Møtebok - Eid kommune

Eid kommune
Møtebok
Utval:
Møtestad:
Dato:
Tid:
Kommunestyret
Kommunestyresalen
01.09.2016
Kl. 14:00
Følgjande medlem møtte
Anne Tove Thorsnes
Hans Petter Gilleshammer
Ove Bjørlo
Siri Sandvik
Eli Førde Aarskog
Jostein Huneide
Oddvin Hansen
Tore Hjelle
Sissel Helen Ommedal
Ann-Magritt Hopland Eikås
Ida Elisabeth Lien Ohrvik
Ståle Sandal
Vigdis Heimdal Reksnes
Alfred Bjørlo
Arve Dahl
Gunvald Ludvigsen
Jon Martin Holmøy
Kirsti Ohrvik Olsen
Knut Tore Nes Hjelle
Margot Åsebø
Steinar Furnes
Parti
A
A
A
A
H
H
H
H
KRF
SP
SP
SP
SV
V
V
V
V
V
V
V
V
Forfall meldt frå følgjande medl.
Lars-Svein Drabløs
Alf Reidar Myrstad
Nikolai Åshamar
Ole Reinhardt Bugjerde
Rolf Lefdal
Sigurd Reksnes
Stein Inge Torheim
Arild Krogh Nøstdal
Parti
FRP
SP
SP
SP
SP
SP
SP
V
Møteleiar: Alfred Bjørlo
Følgjande varamedlem møtte
Per Tore Borgund
Åse Liv Lote
Anders Kjøllesdal
Parti
FRP
SP
SP
Hege Aardal
Anna Bøe
Inge Adelsten Engebretsen
SP
SP
V
Underskrifter:
Alfred Bjørlo
Side 2
Eli Førde Aarskog
Siri Sandvik
Sakliste
Sak nr.
115/16
116/16
117/16
118/16
119/16
120/16
121/16
122/16
123/16
124/16
125/16
126/16
127/16
Side 3
Sakstittel
Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av møteprotokoll
Referatsaker
Orienteringssaker frå ordførar til kommunestyret 2016 01.09.2016
Orienteringssaker frå rådmann til kommunestyret 2016 01.09.2016
Detaljreguleringsplan for utviding av Torvik bustadfelt - Vedtak
Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen
Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland
Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid
Detaljreguleringsplan for Eid vassverk - Norsmona - Vedtak
Regionsreforma 2016
Bankgaranti Sagastad
Grunngjeve spørsmål til ordføraren: Fossevegen/Skulevegen
Gradering
Eid kommune
Arkiv:
FE - 033
JournalpostID:
16/20145
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
115/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Godkjenning av innkalling og sakliste
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Innkalling og sakliste vert godkjent.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Eid Industrihus KF har oversendt møtebok frå om bankavtaler knytt til leigeavtale for Sagastad.
Ordføraren ba kommunestyret om å slutte seg til framlegg om å handsame innpel frå Eid Industrihus
som eiga sak på slutten av møtet. Kommunestyret slutta seg samrøystes til framlegget.
KS- 115/16 Vedtak:
Innkalling og sakliste vert godkjent.
Sak om bankavtaler knytt til leigeavtale for Sagastad vert handsama som eiga sak på slutten av
møtet.
Side 4
Eid kommune
Arkiv:
FE - 033
JournalpostID:
16/20146
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
116/16
Utval
Kommunestyret
Godkjenning av møteprotokoll
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Møteprotokollen frå sist møte vert godkjent.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
KS- 116/16 Vedtak:
Møteprotokollen frå sist møte vert godkjent.
Side 5
Møtedato
01.09.2016
Eid kommune
Arkiv:
FE - 033
JournalpostID:
16/20147
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
117/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Referatsaker
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Referete saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Underliggande sak:
2, Spørsmål om tilbakeføring av B10 i arealplanen til boligformål (TSU 76/16)
3, Bustadtomter på Hauane (TSU 76/16)
1, Hovedorganisasjonen Virke - Ny lov om offentlige anskaffelser
4, Møtebok frå Nordfjordrådet sitt møte på Eid 22. august
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Tilleggsframlegg frå Tore Hjelle (H) til referatsak: Bustadtomter på Hauane (TSU-Sak 76/16):
Kommunestyret syner til innspel frå Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Kommunestyret ber
Rådmannen innarbeide i framlegget til planstrategi ei sak om ei avgrensa rullering av
kommuneplanen sin arealdel for areal til bustadformål sentralt i Haugen krins (gangavstand til
skulen).
Side 6
Følgjande referatsak vart drøfta:
·
Bustadtomter på Hauane (TSU-Sak 76/16)
Vigdis Heimdal Reksnes reiste spørsmål om inhabilitet i saka grunna svoger Sigurd Reksnes er part i
saka, jmfr. Forvaltningslova §6b. Ho vart kjend inhabil og gjekk frå vidare drøftingar i saka.
Det vart røysta over tilleggsframlegget frå Tore Hjelle (H) som fekk vart samrøystes vedteke.
KS- 117/16 Vedtak:
Kommunestyret syner til innspel frå Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Kommunestyret ber
Rådmannen innarbeide i framlegget til planstrategi ei sak om ei avgrensa rullering av
kommuneplanen sin arealdel for areal til bustadformål sentralt i Haugen krins (gangavstand til
skulen).
Øvrige referete saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Nr
Dok.ID T Dok.dato
Avsendar/Mottakar
Tittel
1
16/8132
I 22.06.2016 Gloppen kommune Arbeidet med kommunereforma:
Kommunestyret i Gloppen sitt vedtak
2
16/8340
spelemidlar
X 28.06.2016
Harpefossen Skisenter AS - avdragsutsetjing 2016 og bruk av
3
16/8418
I 27.06.2016 Selje kommune Melding om vedtak - Framtidig
kommunestruktur - Kommunereform
4
16/8067
sitt vedtak.
I 20.06.2016
Vågsøy kommue Kommunereforma - Vågsøy - kommunestyre
5
16/9594 I 10.08.2016 Kommunerevisjonen i Nordfjord v/Markvard Sunde Om organisering
av kommunerevisjonen i fylket
6
16/9617 I 11.08.2016 Kjetil Sætre Trafikksikker og opprustning av vegen på Ytre Skårhaug
7
16/10013 I 24.08.2016 Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Ole I. Gjerald Regionreforma møte med regionråda i Sogn og Fjordane
(11.08.2016)
8
16/10075 I 25.08.2016 Kommunerevisjonen i Nordfjord v/ Markvard Sunde Møtebok frå
samstyret for Kommunerevisjonen i Nordfjord
Side 7
9
16/10076 I 25.08.2016 Kommunerevisjonen i Nordfjord v/ Markvard Sunde Budsjett for
Kommunerevisjonen i Nordfjord 2017
10
Side 8
16/9701 I 12.08.2016 KOFA Avvisning av klage på offentleg anskaffelse
Eid kommune
Arkiv:
FE - 080, HIST - 16/191
JournalpostID:
16/20141
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
118/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Orienteringssaker frå ordførar til kommunestyret 2016 - 01.09.2016
1. Politireformen (orientering v/Hvattum)
2. Langtidsplan forsvaret HV11
3. Møteoversikt
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Orienteringa vert teken til vitande
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Fellesframlegg fremja av ordførar Alfred Bjørlo:
Eid kommune tek initiativ til eit felles opprop frå kommunane i Sogn og FJordane om betydninga av
Heimevernet og HV 11 i i den framtidige forsvarsstrukturen, jmf Stortinget si handsaming av
Langtidsplan for Forsvaret.
Orientering om politireformen v/Lensmann Tormod Hvattum.
Ordføraren orienterte i tillegg om følgjande saker:
·
Langtidsplan for Forsvaret HV11
·
Møteoversikt
Side 9
·
Lansering Visit Nordfjord
·
Språkkafé Eid bibliotek
KS- 118/16 Vedtak:
Eid kommune tek initiativ til eit felles opprop frå kommunane i Sogn og FJordane om betydninga av
Heimevernet og HV 11 i i den framtidige forsvarsstrukturen, jmf Stortinget si handsaming av
Langtidsplan for Forsvaret.
Den øvrige orienteringa vert teken til vitande
Side 10
Eid kommune
Arkiv:
HIST - 16/180
JournalpostID:
16/20144
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
119/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Orienteringssaker frå rådmann til kommunestyret 2016 - 01.09.2016
1.
2.
3.
4.
Planstrategi
Innbyggartreff
Tilsettreff
TV-aksjonen 2016
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Orienteringa vert teken til vitande.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Rådmannen orienterte om følgjande saker:
1. Planstrategi
2. Innbyggjartreff
3. Tilsettreff
4. TV-aksjonen 2016
KS- 119/16 Vedtak:
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Orienteringa vert teken til vitande.
Side 11
Side 12
Eid kommune
JournalpostID:
FA - L13, HIST 12/1693
16/20014
Saksbehandlar:
Cecilie Marie Åshamar
Vedtaksdato:
29.08.2016
Arkiv:
Saksframlegg
Saksnr.
120/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Detaljreguleringsplan for utviding av Torvik bustadfelt - Vedtak
Bakgrunn for saka:
Detaljreguleringsplan for utviding av Torvik bustadfelt skal sikre tilgang på tomter i Stårheim
krins. Planarbeidet vart starta opp etter vedtak i formannskapet i møtet 30. august 2012, F-sak
116/12. Bakgrunnen for at Eid kommune såg det naudsynt å regulere nye bustadtomter i dette
området var at det var svært få ledige bustadtomter i Stårheim krins. Eid kommune har nytta
Nordplan AS som konsulent til å utarbeide sjølve planen.
Planforslaget har lege ute til offentleg ettersyn i perioden 14. januar 2016 til 25. februar
2016, jf. teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak i møtet 13. januar 2016, i TSU-sak 006/16.
