MULTEK-utvalet

GLOPPEN KOMMUNE
MULTEK-UTVALET
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
15.09.2016
Eidsmona
Kl. 09:00
Merk deg møtestaden!
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på
tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på
heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene
på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i
møtesekretariatet.
Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si
heimeside: gloppen.kommune.no
Gloppen kommune
8. september 2016
Arnar Kvernevik
utvalsleiar
Kjell Petter Solhaug/Jan-Kjetil Øygard
teknisk sjef/kultur- og utviklingssjef
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
097/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
098/16
Referat og orienteringssaker
099/16
Kommunal planstrategi 2016-2020 - sluttbehandling
100/16
Høyring om endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova
101/16
Klage på reguleringsplan for Straumsholmen
102/16
Dispensasjon frå reguleringsplan - kombinert bustad og næring
103/16
Ombygging av skulebygg til bustadar Søreide - dispensasjon frå
arealformålet i reguleringsplan
104/16
Bustadfelt på Nordstranda - vidare framdrift
105/16
Kunstgrasbane på Reed - utviding av lånegarantitid - ny behandling
106/16
Klatrepark ved Breim skule - forskottering av spelemidlar
107/16
Revisjon av reglementa for hovudutvala og formannskapet m.m.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
SAKSGANG
Møtedato
15.09.2016
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
097/16
Arkivsaknr.:
16/1079-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møteboka frå MULTEK-utvalet sitt møte den 9. juni i år blir lagt fram til godkjenning.
Samstundes ber leiaren i utvalet om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.
LEIAREN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 9. juni 2016
2. MULTEK-utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 15. september 2016.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
SAKSGANG
Møtedato
15.09.2016
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug
Referat og orienteringssaker
Refererte skriv og meldingar:
Det er så langt ingen referatsaker.
Orienteringssaker:
Teknisk sjef
• Om planarbeidet med ny brannstasjon.
Kultur- og utviklingssjefen
• Om prosjekt «Dagsturhytte».
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet tar saka til orientering.
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
098/16
Arkivsaknr.:
16/1078
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Eldrerådet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Helse- og omsorgsutvalet
Oppvekstutvalet
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Beate O. Kornberg
Møtedato
12.09.2016
12.09.2016
14.09.2016
14.09.2016
15.09.2016
19.09.2016
26.09.2016
Objekt:
Arkiv: 140
Saksnr
023/16
023/16
028/16
030/16
099/16
Arkivsaknr.:
15/1151-23
Kommunal planstrategi 2016-2020 - sluttbehandling
Vedlegg:
Dok.nr
278625
Tittel på vedlegg
Planstrategi 2016 - 2020 Gloppen kommune - Høyringsutkast 20 juni 2016
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Plan og bygningslova §10-1: «Kommunestyret skal minst éin gang i kvar valperiode,
og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal
planstrategi. Planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val
knytt til samfunnsutvikling, her under langsiktig arealbruk, miljø utfordringar,
sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.
Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkt frå
statlege og regionale organ og nabokommunar. Kommunen bør også legge opp til
brei medverknad og allmenn debatt som grunnlag for behandlinga. Forslag til vedtak
i kommunestyret skal gjerast offentleg minst 30 dagar før kommunestyret si
behandling.
Ved behandlinga skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan
eller delar av denne skal reviderast, eller om planen skal vidareførast utan endringar.
Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å setje i gang arbeid
med nye arealplanar i valperioden, eller om gjeldande planar bør reviderast eller
opphevast.
Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slåast saman med og
vere del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11»
Folkehelseloven § 5: «Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i
befolkninga og de positive og negative faktorar som kan virke inn på denne».
§ 6: «Oversikten etter § 5 andre ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med
kommunen sin planstrategi. Ei drøfting av kommunen sine folkehelseutfordringer bør
inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Saksutgreiing:
Kommunal planstrategi er eit relativt nytt verkty i den nye plan og bygningslova
(2008). Planstrategien er først og fremst meint å vere eit sterkare styringsreiskap for
politikarane, med vekt på dei satsingane dei ønskjer å prioritere. Det er viktig å merke
seg at planstrategien skal leggast til grunn for alt vidare planarbeid i perioden, som
kommuneplan (både samfunnsdel og arealdel), delplanar, temaplanar, sektorplanar og
sist men ikkje minst økonomiplan.
Formålet er å drøfte kommunen sitt utviklingspotensial både som samfunn og
organisasjon, klargjere kva for planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre
i komande 4-års periode, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen.
Planstrategien erstattar kravet som låg i den gamle plan- og bygningslova om rullering
av kommuneplanen, og har fokus på at planlegginga skal vere behovsstyrt og ikkje
gjerast meir omfattande enn naudsynt.
I følgje miljødepartementet sin rettleiar, er planstrategien også eit egna verkty for å
vurdere kommunen sitt plansystem, planressursar og samla planbehov i
kommunestyreperioden.
Folkehelselova som kom i 2012 legg og klare føringar for eit tverretatleg
oversiktsarbeid rundt faktorar som påverkar befolkninga si helsetilstand, og at denne
oversikta skal inngå som grunnlag for kommunen sitt arbeid med planstrategien. Dette
bidrog til at rådmannen hausten 2015 etablerte ei tverr-sektoriell fokusgruppe, som på
vegne av sektorane har bidrege sterkt i utarbeiding av det vi har kalla
«Utfordringsdokument 2015». Fokusgruppa er i ferd med å ferdigstille dette
dokumentet, som vil bli lagt fram politisk i løpet av februar 2016.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen direkte økonomiske konsekvensar.
Rådmannen si vurdering:
Lova legg i liten grad føringar for korleis planstrategiprosessen skal gjennomførast,
utover at det i lovteksten står at kommunestyret skal bidra både i å utarbeide og vedta
planstrategien. Nokre kommunar har likevel vald å køyrt reine administrative
prosessar for utarbeiding, men sjølvsagt med politisk vedtak. I andre kommunar er
politikarane sterkare involvert i sjølve utarbeidinga og drøftingane av ønska utvikling
og viktige prioriteringar for å oppnå denne. Det sistnemnde løysinga vert i KS sitt
inspirasjonshefte nemnt som ein suksessfaktor for at politikarane i større grad får eit
sterkare eigarskap til planstrategien. Vidare anbefaler KS å ikkje køyre ein brei
medverknadsprosess ut imot innbyggarane i denne fasen, dersom den ikkje vert del av
oppstarten av ein større kommuneplanprosess.
Då kommunen i 2012 starta arbeidet med utarbeiding av kommunen sin første
planstrategi, hadde kommunen ingen erfaring med korleis ein best kunne gjennomføre
ein slik prosess, i tillegg til særs avgrensa ressursar til arbeidet. Utarbeiding vart difor
hovudsakleg utarbeida administrativt, med minimal medverknad frå politikarar og
sektor- og einingsleiarar, sjølv om det vart gjort forsøk på dette. Planstrategien vart
først vedteken juni 2014, og har difor i liten grad vert tydeleg førande for kva planar
som skulle prioriterast i perioden.
Rådmannen meiner difor at det i starten på inneverande periode er viktig å køyre ein
prosess som i større grad gir eigarskap til planstrategien, og ønskjer difor å
gjennomføre ein «planstrategiverkstad» der både administrative leiarar og politikarar
får høve til å delta aktivt. Leiarane si oppgåve vert å bidra med si kompetanse inn imot
ei ønskja utvikling av kommunen, mens politikarane si oppgåve vert å ivareta det
folkelege engasjementet for kva slags planer ein bør utarbeide/revidere i valperioden.
I forkant av denne «verkstaden» er det, slik rådmannen vurderer det, viktig at
utfordringsdokument og planstrategi vert sett på agendaen i leiargruppene og utvala,
der ein drøftar ønskja utvikling for kommunen som samfunn og tenesteleverandør,
men og utifrå sektorane og dei politiske utvala sine ansvarsområde. Rådmannen har
difor forslag til ein framdriftsplan slik vedlegget til saksdokumentet beskriv.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Gloppen kommunestyre vedtek oppstart av arbeid med planstrategi i samsvar med
plan- og bygningslova § 10-1.
Kommunestyret slutter seg til arbeidsopplegg og framdriftsplan som er skissert i
saksutgreiinga og vedlegget i saka.
25.01.2016 FORMANNSKAPET
007/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
22.02.2016 KOMMUNESTYRET
005/16 VEDTAK:
Gloppen kommunestyre vedtek oppstart av arbeid med planstrategi i samsvar med
plan- og bygningslova § 10-1.
Kommunestyret slutter seg til arbeidsopplegg og framdriftsplan som er skissert i
saksutgreiinga og vedlegget i saka.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling:
I tråd med vedtaket i kommunestyret 22.02.2016, vart det 25. april i år gjennomført
ein planstrategiverkstad i forkant av utarbeiding av «Planstrategi for Gloppen
kommune 2016 – 2020». Hensikta var å kome fram til ei ønskja retning for
kommunen si samfunnsutvikling og skape eigarskap til kommunen sin planstrategi og
planar gjennom drøftingar på tvers av administrasjon og politikk.
Planstrategiverkstaden involverte heile kommunestyret, rådmann, sektorleiarar og
einingsleiarar, som vart sette saman i 10 grupper på tvers av sektorar, utval og parti.
Deltakarane fekk i forkant tilsendt eit diskusjonsnotat med ei oppsummering av
viktige dokument som skal ligge til grunn for drøftingane. Diskusjonsnotatet tok
utgangspunkt i nasjonale føringar, regional planstrategi, gjeldande kommuneplan 2008
- 2020/ planstrategi 2012 – 2016 og «Utfordringsdokument 2015». I verkstaden vart
det jobba med å skape ei felles forståing av kva som er kommunen sine største
utfordringar. Dei 5 viktigaste satsingsområda vart valde ut og kva for
samfunnsutvikling kommunen ønskjer i tida framover, vart omtala (målbilete).
