lokalavisa Grenda

4
Tysdag 21. april 2015
nyhende
Grenda
Heldt innlegg på landsmøtet
Ap sin ordførarkandidat i Kvinnherad, Johnny Håvik, var på talarstolen under partiet sitt landsmøte i helga.
(Foto: Arbeidarpartiet).
– Det har vore ei strålande
helg! Det seier ordførarkandidat Johnny Håvik
etter Arbeidarpartiet sitt
landsmøte. Laurdag føremiddag heldt han innlegg
om fagarbeidarar, industri
og klima.
– Det er ei glede at vi har gjort
mange gode vedtak som vil få
positive verknadar for Kvinnherad, seier Håvik etter møtet.
Han trekkjer fram overføringane til kommunane som
eitt døme.
– For Kvinnherad sin del
mista vi heile 25 millionar kroner over førre statsbudsjett. 5
millionar forsvann på grunn
av skattesvikt og 20 millionar
forsvann på grunn av finansdepartementet si prioritering
av vekstkommunar. Når Arbeidarpartiet har sete i regjering
og det har inntreffe skattesvikt, har dette vore kompensert over statsbudsjettet. Det
valte den mørkeblå regjeringa
å ikkje gjera, seier Håvik.
Ap vil auka overføringane til
kommunane og kompensera
årets skattesvikt, samt sikra
eit inntektssystem som gjev
likeverdig tenestetilbod over
heile landet.
Yrkesfag
Når det gjeld skule og opp-
vekst, vil Ap auka lærartettleiken. Dei ynskjer også ein
lese-, skrive- og reknegaranti
som skal sørgja for at elevane
beherskar grunnleggande ferdigheiter når dei går ut av andre klasse.
– Vi vil styrka skulehelsetenesta og vi vil ha eit løft for
yrkesfag. Vi slår ring om den
offentlege skulen, og er sterkt
bekymra over Høgre sine privatiseringsplanar, kommenterer Håvik.
Ap legg elles opp til ei offensiv satsing på kunnskap og industri. Til dette temaet hadde
både Johnny Håvik og Tysnes
sin ordførar Kjetil Hestad ordet.
Johnny Håvik fekk god kontakt med Tysnes-ordførar
Kjetil Hestad under landsmøtet. (Foto: Privat).
– Det var ei glede å kunna
fortelja landsmøtet at verkemidla vi fekk på plass i regjering no fører til det vi kan kalla
ein ny industriell revolusjon,
og at optimismen igjen er
tilbake i industrikommunen
Kvinnherad. CO2-kompensasjon, klimateknologifondet
og lånegarantiordninga er
alle heilt avgjerande moment
i at den kraftforedlande industrien igjen satsar for fullt,
opplyser Håvik.
Jens Stoltenberg
slå av ein prat med Jens Stoltenberg under landsmøtet.
– Eg nytta sjølvsagt høvet til
å gje han ei oppdatering på
korleis det går i Kvinnherad.
Han har tidligare vitja Hydro
Husnes, og var svært glad for
å høra at optimismen no er på
topp, seier Johnny Håvik som
er valt inn i partiet sitt industriutval i Hordaland.
Morten Nygård
Ordførarkandidaten fekk elles
[email protected]
Karriererettleiarane
Lurer du på kva yrke du skal
velja eller vurderer å skifta
jobb? Alle innbyggjarar i
Kvinnherad over 19 år kan no
få hjelp til å finna ut kva karriereveg som passar best.
Marie E. Isdahl (t.v.) og Birgit Bratseth vil hjelpa
kvinnheringane med med å finna ut kva yrke som
passar.
Utdanningsdirektoratet ynskjer at
alle fylke skal ha eit tilbod om karriererettleiing for vaksne. Tilbodet er
flunkande nytt i vår region, og har
her fått namnet Karriere Sunnhordland. Karriererettleiarane Marie E.
Isdahl og Birgit Bratseth har kontorstad på Stord, men éin dag i månaden vert dei å finna på Husnes.
No ynskjer dei å gjera bebuarane
i Kvinnherad kjent med det gratis
tilbodet. På fredag heldt derfor dei
føredrag for 11 tilsette i Nav og Vaksenopplæringa.
Konkret kan Karriere Sunnhordland hjelpa til med individuell rettleiing eller i grupper, jobbsøkjar-
kurs, kartlegging av interesser og
personlege preferansar, finna yrke
og utdanning som passar, samt digital dugleik. I tillegg kan dei fortelja om kva som er viktig å tenkja
på dersom arbeidstakarar må gjennom nedbemanning, omstilling,
permitteringar, eller rett og slett
mister jobben.
Varig læring
To månader etter at Isdahl og Bratseth tok i mot sin fyrste kunde - eller vegsøkjar som dei kallar det har dei passert 40 samtalar.
– Det synst vi er ganske bra, vurderte fyrstnemnde.
Dei føretrekk at folk tingar time
på førehand. Den fyrste samtalen
bør skje ansikt til ansikt, medan
oppfølginga kan skje via Skype eller
på andre måtar.
– Vårt overordna mål er å auka
vegsøkjar sine karriereferdigheiter.
Vi gjev ikkje råd eller anbefalingar,
men ynskjer å bidra til at vegsøkjarane blir meir medvitne på korleis
dei kan ta eigne val, opplyste Isdahl.
– Vi vil bidra til varig læring, ikkje
berre brannsløkking i ein gitt situasjon, la Bratseth til.
Prosessen startar ved at ein kjem
fram til ein «bestilling» i høve til
kva vegsøkjar vil og kva han/ho kan
frå før. Det er òg mogleg å kartleggja gjennom ulike verkty og påfølgjande samtale kva yrke/utdanning som kan passa. Personar som
mistrivst i noverande jobb og som
drøymer om noko anna, er også ei
naturleg målgruppe.
Slagordet til Karriere Sunnhordland er «Ditt val».
Morten Nygård
[email protected]