Sjå samandrag av uttaler og vurdering av uttalene i saksutgreiinga under. Krav om og behov
for ytterlegare utgreiingar knytt til erosjonsfare og stabilitet i den austlege delen av
planområdet har ført til at det har teke lenger tid enn først skissert å få planen lagt fram for
vedtak.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
1. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for utviding av
Torvik bustadfelt vedteken slik den ligg føre med endringar jf. samla vurdering i
saksutgreiinga over.
2. Flytting av trafo skal vurderast nærare når området skal prosjekterast.
26.08.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL
TSU-074/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
1. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for utviding av
Torvik bustadfelt vedteken slik den ligg føre med endringar jf. Samla vurdering i
saksutgreiinga over.
2. Flytting av trafo skal vurderast nærare når området skal prosjekterast.
Side 13
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
KS- 120/16 Vedtak:
1. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for utviding av
Torvik bustadfelt vedteken slik den ligg føre med endringar jf. samla vurdering i
saksutgreiinga over.
2. Flytting av trafo skal vurderast nærare når området skal prosjekterast.
Saksopplysningar:
Detaljreguleringsplanen skal regulere bruk, vern og utforming av areal og fysiske
omgjevnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1 første ledd. Planomtale med føresegner og
plankart ligg vedlagt denne saka.
Forslag til detaljreguleringsplan ved offentlege ettersyn
Avgrensinga av planområdet er i tråd med kommuneplanen sin arealdel, der område B10 er
sett av til framtidig bustadområde. Detaljreguleringsplanen er med dette i samsvar med
vedteken overordna arealbruk for Eid kommune.
Varsla planområde går fram av plankartet under. Planområdet ligg både vest og aust for den
kommunale vegen som går gjennom området.
Side 14
Forslag til detaljreguleringsplan som har lagt ute til offentleg ettersyn går fram av plankartet
under. Det er regulert 22 bustadtomter til utbygging av einebustad/tomannsbustad og ei større
tomt til konsentrert bustadutbygging (rekkehus og liknande.).
Innkomne uttaler ved offentleg ettersyn
I samband med offentleg ettersyn kom det inn fem uttaler til planforslaget. Uttalene ligg i sin
heilskap ved saksutgreiinga og under er det gitt eit kort samandrag av merknadane til
planforslaget og ein kommentar med vurdering av planforslaget opp i mot uttalene.
1. NVE, 09.02.2016:
NVE konstaterer at utarbeidde rapportar viser at det ikkje er skredfare i området. NVE peikar
vidare på at erosjonsfaren knytt til elva ikkje er tilstrekkeleg klargjort i planen.
Side 15
Kommentar:
NVE sin merknad vert teken til følgje. NVE sin merknad om manglande vurdering av
erosjonsfare som følgje av elva inngår i dei nye utgreiingane frå Norconsult AS. Denne vert
nærare gjennomgått i saksutgreiinga under.
2. Statens vegvesen, 24.02.2016:
Statens vegevesen konstaterer at bustadfeltet skal ha tilkomst frå Rv. 15 og fv. 661.
Kryssutforminga mot Rv. 15 skal vurderast opp mot gjeldande regelverk for kryssutforming i
handbok N100. Vegvesenet føreset at avkøyrsla frå fv. 661 i plankartet får ei utforming som
samsvarar med vegnormalane i handbok N100, og at det vert lagt inn rekkjefølgjekrav i
føresegnene om at avkøyrsla skal vere ferdig utbetra før bustadar i planområdet kan takast i
bruk. Ber om at avkøyrselløysing frå og byggegrense mot fv. 661 vert nærare skildra i
planomtalen og målsett i plankartet. Minner om at byggegrensa ikkje kan setjast til mindre
enn 15 meter frå senterlinja i fylkesvegen, jf. veglova § 29.
Kommentar:
Planomtalen vert oppdatert med nærare vurdering av kryssutforminga mot Rv. 15, opp mot
gjeldande regelverk for kryssutforming i handbok N100. Vidare vert plankartet oppdatert slik
at avkøyrsla frå fv. 661 får ei utforming som samsvarar med vegnormalane i handbok N100,
dette vert gjort greie for i planomtalen. Føresegnene vert oppdatert med rekkjefølgjekrav om
at avkøyrsla frå fv. 661 skal vere ferdig utbetra før bustadar i planområdet kan takast i bruk.
Avkøyrselløysing frå og byggegrense mot fv. 661 vert nærare skildra i planomtalen og målsett
i plankartet. Når det gjeld byggegrense etter veglova § 29 er dei ikkje gyldige dersom andre
byggegrenser føl av reguleringsplan etter plan- og bygningslova, jf. veglova § 29. I ein
detaljreguleringsplan kan kommunen difor setje andre byggegrense enn det som føl av
veglova.
3. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 24.02.2016:
Fylkesmannen har ingen avgjerande merknadar utifrå landbruk, natur- og miljøomsyn. Rår
likevel til å stille krav i føresegnene om at leikeplassen (BLK1) skal vere ferdigstilt før
bustadane i området vert tekne i bruk. Grunna manglande kapasitet har dei ikkje fått høve til å
vurdere planen utifrå omsyn til beredskap og samfunnstryggleik.
Kommentar:
I føresegn 4.1 ligger det inne rekkjefølgjekrav om at leikeplass skal vere opparbeidd før det
vert gjeve igangsetjingsløyve for oppføring av bustadar. Merknaden er såleis allereie følgd
opp.
4. Naboar v/Reidar Vonheim, 16.02.2016:
Naboane ber om at høgspenten i området vert lagt i kabel heilt vest til barnehagen og at
trafoen vert flytta til gnr. 84 bnr. 34 slik at sikta frå avkøyrslene vert betre. Vidare ber dei om
at avkøyrsla mot aust vert flytta mot sør, at avkøyrsla mot vest vert flytta mot nord, og at
snuplassen for den vestlege vegen vert flytta til gnr. 84 bnr. 34. Dei peikar på
gangvegløysinga som er lagt inn i planen er lite tenleg. Dei fremjar eit anna forslag til løysing
som dei meiner vil vere ei løysing som vil bli brukt. Dette forslaget inneber at det må
opparbeidast gangveg frå avkøyrsla vest for kommunalveg, langs kommunalveg til gnr. 85
bnr. 9, nord for gnr. 85 bnr. 9 og 3 til gnr. 84 bnr. 16. Frå gnr. 84 bnr. 16 bør gangvegen gå
vidare mot vegen til Stårheim barnehage og vidare til Stårheim, og mot Rv15 vest for gnr. 85
bnr. 3. Justering av avkøyrsle og gangveg vil ikkje gå ut over det samla tomtearealet i område
FB1. Det vil vere ein fordel at tomtene vert mest mogeleg rektangulære og at dei ligg i
lengderetning av feltet. Det er i dag mykje overvatn i område ved gnr. 84 bnr. 34 og i austleg
del av område BK1. Overvatnet kjem frå fylkesvegen. Deltek gjerne på synfaring eller møte
for nærare avklaring.
Side 16
Kommentar:
Forhold som ligg utanfor planområdet kan ikkje regulerast i denne detaljreguleringsplanen, og
vert difor ikkje kommentert nærare.
Praktiske løysingar for høgspent og overvatn vil bli nærare vurdert når området skal
prosjekterast. Det ligg inne rekkjefølgjekrav om at nødvendig infrastruktur skal vere
opparbeidd før det vert gjeve igangsetjingsløyve for oppføring av bustadar og at omlegging
av høgspentlinje til bakke skal skje samtidig med opparbeiding av nødvendig infrastruktur, jf.
føresegn 4.1.
Når det gjeld trafoen, så ligg denne plassert nær planlagt avkøyrsle for den austlege delen av
feltet. Rådmannen ser at plasseringa av trafoen kan vere uheldig, og tilrår difor at plasseringa
av trafoen vert vurdert særskilt i samband med prosjekteringa. I vedtaket vert det difor teke
med eit eige punkt om at ein skal vurdere flytting av trafo når området skal prosjekterast.
Dersom endeleg løysing vert flytting av området vil kommunen gjennomføre nødvendig
reguleringsendring.
Når det gjeld merknadane til vegutforming og plassering av avkøyrsler, så er rådmannen samd
i at det ikkje er ynskjeleg at avkøyrslene til den kommunale vegen aukar trafikkfara i området.
I plankartet ser vegløysinga slik ut:
I saksutgreiinga under vil ein sjå at det må leggast inn ei omsynssone for skred i det austlege
feltet. Omsynssona vil ligge på dei nedste tomtene, noko som vil medføre at vegen i det
austlege feltet bør skyvast mot nord. Dette for å sikre tenleg utnytting av dei nedste tomtene.
Når den interne køyrevegen i aust vert flytta, må også avkøyrsla endrast og mest truleg mot
nord. Det vil difor ikkje vere heldig å legge den vestlege vegen, o_SV1, lenger mot nord, slik
naboane ynskjer. Mest truleg vil avkøyrsla til den austlege delen av feltet, o_SV1bli lagt litt
lenger mot sør. Endeleg løysing for kryss og veg er såleis ikkje avgjort og må vurderast
vidare. Rådmannen er i alle høve samd i at ein må finne ei trafikksikker og føremålstenleg
trafikkløysing.
Når det gjeld løysing for gangveg, så er denne nærare vurdert i saksutgreiinga under
vurdering.
Når det gjeld merknadane knytt til tomteutforminga, så er bustadtomtene utforma i tråd med
det som er tenleg med utgangspunkt i planavgrensinga og plassering av nødvendig
infrastruktur.
5. Stårheim bygdelag v/Asle Rasmus Seljeseth, 25.02.2016:
Side 17
Bygdelaget stiller spørsmål ved korleis ein har tenkt å løyse avløp frå det nye feltet. Vidare
ynskjer dei at fare for masseutgliding i området aust for den kommunale vegen vert grundig
undersøkt før planen vert godkjent. Vidare ber dei om fortgang i sikring av kulturminne slik at
det ikkje forsinkar arbeidet med bustadfeltet. Bygdelaget støttar uttalen frå naboane ved
Vonheim. Og ber om at det vert gjort endringar i tråd med deira innspel.
Høgspentlinja bør leggast i kabel og samtidig bør det leggast til rette for trekkerør for
fiberbreiband. Bygdelaget meiner at trafikktryggleik er viktig. Dei trafikale forholda bør difor
vurderast nærare i planen. Gangvegen bør flyttast – slik den er teikna inn no vil vere lite
tenleg som framtidig skuleveg for borna i feltet. Det er behov for gatelys og fortau eller
liknande langs fylkesvegen som vert skuleveg for borna i dette feltet. Bygdelaget ynskjer at
det vert søkt om trafikktryggingsmidlar for å få sikra denne strekka betre. Også langs
kommunal veg mot Riksvegen er det viktig å legge til rette for mjuke trafikantar. Dette er
også viktig for tilkomst til ny gangveg langs Riksvegen og trygg tilkomst til Stårheim stadion.
Området som er lagt inn i kartet stemmer med bygdelaget sitt ynskje om turveg frå austre del
av feltet over Remmedalselva til Hafsåssida.
Kommentar:
Forhold som ligg utanfor planområdet kan ikkje regulerast i denne detaljreguleringsplanen, og
vert difor ikkje kommentert nærare.
Detaljerte løysingar for handtering av avløp vil bli løyst ved prosjektering av bustadfeltet, og
avløpsløysinga vil stette dagens krav til VA-anlegg. Når det gjeld merknadane knytt til fare
for masseutgliding, så er desse nærare utgreidd i notatet frå Norconsult og kommunen skal
følgje opp desse, sjå nærare vurdering under. Når detaljreguleringsplanen er godkjent vil
kommunen søke kulturminnemyndigheitene om frigjeving av dei freda lokalitetane. Sjå også
vurdering av innspelet frå bygdelaget over, og av gangvegen i saksutgreiinga under vurdering.
6. Frøydis Torvik Wichne, 26.02.2016:
Wichne ynskjer at kommunen heller vel å regulere området som ligg ovanfor fylkesvegen.
Vidare syner ho til at ho som drivar av garden ikkje har blitt kontakta/involvert i starten av
planarbeidet. Til slutt syner Wichne til at krav om kompensasjon for tap av drift i 3 års
perioden med undersøkingar i området og i framtida, ikkje har ført fram.
Kommentar:
Wichne har vore tydleg på at ho ville føretrekt at det var området ovanfor fylkesvegen som
vart regulert til bustad. Kommunen har likevel gått vidare med området som no ligg føre til
godkjenning. Kommunen har i utgangspunktet halde kontakt med grunneigar av området.
Wichne har i detaljreguleringsplanprosessen ytra ønske om å få tilsendt informasjon, og har
etter det vore informert på lik linje med andre interessentar i plansaka.
7. Lene Bovim og Are Kneppen Veraas, 29.02.2016:
Bovim og Veraas meiner at mønehøgde på 10 meter er for høgt. Ber difor om at byggehøgda i
området sør for deira eigedom gnr. 86 bnr. 6, vert redusert av omsyn til utsikt og skjerming av
eigedomen. Stiller spørsmål ved at kommunen planlegger å bygge tilkomstveg og bustadar i
eit område som er bandlagt etter lov om kulturminne.
Kommentar:
I område BF2 og BF3 er maksimal byggehøgde sett til 9 meter. Når det gjeld utbygging i
område som er bandlagt etter lov om kulturminne, er det opp til kulturminnemyndigheitene å
avgjere om ein kan tillate inngrep. Fylkeskommunen ved kulturavdelinga har ikkje lagt ned
motsegn til planen. I detaljreguleringsplanen er det sett av omsynssone rundt lokalitetane som
vart registrert som automatisk freda i samband med den arkeologiske registreringa. For desse
områda er det i detaljreguleringsplanen følgt opp med føresegn som sikrar ei arkeologisk
utgraving før eventuelle tiltak vert sett i verk, i samsvar med vanleg forvaltningspraksis i
Side 18
denne typen saker. I normal saksgang vil kulturminnemyndigheitene frigje området, oppheve
fredinga, når dei arkeologiske utgravingane er fullført. Området vil då kunne nyttast til
utbygging.
Vurdering:
Det ligg ikkje føre motsegn frå offentlege myndigheiter til reguleringsplanforslaget.
Vurderinga av arealbruken i eit område er då som utgangspunkt lagt til kommunen sitt frie
skjønn.
Nærare vurdering av stabilitet og erosjonsfare
Eid kommune har bede Norconsult AS om å vurdere flaum og erosjonsfaren i tilknyting til
Torvikelva og gjere ei stabilitetsvurdering i sør-austleg del av planområdet.
Norconsult AS har etter dette utarbeidd to notat:
1. Dokumentnr. Z1 - Flom og erosjonsfare i Torvikelva, 20.06.2016.
2. Notat: RIG02 - Torvika Bustadfelt Stabilitetsvurdering, 06.06.2016.
Det vert konkludert med at det ikkje er erosjonsfare knytt til elva. Om stabiliteten vert
følgjande tilrådd av Norconsult:
«En kan ikke utelukke at overflatevann kan grave seg ned i løsmassene og dermed skape ustabile
skråninger. Overflatevann bør derfor håndteres ved at det etableres et overvannsanlegg.
Det anbefales at det i utgangspunktet holdes en byggegrense på 10 m frem mot skråningen. Dersom
en ønsker å utnytte tomten ytterligere, er dette gjennomførbart så fremt en skjærer seg ned mot fjell.
En kan f. eks etablere hus med kjellere eller terrasseboliger der en fundamenterer på undersprengt
fylling på fjell, eller en kan etablere murer fundamentert på fjell/ utsprengt fjellhylle. Behov for
undersprenging må i så fall vurderes etter fjerning av løsmasser.
Det anbefales at murer prosjekteres i henhold til gjeldende regelverk.
Fundamentering bør ikke gjøres delvis på løsmasser og delvis på fjell, da dette øker risiko for
skjevsetninger.
En generell anbefaling er å fjerne det humusholdige sandlaget før bygging.»
Føresegn 4.1. sikrar at nødvendig infrastruktur som overvassanlegg vert etablert før det vert
gjeve igangsetjingsløyve for oppføring av nye bustadar.
Notatet med stabilitetsvurdering tilrår at ein ikkje bygger bustadhus fram mot kanten av
skråninga. Det er vidare gjort greie for føresetnadar for å kunne etablere bustadhus nærare
kanten. I detaljreguleringsplanen vert tilrådinga om 10 metersbyggegrense fram mot
skråninga innarbeidd i planen. Planomtalen vert oppdatert med opplysningar frå ovannemnde
notat. Plankartet vert oppdatert med ny omsynssone som indikerer faresone, jf. pbl. § 11-8
bokstav a. Føresegnene vert oppdatert med ny føresegn knytt til denne omsynssona.
Det kjem ikkje klart fram i kva grad det er trygt å utføre terrenginngrep og om det kan opnast
for mindre tiltak i dette beltet på 10 meter. Etter telefonsamtale med geoteknikar Belland hjå
Norconsult 18. august 2016, vert det presisert at det når det gjeld terrenginngrep, skal det
ikkje utførast tiltak som fører til at skråninga vert brattare enn den er i dag eller at belastninga
på skråninga vert auka, t.d. ved flytting av masse. Slike tiltak vil kunne endre stabiliteten i
området. På bakgrunn av dette tilrår rådmannen at føresegna inneheld følgjande:
Side 19
I omsynsona skal det ikkje etablerast bustadhus. Det kan heller ikkje utførast terrenginngrep
som fører til at skråninga vert brattare enn den er i dag eller at belastninga på skråninga vert
auka.
Innføring av ti metersbyggegrense inneber avgrensing av plassering og utforming av
bustadane i område BF2, BF4 og BF5. For å legge til rette for ei meir tenleg utnytting av
desse tomtene, tilrår rådmannen at vegen i den austleg delen av planområdet vert flytta om lag
to meter mot nord. Endeleg plassering av veg og avkøyrsle må avgjerast i samband med
vegprosjekteringa. Vidare vil rådmannen tilrå at tomteinndelinga for bustadtomtene i område
BF3, ovanfor vegen, vert vurdert på nytt og oppdatert i plankartet.
Nærare vurdering av gangveg
Når det gjeld framkomst for mjuke trafikantar innanfor planområdet, så er det lagt opp til at
ferdsel skal skje på dei interne vegane i feltet. For å sikre at gåande skal få ein tenleg tilkomst
til eksisterande gangsystem i vest, så er det lagt inn ei kopling med gangveg mellom enden av
den interne køyrevegen mot vest og eksisterande gangveg vest for planområdet. I kartet under
er koplinga mellom planlagt gangvegen og eksisterande gangveg lagt inn i det grøne området.
Under er eit utsnitt av forslaget som låg ute til offentleg ettersyn:
I detaljreguleringsplanen vert tilrådinga om 10 metersbyggegrense fram mot skråninga
innarbeidd i planen. Planomtalen vert oppdatert med opplysningar frå ovannemnde notat.
Plankartet vert oppdatert med ny omsynssone som indikerer faresone, jf. pbl. § 11-8 bokstav
a. Føresegnene vert oppdatert med ny føresegn knytt til denne omsynssona.
Både naboane og bygdelaget ynskjer at gangvegven som ligger inne vert erstatta av ny
gangveg mellom denne gangvegen vert erstatta med gangveg i sørleg del av område BF1, jf.
illustrert raud linje i kartet under.
Rådmannen ser at det sjølvsagt er ei løysing å legge gangvegen sør for dei nye tomtene. Det
er ikkje alltid slik at det berre fins ein måte å lage eit plankart på, men løysinga for gangvegen
er valt på bakgrunn av fleire omsyn. Kommunen som vegmynde ynskjer ein konsentrert
infrastruktur, fordi dette vil lette vedlikehaldsarbeidet og snøbrøytinga. Vidare vil ein gangveg
krevje areal frå bustadtomtene. Om kommunestyret som planmynde er usamd i løysinga som
er valt, kan det gjerast endringar.
Rådmannen ser likevel at utforming av gangvegen kan vere lite tenleg til bruk og tilrår difor
at tomta som ligg vest i område BF1 vert redusert til fordel for gangvegen, slik at den kan få
ein meir naturleg utforming. I kartutsnittet under er det lagt inn ein illustrasjon med ei raud
Side 20
linje som syner kvar tomta må «kuttast» i nordvestleg hjørne for å få ei betre løysing for
gangvegen.
Rådmannen tilrår difor at plankartet vert endra. Den vestlegaste tomta i område BF1 vert
redusert i nordvestlege hjørne. Gangvegen vert lagt langs den nye tomtegrensa slik at ein
unngår 90 grader bue. Planomtalen vert oppdatert med informasjon om dette.
Planomtalen har elles ein del manglar og noko av informasjonen er ikkje korrekt. Rådmannen
vil difor tilrå at planomtalen vert korrigert slik at den omtalar faktiske forhold i plankartet og
føresegnene.
Nærare drøfting av føresegner for bustadområda
Rådmannen tilrår at føresegnene for bustadar, 5.1, vert spesifisert for å unngå misstyding
rundt kva type hus som kan byggast og rundt kva type terrenginngrep som er tillate.
Dagens føresegn 5.1 Bustadar – frittliggjande småhusbusetnad, BF1-5:
«Innanfor byggjeområde BF1-5 kan det etablerast frittliggande småhus med inntil 2 bueiningar
per bygg med tilhøyrande garasje.
Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA= 40.
Bustadane skal ha maksimal mønehøgd på 9 meter og gesimshøgd på 7 meter. For bygg med
pulttak er maksimal gesimshøgd 9 meter.
Garasjar skal ikkje ha større gesimshøgde enn 3 m og mønehøgde ikkje over 5 m.
Det skal avsetjast naudsynt areal til parkering på tomta, jf. krav i kommuneplanen sin arealdel.»
Frittliggjande bustadar er nærare definert i planomtalen. Utgangspunktet for definisjonane av
ulike bustadtypar er å finne i rettleiar H-2300 – Grad av utnytting. Bustadar som kan tolkast
til å vere frittliggjande bustadar i rettleiaren er; einebustad, einebustad med
utleigedel/sekundærleilegheit og tomannsbustad. For å unngå tvil vert dette presisert i
føresegna og omtalt i planomtalen.
Det vil kunne bli ulik utforming og bygningsmasse på dei ulike tomtene. For å oppnå eintydig
bygningsstruktur bør hovudfasaden vere parallell med byggegrense mot veg.
I føresegnene er det ikkje gjeve føringar for skjeringar, fyllingar og opparbeiding av
støttemurar på bustadtomtene. Det vert difor teke med ei føresegn for fyllingar og skjeringar
Side 21
som føreset at det er nokolunde massebalanse i tverrsnittet. Avslutning av fyllingar og
skjeringar inn mot terreng bør sikre at sideområda får ei estetisk god utforming slik at
overgangen mot eksisterande terreng vert så god som mogeleg. Det vert vidare teke med ei
føresegn som avgrensar høgde på støttemurane. Dersom det er nødvendig bør det likevel
kunne etablerast høgare støttemurar, behovet, verknadane og avbøtande tiltak må då
dokumentarast i samband med søknad. For å unngå at støttemurane vert dominerande er det
ynskjeleg at det vert planta på/i støttemurane, noko som vil mjuke opp murane. Støttemurar
kan i utgangspunktet etablerast 4 meter frå nabogrense. Erfaring syner at det vert søkt om
dispensasjon for å etablere slik støttemur i nabogrense. For å sikre at grunneigar har tilgang til
støttemuren av omsyn til vedlikehald er det tenleg at støttemuren vert etablert med ein viss
avstand til nabogrense. Det er difor ynskjeleg at støttemurar ikkje vert etablert nærare enn 0,5
meter frå nabogrense. Føresegnene vert oppdatert på dette punktet.
Nytt forslag til ordlyd i føresegn 5.1 Bustadar – frittliggjande småhusbusetnad, BF1-5:
«Innanfor byggjeområde BF1-5 kan det førast opp frittliggjande bustader med
inntil to bueiningar med tilhøyrande garasjar og uthus. Frittliggjande bustadar omfattar
einebustad, einebustad med utleiedel/sekundærlelegheit og tomannsbustad.
Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA= 40.
Bustadane skal ha maksimal mønehøgd på 9 meter og gesimshøgd på 7 meter. For bygg med
pulttak er maksimal gesimshøgd 9 meter.
Hovudfasaden skal vere parallell med byggegrense mot veg. Bygningsstrukturen skal vere
eintydig.
Garasjar skal ikkje ha større gesimshøgde enn 3 m og mønehøgde ikkje over 5 m.
Gesimshøgde og mønehøgde skal vere rekna frå gjennomsnittleg terrengnivå.
Det skal avsetjast naudsynt areal til parkering på tomta, jf. krav i kommuneplanen sin
arealdel.
Terrengforandringar i form av fyllingar og skjeringar skal jordslåast og tilstellast.
Støttemurar, fyllingar og skjeringar skal målsettast i situasjonsplan og ved snitt. Støttemurar,
fyllingar og skjeringar skal ikkje vere dominerande i terrenget.
Høgde på fylling og djupne på skjering skal normalt ikkje avvike meir enn 1,5 meter frå
eksisterande terreng. Støttemur skal utførast i naturstein. Maksimal høgde på støttemur skal
normalt ikkje overstige 1,5 meter. Støttemur kan etablerast inntil 0,5 meter frå nabogrense.
Støttemur er unntatt frå byggegrense mot veg i plankartet så lenge høgde på terreng og frisikt
jf. føresegn 3.5 og 8.1 er ivareteke.
Dersom det er nødvendig kan det etablerast høgare fylling/støttemurar, og djupare skjering.
Behovet, verknadane og avbøtande tiltak må då dokumentarast i samband med søknad.
Skjeringar og fyllingar skal avsluttast inn mot terreng slik at det vert ein naturleg overgang til
eksisterande terreng.»
Samla vurdering
Med utgangspunkt i planforslaget som låg ute til offentlege ettersyn, finn rådmannen å kunne
tilrå at detaljreguleringsplanen for utviding av Torvik bustadfelt, vert vedteken slik den ligg
føre med følgjande endringar:
Planomtalen:
Side 22
1. Planomtalen vert oppdatert med nærare vurdering av kryssutforminga mot Rv. 15, opp
mot gjeldande regelverk for kryssutforming i handbok N100.
2. Det vert gjort greie for oppdateringa i plankartet som handlar om at avkøyrsla frå fv. 661
får ei utforming som samsvarar med vegnormalane i handbok N100.
3. Avkøyrselløysing frå og byggegrense mot fv. 661 vert nærare skildra i planomtalen.
4. Planomtalen vert korrigert slik at den omtalar faktiske forhold i plankartet og føresegnene.
5. Planomtalen vert oppdatert med nye opplysningar frå notata frå Norconsult.
6. Planomtalen vert oppdatert med nærare informasjon om val av løysing for gangveg.
Plankartet:
1. Plankartet vert oppdatert slik at avkøyrsla frå fv. 661 får ei utforming som samsvarar med
vegnormalane i handbok N100.
2. Avkøyrselløysing frå og byggegrense mot fv. 661 vert målsett i plankartet.
3. Plankartet vert oppdatert med 10 metersbyggegrense mot sør, aust for den kommunale
vegen.
4. Avkøyrsla frå o_SV1lagt litt lenger mot sør
5. Plankartet vert oppdatert med ny omsynssone som indikerer faresone, jf. pbl. § 11-8
bokstav a.
6. I plankartet vert vegen i austleg del av planområdet, o_SV2 flytta om lag to meter mot
nord, avhengig av vegprosjektering
7. Tomteinndelinga for bustadtomtene i område BF3 vert vurdert på nytt og oppdatert i
plankartet.
8. Plankartet vert endra slik at den vestelegaste tomta i område BF1 vert redusert i
nordvestlege hjørne og at gangvegen vert justert tilsvarande.
Føresegnene:
1. Føresegnene vert oppdatert med rekkjefølgjekrav om at avkøyrsla frå fv. 661 skal vere
ferdig utbetra før bustadar i planområdet kan takast i bruk.
2. Føresegnene vert oppdatert med krav til at leikeplassen (BLK1) skal vere ferdigstilt før
bustadane i området vert tekne i bruk.
3. Føresegnene vert oppdatert med 10 metersbyggegrense
4. Føresegnene vert oppdatert med ny føresegn knytt til omsynssone i søraustleg del: I
omsynsona skal det ikkje etablerast bustadhus. Det kan heller ikkje utførast terrenginngrep
som fører til at skråninga vert brattare enn den er i dag eller at belastninga på skråninga
vert auka.
5. Føresegn 5.1 Bustadar – frittliggjande småhusbusetnad, BF1-5 vert endra til:
«Innanfor byggjeområde BF1-5 kan det førast opp frittliggjande bustader med inntil to bueiningar
med tilhøyrande garasjar og uthus. Frittliggjande bustadar omfattar einebustad, einebustad med
utleigedel/sekundærleilegheit og tomannsbustad.