Oppsummeringa av utfordringane, satsingsområde og målbilete frå
planstrategiverkstaden utgjer grunnlaget for rådmannen v/kommunalt planforum* sitt
arbeid med satsingsområde i planstrategien, og forslag til planar for
kommunestyreperioden. Vi har òg sett særskilt på om planstrategien svarer på
nasjonale og regionale føringar. Kommunalt planforum har i etterkant utarbeida
forslag til strategiar for å nå måla.
* Kommunalt planforum er ei administrativ arbeidsgruppe som er sett saman
av dei vitigaste planleggarane i administrasjonen.
Planoversikta i slutten av planstrategidokumentet inneheld både planar som er under
utarbeiding og ikkje er vedteke så langt, og forslag til nye planar.
Forslaget til planoversikt i slutten av planstrategidokumentet er ikkje endeleg og
ferdig fordi rådmannen ikkje ønskjer å legge for sterke føringar på politikarane sine
val. Når det gjeld vurdering av nye planbehov, må det leggast vekt på at dei står i
samanheng med satsingsområda som er valt for perioden.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen har ved fleire høve gjort dei folkevalde merksame på at kommunen ikkje
har stor planleggings- og utgreiingskapasitet. Når rådmannen i planstrategien legg opp
til å revidere kommuneplanen i 2017 og 2018, vil mykje av kapasiteten på overordna
planlegging vere disponert. Rådmannen ber derfor om måtehald i ønskja om
utarbeiding av planar dei to første åra.
Det er svært viktig å få gjort ferdig bustadpolitisk handsplan. Denne vil vere
retningsgjevande for fleire område og eit viktig verkemiddel for å nå målet om
Gloppen som tilflyttingskommune nr 1 i Nordfjord.
--Etter tidlegare vedteken framdriftsplan er høyringsperioden for utkastet til planstrategi
4. august til 4. september i år.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til kommunal planstrategi for perioden
2016-2020 ut til gjennomsyn med høyringsfrist 4. september 2016.
20.06.2016 FORMANNSKAPET
Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (KrF):
Samtidig med at den kommunale planstrategien vert lagt ut til gjennomsyn, ber
formannskapet rådmannen legge fram ei vurdering på planleggingskapasiteten
i kommunen.
Framlegget vart vedteke mot to røyster.
Framlegg frå Bernt Reed (Sp):
Barnehage- og skulebruksplanen skal vere klar i løpet av hausten 2017, med
oppstart vinteren 2016/2017. Planperioden skal vere 2017-2035.
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Framlegg frå Hege Lothe (SV) og Bjarte Gangeskar (V):
Integrering skal inn som tema i alle planane, og det blir ikkje laga ein eigen
plan for dette.
Framlegget vart samrøystes vedteke.
090/16 VEDTAK:
1. Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til kommunal planstrategi for
perioden 2016-2020 ut til gjennomsyn med høyringsfrist 4. september 2016 med
desse tillegga/endringane:
− Barnehage- og skulebruksplanen skal vere klar i løpet av hausten 2017, med
oppstart vinteren 2016/2017. Planperioden skal vere 2017-2035
− Integrering skal inn som tema i alle planane, og det blir ikkje laga ein eigen
plan for dette
− Beredskapsplanen skal reviderast i løpet av 2016.
2. Samtidig med at den kommunale planstrategien vert lagt ut til gjennomsyn, ber
formannskapet rådmannen legge fram ei vurdering på planleggingskapasiteten i
kommunen.
Pkt 1 vart samrøystes vedteke. Pkt 2 vart vedteke mot to røyster.
Sluttbehandling:
Kommunen sin planstrategi for 2016 – 2019 vart lagt ut på høyring 22. juli, med høyringsfrist
4. september. Det har innan fristen ikkje kome inn nokon innspel til planstrategien, men i
samband med varsling av oppstart av arbeidet med kommunen sin planstrategi, kom det inn to
høyringsinnspel. Eitt frå Fylkesmannen og eitt frå Søreide fjellsameige.
Saksutgreiing:
Hovudtrekk i Fylkesmannen si høyringsuttale:
Dei fleste momenta i Fylkesmannen si uttale er teken omsyn til i utarbeidinga av kommunen
sin planstrategi. I tillegg er følgjande påpeika:
• Vi ser det som viktig at dei viktigaste miljøutfordringane i kommunen vert
konkretiserte.
• Kommunen har ei sentral rolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og tilpasse
lokalsamfunnet til eit klima i endring. Arealpolitikken skal legge til rette for reduserte
utslepp av klimagassar. Dette bør reflekterast i planstrategien.
• Det er ei viktig oppgåve i planlegginga å ta vare på god matjord, samtidig som ein
balanserer jordvernet mot behovet til storsamfunnet. Det er eit nasjonalt mål å legge
til rette for auka verdiskaping knytt til jord- og skogressursane, mellom anna gjennom
satsing på grønt reiseliv, lokal matproduksjon og utnytting av bioenergi.
Hovudmoment i Søreide Fjellsameige si høyringsuttale:
Søreide Fjellsameige minner om kva fylkesmannen i Hordaland seier når det gjeld bilveg til
støylsområda i Gloppen kommune i høve ei ankesak: ”Bilveg til stølsområde må vurderast
ved neste rullering av kommuneplanen”.
• Søreide Fjellsameige vonar kommunen no kan få omdefinert støylsområda til område
for fritidsføremål. Alle støylane i kommunen vert no i hovudsak nytta til rekreasjon.
Rekreasjon og naturopplevingar der veg er ein føresetnad for at rørslehemma også
skal kunne få delta ( eldre, sjuke og andre som ikkje kjem seg fram i noko ulent
terreng). Derfor må det kunne leggjast til rette for veg for dei som ynskjer veg. For dei
som endå driv med landbruk har veg store fordeler med tilsyn og stell av buskap i
tillegg til uttak av skog/ved.
• Det ligg inne på kommune si heimeide linkar med referansar til utleige av stølshus. Å
kunne utnytte ressursane som ligg i stølsområde i endå større grad, ved for eksempel å
tilby utleige og naturopplevingar, er ikkje berre vere positivt for kommunen, men kan
også gje ei kjærkomen inntekt til dei som skal forvalte landskap og naturverdiar. Skal
ein drive med utleige er det ein føresetnad at det eksisterer hensiktsmessig tilkomst for
både leigetakarane og dei som skal sjå etter hytte/område.
Rådmannen si vurdering:
Planstrategien legg som kjent opp til ei revidering av kommuneplan, både samfunnsdel og
arealdel i inneverande planperiode. Rådmannen ser det som særs viktig at kommunen sitt
arbeid med kommunedelplanar som skal utarbeidast i same tidsperiode, vert koordinert og sett
i samanheng med kommuneplanprosessen. Dette gjeld særskilt bustadpolitisk handlingsplan,
barnehage- og skulebruksplan og områdeplan for Sandane sentrum. Denne vil vere
retningsgjevande for fleire område og eit viktig verkemiddel for å nå målet om Gloppen som
tilflyttingskommune nr 1 i Nordfjord.
Til pkt 2 i formannskapet sitt vedtak i sak 90/16:
Samtidig med at den kommunale planstrategien vert lagt ut til gjennomsyn, ber
formannskapet rådmannen legge fram ei vurdering på planleggingskapasiteten i
kommunen
Rådmannen har ved fleire høve – seinast i presentasjonen av «0-alternativet» i arbeidet med
kommunereforma – påpeika at vi har for liten kapasitet på rådgjeving- og utgreiingsarbeid.
Dette fører til at både rådmannen sjølv, og særleg sektorleiarane for dei store sektorane
(oppvekst og helse og omsorg) i alt for stor grad brukar tida si på driftsoppgåver og rein
administrasjon. Driftsoppgåvene til kommunen har auka mykje dei siste 5-10 åra, og
samstundes med dette har vi bygd ned administrasjonen når det gjeld utgreiingskapasitet og kompetanse. Dette lir sjølvsagt også planarbeidet under.
Rådmannen meiner at vi på relativt kort sikt må få på plass 2-3 rådgjevar- og
saksbehandlarstillingar i administrasjonen viss vi skal handtere dei utviklingsoppgåvene vi ser
føre oss, og som de folkevalde er opptekne av. Noko av denne kapasiteten kan kanskje
skaffast ved anna organisering og stillingsendringar, men neppe alt.
Rådmannen vil i sitt framlegg til 2017-budsjett prøve å kome med konkrete tiltak. Det er
sjølvsagt ikkje noko å legge skjul på at brannen i heradshuset ikkje har vore til hjelp…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret vedtek formannskapet sitt forslag til kommunal planstrategi 2016 – 2020 for
Gloppen kommune slik dette følgjer av f-sak 90/16.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Trine Alme
Møtedato
15.09.2016
26.09.2016
Objekt:
Arkiv: V60
Saksnr
100/16
Arkivsaknr.:
14/1677-8
Høyring om endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova
Vedlegg:
Dok.nr
277468
Tittel på vedlegg
Høyringsnotat
Bakgrunn for saka:
Landbruks- og matdepartementet har sendt framlegg om endring av konsesjonslova, jordlova
og odelslova på høyring. Høyringsfrist 26. september 2015.
Saksutgreiing:
16. februar i år behandla Stortinget innstilling frå Næringskomiteen som gjaldt regjeringa sitt
lovframlegg om endringar i konsesjonslova og tvangsfullbyrdingslova (oppheving av
priskontroll).
Stortinget vedtok å sende lovforslaget tilbake til regjeringa. Stortinget bad samtidig regjeringa
om å greie ut og legge fram for Stortinget ei rekke ulike framlegg til endringar i konsesjonslova, odelslova og jordlova.
Det er føreslege endringar som vil føre til at fleire eigedomar enn i dag kan omsetjast utan
vurdering av konsesjon, pris og buplikt.
Grunngjevinga for endringsframlegget er ynskje om å forenkle regelverket, redusere
byråkratiet og gi den einskilde bonde større råderett over eigen eigedom.
Dei viktigaste endringsforslaga er:
1) Arealgrensa for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord hevast frå 25 dekar fulldyrka
og overflatedyrka jord til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
2) Det vert innført heimel for forskrift i konsesjonslova om beløpsgrense for priskontroll.
Med lovfesta arealgrenser.
3) Priskontrollen vert oppheva på reine skogeigedomar.
4) For eigedomar som er bygt på med både jord og skog, skal det berre vere priskontroll
dersom eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.
Arealgrensa på 500 dekar skog vert fjerna.
5) Unnatak frå pliktene til å søkje delingssamtykke etter jordlova og å søkje konsesjon
dersom ervervet gjeld jord eller skog som skal leggjast til ein annan landbrukseigedom
for å styrke drifta av han. Høve til å halda att tun med tomt på inntil fem dekar til
bustad eller fritidsføremål.
6) Unnatak frå plikta til å søkje delingssamtykke etter jordlova dersom ervervet gjeld
tomt til bustadhus, fritidshus eller naust der tomta er under to dekar.
7) Ei rekke vilkår for å oppfylle driveplikta ved bortleige opphevast, mellom anna krav
om at leigeavtala må vare i minst 10 år, krav om at leigejord skal vere tilleggsjord til
annan landbrukseigedom og at avtala skal føre til driftsmessig gode løysingar.
8) Endeleg vedtak om tilbakebetaling av tilskot blir tvangsgrunnlag for utlegg.
Etter framlegg frå departementet skal priskontrollen heimlast i forskrift og ikkje i rundskriv. I
2004 blei det i retningsliner fastsett ei nedre grense for når det skulle gjerast priskontroll ved
overtaking av landbrukseigedom med bustad. I starten vart det sett ei grense på kr 750 000,-.
Summen vart endra til 1,5 mill. kroner i 2010. I 2012 blei summen fastsett til 2,5 mill. kroner,
og i februar 2016 til 3,5 mill. kroner.
Endringsframlegget gjeld ikkje plan- og bygningslova. Delingssøknader skal framleis
vurderast etter plan- og bygningslova.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Truleg ingen.
Rådmannen si vurdering:
Jord- og konsesjonslova har vore og er gode reiskap som byggjer opp under
samfunnspolitiske mål. Lovene er med på å sikre at det stort sett er næringsutøvarane i
landbruket som eig areala. Det har og vore mogleg å skaffe seg eit gardsbruk til ein pris som
står i høve til verdien av driftsgrunnlaget på eigedomen. I noverande lovverk er det lagt vekt
på følgjande mål; omsynet til framtidige generasjonar, landbruksnæringa, trongen for
utbyggingsgrunn, omsynet til miljøet, ålmenne naturverninteresser og friluftsinteresser, samt
omsynet til busettinga.
Den offentlege reguleringa kva gjeld omsetting og deling av landbrukseigedomar, er med på å
ta vare på kulturlandskapet og driftstilhøva på den einskilde eigedomen. Det ville truleg vore
gjennomført fleire delingar i samband med t.d. generasjonsskifte dersom denne reguleringa
ikkje hadde vore der. Ei meir ukritisk oppdeling av arealet med tilhøyrande tilrettelegging av
infrastruktur, ville truleg ført til driftsulemper, nedbygging og utvatning av eksisterande
kulturlandskap.
Landbruk er ei viktig næring i Gloppen og grunnlag for ein stor del av busetnaden i
kommunen. Lovverket må prioritere produksjon av mat, landbruk og busetnad.
1) Det er om lag 700 landbrukseigedomar i kommunen i dag, av desse er 222 eigedomar
under 20 dekar. Ved å auke arealgrensa frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord vil
det for Gloppen sin del seie at vel 70 landbrukseigedomar fell utanfor buplikt og priskontroll.
For administrasjonen vil det føre til færre saker som skal behandlast. Utfordringa vil ikkje
vere på saksbehandling, men med omsyn til kva som skjer med fast busetting på desse
eigedomane som fell utanfor.
Det er etterspurnad på mindre gardsbruk for busetting og drift. Eigedomane er viktige for
landbruksstrukturen i kommunen. Avhengig av plassering i kommunen, kan det vere nok
areal til sjølvstendig, lønsam drift t.d. innan hagebruk på eit slikt bruk. Ved ei eventuell
lovendring vil det truleg føre til at fritidsinteresser, som ofte har høgare kapitaltilgong, vinner
bodrunden framfor landbruksinteressene.
2) Det å heimle endring i kva sum som løyser ut priskontroll til forskrift har kommunen ikkje
merknader til. Grensa på 3,5 mill. kroner er såpass høg at det er sjeldan kommunen
konsesjonsbehandlar landbrukseigedomar som vert omsett til høgare pris.
3) og 4)Det er få eller ingen reine skogeigedomar i Gloppen. Skogen er del av
landbrukseigedomen der det er ein fordel å vurdere skog og dyrka jord saman.
5) Det er ønskje om å legge til rette for større omsetting av landbruksareal for å få rasjonelle
einingar. Sal av tilleggsjord og frådeling av tomt opp mot fem dekar utan vurdering av
føremålstenleg arrondering av tunet, drifts- og miljømessige ulemper etter jordlova, der seljar
og kjøper skal ivareta landbruksmessige omsyn og omsynet til tenleg utforma tomt til
frådeling - kan gje utfordringar. Og truleg blir landbruksmessige omsyn nedprioritert. Det vil
truleg bli prisauke på jordvegen når det offentleg ikkje skal vurdere prisen, der seljar vil ha
meir og kjøpar må leggje ned mykje kapital for å auke ressursgrunnlaget sitt og får mindre til
andre investeringar på garden. Utan landbruksfagleg vurdering vil føremålet med jordlova og
konsesjonslova bli svekka.
6) Frådeling av ubygde tomter til bustadhus, fritidshus eller naust under to dekar, som ikkje
ligg på landbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) - utan vurdering
etter jordlova. Departementet legg til grunn at grunneigar vil ta fornuftige val i høve kva areal
som vert frådelt. Grunneigar må sjølv vurdere potensielle drifts- og miljømessige ulemper
som ei deling kan føre til, for å unngå uheldige tomteplasseringar.
Erfaring syner at det ofte ikkje er slik. Der det er nær slekt eller vener som skal overta ei tomt
ser grunneigar på tilknyting i dag og tenkjer mindre over kva som skjer dersom
utanforståande i framtida får kjøpe tomta. Eit motiv for tomtesal kan vere kortsiktig
økonomisk vinst – og ikkje dei meir langsiktige konsekvensane for landbruket. For landbruket
sine interesser er det truleg best at andre enn grunneigar gjer ei vurdering av om tomta bør
delast frå eller ikkje. Grunneigarane vil og ha ulik ståstad og innfallsvinkel ut frå om dei driv
næring eller ikkje.
Eit «frislepp», der grunneigar skal ta ansvar for vurdering av ulempene for landbruket, vil
truleg føre til meir oppdeling og driftsmessige ulemper for landbruket i større grad enn i dag.
7) Det er føremon og ulemper med å ha lovfesta krav om tiårig leigetid for å oppfylle
driveplikta. Lang leigetid er viktig for utbyggingsbruk og gjer det meir føreseieleg for den
som skal drifte arealet. Der det er hagebruk eller der generasjonsskifte er nært føreståande kan
det vere vanskeleg å inngå langsiktig avtale og det kan vere trong for ei justering av
retningslinene.
8) Ingen merknad til.
Framlegg til endring i lovverket vil føre til redusert offentleg styring av arealbruk og
prisdanning på landbrukseigedomar. Marknaden og den einskilde grunneigar vil få meir å
seie.
Ut frå det som er skrive over rår Rådmannen til å halde på gjeldande regelverk og praktisering
av jordlov og konsesjonslov.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Gloppen kommunestyre viser til rådmannen si saksutgreiing og meiner at regelverk og
praktisering av jordlov og konsesjonslov ikkje bør lempast på.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Bjørn Aurlien
Møtedato
15.09.2016
Objekt:
Arkiv:
L12
Saksnr
101/16
Arkivsaknr.:
14/958-52
Klage på reguleringsplan for Straumsholmen
Vedlegg:
Dok.nr
270896
Tittel på vedlegg
Klage på reguleringsplan - Straumsholmen
Bakgrunn for saka:
Gloppen kommunestyre vedtok 22.02.2016 reguleringsplan for Straumsholmen med
tilhøyrande tekstdel og føresegner. Vedtaket er klaga på.
Saksutgreiing:
Klage frå Magne Aasen datert 03.04.2016 er vedlagt.
I klagen går Aasen gjennom det reguleringsplanen seier om støybelasting frå skytebana i
Hyen. Han meiner kort oppsummert at planen heilt manglar vurdering av lokale utslag av støy
frå skytebana. Han forventar at støyforureininga blir teke seriøst opp, og at det blir gjort tiltak
for å redusere omfanget av den. Skal det vere attraktivt å bu i sentrum må ein forvente at dette
blir teke på alvor.
Rådmannen si vurdering av klagen:
Aasen hadde også merknad gjennom ordinær høyring av reguleringsplanen som handla om
manglar ved planframlegget på dette punktet. Den vart kommentert slik:
Rådmannen er samd i at støy frå skytebana bør nemnast i ROS-analysen, og har oppdatert
den. Magne Aasen har også tidlegare teke opp støy frå skytebana som tema for bumiljøet på
Straumsholmen. Kommunen har sendt merknadene vidare til fylkesmannen, som skal handtere
slike spørsmål etter forureiningslova, og vi har motteke kopi av brev der fylkesmannen ber om
Hyen skyttarlag si vurdering. Rådmannen har ikkje sjekka om her er gjort nærare
vurderingar eller trekt nokon konklusjon.
Ut frå planprosessen så langt, og det fokuset som elles har vore i plansaka, er det vanskeleg å
sjå at Aasen sitt synspunkt er delt av særleg mange hyarar. Det betyr ikkje nødvendigvis at
det ikkje bør gjerast tiltak for støyskjerming frå skytebana, men rådmannen kan ikkje sjå at
støy frå skytebana skal vere ein avgjerande faktor for arealdisponeringa på Straumsholmen.
Denne vurderinga ligg til grunn for verdi og omtale i ROS-analysen.
