Norsk nynorsk

Brukarkonto Student-IT
Gjere brukarkonto verksam
Trådlausnettverk ved UiT (Eduroam)
Alle dei nye studentane som tek imot tilbodet om studieplass frå UiT Norges arktiske universitet får ein brukarkonto
automatisk. Nye studentar må gjere sin brukarkonto
verksam før dei får full tilgang til tenestene som UiT har.
Brukarkontoen gjer mellom anna tilgang til: E-postkonto,
eige lagringsområdeområde, Eduroam, IT-tenester frå UiT
og programvareportalen.
Studentar kan sjølv betene sin brukarkonto
(skifte passord, sende e-post vidare) på nettstaden
https://profil.uit.no
Brukarkontoen er verksam medan brukaren er ein registrert
student hos UiT.
Eit brukarnamn er samansett av tre bokstavar og tre tall, på
forma abc123.
Brukarnamna blir lagde automatisk og kan ikkje endrast.
NB! Gjeld berre de som ikkje har vore student tidlegare.
UiT Norges arktiske universitet er med i Edurom-eininga.
Denne eininga gjer det mogleg å få trådlaust nett hos alle
dei som er med i eininga. Desse einingane er spreidd over
heile verda. Ein må være tilknytta Eduroam for å kunne gjere
nytte av interne nettsider ved UiT, mellom anna Universitetsbiblioteket sine e-ressursar.
Ein kan finne tospråklege (bokmål og engelsk) brukerrett­
leiingar i PDF-format for tilknytting til Eduroam, sjå òg
http://uit.no/orakel/eduroam
Du kan også laste ned konfigurasjonsfiler fra
https://cat.eduroam.org
Ikkje gje passordet ditt til nokon andre!
E-post
Alle studentar har ei e-postadresse. E-postadressa er på
forma [email protected]. Du kan lese e-post på nettsida
https://mail.uit.no
E-post er den offisielle informasjonskanalen for UiT
Norges arktiske universitet. Det forventast at studentane
leser e-post som vert sende til denne e-postadressa.
Studentweb
Her får du tilgang til data om deg som student. Her
semesterregistrerar du deg, sjekkar eksamensresultata,
finn ut korleis du betalar semesteravgift og legger inn
di private epostadresse. Logg på med di UiT studentkonto eller med fødselsnummer og PIN kode (4 siffer).
Pålogging: https://uit.no/studweb
Utskrift
UiT tilbyr utskrift via Pullprint. Tenesten må aktiverast
ved første gongs utskrift. Meir informasjon finst på:
http://uit.no/orakel/safecom
Nye studentar kan gjere sin brukarkonto verksam på
nettstaden https://profil.uit.no Klikk på Activate account.
Om du gjer din brukarkonto verksam, må du òg godta
Retningslinjer for bruk av IT-ressurser ved UiT. Ein lenke til
desse ligger på aktiveringsnettstaden.
For å gjere din brukarkonto verksam må du ha fødsels- og
personnummeret ditt (11 tal) og ein PIN-kode (4 tal). Om du
ikkje finn PIN-koden din, kan du få ein ny om du tek kontakt
med Studentinformasjonen på telefon (776 44 960) eller gå
til Studentweb og få tilsend ein PIN-kode.
Studentar som ikkje har eit norsk personnummer må ta
kontakt med Internasjonalt kontor i Administrasjonsbygget
eller sende e-post til [email protected]
Om du får beskjed om at brukarkontoen din allereie er gjort
verksam, har du antakeleg ein konto fra før.
Ta kontakt med Orakelet.
Oppgåveskriving
Medan du er student vil du skrive mange oppgåver. Kunnskap om teksthandsaming vil gjere skrivearbeidet lettare.
Du finn tips og triks om kva du bør vere oppmerksam
på når du skal skrive store dokumentar på denne sida:
http://uit.no/orakel/oppgaver . Her kan du sjå videoar som
syner korleis du legg inn sidetal, nyttar stiler, setjar inn
innhaldsliste osv.
VIKTIG! IT-avdelinga held kurs i oppgaveskriving for
studentar i byrjinga av semesteret. Det tilrådast på det sterkaste å delta på desse FØR du byrjar på oppgava. Sjå http://
uit.no/om/orakelet/itakurs
Fronter UiT
Fronter er eit nettbasert system som nyttast i undervisninga
ved UiT. Ein nettlesar kan gje tilgang til virtuelle klasserom i
Fronter. Noko av læringa går føre seg i Fronter.
For å kunne bruke Fronter, må ein ha registrert seg til
eksamen i faget på Studentweb samt ha godteke
utdanningsplan.
Pålogging til Fronter : https://fronter.com/uit
Wiseflow
Alle digitale skoleeksamenar skal gjennomførast i ein
webbasert teneste kalla WISEflow. Logg på
https://uit.wiseflow.dk med brukarkontoen du har på UiT
og velg UiT Norges arktiske universitet som tilhøyrigheit i
Feide. Det tilrådast å gjøre seg kjend med Wiseflow innan
eksamenen startar.
VPN portal for UiT / Sikker tilkopling til UiT
VPN portalen er ein nettportal der studentar kan kople seg
til UiT sine tenestar frå ein privat datamaskin på eit anna
nettverk.
Logg på nettsida https://vpn.uit.no. Hugs å velje eininga
”Students/Guests”. Det nye adressefeltet gjer tilgang til
Universitetsbiblioteket sine e-ressursar. Om ein ynskjer ein
full VPN-klient, kan ein installere AnyConnect i menyen til
venstre.
Programvare distribuert av UiT
UiT distribuerar programvare til sine studentar gjennom
nettsida https://profil.uit.no/lireg/
Programvare kan kun nyttast på maskinar eigde av UiTstudentar. Det er ikkje tillatt å gje programvara vidare.
Programvara skal fjernast om ein ikkje er aktiv student
ved UiT.
E-ressursar ved Universitetsbiblioteket (UB)
UB sine e-ressursar er mellom anna fagbasar, bibliotekbasar,
oppslagsverk og andre publikasjonar. E-ressursane er
tilgjengelege på http://uit.no/ub
For å få tilgang til desse må ein være logget på UiT sitt
nettverk, nyttja VPN eller være tilkopla Eduroam på campus.
Inngang til Servicetorg
ADMINISTRASJONEN
AVDELING FOR IT
AVSENDER
Studentkort (adgangskort)
Studentkortet er også eit lånekort på UB og eit adgangskort til bygg på universitetsområdet. Studentkort har eit
standard tilgjengenivå. For å få dette utvida, må ein gå til
studentekspedisjonen ved fakultetet ein tilhøyrer og be om
det. Om ein har gløymt koden på kortet, kan ein logge på
https://adgangskort.uit.no og få ny kode eller melde kortet
tapt.
Campus Breivika Tromsø:
Studentkort produserast av Studentinformasjonen i Administrasjonsbygget eller i resepsjonen i Mellomveien (ILP).
Spørsmål om tenesten kan rettast til [email protected]
IT-TENESTER
FOR STUDENTAR
UiT Norges arktiske universitet
Campus Harstad:
Studentkort utstedast på datalab’en i 3 etg, kontakt Servicetorget.
Campus Hammerfest:
Studentkort utstedast av BEA, henvendelse i resepsjonen.
Campus Alta:
Studentkort utstedast hos Servicetorget.
Campus Narvik:
Ta kontakt med Servicetorget.
Tap av Studentkortet meldes med ein gong ved å logge på
https://adgangskort.uit.no og klikke på Mistet kort.
Kontaktinformasjon
Orakelet
Avdeling for IT
UiT Norges arktiske universitet
9037 TROMSØ
Telefon: 776 44544
E-post: [email protected]
Nettside: http://uit.no/orakel
2016