AKTIV FERIE i Radøy 2016 Haustferieaktivitetar for born fødd 2004-2007 Haustferieaktivitetar for born f. 2004-2007 Radøy kommune har gleda av å invitera born i Radøy kommune som er fødde i 2004-2007 til aktivitetar i haustferien. Det er avgrensa tal på plassar på dei aller fleste aktivitetane, og ”først til mølla”. Det er difor viktig at dei som ynskjer å delta, melder seg på så snart som råd. Frist for påmelding står under kvart arrangement. Det er også viktig at me får beskjed dersom den som er meldt på likevel ikkje kan koma, slik at andre kan få tilbod om plassen. Me ynskjer påmelding på e-post til [email protected] eller på telefon 56 34 90 00. Ved påmelding må ein oppgje fullt navn til den påmelde, alder og bustad, og namn og telefonnummer til minst éin av dei føresette. Det er viktig at ein og gjev opplysningar om evt. allergiar og anna me bør ta omsyn til. På www.radoy.kommune.no/ aktivferie vil det stå om nokon av aktivitetane er fullteikna og anna oppdatert informasjon om dei ulike aktivitetane. Alle aktivitetar er gratis! På dei fleste aktivitetane er også mat og drikke inkludert, men på nokre aktivitetar må du sjølv ta med mat eller kjøpa mat. Dette står opplyst under kvart arrangement. Open hall er open for alle aldersgrupper. Born under 7. klasse må ha med seg ein vaksen person som har ansvar for borna og er til stades heile tida. Ta kontakt dersom nokon treng hjelp til transport, så kan me forsøka å organisera. Velkomne til ein aktiv haustferie i Radøy! 2 Haustferieaktivitetar for born f. 2004-2007 Dato Aktivitet Måndag Nybyrjarkurs i sjakk, Radøy bibliotek, kl. 12.00-14.00 10. oktober Brettspelet sjakk er eit av verdas mest populære spel. Me har fått instruktørar frå Masfjorden sjakklubb til å halda kurset. Påmelding innan 5. oktober. Måndag Open hall for alle, Radøyhallen kl. 14.00–17.00 10. oktober Radøy ungdomsklubb inviterer til open hall. Det vert aktivitetar som hoppemadrass, hoppeslott, bumperz, volleyball, fotball m.m. Open kiosk (me tar kort). Inga påmelding. Born under 7. klasse må koma i følgje med vaksne. Tysdag Kurs i cheerleading, Hordabøhallen kl. 11.00–15.00 11. oktober Hordabø lions inviterer til kurs i cheerleading. Cheerleading er ein spanande sport som inneheld element som turn, dans, hopp, kast og turn. Dette er ein sport som passar for både gutar og jenter. Lunsj vert servert. Påmelding innan 5. oktober. Tysdag Filmkveld i kinosalen på Manger kl. 18.00 11. oktober Me viser filmen Jungelboken, som vart lansert tidlegare i år. Filmen har ni års aldersgrense. Gratis inngang. Ingen påmelding. Onsdag Matkurs på Manger skule, kl. 10.00-15.30 12. oktober På kurset skal me baka, laga smoothie, lunsj, og middag med dessert. Etter borna har laga maten, får dei sjølvsagt eta den. Kurshaldar er Margit Vea, som mellom anna er kokebokforfattar og spaltist i Aftenposten Junior. Påmelding innan 5. oktober (berre 16 plassar). Torsdag Open hall for alle, Radøyhallen kl. 14.00–17.00 13. oktober Radøy ungdomsklubb inviterer til open hall. Det vert aktivitetar som hoppemadrass, hoppeslott, bumperz, volleyball, fotball m.m. Open kiosk (me tar kort). Inga påmelding. Born under 7. klasse må kome i følgje med vaksne. 3 Meir informasjon og takk til I dette heftet finn du informasjon om alle aktivitetane i Aktiv ferie i haustferien. Me håpar mange vil nytta høve til å vera med på aktivitetane! Hugs påmelding til aktivitetane på [email protected] Følg gjerne med også på www.radoy.kommune.no/aktivferie og facebooksida vår www.facebook.com/radoykommune for oppdatert informasjon om arrangementa. Har du spørsmål eller treng du meir informasjon kan du kontakta Geir Olav Repål eller Bente Kopperdal Hervik på tlf 56 34 90 00. Du kan også senda e-post til [email protected]. Me takkar alle samarbeidspartnarar som har vore med å bidra til at me kan gjennomføra dei ulike aktivitetane og som gjer at born, 9-12 år, kan få ein kjekk haustferie. Prosjektet Aktiv ferie er finansiert med tilskot frå Barne-, ungdoms-og familiedirektoratet. Dette tilskotet gjer det mogleg å gjennomføra eit mangfald av ferieaktivitetar som alle kan vera med på, og at det kan vera fleire vaksne til stades.
© Copyright 2024