Rådmannen kan ikkje sjå at klagen frå Aasen inneheld nye opplysningar som ikkje er vurdert
tidlegare. Rådmannen har forståing for frustrasjonen over å ikkje nå fram og få ei skikkeleg
vurdering av støyforholda. Aasen si klage på støyforholda vart i 2013 sendt fylkesmannen,
som er ansvarleg mynde etter ureiningslova. Fylkesmannen sende brev til Hyen skyttarlag og
ba om uttale til klagene, men dei har ikkje fått svar på dette brevet, og heller ikkje etterlyst
svar eller følgt saka opp på anna måte. Kommunen har i brev datert 29.06.2016 bedt
fylkesmannen følgje opp saka, og gi Aasen eit svar.
Kommunen vurderer det slik at Aasen sine synspunkt ikkje høyrer heime i plansaka etter
plan- og bygningslova, men i vidare oppfølging av klagen etter ureiningslova. Eg oppfattar
også at dette er Aasen sitt hovudønskje, og at han ikkje først og fremst er i mot
arealdisponeringa kommunen legg opp til på Straumsholmen, sjølv om han nok er usamd i
korleis støy er omtala i planen. Men plansaka er ei anledning til å ta problemet opp frå ein
annan vinkel, sidan han ikkje har fått ei avklaring på tidlegare merknad/klage. Rådmannen
tenkjer at dersom t.d. ei støykartlegging avdekker uhaldbare støyverdiar for busetnaden på
Straumsholmen, vil det vere behov for å gjere tiltak for å redusere dette problemet, uavhengig
av korleis den framtidige arealdisponeringa på Straumsholmen skal vere.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet tek ikkje Magne Aasen sin klage på reguleringsplan for Straumsholmen til
følgje, då støyproblematikk rundt skytebana i Hyen skal følgjast opp etter ureiningslova.
Klagen blir sendt fylkesmannen for endeleg avgjerd.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Anders Nystuen
Møtedato
15.09.2016
Objekt: 69/378
Arkiv:
L42
Saksnr
102/16
Arkivsaknr.:
16/897-7
Dispensasjon frå reguleringsplan - kombinert bustad og næring
Vedlegg:
Dok.nr
277877
279808
Tittel på vedlegg
Teikningar
Hus Høgenausen - sak 16-8399 - 3D skisse 1
Bakgrunn for saka:
Tiltakshavar Ola Alexander og Ida Seim Lilloe-Olsen søkjer om dispensasjon frå
reguleringsplanen for Høgenausen bustadfelt for oppføring av bustadhus med kombinert
næring- og bustadformål. Det søkjast også om dispensasjon frå føresegnene om gesimshøgde
i planen.
Saksutgreiing:
Det søkjast her om eit bustadhus oppført i tre etasjar med tilhøyrande næringsdel på halve
kjellarplanet. Tiltakshavar opplyser at næringsdelen med kontor vil omfatte to små
verksemder som primært vil fungere som administrasjon. Dei ønskjer å ha ein næringsdel i
huset, slik at dei kan drive verksemdene frå der dei sjølv bur. Kontorlokala ønskjer dei å leige
ut til sitt eige selskap som vil sikre framtidige leigeinntekter, og som vil vere avgjerande for
god finansiering av prosjektet.
Halve kjellaren vil innehalde to einskilde kontor med fellesområde. Ida Seim Lilloe-Olsen er
eigar og einaste tilsett i Ida Seim Kiropraktor AS. Dette kontoret er i fyste omgang meint som
rein administrasjon, då all behandling av pasientar til dette selskapet i dag utførast via
Nordfjordklinikken på Eid. På sikt vil det vere ønskjeleg å kunne teke i mot pasientar på
kontoret på Høgenausen. Her vert det opplyst at det maksimalt vil vere snakk om 20
besøkande pasientar per dag i tidsrommet mellom kl. 8 til 16. Vidare er det av omsyn til auka
trafikkbelastning opplyst at næringsverksemda vil i snitt medføre ein ekstra bil i timen i løpet
av eit heilt døgn. Det andre kontoret vil fungere som eit avdelingskontor for reiselivsselskapet
FjordGuiding DA, der Ola Alexander Lilloe-Olsen er fast tilsett. Han opplyser at det i
sesongen vil verte arbeid døgnet rundt, og at det er avgjerande med kort veg frå bustad til
kontor for å kunne drive slik verksemd. Elles vil kontoret fyst og fremst omfatte
administrasjon og planlegging av aktivitet, og det vil svært sjeldan vere besøkande til dette
kontoret. Avslutningsvis opplyser tiltakshavar at trafikkbelastninga truleg ville vorte høgare
om dei måtte køyre til og frå kontor ein annan stad.
Arbeidstilsynet er varsla i samband med saka, og har gjeve samtykke til omsøkte næringsdel i
kjellaren.
Bustadhuset med tre etasjar vil få ein gjennomsnittleg gesimshøgde på 6,7 meter. I
reguleringsføresegnene for Høgenausen bustadfelt er det i pkt. 2.6 satt maksimal gesimshøgde
til 6 meter for bustadhus. Tiltakshavar opplyser at dei ønskjer å utnytte moglegheitene som
ligg til tomta, og søkjer difor dispensasjon frå føresegnene om gesimshøgde i
reguleringsplanen. Dei opplyser vidare at dei har valt å bygge kjellar for å kome opp mot
Høgenausen med hovudplanet slik at dei betre kan nytte utsikta frå tomta. I tillegg opnar
reguleringsplanen for å oppføre bustadhus med 3 etasjar, der dei meiner gesimshøgde på 6
meter vert i minste laget. Elles har tiltakshavar lista opp avbøtande tiltak som skal minimere
sjenanse for naboane:
- Huset skal oppførast med valma tak med relativt lågt gradetal på 18 gradar, og vil elles
ikkje overstige tilleten mønehøgde i reguleringsplanen.
- Huset er trekt så langt vekk i frå naboeigedomen som mogeleg .
- Huset er trekt ned så langt som mogleg, utan å øydeleggje utsikten over Høgenausen.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Det er her snakk om to einskilde kontor til to ulike verksemder, som i fyste omgang ikkje vil
medføre noko auka trafikkbelastning i bustadfeltet. Slik rådmannen ser det vil ein mogleg
framtidig trafikkauke vere det mest vesentlige momentet i ein slik dispensasjonssøknad.
Når det gjeld kiropraktorverksemda, så er det teken høgde for at det i framtida vil kunne bli
behandling av pasientar, og som då vil kunne medføre noko auka trafikk i bustadfeltet. På det
meiste vil det vere snakk om maksimalt 20 pasientar per dag i tidsrommet frå kl. 8 til 16.
Sidan kontoret er tilrettelagt for berre ein tilsett, vil det truleg ikkje verte meir trafikk utover
det som er satt til maksimalt besøkande. Kiropraktorverksemda vil ha sin aktivitet på dagtid,
og ein må kunne anta at dei fleste i bustadfeltet sjølv er på arbeid, og ikkje vil oppleve noko
vesentlig belastning av omsyn til den totale trafikkauka. Elles har aktuelle naboar i
bustadfeltet gjeve samtykke til desse planane, og rådmannen meiner at den moglege
trafikkauka som er førespegla på dagtid er innanfor kva ein kan akseptere i eit slikt
bustadområde.
Høgenausen bustadfelt er regulert til reint bustadformål, og slik rådmannen ser det, så vil
ikkje ein næringsdel med to kontor i halve kjellaren endre noko vesentlig på dette formålet.
Sjølv om halve kjellaren vil ha alle funksjonar til ei kontorverksemd, vil bustadhuset som
heilhet framleis framstå og inneha alle funksjonar tilsvarande eit ordinært bustadhus.
Rådmannen ser det difor som lite konfliktfylt å gjeve dispensasjon for kombinert bustad- og
næring i dette tilfellet, då dette i liten grad vil endre formålet i planen.
Det søkjast også om høgare gesimshøgde enn det som er fastsatt i reguleringsplanen.
Tiltakshavar ønskjer å utnytte tomta sine naturlege føresetnadar, og bygge seg opp til
bergnausen med hovudplanet slik at den ikkje hindrar utsikten. Tomta ligg heilt i enden av
bustadfeltet, og slik rådmannen ser det, vil ikkje ei overstiging av gesimshøgda på 0,7 m ha
noko vesentlig innverknad på naboar eller omgjevnadane. Reguleringsplanen opnar for
oppføring av bustadhus inntil 3 etasjar, og tiltaket vil elles halde seg innanfor mønehøgda som
er fastsatt i reguleringsplanen. Naboane har samtykka til tiltaket, og slik rådmannen ser det,
vil det her vere uproblematisk å gjeve dispensasjon frå føresegnene om gesimshøgde.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet gir med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå
reguleringsplanen for Høgenausen bustadfelt for oppføring av bustadhus med kombinert
bustad- og næringsformål. Det gjevast også dispensasjon frå reguleringsføresegnene om
gesimshøgde.
Kombinert bustad- og næringsformål for dette tilfellet vil i liten grad endre formålet i
reguleringsplanen, då huset i si heilhet vil framstå og ha funksjon som ein ordinær bustad.
Grunngjevinga for dispensasjonsvedtaket er at tiltaket ikkje medfører noko vesentlig konflikt
av omsyn til naboane og bustadfeltet elles.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Anders Nystuen
Møtedato
15.09.2016
Objekt: 2/42
Arkiv:
L42
Saksnr
103/16
Arkivsaknr.:
16/967-4
Ombygging av skulebygg til bustadar Søreide - dispensasjon frå
arealformålet i reguleringsplan
Vedlegg:
Dok.nr
278998
Tittel på vedlegg
Teikningar og situasjonsplan
Bakgrunn for saka:
NEO4 AS har kjøpt opp gbnr. 2/42 med tilhøyrande bygningsmasse frå Statsbygg. I fyste
omgang søkjer dei om dispensasjon frå arealformålet i reguleringsplan for ombygging av eit
bygg til bustadar. I reguleringsplan for Søreide skuleområde er den aktuelle bygninga regulert
til offentleg formål. Bygget har dei siste åra vore nytta som kontor for Statped Vest. Denne
dispensasjonssøknaden er fyste ledd i eit større prosjekt, der andre ledd vil innebere ein
reguleringsendring for resten av skuleområdet. Planarbeidet er starta opp.
