Litauisk nivå III

Framandspråk nivå III
Litauisk III – PSP5755
Munnleg eksamen
På munnleg eksamen skal du vise kompetansen din innanfor alle måla i læreplanen for framandspråk. Du må
kunne kommunisere, og du må kunne formidle kunnskap om tradisjonar, skikkar, levemåtar, aktuelle
samfunnsforhold, historie, geografi og religion i dei litauisktalande landa. Derfor bør du lese
aviser/tidskrift/nettsider for å vere oppdatert på aktuelle samfunnsforhold i dei respektive landa.
Du må kunne diskutere språklege og fleirkulturelle forhold, kulturskilnadar og kulturmøte og du må kunne
reflektere over kultur- og språkforskjellar i Noreg og litauisktalande land. Du må kunne analysere innhald og
form i litteratur, film, musikk, kunst og andre kulturformar, og du må kunne formidle kulturopplevingane dine.
Sensor skal vurdere den heilskaplege kompetansen du har i faget
I førebuingstida på eksamen blir leseforståinga di testa med ukjende tekstar.
Informasjon om leseliste
Du skal skrive ei liste over tekstar som tek opp emna som er nemnde ovanfor, og som du har brukt i
førebuingsarbeidet ditt. Hugs at læreverket må følgje læreplanen i Kunnskapsløftet. Dersom du ikkje leverer ei
eiga liste, vil eksamenskontoret sitt forslag bli brukt på eksamen.
Innlevering
Send leselista på e-post til [email protected].
Fristen er 1. mars om våren og 1. oktober om hausten.
Du må merke leselista med namn, fødselsdato og fagkode. Leselista skal ikkje vere lengre enn ei side.
Forslag til leseliste
Namn:
Fødselsdato
Fagkode
PSP5755
Fagnamn
Litauisk III
Forslag til
litteratur:
Fritt valde bøker frå:
 http://www.upc.smm.lt/naujienos/chrestomatija/ch11-12.php

http://antologija.lt/

‘’Dievų miškas‘‘, Balys Sruoga
https://www.youtube.com/watch?v=j4rBwElnSrg
‘’Gyvenimas po klevu’’, Romualdas Granauskas
https://www.youtube.com/watch?v=YR_8LYIy2eU
‘’Niekas nenorejo mirti’’, Vytautas Žalakevičius
https://www.youtube.com/watch?v=x6APwxUHWTg
‘’Riešutų duona’’, Saulius Šaltenis
https://www.youtube.com/watch?v=xmsM8waRwvU
‘’Tadas Blinda’’, Rimantas Šavelis
https://www.youtube.com/watch?v=mymPbvat_4I&list=PL3JCj4LvPTALlcWx
3SDQWQ7AN0c9zlzhI


Forslag til filmar:

