Fylkesmannens vedtak

Lom kommune
Midtgard
2686 LOM
Dykkar referanse
Vår referanse
Sakshandsamar
Avdeling
2016/1931468
2016/2513-7 552.1 MRU
Mette Rundsveen, tlf. 61 26 60 42
Samordnings- og beredskapsstaben
Dato
30.08.2016
Svar på søknad om godkjenning av Fossbergom i Lom kommune som typisk
turiststad på heilårsbasis
Konklusjon
Fylkesmannen avslår søknaden om godkjenning av Fossbergom som typisk turiststad heile året.
Bakgrunn for saka
Fylkesmannen viser til søknad motteke her den 04. april 2016. Lom kommune vedtok den 22. mars
2016 å søke Fylkesmannen om godkjenning av Fossbergom som typisk turiststad på heilårsbasis, jf.
lov om helligdager og helligdagsfred av 24. feberuar 1995 nr. 12 (helligdagsfredloven) § 5 sjette ledd.
Formannskapet i Lom kommune fatta følgjande vedtak:
«Lom kommune søkjer med heimel i Lov om helligdager og helligdagsfred § 5 om å få godkjent
Fossbergom som typisk turiststad på heilårsbasis.
Næringslivet på Fossbergom stiller seg bak dette.
Fossbergom oppfyller kriteria for ordninga, basert på følgjande:
-
Talet på faste innbyggjarar (omkring 2300) er låg sett opp mot talet på besøkjande i løpet av
året (174 000 gjestedøgn i 2015, i tillegg til dagstrafikk). Sjølve Fossbergom har berre 800
innbyggjarar.
Dei næringsdrivande er avhengige av turistsesongane, da kundegrunnlaget er for lite til at dei
kan overleve av sal til fastbuande.
Lom har eit «merkenamn» som turiststad, på lik linje som t.d. Beitostølen, Oppdal og Røros.
Alle desse har status som turiststad på heilårsbasis.
I seinare tid har det vore ei større satsing på vinter og vår, i tillegg til auka etterspørsel på
hausten. Dette betyr at ein i større grad kan klare å utnytte sesongane for å oppretthalde og
utvikle dagens tilbod, i tillegg til å skape heilårsarbeidsplassar.
Samrøystes.»
Fossbergom har per i dag status som typisk turiststad i perioden 15. mai – 15. september fastsett i
forskrift av 30. juni 1999.
Besøksadresse: Gudbrandsdalsvegen 186, 2619 Lillehammer Postadresse: Postboks 987, 2604 Lillehammer
Telefon: 61 26 60 00 Telefaks: 61 26 61 67 E-post: [email protected] Org.nr: 970 350 934
www.fylkesmannen.no/oppland
Søknaden har vært på høyring hos Handel og kontor Region Indre Østland, Arbeidstilsynet Indre
Østland, NHO Innlandet, Lom lensmannskontor og Lom kommune. Det har berre kommi høyringssvar
frå Handel og kontor Indre Østland, og dei meiner at søknaden ikkje kan tas til følgje. Dei viser
mellom anna til at det ikkje er dokumentert at salet i dei aktuelle periodane hovudsakleg skjer til
turistar. Vidare er det nemnd at butikkane ikkje nytta seg av moglegheita dei allereie i dag har til å
halde ope, mellom anna i pinsen og etterfølgjande helg førre år, og at dette tyder på at behovet for å
halde ope ikkje er til stades.
Fylkesmannen ser slik på saka
Fylkesmannen har mynde til å fastsette i forskrift at eit område skal reknast som typisk turiststad.
Dette følgjer av helligdagsfredloven § 5 sjette ledd som lyder som følgjer:
«Fylkesmannen kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes
som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan
bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister.»
I forarbeida til føresegna, Ot.prp. nr. 11 (2002-2003) side 8, står følgjande om korleis føresegna skal
praktiserast:
«Med typiske turiststader er i første rekkje meint mindre stader der salet i periodar hovudsakleg skjer
til turistar. Det er her tenkt på stader der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på
tilreisande/besøkjande i løpet av året, eksempelvis stader som Beitostølen, Geiranger, Geilo og
Lyngør. Ein typisk turiststad treng ikkje omfatte heile kommunen. Ein typisk turiststad er dessutan
kjenneteikna ved at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongane, da kundegrunnlaget
er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande. Også utsalsstader i mange byar og på større
stader kan oppleve omsetningsauke i turistsesongen, men denne auken kan neppe seiast å vere så
vesentleg at han kan danne grunngivinga for å gi løyve til søn- og helgedagsope.
Det er vidare eit vilkår at salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar, jf. § 5 sjette ledd. Kor lang
denne perioden må vere, og kor stor del av omsetninga som må skje til turistar i denne perioden, må
avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.»
Kommunen har i søknaden vist til at det er reiseliv- og handelsstanden i Lom som ynskjer at
gjeldande tidsavgrensing skal burt, slik at Fossbergom får status som typisk turiststad på heilårsbasis.