Saksutgreiing:
Det søkjast om dispensasjon frå arealformålet i gjeldande reguleringsplan. Området er i dag
regulert til offentleg formål, og det søkjast om dispensasjon frå dette formålet for ombygging
og bruksendring av ei skulebygning til bustadformål. Grunngjevinga for
dispensasjonssøknaden er at bygget ikkje lenger er nytta til skule og at det er behov for å
kunne endre bruken av bygget for vidare utvikling. Det er frå før eksisterande bustadområde
like i nærleiken til det omsøkte bygget og skuleområdet elles. Ombygginga vil innebere
etablering av 7 leilegheiter med eit samla bruksareal på til saman 325 m2. Dei einskilde
leilegheitene vil ha ein storleik frå ca. 36 m2 opp mot 65 m2. Tiltakshavar viser elles til at det
skal etablerast bilparkering, oppstillingsplass for sykkel og oppføring av sportsbodar til
uteområdet, aust for dei planlagde leilegheitene. Infrastruktur som til dømes vatn, avløp og
tilkomstveg er allereie etablert i tilknyting til det aktuelle området det no søkjast om.
Tiltaket ligg nær skytebana på Mardal, og av omsyn til støyproblematikk, har tiltakshavar
gjort nokre vurderingar kring dette. Etter deira undersøkingar har dei fått opplyst at skytebana
er open 2 ettermiddagar i veka delar av året, og det skytast ikkje etter kl. 20.00. I vegleiar for
grenseverdiar for skytebanestøy, heiter det at ved aktivitet inntil 2 dagar i veka og mindre enn
20.000 skot i året, kan ein sjå bort i frå ekvivalentnivå. Dette betyr at ein berre tek omsyn til
maks støynivå. Vidare opplyser dei at gavlveggen på omsøkte bygg ikkje har vindauge, er
utført i mur og vendar mot skytebana. Vindauga i bygget er generelt vendt ca. 90 gradar mot
støykjelda. Tiltakshavar opplyser at dei vil gjere dei vurderingar som er naudsynte av omsyn
til om det må utførast avbøtande tiltak. Dei nemnar for eksempel tiltak som etablering av
støyskjermar, ekstra innvendige gipsplater i veggane mot støykjelda og støyisolerande
vindauge.
Det er elles starta opp reguleringsarbeid for endring av eksisterande plan for Søreide
skuleområde. Reguleringsendringa sin intensjon er at skuleområdet med tilhøyrande
bygningsmassar vert endra til kombinert bustad- og næringsformål, slik at den framtidige
bruken vert i samsvar med ny plan.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Det søkjast om dispensasjon frå formålet i reguleringsplanen i samband med bruksendring frå
skulebygg til bustadar. Skuleverksemda er avvikla, og det aktuelle bygget står tomt og har
ikkje lenger funksjon for det formålet det var regulert til i gjeldande plan.
Tiltakshavar ønskjer å vidareutvikle eksisterande bygningsmasse, slik at dei kan tilby nye
bustadar som vil ligge relativt nær sentrum av Sandane. Det kan diskuterast om tiltakshavar
har gjort tilstrekkelige forundersøkingar av omsyn til anna mogleg disponering av dette
bygget. Tidlegare har dette vore nytta som kontorlokale, og slik det framstår i dag, vurderer
rådmannen at bygget framleis er godt egna til vidareføring av slik bruk til kontor- og
næringsverksemd. Vurderinga her må i tilfelle sjåast i samanheng med ein overordna plan og
føringar, og i kva for omfang ein ønskjer fortetta bustadbygging i dette området. Det er starta
opp reguleringsarbeid for området. Og ein kan stille spørsmål ved om ei planendring burde
vore avklara på førehand i staden for å handsame dette som ei dispensasjonssak i fyste
omgang, slik at ein kan gjere ei totalvurdering av omsyn til ønskja formål og framtidig bruk.
På den andre sida er det bustadar i området frå før, og slik rådmannen ser det, vil det også
vere hensiktsmessig å kunne vidareutvikle bygget til bustader framfor at det står tomt og
ubrukt. Rådmannen ser samstundes at dette vil kunne vere eit positivt tilskot for å kunne tilby
nye leilegheiter til bustadmarknaden i Sandane.
Ved tidlegare utbygging har det vore utgreiingar av omsyn til støy frå skytebana på Mardal.
Støysonekartlegginga syner at delar av omsøkte bygg ligg innanfor rød sone som angir
støynivå over 80 dB. Dette er eit maks nivå for utbygging. Når det gjeld hyppigheita på
bruken av skytebana, så er dette på eit lågt nivå i den store samanhengen. Samstundes vil
naboane lett kunne høyre støy frå bana når skyting pågår, og dette vil kunne opplevast som
sjenerande på den einskilde nabo avhengig av avstand til skytebana. Sidan delar av omsøkte
bygg ligg innanfor grenseverdiane, har tiltakshavar påpeikt at dei ønskjer å legge til rette for
skjermingstiltak der dette vil vere naudsynt. Rådmannen ser dette som eit positivt tiltak for å
kunne bøte på støy frå skytebana når denne er i bruk.
Søreide skuleområde ligg ca. 2,5 km frå nærmaste skule i Sandane sentrum, og rådmannen
meiner skuleveg bør vere eit moment ved etablering av fleire bustadar her. Slik rådmannen ser
det, har ikkje skulevegen ei fullgod løysing av omsyn til at det ikkje er etablert gang- og
sykkelveg langs denne strekninga. Denne vurderinga er særleg sett opp mot trafikksikkerheita.
Det går i dag ein skulebuss frå Kandal som køyrer langs fylkesveg 696, der nærmaste
busstopp er like før brua ved Evebøfossen med ca. 280 meters gange frå omsøkte bygg.
Rådmannen meiner dette vil kunne vere eit alternativ til skuleelevar i den tid det ikkje er gjort
tiltak for å utbetre eksisterande skuleveg.
Innanfor reguleringsområdet er det allereie etablert friareal med blant anna grasbane og
tennisbane, der det er moglegheit for at barn og unge kan leike og utfalde seg. Det er elles
også kort veg til friluftsområde i nærleiken. Av omsyn til planarbeidet som er sett i gang, vil
det i denne samanheng også kome krav om tilgjengelig leikeareal for ny reguleringsplan.
Rådmannen vurderer at fordelane ved å gi dispensasjon for ombygging til bustadar vil kunne
vere større enn ulempene. Her er det allereie etablert infrastruktur i form av veg, vatn og
avløp. Bygget er ikkje lenger i bruk som skule, og for å sikre framtidig og hensiktsmessig
bruk, vil det vere naudsynt å gjere endringar av omsyn til vidare utvikling. Hensiktsmessig
bruk vil vere eit motsvar til at bygningen står ubrukt og forfell ved manglande vedlikehald.
I nærleiken av omsøkte bygning på Søreide er det allereie etablert bustadområde, og
rådmannen vurderer difor at konsekvensen av ein formålsendring ikkje vil medføre noko
vesentleg konflikt med tilstøytande areal og på omgjevnadene elles. Rådmannen meiner difor
at omsynet bak formålsføresegnene i reguleringsplanen ikkje lenger er like aktuell sett i
forhold til dagens situasjon, og at fordelane på sikt vil kunne vise seg å vere større enn
ulempene ved å gi dispensasjon i dette tilfellet. Rådmannen vil elles påpeike at ein eventuell
dispensasjon som enkeltvedtak ikkje bør legge utilsikta føringar for framtidig handsaming av
ny reguleringsplan for området.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet gir med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå formålet i
reguleringsplanen for ombygging og bruksendring frå skulebygg til bustader.
Vedtaket er grunngjeve med at formålsendringa ikkje vil medføre konflikt med tilstøytande
arealbruk, og at fordelane er større en ulempene då bygningen får ei oppgradering og ei
naudsynt bruksendring som vil sikre framtidig og hensiktsmessig bruk.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Møtedato
15.09.2016
19.09.2016
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Bjørn Aurlien / Kjell Petter
Solhaug
Objekt:
Arkiv:
Saksnr
104/16
L12
Arkivsaknr.:
15/57-14
Bustadfelt på Nordstranda - vidare framdrift
Vedlegg:
Dok.nr
280547
280548
280549
Tittel på vedlegg
Planskisse Askefeltet vest
Planskisse Gloppestad del 1
Planskisse Gloppestad del 2
Bakgrunn for saka:
Spørsmålet om å etablere eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad, vart behandla i
formannskapet i sak 032/16, med følgjande vedtak:
Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med å legge til rette for eit kommunalt
bustadfelt på Gloppestad.
Formannskapet ber også om at rådmannen ser på om feltet kan utvidast til å omfatte
areal frå fleire grunneigarar enn dei som har vore inne i bildet så langt.
Etter dette møtet har rådmannen sett på eit litt større område på Nordstranda, og har hatt
dialog med totalt 10 ulike grunneigarar for å undersøkje moglegheita til å etablere eit eller
fleire kommunale bustadfelt.
Saksutgreiing:
Etter behandling i formannskapet i sak 032/16, har rådmannen arbeida seg systematisk
gjennom ulike område på Nordstranda, frå vestsida av Leirbrekka til ytre delane av
Gloppestad. Denne saka omhandlar to ulike område som kan vere aktuelle som kommunale
bustadfelt, nærmare omtalt som Gloppestad og Askefeltet Vest.
Gloppestad
Rådmannen vart oppmoda om å vurdere om det var mogleg å utvide området til å omfatte
areal til fleire grunneigarar. Det har vore kontakt mellom kommunen og totalt sju
grunneigarar i området, kor seks av dei er positive / ikkje avvisande til å kunne ha ein dialog
med kommunen vidare om at det blir etablert eit kommunalt bustadfelt i området. For ein av
grunneigarane gjeld dette berre areal til veg, ikkje tomtegrunn. På dette stadiet er det ikkje
starta noko arbeid med å få på plass avtale med dei ulike grunneigarane.
