KMPT turneringar – Meland Golf 2016 Laurdag 25. juni, 08:00 Karsten Memorial Ping Morning (9) Type: Dette er ei 9-hols turnering, spelt på hol 10 – 18, med shotgun start kl. 08:00 / 08:10. Det er ein single-turnering, Stableford med fullt handicap. Klassar: A-klassen - Herrer: B-klassen - Herrer: C-klassen - Damer: HCP +8.0 – 19.0 HCP 19.1 – 54 HCP +8 – 36 (Tee 5600) (Tee 5300) (Tee 4800) 12:30 Karsten Memorial Ping Day Tour (18) Type: Dette er ei full 18-hols turnering, med shotgun start kl. 12:30 / 12:40. Det er ein single-turnering, Stableford med fullt handicap; med unntak av klasse A. Klasse A spelar modifisert slagspel, max score er dobbelt par +1. Klassar: A-klassen - Herrer: B-klassen - Herrer: C-klassen - Herrer: D-klassen - Damer: E-klassen - Damer: Klubb-HCP - Begge: HCP +8.0 – 11.9 HCP 12.0 – 18.9 HCP 19.0 – 36.0 HCP +8.0 – 18,9 HCP 19,0 – 36.0 HCP 36.1 – 99 (Tee 6000) (Tee 5600) (Tee 5300) (Tee 5300). (Tee 4800). (Tee 4800 for begge kjønn) 20:30 Karsten Memorial Ping Night Ride (9) Type: Dette er ei 9-hols turnering, spelt på hol 1-9 (B) eller 10-18 (A), med shotgun start kl. 20:30 / 20:40. Det er ei par-turnering, der begge deltakarane spelar på best ball, med minst 3 utslag kvar. Stableford med 50% av snitt-HCP for laget, der dei med klubb-HCP får tildelt HCP=36. Turneringskomiteen vil justera grensa mellom klassane, for å få likt antal lag pr klasse. Klassar: Klasse A: Sum HCP for laget, under ca. 36 Klasse B: Sum HCP for laget, over ca. 36 (Tee 4800 for damer og Tee 5300 for herrer). (Tee 4800 for damer og Tee 5300 for herrer). Sundag 26. juni: 10:00: Karsten Memorial Ping Texas Tour 4-mannslag (18) Type: Dette er ei 18-hols scramble&scratch turnering, med shotgun start kl. 10:00 / 10:10. Det er ei lag-turnering, for 4-manns lag, der ein kan melda seg på som enkeltspelar, eller som par. Turneringskomiteen vil setja opp 4-mannslag slik at alle lag får omlag likt samla handicap. Det er ikkje mulig å melda på 4-mannslag. Vanleg scramble-format for 4-mannslag. Kvar deltakar må ha minst 3 gjeldande utslag frå tee. Klassar: Felles klasse, HCP +8.0 – 99. (Tee 4800 for damer, Tee 5600 for herrer)
© Copyright 2024