Graden av utnytting skal ikkje overstige %-BYA= 40.
Bustadane skal ha maksimal mønehøgd på 9 meter og gesimshøgd på 7 meter. For bygg med pulttak
er maksimal gesimshøgd 9 meter.
Hovudfasaden skal vere parallell med byggegrense mot veg. Bygningsstrukturen skal
vere eintydig.
Garasjar skal ikkje ha større gesimshøgde enn 3 m og mønehøgde ikkje over 5 m.
Side 23
Gesimshøgde og mønehøgde skal vere rekna frå gjennomsnittleg terrengnivå.
Det skal avsetjast naudsynt areal til parkering på tomta, jf. krav i kommuneplanen sin
arealdel.
Terrengforandringar i form av fyllingar og skjeringar skal jordslåast og tilstellast.
Støttemurar, fyllingar og skjeringar skal målsettast i situasjonsplan og ved snitt.
Støttemurar, fyllingar og skjeringar skal ikkje vere dominerande i terrenget.
Høgde på fylling og djupne på skjering skal normalt ikkje avvike meir enn 1,5 meter
frå eksisterande terreng. Støttemur skal utførast i naturstein. Maksimal høgde på
støttemur skal normalt ikkje overstige 1,5 meter. Støttemur kan etablerast inntil 0,5
meter frå nabogrense. Støttemur er unntatt frå byggegrense mot veg i plankartet så
lenge høgde på terreng og frisikt jf. føresegn 3.5 og 8.1 er ivareteke.
Dersom det er nødvendig kan det etablerast høgare fylling/støttemurar, og djupare
skjering. Behovet, verknadane og avbøtande tiltak må då dokumentarast i samband
Økonomiske konsekvensar
Vedtak av detaljreguleringsplanen vil ikkje medføre økonomiske konsekvensar for
kommunen. I etterkant av sjølve vedtaket av detaljreguleringsplanen må grunnen kjøpast ut
før utbygging kan skje. Det er løyvd midlar til denne prosessen.
Side 24
Eid kommune
Arkiv:
HIST - 16/1458
JournalpostID:
16/20019
Saksbehandlar:
Elin Leikanger
Vedtaksdato:
29.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
121/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen
Kva saka gjeld:
Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv.
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen:
1. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss
Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten» samt tiltak
4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg Holten frå pel 620
og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka trafikkmengde som følgje
av utbygging i Hogaåsen.
2. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt 4715
Hogaåsen bustadfelt.
Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande
bustadtomter.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-102/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Side 25
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
KS- 121/16 Vedtak:
Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Saksopplysningar:
Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at
kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno.
Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt
i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn
vert erstatta med kr 135 pr m2.
Økonomiske konsekvensar:
Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er
avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15
Vurdering:
Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet
inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer).
Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen.
Side 26
Eid kommune
Arkiv:
HIST - 16/1455
JournalpostID:
16/20024
Saksbehandlar:
Elin Leikanger
Vedtaksdato:
29.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
122/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland
Kva saka gjeld:
Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen:
1. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss
Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten» samt tiltak
4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg Holten frå pel 620
og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka trafikkmengde som følgje
av utbygging i Hogaåsen.
2. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt 4715
Hogaåsen bustadfelt.
Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande
bustadtomter.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-101/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Side 27
KS- 122/16 Vedtak:
Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Saksopplysningar:
Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at
kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno.
Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt
i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn
vert erstatta med kr 135 pr m2.
Økonomiske konsekvensar:
Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er
avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15
Vurdering:
Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet
inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer).
Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen
Side 28
Eid kommune
Arkiv:
FE - 024, HIST - 16/850
JournalpostID:
16/20026
Saksbehandlar:
Ole Starheim
Vedtaksdato:
29.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
123/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunelova.
Kva saka gjeld:
Godkjenning av avtale om administrativt vertskommunesamarbeid om felles skatteoppkrevjar
mellom kommunane Gloppen og Eid.
Bakgrunn for saka:
Rådmannen i Gloppen kommune tok våren 2016 kontakt med rådmannen i Eid kommune om
å starte samtale om felles skatteoppkrevjarkontor for disse to kommunane. Den 14. juni 2016
hadde disse kommunane felles møte på Nordfjordeid, der rådmennene og dei tilsette ved
begge kommunane sine skatteoppkrevjarkontor deltok. Det vart då semje om å lage
saksutgreiing og avtale for eit felles skatteoppkrevjarkontor for Gloppen og Eid, plassert på
Nordfjordeid, med Eid kommune som vertskommune. Oppstart for felleskontoret er sett til
01.01.2017.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale
om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-104/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale
om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Side 29
KS- 123/16 Vedtak:
Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale
om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid.
Saksopplysningar:
Skatteoppkrevjarkontora har ansvar for kommunen sin skatterekneskap, innkrevjing av skatt
på person, innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift på bedrifter og arbeidsgjevarkontroll
mot bedrifter.
Skatterekneskapen er heilt skilt frå kommunen sin ordinære rekneskap. Alt arbeidet innafor
skatteoppkrevjarkontora er underlagt styring frå Skatteetaten, og arbeidet vert gjort gjennom
felles nasjonal programvare underlagt Skatteetaten. Dette er ikkje kopla mot kommunane sine
øvrige økonomisystem og programvare. Slik sett er skatteoppkrevjarfunksjonen ikkje kopla
mot resten av den kommunale stabstenesta/tenesteytinga, og eignar seg godt for organisering i
felleskontor for fleire kommunar.
Krava til kunnskap innafor skatteområdet, og spesielt arbeidsgjevarkontrollen, vert større og
større. Vi ser at skatteoppkrevjarkontora hos dei mindre kommunane slit med å halde få
tilsette oppdatert på heile breidda i regelverket. Ved fråvær og ferieavvikling er det vanskeleg
å svare på spørsmål frå innbyggjarane og bedriftene, fordi skatteoppkrevjarkontoret til tider
kan vere heilt ubemanna.
Administrativt vertskommunesamarbeid
Samarbeidet om felles skatteoppkrevjar og felles skatteoppkrevjarkontor vil bli eit såkalla
administrativt vertskommune-samarbeid. I vedlagt avtale er Eid kommune vertskommune og
Gloppen kommune er samarbeidskommune.
Vertskommunesamarbeidet er regulert i kommunelova. Felles skatteoppkrevjarkontor vert
ikkje eit eige rettssubjekt, men organisatorisk som ein del av vertskommunen.
Avtalen mellom kommunane Gloppen og Eid er heimla i kommunelova § 28-1b om
administrativt vertskommunesamarbeid, som gjev følgjande reglar for samarbeidet:
«1. En kommune (samarbeidskommune) kan avtale med en annen kommune (vertskommune)
at vertskommunen skal utføre oppgaver og treffe avgjørelser etter delegert myndighet fra
samarbeidskommunen i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning.
2. Bestemmelsen i nr. 1 gjelder tilsvarende for vertskommunesamarbeid mellom
fylkeskommuner.
3. Delegasjon av myndighet som nevnt i nr. 1 skjer ved at kommunestyret eller fylkestinget
selv gir instruks til egen administrasjonssjef om delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen.
4. Folkevalgte organer i vertskommunen har ikke instruksjons- eller omgjøringsmyndighet
der delegasjon er skjedd i samsvar med nr. 3.
5. En samarbeidskommune kan gi vertskommunen instruks om utøvelsen av den delegerte
myndighet i saker som alene gjelder samarbeidskommunen eller berørte innbyggere.
Side 30
6. For vedtak vertskommunen treffer etter delegasjon fra en samarbeidskommune, har
samarbeidskommunen samme omgjøringsmyndighet som etter forvaltningsloven § 35 første
ledd.»
Namnet på samarbeidet blir Skatteoppkrevjaren i Gloppen og Eid, og kontoret skal vere
lokalisert på Nordfjordeid. Skatteetaten har utarbeidd ein rettleiar som kommunane må følgje
ved etablering av felles skatteoppkrevjar. Det skal vedtakast ei samarbeidsavtale mellom
kommunane. Avtalen skal godkjennast av Skatteetaten. Det er dei siste åra etablert mange
slike felles skatteoppkrevjarkontor rundt om i landet.
Føremålet med samarbeidet er å skape eit sterkt fagleg miljø, og eit framtidsretta kontor til
beste for innbyggjarar og bedrifter.
Eid kommune har ved avtaleinngåing 2 årsverk knytt til to stillingar innafor
skatteoppkrevjarkontoret, medan Gloppen kommune har 1,7 årsverk knytt til to stillingar.
Ved samordning av disse to kontora, vil ein få 3,7 årsverk fordelt på fire stillingar. Dette vil
gje ein vesentleg betre kontinuitet innafor kontoret. Den eine tilsette i Gloppen kommune vil
slutte i stillinga pr 31.12.2016 pga overgang til pensjonsavtale. Denne stillinga vil tidleg
hausten 2016 bli lyst ut med kontorstad på Nordfjordeid. Den andre stillinga i Gloppen vil
halde fram med kontorstad på Sandane. Dette vil ivareta publikumsmottak innafor
skattespørsmål.
Det er ikkje lagt opp til noko reduksjon i tal stillingar ved overgang til eit felleskontor.
Derimot kan det vere aktuelt at det nye kontoret etter kvart tek over meir av innkrevjinga på
den kommunale faktureringa, og spesielt det som går på kommunale avgifter og
eigedomsskatt (legalpant). Kontoret vil også vere positive til å kunne ta over heile eller deler
av skatteoppkrevjarfunksjonen frå andre Nordfjordkommunar som eventuelt ynskjer dette.