Arealet som er teke med i denne vurderinga omfattar områda på Gloppestad som er avsett til
bustad i kommuneplanen + ein teig som er LNF-område. Så langt er det ikkje blitt utarbeidd
privat reguleringsplan for nokon av desse områda, slik som kommuneplanen legg opp til.
Rådmannen opplever at spørsmålet om reguleringsplan, korleis avløp skal handterast og
mogelege arkeologiske utgravingar er avgjerande faktorar for at det ikkje er blitt sett i gang
arbeid i privat regi. I tillegg har tilgang til område og pris vore andre faktorar som har spelt
inn.
Rådmannen vurderer det som uråd å utvide det førre feltet vidare mot vest. Dette alternativet
tek føre seg ei utviding mot aust og omfattar følgjande eigedommar; 66/1, 66/3, 66/4, 66/7,
66/2, del av 66/6 og del 66/4. Totalt areal ca. 54 daa.
Arealet ligg plassert mellom E39 og øvre linje og har relativt bratt terreng mot sørvest. Andre
faktorar som har medverka i vurderingane er høgspentlinje i øvre del av området, framtidig
kommunal overtaking av kommunalt anlegg, kommunalteknisk anlegg i nærleiken og
topografi. Støy frå E39 er også eit moment, men tomtene vil vere moderat støyutsett, sidan dei
ligg på nedsida av hovudvegen.
Kartutsnittet under, er henta frå gjeldane kommuneplan. Mogleg utbygging er skissert med
raud strek. Sjå også vedlagte planskisser for Gloppestad.
Vatn
Vassleidningen til Vereide går i nedre kant av tomtene. For å få til ei god utnytting av arealet
må denne vassleidningen leggast om.
Avløp
Det eksisterer i dag ikkje offentleg avløpsanlegg i dette området. Ei større utbygging vil
krevje at det blir etablert eit anlegg for dette, eks. ein slamavskillar med leidning til sjø. Ved
ei optimal plassering av avløpsanlegget, vil det vere mogeleg å legge til rette for at andre
bustader/bustadfelt kan kople seg til det same anlegget. Eit anslag her er at det vil vere
mogeleg å knytte til ca. 50-60 eksisterande og framtidige bustader.
I dette kostnadsoverslaget er det medrekna kostnader innanfor sjølve bustadfeltet og fram til
tomtegrensa. Kostander utanfor feltet vil bli dekt av sjølvkostområdet ved hjelp av gebyr.
Straum
Planskissene og kostnadsoverslaget er basert på at høgspentlina blir lagt i kabel gjennom
bustadområdet.
Veg
Felles veg er tenkt frå aust og opp i området, og vil kunne etablerast i samsvar med norma for
kommunale vegar. I tillegg vil ein del av tomtene få direkte tilkomst frå eksisterande
kommunal veg. Privat veg til eit bustadhus må leggjast om.
Areal til bustadbygging
Overordna føringar (TEK10) tek føre seg ein del tema som plassering av byggverk med tanke
på høgder, lys-, lyd- og solforhold, tilkomst og utvendig areal. Når vi tek høgde for dette, og
det arealet som veganlegget legg beslag på, meiner rådmannen at det er igjen ca. 35 daa. som
egnar seg til bustadtomter. Dvs. at det totale tilgjengelege arealet er redusert med om lag 35
%. Til brattare tomtane er, til større bør tomtane vere for å kunne få til ei fornuftig utnytting
av kvar enkelt tomt. Ved ei omlegging av tilkomsten til dagens bustad i området, vil det løyse
ut moglegheit for litt meir fortetta utbygging ned mot eksisterande kommunal veg.
Basert på rådmannen sine vurderingar vil det kunne vere mogeleg å få etablert ca. 36
einebustadtomter, alternativt ca. 30 einebustadtomter og 3 to/firemannsbustadar på høvelege
tomter. I kalkulasjonen er det lagt til grunn 36 einebustadtomter. Det er då ikkje gjort nokon
vurderingar av kva som er etterspurnaden i dette konkrete området.
Det kan sjå til at det vil være mogeleg og kanskje fornuftig å dele denne utbygginga opp i
ulike byggesteg.
Avstand til skule, barnehage, sentrum
Bustadfeltet ligg om lag midt mellom Nordstranda skule og barnehagane i tidlegare Vereide
skule, og strekker seg over om lag ein kilometer. Avstand frå midt i feltet til skule/barnehage
er om lag 2 km. Frå austre delen av feltet til Sandane sentrum er det om lag 3 km.
Askefeltet Vest
Det er her sett på området på vestsida av dagens Askefelt, på oppsida av E39. Hovudtilkomst
kan etablerast rett etter Austrheimsbakken sin undergang under E39, men dei øvste tomtene
bør få tilkomst ovanifrå frå Fjellbygdevegen. Området er avsett til LNF-formål i
kommuneplanen, og er avgrensa av bustader på austsida, E39/Fjellbygdevegen på nedsida og
landbruksareal mot vest og nord. Omdisponering til bustadformål krev normalt
konsekvensutgreiing som ein del av planarbeidet. Arealet er i dag ikkje nytta til
landbruksformål, er lite eigna/brukt som friluftsområde, og har etter rådmannen si vurdering
små naturkvalitetar. Omdisponering burde difor vere mogleg å få til også utan først å gå om
revisjon av kommuneplanen.
Arealet omfattar ein teig av gbnr. 69/4 og ein mindre del av 68/2. Rådmannen har vore i
dialog med grunneigarane og dei er svært positiv til at arbeidet med etablere eit kommunalt
bustadfelt blir starta opp. I tillegg må tilkomstvegen innom gbnr. 68/5. På dette stadiet er det
ikkje starta noko arbeid med å få på plass ein avtale med dei ulike grunneigarane.
Kartutsnittet under, er henta frå gjeldane kommuneplan. Mogleg utbygging er skissert med
raud strek. Skraverte område merka 3 og 5 er planområda for høvesvis Aske bustadfelt og
Nordstranda skule. Sjå også vedlagt planskisse.
Veg
Ved etablering av eit kommunal bustadfelt, vil det vere naturleg at det blir bygd ein veg etter
kommunal standard. Foreløpige vurderingar syner at det er råd å få til, kva angår breidde og
stigningsforhold. Skal øvste delen byggast ut, må ein eksisterande privat veg leggjast om. Det
vil gjerne vere aktuelt å binde saman øvre og nedre del med ein enklare gangveg/sti.
Vatn
Dagens Askefelt får vatn frå Høgdebassenget i Valborgkleiva, via ein trykkaukingsstasjon.
Dette vil også vere råd å få til her.
Avløp
Det ligg kommunalt avløpsanlegg i nærleiken, på nedsida av E39. Det vil vere råd anten å gå i
traseen for gangvegen under E39, eller nytte retningsstyrt boring under E39.
Areal til bustadbygging
Totalt areal som er vurdert er på om lag 30 daa. Av dette vil om lag 19 dekar kunne nyttast til
bustadtomter. Arealet ligg sørvestvendt, som ei naturleg forlenging av eksisterande bustadfelt,
og med fin utsikt til fjord og fjell. Heile feltet er noko utsett for støy frå E39, dei nedste
tomtene ligg innafor sone der støyreduserande tiltak må vurderast. Basert på dei grove
vurderingane som rådmannen har gjort er det potensiale på totalt 22 einebustadtomter. Det er
ikkje vurdert kor stort det reelle behovet for bustader i det aktuelle området er, då vi no berre
har sett på moglegheit for å etablere eit kommunalt felt. Men kommuneplanen har peika på
behov for betre tilrettelegging innafor Nordstranda skulekrins.
Avstand til skule, barnehage, sentrum
Bustadfeltet ligg nær Nordstranda skule, dei næraste tomtene mindre enn ein halv kilometer
unna. Det er opparbeidd fortau langs Austrheimsbakken fram til skulen. Til aktuelle
barnehagar er det ein kort køyretur. Avstand til Sandane sentrum er om lag 2.5 km.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Rådmannen har også for desse to ulike bustadfelta, brukt noko tid på å foreta eit så nøyaktig
kostnadsoverslag som råd, ut frå det vi kjenner til om området og kva erfaringstal vi har
tilgjengeleg. Prisane frå Hetlebakkane ligg til grunn for disse vurderingane.
Som nemnd tidlegare er det ikkje inngått avtale med nokon av grunneigarane vedr. grunnkjøp,
med i overslaga under er det lagt til grunn det som vart betalt i grunnkjøp for Hetlebakkane.
Det er grunn til å hevde at dyrka mark har høgare verdi enn utmark/beitemark, men
rådmannen har oppfatta at grunneigarane har forventningar om eit godt oppgjer dersom dei
skal selje. Det er ikkje medteke kostnader for mogelege arkeologiske utgravingar.
Basert på desse føresetnadene og overslag på investeringskostnader, kan tomteprisane sjå slik
ut:
Type
Gloppestad
Askefeltet Vest
Totalinvestering*
Ca. 19 millionar
Ca. 12 millionar
Tomt.
ca.
Tal
36
22
Tomtepris
Ca. 550-600.000
Ca. 575-625.000
*Inkludert 20 % usikkerheit
Det er verdt å merke seg at tala i tabell 1 over, forutset at kommunen går i null med sine
investeringar og det er ikkje teke høgde for kapitalkostander.
Faktorar som ikkje er medteke i kostnadsoverslaget
Ved å kople fleire abonnentar til kommunalt avløpsanlegg, vil kommunen kunne krevje
tilkoplingsavgift og årleg gebyr for desse, og det vil vere fleire å dele delar av investeringane
på. Tilkoplingsavgifta er i dag på kr 6.845,- og standard årleg avløpsgebyr er på kr 3.730,-.
Dei endelege kostnadsoverslaga for ei utbygging av eit kommunalt bustadfelt på dei aktuelle
områda vil ikkje kunne utarbeidast før det ligg før ein stadfesta reguleringsplan. Eit
planarbeid vil kunne ta 6-9 månader. Det er sjølvsagt heller ingen garanti for at endelege
anbodsprisar er som kalkulerte prisar.
