraging av sals- eller skjenkeløyver, jamfør kapittel 10 i Alkohollova. Brot på Alkohollova eller vilkår i løyvet, skal føre til prikktildeling. Dersom ein bevillingshavar har fått inntil 12 prikkar i løpet av to år, skal kommunestyret inndra løyvet i inntil ei veke. Følgjande brot fører til prikkar, henta frå «Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskriften): 1 prikk - 2 prikkar - 4 prikkar - Brot på krav om alkoholfri drikke Brot på reglar om skjenkemengde Konsum av medbrakt alkoholhaldig drikk Gjester tek med alkohol ut av skjenkelokalet Brot på plassering av alkoholhaldig drikk på skjenkestad Brot på vilkår i løyvet Brot på reklameforbodet Andre overtredelsar som vert omfatta av alkohollova §1-8 Åpenbart påverka personar i lokalet, eller bevilgningshavar ikkje sørger for at den tydeleg påverka personen forlet staden Manglar ved internkontrollen Manglande levering av omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist Manglande betaling av bevilgningsgebyr innan kommunen sin frist Brot på krav om styrar og reservestyrar Gjenteken narkotikaomsetnad på skjnekestaden Gjenteken diskriminering Sal og utlevering til person som er åpenbart påverka av rusmidlar Brot på sals-, utleverings og skjenketidsbestemmelsar Skjenking av alkoholhaldig drikk over 22 % til person under 20 år. 8 prikkar - Brot på alderskravet til den som sel, utleverer eller skjneker alkoholhaldig drikk. - Sal, utlevering eller skjenking til person under 18 år Brot på bistandsplikt Brot på krav om forsvarleg drift Hindring av kommunal kontroll - Det skal alltid vera to personar som utfører skjenkekontroll. Skjenkekontrollørane skal ha dokumentert kunnskap om alkohollova og ha bestått Kunnskapsprøven for skjenkekontrollørar.
© Copyright 2024