Men uansett må ein fyrst få etablert felleskontoret for Gloppen og Eid.
Det skal årleg utarbeidast eit budsjett for det felles skatteoppkrevjarkontoret som skal leggast
fram til godkjenning etter vanlege budsjettprosedyrar i begge kommunane. Budsjettet vert sett
opp med alle utgifter og frådrag for gebyrinntekter. Nettoutgifta ved felleskontoret vert
fordelt: Gloppen 50 %, Eid 50 %. Det skal gjerast ei evaluering av fordelingsnøkkelen etter
eitt år.
Oppseiingsfristen mellom partane er eitt år og samarbeidsordninga skal evaluerast årleg i
møte ved utgongen av året. Vertskommunen har ansvar for at slike møter vert arrangert.
Om avtaleprosessen og høyringsrunden
Avtalen er drøfta med fagorganisasjonane og med tilsette ved skatteoppkrevjarkontora i begge
kommunane.
Side 31
Eid kommune
Arkiv:
FA - L12, HIST - 16/172
JournalpostID:
16/20035
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
29.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
124/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Detaljreguleringsplan for Eid vassverk - Norsmona - Vedtak
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Plan- og bygningslova (pbl.)
Kva saka gjeld:
Vedtak av detaljreguleringsplan for Eid vassverk – Norsmona.
Bakgrunn for saka:
Detaljreguleringsplan for Eid vassverk – Norsmona skal sikre areal til utbygging av vassverk
som skal sikre tilgang på offentleg vatn til store delar av Eid kommune. Bakgrunnen for dette
arbeidet er eit kommunestyrevedtak om at Hornindalsvatnet skal bli ny vasskjelde for
Eidsdalen og Nordfjordeid, jf. vedtak i KS-sak 070/05.
Eid kommune har nytta Asplan Viak AS som konsulent til å utarbeide planen.
Asplan Viak meldte oppstrat for planarbeidet 21. januar 2016. Planforslaget har vore ute til
offentleg ettersyn i perioden 21. mars 2016 til 10. mai 2016, jf. teknisk- og samfunnsutvalet
sitt vedtak i møtet 18. mars 2016, i TSU-sak 034/16.
Forslaget til detaljreguleringsplan vert no lagt fram til vedtak.
Sjå samandrag av uttaler ved offentleg ettersyn og vurdering av desse i saksutgreiinga under.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for
Eid vassverk – Norsmona vedteken slik den ligg føre med endringar jf. samla vurdering i
saksutgreiinga over.
09.06.2016 Teknisk-og samfunnsutval
TSU-058/16 Vedtak:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for
Side 32
Eid vassverk – Norsmona vedteken slik den ligg føre med endringar jf. samla vurdering i
saksutgreiinga over.
22.06.2016 Kommunestyret
Utsetjingsframlegg frå Høgre, Venstre, Krf og Frp, fremja av Tore Hjelle (H):
1. Sak om Detaljreguleringsplan for Eid vassverk – Norsmona vert utsett
2. Kommunestyret ber om at avkøyring frå E39 iht alternativ 2 i saksutgreiinga vert utgreidd
3. Kommunestyret ber administrasjonen om å gå i dialog med Nordsand og klargjere forsdeling av
kostnad iht brev frå Nordsand datert 16.06.2016.
Det vart røysta over utsetjingsframlegget som vart samrøystes vedteke.
KS-077/16 Vedtak:
1. Sak om Detaljreguleringsplan for Eid vassverk – Norsmona vert utsett
2. Kommunestyret ber om at avkøyring frå E39 iht alternativ 2 i saksutgreiinga vert utgreidd
3. Kommunestyret ber administrasjonen om å gå i dialog med Nordsand og klargjere forsdeling av
kostnad iht brev frå Nordsand datert 16.06.2016.
Vedlegg i saka:
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
01.09.2016
1620020-2 Detaljreguleringsplan Norsmona tilleggsopplysningar
Detaljreguleringsplan Norsmona - tilleggsopplysningar(316)
Detaljreguleringsplan Norsmona -grunnlag for drøfting(321)
E39 - Svar fpå nytt framlegg til avkøyrsleløysing Detalreguleringsplan for Eid vassverk - Nor(322)
Brev til Eid kommune - uttale på vegne av Norsand(328)
Referat i stikkord frå Møte med Lothe og Nordsand 25(329)
Brev til Eid kommune - uttale på vegne av Lisbet og Ketil
Nord(330)
150624 BREV FRA ADV SANDE TIL ADV LOTHE(331)
VS Detaljreguleringsplan for Eid vassverk - Norsmona grunnlag for drøfting
Referat i stikkord frå Møte med Lothe og Nordsand 25(329)
VS svar prosessvarsel_48387
VS Kommunestyremøte 01.09
Kommentar til kommunestyremøte 01.09.16
1325577
1325578
1325579
1325580
1325581
1325582
1325583
1325584
1325591
1325592
1325593
1325594
1325595
Andre dokument i saka:
29.08.2016 Uttale på vegne av Liisbeth og Ketil Nord
29.08.2016 Uttale på vegne av Ketil og Lisbeth Nord
29.08.2016 Reguleringsplan Norsmona - tilbakemelding til Eid kommune
29.08.2016 Referat - Detaljreguleringsplan for Eid vassverk - Norsmona - grunnlag for drøfting
29.08.2016 Detaljreguleringsplan Norsmona - tilleggsopplysningar
Side 33
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Alternativt framlegg fremja av Tore Hjelle (H) frå partia H, V, Krf, Frp, Ap og SV:
Alt 2:
Det vert utarbeidd ny detaljreguleringsplan med felles tilkomst lenger aust, og med ein intern
køyreveg fram til Norsand sin eigedom. Eksisterande avkøyrsle vert sanert.
Vegen tilbake til industriområdet må kostast av Norsand, som tilbudt ref. saksutgreiinga.
Det vart først røysta over innstillinga frå teknisk- og samfunnsutvalet som fekk 7 røyster.
Det var deretterrøysta over det alternative framlegget som fekk 19 røyster og vart vedteke.
KS- 124/16 Vedtak:
Det vert utarbeidd ny detaljreguleringsplan med felles tilkomst lenger aust, og med ein intern
køyreveg fram til Norsand sin eigedom. Eksisterande avkøyrsle vert sanert.
Vegen tilbake til industriområdet må dekkast av Nordsand ref. saksutgreiinga.
Saksopplysningar:
Detaljreguleringsplanen skal regulere bruk, vern og utforming av areal og fysiske
omgjevnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1 første ledd. Planomtale med føresegner og
plankart ligg vedlagt denne saka.
Informasjon om eigedomstilhøva i planområdet
Der er to partar i planområdet. Ketil Nord og Lisbeth Fanøy Nord er grunneigarar for heile
planområdet som omfattar delar av gnr. 4 bnr. 3 og 5. Norsand AS festar gnr. 4 bnr. 3 fnr. 2.
Forslag til detaljreguleringsplan går delvis inn på festetomta.
Under er utsnitt frå planomtalen kapittel 2:
Side 34
Detaljreguleringsplanen vert utarbeidd i kommunal regi med sikte på å få etablert eit nytt
offentleg vassverk i Eid kommune.
Som det går fram ovanfor så eig ikkje Eid kommune grunnen som tilkomstvegen og
vassverket skal etablerast på. Prosjektet kan såleis ikkje setjast i gang før kommunen har
heimelsgrunnlag for dette. Slikt grunnlag kan for det første gjevast gjennom samtykke frå
eigar og utarbeiding av avtaler. Kommunen kan også skaffe seg eit heimelsgrunnlag gjennom
eit oreigningsvedtak frå Fylkesmannen, etter plan- og bygningslova kapittel 16.
Oreigningslova gjev elles direkte heimel til å oreigne eigedom til dette offentlege føremålet.
Utgangspunktet for gjennomføring av offentlege tiltak må vere at ein forsøker å kome til
semje med dei involverte partane i saka, slik at kjøp av areal og andre behov vert løyst ved
avtale.
Uttalene til planforslaget nedanfor viser at grunneigar og festar i planområdet har ulike
interesser når det gjeld ynskjer om framtidig arealbruk. Det er difor vanskeleg å kome fram til
eit planforslag som partane i planområdet kan vere einige om.
På bakgrunn av dei motstridande interessene, kan det vere riktig å knyte nokre kommentarar
rundt habiliteten til Eid kommune. Grunneigarane Ketil Nord og Lisbeth Fanøy Nord er begge
tilsett i Eid kommune og må reknast som part i saka. Ingen av desse er med på å legge til rette
grunnlaget for ei avgjersle i saka, slik forvaltningslova (fvl.) § 6 første ledd set forbod mot.
Det finst heller ikkje grunnlag for å hevde at rådmannen, som øvste administrative leiar er
inhabil etter fvl. § 6 andre ledd i denne saka, og rådmannen må etter dette reknast som habil i
saka.
Forslag til detaljreguleringsplan ved offentlege ettersyn
Avgrensinga av planområdet er i all hovudsak i tråd med kommuneplanen sin arealdel, der det
er sett av område til framtidig offentleg og privat tenesteyting, BOP02. Vegløysinga går
gjennom område for næring, BN33, og eit område avsett til landbruk-, natur- og
friluftsområde. Detaljreguleringsplanen er med dette i samsvar med vedteken overordna
arealbruk for Eid kommune.
Varsla planområde går fram av plankartet under:
Side 35
Forslag til detaljreguleringsplan som har vore til offentleg ettersyn går fram av plankartet
under. Det oransje området er regulert til vassforsyningsanlegg. Detaljreguleringsplanen viser
elles vegtilkomsten fram til anlegget. Området som i kommuneplanen sin arealdel er avsett til
næringsføremål inngår ikkje i planen, med unntak av eit mindre lilla område ved innkøyringa
frå hovudvegen.