Rådmannen si vurdering:
Basert på det kostnadsoverslaget som ligg føre, og dei kostnadene som ikkje er medtekne, kan
det sjå ut som det vil være mogeleg å selje tomtar som er rimelegare enn dagens prisar i
Hetlebakkane. Men det er sjølvsagt vanskeleg å vite om eit tilbod for eit av desse felta vil gi
same einingsprisar som i Hetlebakkane. Prismessig ser det ut til å vere svært små skilnader på
dei to felta rådmannen har vurdert. Begge ligg relativt høgt i forhold til det prisnivået ein
tidlegare har operert med på kommunale tomter, men det kan sjå ut som dette er ei endring ein
berre må akseptere.
Begge felta har gode utsiktsforhold. Utsikta til E39 kan kanskje trekke litt ned for dei nedste
tomtene i Askefeltet Vest. Støybelastinga er også noko større for Askefeltet Vest, og meir
krevjande å skjerme vekk i og med at feltet ligg på oppsida av E39. For Gloppestad er det
vesentleg lengre gangveg til skulen, men avstanden er likevel godt innafor det som blir rekna
som akseptabel gangavstand frå 2. klasse og oppover. Den kommunale vegen frå Gloppestad
er smal og utan fortau, men er for det aller meste oversiktleg og med relativt lite trafikk.
Langs Austrheimsbakken er det opparbeidd fortau. Til Sandane sentrum er det grei
sykkelavstand frå begge felta, men gjerne gangavstand litt i overkant, i alle fall frå
Gloppestad. Til barnehage vil dei fleste uansett velje bil, så skilnaden her blir marginal.
Det aller meste av Gloppestadfeltet ligg inne som framtidig bustadfelt i kommuneplanen.
Askefeltet Vest ligg i LNF-område. For ein av grunneigarane på Gloppestad betyr
landbruksverdien av området ein del, elles meiner rådmannen områda har marginal verdi som
landbruks-, natur- og friluftsområde.
Som det også var omtalt i sak 032/16 skulle rådmannen arbeide aktivt oppimot bustadtomter i
Austrheim krins som ikkje er bygd ut. Så langt har dette arbeidet resultert i at kommunen har
fått tilbod om å kjøpe to tomter, samt at vi har gjort ei henvendig om å få kjøpe ei aktuell
tomt. Vidare har vi også høyrt ”rykte” om at det er andre som vurderer å selje si tomt.
Rådmannen er i ferd med å sluttføre arbeidet med eit revidert forslag til reguleringsplan for
området frå sentrum til Øyrane, der mellom anna eit kommunalt eigd friområde blir sett
nærare på. Som tidlegare nemnt ligg her mange regulerte tomter, og vidare prosess for å få
desse tomtene ut på marknaden er svært aktuelt.
Konklusjon
Rådmannen er i tvil om kva som skal vere tilrådinga i denne saka. Då områda på Gloppestad
vart lagt inn i kommuneplanen, var det tenkt at dette skulle vere mindre private utbyggingar.
Det har så langt ikkje vore private aktørane som har teke sjansen på å gjennomføre slik
utbygging. Utviding av Askefeltet er mogleg, og feltet ligg svært gunstig til i forhold til
avstand til skule. Men nærleik til E39 trekkjer noko ned. Det kan også vere mogleg i første
omgang å berre prioritere revisjonen av reguleringsplan for Sentrum – Øyrane, og følgje opp
denne planen med innløysing av ledig tomteareal her. Men med signala som har vore gitt om
bustadfelt på Nordstranda, reknar rådmannen med at formannskapet også ønskjer at
kommunen går vidare anten med Gloppestad eller Askefeltet Vest.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Formannskapet viser til rådmannen si saksutgreiing, og gir rådmannen fullmakt til å starte
arbeidet med å inngå intensjonsavtalar med grunneigarane innanfor rammene på
Hetlebakkane, med tanke på kommunal utbygging av Askefeltet Vest. Vidare får
rådmannen fullmakt til å starte arbeidet med å utarbeide ein kommunal reguleringsplan for
dette området, inkl. det arbeidet som fell naturleg under dette, til dømes arkeologi.
2. Rådmannen får fullmakt til å starte arbeidet med å inngå opsjonsavtale med grunneigarane
på Gloppestad, for å sikre kommunen ein framtidig rett til å etablere eit kommunalt
bustadfelt når/dersom behovet melder seg. Rammene på opsjonsavtalen må ligge innanfor
rammene til Hetlebakkane, og opsjonsfristen må vere lang.
3. Rådmannen får fullmakt til å kjøpe tenester til eit reguleringsarbeid og evt. arkeologiske
utgravingar på Gloppestad.
4. Rådmannen får fullmakt til å starte prosjektering av avløpsanlegg / avløpssanering på
Gloppestad.
5. Kostnadene med prosjekta og finansiering blir behandla som ein del av det ordinære
arbeidet med årsbudsjettet og økonoiplanen.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard
Møtedato
15.09.2016
19.09.2016
26.09.2016
Objekt:
Arkiv: 233 C21
Saksnr
105/16
Arkivsaknr.:
11/98-18
Kunstgrasbane på Reed - utviding av lånegarantitid - ny behandling
Ingen vedlegg.
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Breimsbygda Idrettslag har søkt om å få utvide tidsperioden for den kommunale
lånegarantien som gjeld kunstgrasbana og kastanlegget på Reed stadion. Garantien
vart vedtatt av kommunestyret den 25.05.2011, sak 025/11, og den går ut i juni d.å.
Dei søkjer om å få utvida tidsramma til estimert utbetalingstidspunkt av omsøkte
spelemidlar.
Saksutgreiing:
Reed stadion vart rehabilitert i 2011, og både kunstgrasbana og kastanlegget har blitt
godkjent for spelemidlar. Kunstgrasbaneanlegget blir styrt for utbetaling spelemidlar
gjennom regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv og kastanlegget gjennom
kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.
Kunstgrasbana er godkjent for utbetaling av kr. 1.696.000 i spelemidlar og ligg inne i
handlingsprogrammet for utbetaling i 2017.
Kastanlegget er godkjent for 69.000 og kulturavdelinga i fylkeskommunen har opplyst
at dette anlegget også vil få utbetalinga i 2017.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Breimsbygda Idrettslag er eit veldrive lag som har ein sunn og god økonomi og med
god økonomistyring. Omsøkt garanti vil truleg ikkje føre til stor risiko for
kommunen.
Rådmannen si vurdering:
Denne saka er eit resultat av at det er rimeleg lang ventetid på utbetaling av
spelemidlar i Sogn og Fjordane og i praksis er det tale om å forlenge garantien med eit
år. Dette med bakgrunn i at vi har fått klare signal om at begge anlegga vil få utbetalt
spelemidlane i 2017.
Kommunelova § 51 gjev høve til å stille garanti for andre sine økonomiske plikter når
det ligg føre ei særleg kommunal interesse. Vedtak om å stille slik garanti skal
godkjennast av staten ved fylkesmannen. Rådmannen og kommunestyret har tidlegare
tolka dette som ei sak der kommunen har høve til å stille slik garanti det er søkt om.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing, og utvidar den kommunale
garantitida som er knytt til spelemidlar til kunstgrabana og kastanlegget på Reed
stadion til 30. juni 2017. Garantien er ein sjølvskyldnargaranti, og er avgrensa oppover
til kr. 1.765.000.
09.06.2016 MULTEK-UTVALET
094/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga.
Vedtaket var samrøystes.
13.06.2016 FORMANNSKAPET
Bjarte Gangeskar stilte spørsmål om han kunne vere inhabil i saka på grunn av sitt
tidlegare engasjement i saka. Formannskapet meinte at han ikkje er inhabil.
082/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
17.06.2016 KOMMUNESTYRET
069/16 VEDTAK:
Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing, og utvidar den kommunale
garantitida som er knytt til spelemidlar til kunstgrabana og kastanlegget på Reed
stadion til 30. juni 2017. Garantien er ein sjølvskyldnargaranti, og er avgrensa oppover
til kr. 1.765.000.
Vedtaket var samrøystes.
Nye opplysningar i saka:
I etterkant av vedtaket som kommunestyret gjorde i denne saka den 17. juni har vi fått
tilbakemelding frå Breimsbygda IL om vedtaket ikkje er slik det burde vere. I det ligg at det i
den opprinnelege saka vart gjeve ein lånegaranti på inntil 4 mill kr som ikkje berre omfatta
utbetalingstidspunktet for spelemidlane. I søknaden som kommunen fekk i mai d.å. vart berre
tidspunktet for utbetaling av spelemidlar nemnt og her har det såleis vore ein
kommunikasjonssvikt.
I etterkant av søknaden frå BBIL har dei no fått utbetalt momskompensasjon på kr 822.000
som er brukt til å betale ned på lånet og restlånet er no på kr. 2.180.000.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen beklagar at det har vore ein kommunikasjonssvikt i denne saka, men er innstilt på
å rette dette opp slik at BBIL framleis skal kunne ha lån på rimeleg gode vilkår.
Garantibeløpet som det er tale om her er redusert ned til kr 2.180.000.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing, og utvidar den kommunale garantitida
som er knytt til lån i samband med bygging av kunstgrasbana og kastanlegget på Reed stadion
til 30. juni 2017. Garantien er ein sjølvskyldnargaranti, og er avgrensa oppover til kr
2.180.000.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Marianne Kårstad Råd/JanKjetil Øygard
Møtedato
15.09.2016
19.09.2016
26.09.2016
Objekt:
Arkiv: C11
Saksnr
106/16
Arkivsaknr.:
16/286-11
Klatrepark ved Breim skule - forskottering av spelemidlar
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Breim skule og FAU v/Breim skule planlegg å byggje klatrepark på Breim skule med oppstart
hausten 2016 eller våren 2017.
Anlegget er eit nærmiljøanlegg som er prioritert i handlingsprogrammet i kommunal plan for
fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv og det er søkt om spelemidlar. Spelemidlane til anlegget
vert tidlegast utbetalt i 2017 og det er difor behov for forskottering av desse slik at det er
muleg å kome i gang med bygginga.
