Overnattingstur Raudlio 2016

Kanotur med
overnatting i Raudlio
17.-18.september
Påmelding: Innan 14.september kl 20 til
Wenche, sms 91635883 eller epost
[email protected]
Frammøte laurdag 17.september kl 11 ved
parkeringsplassen i Hatlelio. Registrering og
betaling (kr 100 pr person).
Korleis finne fram:
Køyr E39 mot Bergen. På Søfteland tar
du av til Gåssand. Følg vegen til
parkeringsplassen i Hatlelio
Retur frå same stad sundag kl 15.00 – ikkje
før. Alle kanoar må vere lasta på henger før
ein kan dra. Fint om foreldre bidrar.
Litt om staden og leiren:
Turen går med kano over Yste Raudlivatnet og området er ein del av Bergen
og Omland Friluftsråd, bof.no, sine fine turområder.
Vi setter opp leir mellom Inste- og Yste Raudlivatnet og skal ha aktivitetar og
kose oss med god mat.
Dei som vil kan sove ute og dei som vil kan sove i telt.
Helsing leiarane:
Jens Kristian Fosse (41516247), Baard Brattebø
(90939721), Inge Fimreite (94507802), Jostein
Døsen (97149773), Øyvind Sundfjord (48198738)
Wenche Orrebakken (91635883)
MENY
Laurdag: - Lunsj: medbragt matpakke
- Middag: Kokkekamp
- Kvelds: Noko kosemat ved leirbålet
Søndag: - Frukost: brødmåltid
- Lunsj: (brødmåltid)
Ta med:
Mat: (legg dette øvst i sekken!)
Medbrakt nistepakke til lunsj laurdag
½ oppskore brød pr person og ein sort pålegg.
(det blir 2 brødmåltid sundag)
Vi stiller med kosemat til leirbålet. Så ingen godteri/snacks/brus då det blir ganske så usosialt
at kvar og ein sit med sitt eige.
Hugs at vi blir meir svoltne på tur enn elles!
Klede:
Etter forholda. Speidarskjorte+ sjal (for dei som har). Ekstra genser. Ullundertøy, Lue/ caps i tilfelle
mygg. Eitt klesskift. Nattøy. Fottøy: Støvlar eller fjellstøvlar og evt joggesko til bruk i leirområdet.
Leirbålskappe, viss du har (Merk klede med namn)
Utstyr:
Redningsvest, sovepose, vanntett trekk til soveposen om du har og vil sove ute, liggjeunderlag,
lommelykt, myggstift/eurax, toalettsaker, handkle, badetøy, to vedkubbar, drikkeflaske, kniv i slire,
papir og blyant, Bibel/NT (hvis du har). Kopp, fat og bestikk.
NB! Mobiltelefonar og andre elektroniske ”dippeduttar” ynskjer vi minst mogleg av. Det er dårleg
dekning på leirområdet så om du ikkje får svar er det heilt naturleg. Send sms. Leiarane har med
telefon og kontaktast via SMS så ringer vi tilbake om det er naudsynt.
Pakk alt i plastposar, vi skal tross alt i kano ;-)
_________________________________________________________________________________________________________________
Heimeside:
www.1os.no
_________________________________________________________________________________________________________________
Heimeside:
www.1os.no