Side 36
Den delen av detaljreguleringsplanen som ikkje var med ved varsel om oppstart vert teke ut
av plankartet før endeleg vedtak, slik at det er samsvar mellom varsla planområde og
vedteken detaljreguleringsplan.
Innkomne uttaler ved offentlege ettersyn
Føremålet med offentleg ettersyn er å gje offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og
andre høve til å gjere sine synspunkt gjeldande.
I samband med offentleg ettersyn kom det inn fem uttaler til planforslaget. Uttalene ligg i sin
heilskap ved saksutgreiinga, og under er det gitt eit kort samandrag av relevante merknadar til
planforslaget og vurdering av planforslaget opp i mot uttalene.
1. NVE
2. Lisbeth og Ketil Nord
Side 37
3. Norsand AS
4. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
5. Statens vegvesen
1. NVE, 06.05.2016:
Har ingen merknadar til planforslaget.
Kommentar:
Tatt til orientering.
2. Lisbeth og Ketil Nord, 10.05.2016:
Lisbeth og Ketil Nord er grunneigarar i planområdet. Dei støttar val av vegtrase i
planforslaget og ynskjer at:
1. næringsarealet vert utvida til å fylle heile arealet mellom E39 og kommunal veg
2. det vert dispensert for byggegrense mot den nye vegen
3. det vert høve til å etablere jordbruksavkøyrsler frå kommunal veg
4. det vert gjort tiltak for å unngå oppstilling av bubilar på offentleg parkering ved
Hornindalsvatnet.
Kommentar:
Som nemnt innleiingsvis, så er området aust og vest for tilkomstvegen avsett til framtidig
næringsområde, område BN33. Nord ynskjer at eit enno større område vert avsett til
næringsområde og tilbakemeldinga på dette må bli at ei slik utviding må vurderast når
næringsområde skal detaljregulerast. Planen som no ligg føre tek berre stilling til
vegutløysing og plassering av vassverk.
Utfyllande kommentar til byggegrense er gitt under vurderinga, sjå lenger nede i
saksutgreiinga.
Når det gjeld ynskje om jordbruksavkøyrsle, så vert det lagt inn avkøyrslepil i plankartet
mellom o_KV2 og L2 . Det blir med dette høve til å etablere avkøyrsler frå den kommunale
vegen til landbruksområdet. Denne endringa vert følgt opp i planomtalen.
Nord ber vidare om at det ikkje vert opna opp for oppstillingsplass for bubilar, I område o_VF
skal det opparbeidast biloppstillingsplassar i tilknyting til vassforsyningsanlegget, jf. føresegn
2.1 Vassforsyningsanlegg. Bruken av desse vert ikkje regulert av føresegner i plan, men ved
med skilting.
I føresegna som låg ute til offentleg ettersyn vart det gjort ei regulering av bruken. Som nemnt
kan ein ikkje gje denne typer føresegner i planen. Føresegn 2.1 – VF b) vert difor endra til å
berre omfatte reine krav til biloppstillingsplass. Ny føresegn blir då:
«b. Intern biltrafikk, biloppstilling
I tillegg til tilkomst/oppstillingsplass/snu-moglegheit for større køyretøy skal det opparbeidast
minst 2 biloppstillingsplassar.»
Bruken av parkeringsplassen må etter dette regulerast ved skilting.
3. Norsand AS, 10.05.2016:
Norsand er festar av eit mindre areal i planområdet, og dette arealet er avsett til
næringsføremål (lilla område) i samband med vegutløysinga til vassverket. Norsand peikar på
at planforslaget ikkje tek omsyn til bedrifta og framtidig utnytting av næringsområde BN33. I
uttalen har dei lagt ved to illustrasjonar med ulik løysing for vegtrase. Alternativ 1 som er lik
Side 38
planforslaget og alternativ 2 som Norsand også spelte inn ved oppstart av planarbeidet. På
illustrasjonane har dei synleggjort kva dei meiner vil vere konsekvensen av dei ulike
alternativa. Norsand ynskjer at kommunen vel alternativ 2.
Norsand har følgjande merknadar til planforslaget, alternativ 1: Dei peikar på at byggegrensa
som føl av veglova vil føre til at ein i liten grad kan nytte næringsområdet til oppføring av nye
tenlege bygningar. Vidare meiner dei at oppdelinga av området til to tomter ikkje er rasjonelt.
Forslaget til ny vegtrase vil medføre at eksisterande bygning som i dag vert nytta i samband
med drit av masseuttaket, må rivast, dei syner til at det ikkje er gjort greie for dette i
planforslaget.
Norsand meiner at alternativ 2 legg best til rette for framtidig rasjonell og heilskapleg
utnytting av område BN33. Her er vegløysinga lagt lenger aust. Dei peikar på at omsyn til
Norsand som bedrift og til det framtidige næringsområdet BN33 vert betre ivareteke ved val
av denne løysinga.
Kommentar:
Utfyllande kommentar til byggegrense og val av trase for tilkomstveg er gitt under
vurderinga, sjå lenger nede i saksutgreiinga.
4. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 09.05.2016:
Ber om at det går klart fram av planen kvarr utsleppet frå vassverket skal skje og syner elles
til merknad ved oppstart. Fylkesmannen føreset at det ikkje vert opna for tiltak som påverkar
det grunne området i Hornindalsvatnet negativt.
Ved omlegging av bekken er det viktig at det ikkje vert etablert vandringshinder. Dersom
omlegginga av bekken kan føre til massetransport bør tiltaket utførast ved lågast mogeleg
vassføring i perioden juli-september, når det ikkje er rogn eller yngel i grusen.
Fylkesmannen har ingen merknadar knytt til landbruk, beredskap og samfunnstryggleik.
Kommentar:
Vassverket vil vere kopla til det offentlege avlaupsanlegget og vil difor ikkje gje utslepp i
Hornindalsvatnet. Planomtalen vert oppdatert med nærare omtale om dette temaet.
I planomtalen vert det gjort nærare greie for omlegging av bekken, jf. uttale frå fylkesmannen.
Tiltak for å sikre biologisk mangfald ved omlegging av bekken vert følgt opp i føresegnene.
5. Statens vegvesen, 18.05.2016:
Ber om at framtidige trafikktal (dei neste 10 åra) vert vurdert/avklart og at krysset mot E39
vert dimensjonert basert på trafikkmengde, jf. handbok N100.
Kommentar:
I planomtalen vert det lagt til omtale av framtidige trafikktal for den nye kommunale vegen.
Dersom dette utløyser andre dimenasjonar på krysset mot E39, vert dette følgt opp i forslag til
plankart, jf. handbok N100.
Økonomiske konsekvensar:
Vedtak av detaljreguleringsplanen vil ikkje medføre økonomiske konsekvensar for
kommunen. I etterkant av sjølve vedtaket av detaljreguleringsplanen må grunnen kjøpast ut
før utbygging kan skje. Det er løyvd midlar til denne prosessen.
Side 39
Vurdering:
Det ligg ikkje føre motsegn frå offentlege myndigheiter til reguleringsplanforslaget.
Vurderinga av arealbruken i eit område er då som utgangspunkt lagt til kommunen sitt frie
skjønn.
Denne saka gjeld regulering av eit areal til offentleg formål. Området skal regulerast for å
ivareta ålmenta sine interesser i form av tilgang til reint drikkevatn. Formålet med
detaljreguleringa er å regulere eit område til vassverk og vegtilkomst til dette området. I
vurderinga er det difor lagt vekt på kva som legg best til rette for offentleg tenesteyting og kva
som gir ei effektiv gjennomføring av planen i dette området.
Utfyllande vurderingar om val av trase for tilkomstveg
Norsand meiner at planlagd veg gjennom det framtidige næringsområdet vil legge beslag på
for mykje næringsareal og at ein difor må velje forslag nr. 2. Det er riktig som Norsand skriv
at vegen til vassverket er regulert gjennom det framtidige næringsområdet. Ved å velje dette
alternativet så kan ein nytte eksisterande avkøyrsle og ein kan i hovudsak legge vegen der
vegen går i dag. I planomtalen kapittel 3 er det elles gjort nærare greie for vurderinga av
avkøyrsla mot E39.
Norsand peikar vidare på at alternativ 2, med vegtilkomst lenger aust, vil vere ei betre
løysing. Rådmannen ser at ny vegtilkomst lenger aust kan ha fordelar for regulering og
seinare unytting av det framtidige næringsområdet. Men ei slik regulering vil også utløyse ein
del andre problemstillingar.
Dersom ein vel reguleringsalternativ nummer 2 vil dette innebere at eksisterande avkøyrsle,
som mellom anna Norsand i dag nyttar, vil bli sanert. Eid kommune vil då bli ansvarleg for å
opprette ny tilkomst som erstatning for den sanerte tilkomsten og det må opparbeidast ein ny
avkøyrsle i samsvar med Statens vegvesen sine krav.
Dersom ein skal regulere ei ny avkøyrsle må ein regulere også ein større del av
næringsområdet, for å vere trygg på å finne den beste vegutløysinga for det nye
næringsområdet. Føremålet med detaljreguleringsplanen som no ligg føre er å sikre
vegtilkomst til eit offentleg vassverk. Å gå inn på vurderingar om framtidig vegutbygging på
eit privat næringsområde fell utanfor føremålet med denne planprosessen. Nærings-området
må regulerast og byggast ut i privat regi. Det vil med framlagd planforslag gå med ein mindre
del av område BN33 enn om det måtte regulerast ny vegtilkomst frå aust, slik Norsand
ynskjer. Samla sett er rådmannen si vurdering difor at bruk av eksisterande avkøyrsle vil gi
den mest effektive gjennomføringa av planen i dette området og er den mest føremålstenlege
vegløysinga for det offentlege vassverket. På bakgrunn av det ovannemnde vil rådmannen
framleis tilrå at vegløysinga bygger vidare på eksisterande avkøyrsle.