Saksutgreiing:
Ein klatrepark er i praksis ei hinderløype som består av mange element og med mange ulike
ruter og kryssforbindelsar som er sett saman i eit system med pålar og tau. Sparebankstiftinga
har hatt dette som eit satsingsområde, der føremålet er å skape aktivitet, spesielt for dei som
ikkje er så aktive, anten det er av motoriske eller sosiale grunnar.
Parken er planlagt plassert på sørsida av skulen, mellom Stadionbygget til BBIL og skulen sitt
leikeområde. Området består pr. i dag av grusunderlag, og det er såleis lite vi treng å gjere av
grunnarbeid for å plassere anlegget. Det er Gloppen kommune som eig dette området, og
styret i BBIL er positive til ei slik plassering av parken.
Klatreparken skal i tillegg til spelemidlar finansierast ved hjelp av dugnad, tilskot frå
Sparebankstiftinga og lag og organisasjonar. Skulen har til no fått 125.000 frå
Sparebankstiftinga og Breimsbygda IL har garantert for kr 50.000. Klatreparken har eit areal
på totalt 280 kvm. (23 m x10 m eksl. sikkerheitsone rundt)
Godkjent kostnadsramme som ligg til grunn for spelemiddelsøknaden er kr 859.000.
Skulen prioriterer fysisk aktivitet i skulekvardagen og er i ferd med å innføre ASK (Active
Smarter kids) i alle klassane. Mykje av området til skulen er asfaltert. Vi har to fotballbaner,
disser og nokre få leike/klatreinstallasjonar. Området er flatt, og ingen nær tilkomst til
naturområde med bakkar og ulendt terreng. Ein klatrepark vil vere eit viktig bidrag til ein type
fysisk/motorisk aktivitet som området pr. i dag ikkje har. Anlegget vil vere svært godt eigna
til friminuttsaktivitetar, til kroppsøving og til generell fysisk aktivitet.
Anlegget har vore lyst ut på Doffin, og det er kome inn 4 tilbod. Tilbydarane har fått melding
om at avgjerd vert teke så snart finansiering er på plass og innan 01.10.16. Dersom
kommunestyret ikkje godkjenner forskottering av spelemidlar, vil konkurransen bli avlyst i
denne omgang.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Spelemidlane som ligg inne i finansieringsplanen for anlegget vil bli utbetalt i 2017 eller
2018, og ei forskottering vil såleis ikkje vere ein økonomisk risiko for kommunen.
Forskotteringa kan dekkast av disposisjonsfondet, som no har ein saldo på om lag 16,4 mill.
Rådmannen si vurdering:
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har invitert kommunane i fylket til eit samarbeid om å
føre opp klatreparkar for dei som ynskjer det. Dei løyvde kr 250.000 i tilskot til den fyrste
parken som vart bygd på Myklebustflata og dei har gjeve tilsegn om kr 125.000 til den andre,
som blir etablert ved Breim skule.
Vi er oppmoda om å etablere klatreparkane på stadar med stor grad av utnytting av området,
dvs. at dei bør etablerast i nærleiken til fleire bustadfelt og/eller barnehage og skule i
sentrumsområde.
Området rundt Breim skule har mange nærmiljøanlegg som fungerer godt og er mykje brukt
av barn og unge på ettermiddagstid, i helgane og under idrettsstemner. Skulen er òg brukt
dagleg på kveldstid, i samanheng med idrettsstemner og på Idrettsklubben. Klatreparken vil
bli eit viktig supplement og har ei ideell plassering i så måte. I eit folkehelseperspektiv er
dette anlegget også eit viktig bidrag.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner at kommunen
forskotterer utbetaling av kr 300.000 i samband med bygging av klatrepark ved Breim
skule. Beløpet vert dekka over disposisjonsfondet, og skal tilbakeførast til fondet så snart
spelemidlane for anlegget er utbetalte.
2. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige endringar i 2016-budsjettet.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Helse- og omsorgsutvalet
Oppvekstutvalet
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
14.09.2016
14.09.2016
15.09.2016
19.09.2016
26.09.2016
Objekt:
Arkiv: 033
&00
Saksnr
030/16
033/16
107/16
Arkivsaknr.:
15/168-13
Revisjon av reglementa for hovudutvala og formannskapet m.m.
Vedlegg:
Dok.nr
277435
277447
Tittel på vedlegg
Reglement for hovudutvala i Gloppen
Reglement for formannskapet i Gloppen
Bakgrunn for saka:
Etter valet hausten 2015 vart det vedteke ein ny hovudutvalsstruktur der vi gjekk over frå fire
til tre hovudutval, pluss administrasjonsutvalet.
Reglementet til hovudutvala har ikkje vore endra som følgje av dette. Rådmannen legg no
fram forslag til ajourført reglement. I same runden tar rådmannen med ei mindre endring i
formannskapet sitt reglement for å få med punktet om eit utvida finansutval i årsbudsjett- og
økonomiplansaker.
I saka gjer rådmannen også kort greie for arbeidet med delegasjonsreglementet.
Saksutgreiing:
Framlegg til ajourførte reglement ligg ved. Rådmannen brukar omgrepet «ajourførte» fordi
det ikkje er lagt opp til ein meir omfattande revisjon av reglementa.
Endringane rådmannen legg fram skal vere tydeleg å lese av reglementa.
I reglementet for hovudutvala
Endringane her går i all hovudsak på at tidlegare kultur- og miljøutval og teknisk og
landbruksutvalet no er slegne saman til eit felles MULTEK-utval.
Talet på utvalsmedlemmer er korrigert, og «kyrkjesakene» er no tekne ut av hovudutvala sine
oppgåver. Kyrkja styrer seg sjølv, og kommunen har berre eit finansieringsansvar. Det betyr
at «kyrkjesaker» - den grad desse skal behandlast av kommunen – kjem under saker som
hovudutvala ikkje har ansvar for, og ligg såleis til formannskapet.
I reglementet til formannskapet
Her er teke inn eit nytt avsnitt i § 2-4 om utviding av formannskapet når årsbudsjettet og
økonomiplanen står på saklista.
Det er viktig å understreke at det er formannskapet som gjer vedtak. Vi har ikkje noko
vedtaksfør finansutval, og eit slikt finansutval er heller ikkje ein del av utvalsstrukturen.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Som sagt har rådmannen ikkje lagt opp til nokon revisjon av reglementa der vi gå nærare inn
på faktiske endringar i arbeids- og oppgåvefordelinga.
Utvala og formannskapet står sjølvsagt heilt fritt til å drøfte dette og kome med framlegg til
endringar. Rådmannen ber likevel om at vi i så fall tar dette i «to etappar» slik at rådmannen
får høve til å kome tilbake med eit korrigert framlegg til reglement viss de som folkevalde
ønskjer vesentlege endringar.
Når det gjeld delegasjonsreglementet, seier kommunelova i § 39, nr 2 at
Kommunestyret og fylkestinget skal selv vedta reglement for delegasjon av
avgjørelsesmyndighet og for innstillingsrett innen 31. desember året etter at
kommunestyret og fylkestinget ble konstituert. Sist vedtatte reglement og eventuelle
andre vedtak gjelder inntil nytt reglement er vedtatt.
Rådmannen brukte store deler av sommaren 2016 på å lage til dette reglementet, men kom
ikkje i mål. Det er eit svært omfattande arbeid å lage eit komplett delegasjonsreglement, og
slik situasjonen er no, kan rådmannen ikkje love å halde den fristen som følgjer av
kommunelova.
Sist kommunestyret behandla saka om delegasjonsreglementet, 17. desember 2012, vart slikt
vedtak fatta:
1. Gloppen kommunestyre viser til rådmannen si saksutgreiing og legg til grunn at
oppgåvefordelinga mellom folkevalde organ i Gloppen og administrasjonen i
hovudtrekk skal vere som i dag i denne valperioden
2. Kommunestyret ber rådmannen før sommaren 2013 legge fram forslag til revidert og
modernisert instruks for rådmannen
3. Kommunestyret vidarefører ordninga med at rådmannen tilrår i alle saker som blir lagt
fram for folkevalde organ, unnateke kontrollutvalet, og vidare unnateke i saker som
gjeld val av folkevalde til verv og representasjon.
Punkt 2 i vedtaket er ikkje følgt opp, og rådmannen har sjølvsagt dårleg samvit for dette. Eg
ber kommunestyret godta at det ikkje blir lagt noko arbeid i å lage ein ny instruks for
rådmannen i påvente av den nye kommunelova som no er ute på høyring. I lovforslaget er
rådmannen si rolle er endra i høve til gjeldande lov, særleg når det gjeld personalsaker. I
tillegg skal rådmannen bli kommunedirektør.
---
Dersom utvala og formannskapet meiner noko er uklart og treng presiserast og eventuelt
reglementsfestast i tilhøvet mellom dei folkevalde organa eller mellom dei folkevalde organa
og rådmannen, er dette eit godt høve til å ta opp slike saker.
Rådmannen torer ikkje tidfeste kva tid eit delegasjonsreglement er klart til politiske
behandling. Dette er eit arbeid rådmannen sjølv må gjere, og slik det er no, når rådmannen rett
og slett ikkje land.
Rådmannen har så langt ikkje oppfatta det slik at det nye kommunestyret ønskjer å endre på
praksisen med at rådmannen kjem med tilrådingar i så godt som alle saker. Eg tilrår derfor at
vi held fram med dette.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret godkjenner endringane i reglementa til hovudutvala og formannskapet
slik rådmannen gjer framlegg om i saka
2. Kommunestyret er innforstått med at rådmannen ikkje greier å legge fram eit
delegasjonsreglement til politiske behandling innanfor den fristen kommunelova fastset
3. Kommunestyret vidarefører ordninga med at rådmannen tilrår i alle saker som blir lagt
fram for folkevalde organ, unnateke kontrollutvalet, og vidare unnateke i saker som gjeld
val av folkevalde til verv og representasjon.
4. Kommunestyret er samd rådmannen i at saka om ny instruks for rådmannen blir utsett til
ny kommunelov er vedteken.
side 1