Utover dei grunnane som kjem fram i sjølve vedtaket, har kommunen uttalt at det vil vere med å
styrke satsinga på Fossbergom som turiststad også utanom høgsesongen, dersom det blir mogleg å
halde søndagsope. Vidare er det opplyst at det er overnattingar i Fossbergom og på vinterstid, men
at dei ikkje kjem fram på hotellstatistikken, når det er berre eit eller to hotell som er ope. Det er
opplyst at det er tre overnattingsplassar i Fossbergom, men at berre to av dei har ope stort sett på
heilårsbasis.
Fylkesmannen har vurdert søknaden opp i mot vilkåra i lova. Det følgjer av forarbeida til
helligdagsfredloven at hovudformålet med lova er å verne om den alminnelige fred på heilagdagar.
Lova sett som vilkår for å få status som typisk turiststad at «salget i de aktuelle periodene
hovedsakelig skjer til turister». Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er sannsynleggjort at dette er tilfelle
i Fossbergom haust, vinter og vår. I søknaden er det vist til at talet på faste innbyggjarar er lågt sett
opp i mot talet på besøkande i løpet av året. Vi ser at dette er eit moment som talar for å gje status
som typisk turiststad, men det seiest ikkje noko om når turistane besøkjer Fossbergom eller om det
er slik at salet hovudsakeleg skjer til turistar året rundt. På bakgrunn av andre opplysningar i
søknaden om at fleire overnattingsstadar er vinterstengt og at det er langt færre overnattingar på
vinterstid, legg Fylkesmannen til grunn at det ikkje er sannsynleggjort at salet hovudsakelag skjer til
turistar utover sommarsesongen. Vi syner i den samanheng og til Handel og kontor si uttale, der dei
nemner at Fossbergom ikkje nytta moglegheita til å halde ope etter gjeldande forskrift i pinsen eller
2
helga etter førre året, og at fleire butikkar/hotell/overnattingsstader held vinterstengt eller har
redusert opningstid. Fylkesmannen ser ikkje at det at det er ein jamn straum med folk som køyrer
gjennom Lom året rundt, er et argument for å få status som typisk turiststad. Det er forståeleg at
kommunen ønskjer å leggje til rette for næringsutvikling og ønskjer å utvide turistsesongen, men
Fylkesmannen kan ikkje sjå at vilkåra for å vere typisk turiststed per i dag er oppfylt. Kommunen
samanliknar Fossbergom med til dømes Beitostølen, Oppdal og Røros, som har status som typisk
turiststad på heilårsbasis. Felles for alle desse stadane er at dei har høgsesong om vinteren, i
motsetnad til Fossbergom. Sjølv om Lom har eit merkenamn som turistdestinasjon, er ikkje dette
tilstrekkeleg til å utgjere ein typisk turiststad etter helligdagsfredloven. Fylkesmannen har etter ei
konkret og samla vurdering kome fram til at Fossbergom i Lom kommune ikkje oppfyller vilkåra for å
få status som typisk turiststad heile året etter helligdagsfredloven § 5 andre ledd nr. 4 jf. sjette ledd.
Fylkesmannen vil avslutningsvis nemne at vi ikkje har vurdert utviding av perioden med godkjenning
som typisk turiststad på vår eller haust, det er heile året som er vurdert, jf. søknaden. Dersom
kommunen meiner at det er grunnlag for utviding, må det sannsynleggjerast at vilkåra er oppfylt for
dei aktuelle tidsromma. Det har ikkje vore mogleg for Fylkesmannen å ta stilling til dette alternativet
på bakgrunn av opplysningane i søknaden.
Fylkesmannen vil og informere om at det er mogleg å søke Fylkesmannen om dispensasjon frå
forbodet mot søndagsopne butikkar, mellom anna ved større hendingar, jf. helligdagsfredloven § 5
sjuande ledd. I forarbeida, Ot.prp. nr. 11 (2002-2003) side 10, er følgjande sagt om føresegna:
«Større hendingar, som idrettsmeisterskap, jubileum, stemne, marknader og liknande, og som
vedkjem heile eller store delar av ein kommune eller eit distrikt, vil kunne danne grunnlag for
dispensasjon. Det same gjeld periodisk tilbakevendande hendingar, som anløp av turistskip og årlege
fiskeri, og som har stor næringsmessig betydning for ein kommune eller eit distrikt.» Spørsmålet om
det skal gis dispensasjon må underlegges en helhetsvurdering, der alle aktuelle interesser er
relevante.»
Ein slik dispensasjon vil vere tidsavgrensa.
Vedtak
Fylkesmannen avslår søknaden frå Lom kommunen om å godkjenne Fossbergom som typisk
turiststad heile året da vilkåra i loven ikkje vurderast å vere oppfylt, jf. helligdagsfredloven § 5
andre ledd nr. 4 jf. sjette ledd.
Avgjerda er ikkje eit enkeltvedtak og kan ikkje klagast på.
Med helsing
Sigurd Tremoen
Asbjørn Lund
stabssjef
Etter våre rutinar er dette brevet godkjent og sendt utan underskrift.
3
4