Til slutt peikar Norsand på at vegtraseen i reguleringsplanforslaget går gjennom eksisterande
bygning. Dette inneber at dersom Eid kommune går vidare med dette planforslaget, så vil
bygningen måtte sanerast og kommune vil då bli ansvarleg for å løyse inn bygningen.
Det er riktig at vegen er planlagd over eit eldre lagerbygg, og det ligg i dag ikkje føre
dokumentasjon på kven som eig dette. Vi har eller ingen dokumentasjon i vårt arkiv på at
bygget er oppført. Det knyt seg difor usikkerheit til eigarforholda og lovlegheita av bygget.
Rådmannen ser at det vil vere ei ulempe for Norsand at bygningen som dei i dag nyttar i
samband med drifta, vert riven. Det har difor blitt vurdert om det er mogleg å leggje vegen
rundt bygningen. Dersom vegtraseen vert flytta mot sør ville det medføre ulempe for
framtidig næringsareal, som då vil blitt redusert ytterlegare. Dersom vegtraseen vert flytta mot
nord ville dette kome i konflikt med grunneigar sitt ynskje om å ha eit tenleg
Side 40
landbruksområde til framtidig drift på garden. Dersom vegtraseen vert endra no så vil dette
krevje eit nytt offentleg ettersyn. Kommunestyret som planmynde må vurdere om det er
ynskjeleg å gjere endringar i planforslaget. Rådmannen på si side konstaterer at det er
interessekonflikt mellom partane når det gjeld val av vegtrase, men tilrår, med vekt på
ålmenta sine interesser, å vedta detaljreguleringsplanen med den vegtraseen som ligg føre i
planforslaget.
Utfyllande vurderingar knytt til byggegrense mot vegane
Både Norsand og Nord ber om at det i planforslaget vert lagt inn byggegrense for det
framtidige næringsarealet. I Det er stilt krav om reguleringsplan ved nye tiltak i område
BN33, jf. føresegn 1.3 i kommuneplanen sin arealdel. Ei byggegrense mot dette
næringsarealet i denne reguleringsplanen vil difor ikkje opne opp for bygging før
næringsområdet er detaljregulert.
Når det gjeld byggegrense etter veglova § 29 er dei ikkje gyldige dersom andre byggegrenser
føl av reguleringsplan etter plan- og bygningslova, jf. veglova § 29. I ein detaljreguleringsplan
kan kommunen difor setje andre byggegrense enn det som føl av veglova.
For å få avklart forholda rundt byggegrenser til seinare regulering av næringsarealet, vert det
innarbeidd byggegrenser mellom vegane og næringsarealet før vedtak. Denne byggegrensa
vert lagt til plangrensa. I planomtalen vert det lagt til omtale av byggegrense.
Samla vurdering
Ut ifrå innkomne uttaler til planforslaget kan ein sjå at partane har ulike interesser i området.
Spesielt rundt forholda knytt til val av trase for tilkomstvegen. Det er difor interessekonflikt
mellom planlagt arealbruk og andre interesser i området.
På bakgrunn av vurderinga av uttalene er det tilrådd endringar i planforslaget som låg ute til
offentlege ettersyn. Endringane er gjort for å ta vare på ålmenta sine interesser ved å legge
best mogeleg til rette for offentleg tenesteyting og ei effektiv gjennomføring av planen i dette
området.
Med utgangspunkt i planforslaget som låg ute til offentlege ettersyn, finn rådmannen å kunne
tilrå at detaljreguleringsplanen for Eid vassverk, Norsmona, vert vedteken slik den ligg føre
med følgjande endringar:
Planomtalen:
1. omtale av handtering av utslepp frå vassverket, jf. tidlegare merknad frå fylkesmannen
2. omtale som gjer nærare greie for omlegging av bekken, jf. uttale frå fylkesmannen
3. omtale av framtidige trafikktal for den nye kommunale vegen, jf. uttale frå Statens
vegvesen
4. omtale av byggegrense
5. omtale av avkøyrsler frå kommunal veg til næringsareal og LNF-området
Plankartet:
1. avkøyrslepil mellom o_KV2 og L2
2. eventuell oppdatering av plankart knytt til utløysing av andre dimenasjonar på krysset mot
E39
3. byggegrense vert lagt inn mellom næringsarealet og vegane, i plangrensa
4. vert oppdatert med juridisk linje som syner bebyggelse som forutsettes fjernet, SOSIkode
1215
5. vert oppdatert slik at det er samsvar mellom varsla planområde og vedteken
Side 41
Detaljreguleringsplan
Førsegnene:
1. føresegner som føl opp biologisk mangfald ved omlegging av bekken
2. føresegner som føl opp byggegrensene
3. føresegn 2.1 – VF b) vert endra til
«b. Intern biltrafikk, biloppstilling
I tillegg til tilkomst/oppstillingsplass/snu-moglegheit for større køyretøy skal det
opparbeidast minst 2 biloppstillingsplassar.»
Side 42
Eid kommune
Arkiv:
FE - 024, HIST - 16/897
JournalpostID:
16/20032
Saksbehandlar:
Åslaug Krogsæter
Vedtaksdato:
29.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
125/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Regionsreforma 2016
Bakgrunn for saka:
I juni 2015 ba Stortinget om ei melding om nye oppgåver til større regionar. Stortinget
framheva større regionar som ein føresetnad for forsterka rolle og nye oppgåver.
I Stortinget si handsaming av Meld. St. 22 (2015-16) «Nye folkevalde regionar – rolle,
struktur og oppgåver» 08.06.2016 vart det framheva at det framover vil vere viktig at
kommunane engasjerer seg, og deltek, i prosessen med regionreforma.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Orienteringa om staus og vidare prosess for regionsreforma vert teken til vitande.
KS- 125/16 Vedtak:
Orienteringa om staus og vidare prosess for regionsreforma vert teken til vitande.
Saksopplysningar:
Regjeringa ønskjer seg større regionar innan 2020, og Sogn og Fjordane fylkeskommune
drøftar i haust samanslåing med to av vestlandsfylka. Sogn og Fjordane, Hordaland og
Side 43
Rogaland møttes til forhandlingsmøte 18.-19. august.
11. august var det orienteringsmøte om regionreforma med regionråda i Nordfjord, Sunnfjord,
HAFS og Sogn ved fylkesordførar Jenny Følling. Formålet med møtet var å informere om
prosessen så langt, og vidare drøfte korleis involvere kommunane og få innspel frå
regionråda.
Nordfjordrådet og Sunnmøre Regionråd skal ha ein workshop om Regionreforma 7.
september der formålet er å gi ei systematisk tilbakemelding til fylkeskommunene frå
medlemmane i dei aktuelle regionråda.
Formålet med denne saka er å informere om status for regionreformen, drøfte og få innspel frå
Eid kommunestyre til den vidare prosessen med Regionreformen.
Side 44
Eid kommune
Arkiv:
FE - 033
JournalpostID:
16/20265
Saksbehandlar:
Vedtaksdato:
Janne Endal
Andersson
01.09.2016
Saksframlegg
Saksnr.
126/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Bankgaranti Sagastad
Fellesframlegg:
Kommunestyret syner til oversendt møtebok frå Eid Industrihus KF om bankavtaler knytt til
leigeavtale for Sagastad. Kommunestyret delegerer godkjenningsmynde i saka til Formannskapet.
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
Alfred Bjørlo (V) ba om vurdering av habilitet i handsaming av saka grunna rolla som styremedlem i
Sagastad. Han vart kjend inhabil og gjekk frå vidare handsaming av saka. Det var ingen vara i den
vidare handsaminga i saka.
Det vart røysta over fellesframlegget som vart samrøystes vedteke.
KS- 126/16 Vedtak:
Kommunestyret syner til oversendt møtebok frå Eid Industrihus KF om bankavtaler knytt til
leigeavtale for Sagastad. Kommunestyret delegerer godkjenningsmynde i saka til Formannskapet.
Kommunestyret vetok i sak 115/16 å handsame bankavtaler knytt til leigeavtale for Sagastad i ei eiga
Side 45
sak på slutten av møtet.
Side 46
Eid kommune
Arkiv:
FE - 080
JournalpostID:
16/20126
Saksbehandlar:
Tore Nyhammer-Taklo
Vedtaksdato:
31.08.2016
Saksframlegg
Saksnr.
127/16
Utval
Kommunestyret
Møtedato
01.09.2016
Grunngjeve spørsmål til ordføraren: Fossevegen/Skulevegen
Bakgrunn for saka:
Kommunestyremedlem Arve Dahl (V) har kome med grunngjeve spørsmål til ordføraren.
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Kommunestyret 01.09.2016:
Handsaming:
KS- 127/16 Vedtak:
Spørsmålet og svaret vert teke til vitande.
Saksopplysningar:
E-post frå Arve Dahl (V): Grunngjeve spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo vedkomande
Fossevegen/Skulevegen.
Eg viser til ks-sak 191/15 om grunngjeve spørsmål til ordføraren om trafikktilhøva ved
Fossevegen/Skulevegen. I saka vart det gjort følgjande vedtak:
Side 47
1. Hastetiltak som kan gjennomførast utan løyvingar vert iverksette snarast råd.
2. Eiga sak om finansiering av permanente tiltak for å betre trakfikktryggleiken vert lagt fram for
politisk handsaming på nyåret 2016.
Sak om finansiering var oppe i Eid kommunestyre 28.april 2016, ks-sak 052/16, som vedtok følgjande:
Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast
ved lånopptak.
Eg ynskjer i komande kommunestyremøte å spørje ordførar om status i denne saka.
Med helsing
Arve
Side 48