Dagen - Museumssenteret i Hordaland

Kultur
DAGEN - fredag 27. desember 2013
9
NORSKAMERIKANSK: Dei mange «norske» småbyane på prærien i USA er i ferd med å forsvinne, men på Radøy er det sikra eit minne om korleis dei såg ut.
Henta Amerika heim
FOTO: Vestnorsk utvandringssenter
Historia om Vestnorsk utvandringssenter vert presentert
i ei fersk bok. Styremedlem
Frank Aarebrot meiner senteret er viktig i ei samtid då folk
kryssar grenser som aldri før.
FAKTA
senteret, som er blitt ei avdeling i
Museumssenteret i Hordaland.
Vestnorsk emigrantsenter
◗◗ Ligg på Sletta på Radøy, omlag ein
time frå Bergen
◗◗ Består av seks bygningar som
vart reiste av norske immigrantar
i i USA
Tore Hjalmar Sævik
Kostbart og krevjande
◗◗ Etablert i 1997
◗◗ Teken inn som ei eining i Museumssenteret i Hordaland
◗◗ Nettsider: www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter
[email protected]
«Draumen vart verkeleg» er tittelen på boka som er ført i pennen
av Kjartan Rødland, tidlegare sjefredaktør i Bergens Tidende. Stor
lokal entusiasme og innsatsvilje
har vore avgjerande for at seks
hus - alt frå ei kyrkje til eit fengsel
- er flytta frå det Nord-Dakota og
Minnesota til Sletta på Radøy, ein
times køyretur frå Bergen.
– Fleire av bygningane vart
redda i siste augneblink, seier
Rødland.
Ein gong fanst det hundrevis
av «norske» småbyar på prærien i
Midtvesten, men moderniseringa
og industrialiseringa av USA førte
til at dei vart fråflytta. Den amerikanske interessa for å ta vare på
dei har vore lita.
Typisk emigrantbygd
Men no kan ein få eit inntrykk
av korleis ein slik by såg ut i
Hordaland. Begynnelsen på det
heile vart at Danielsen videregående skole i Bergen på slutten av
1980-talet etablerte eit tilbod om
å ta andreåret i USA. Størstedelen
av elevane har gått på Hillcrest
Lutheran Academy i Minnesota.
Arkitekten bak elevutvekslinga
var lektor Asbjørn Ystebø. Saman
med familien budde han eit år i
Fergus Falls i startfasen. Der vart
han klar over kor mykje som fanst
av spor etter norske emigrantar
og fekk seg eit stort kontaktnett.
Snart kom ideen om å etablere eit
utvandrarsenter i Noreg. På Radøy hadde han familietilknytning,
og der vart forslaget omfamna av
eit positivt og innsatsvillig lokalmiljø. Sidan arbeidet med å etablere senteret begynte for drygt
15 år sidan, er det lagt ned eit utal
dugnadstimar. Mange i bygda har
familie som utvandra. Ein del kom
også tilbake til Radøy etter ein periode i USA.
– Sletta speglar ei vanleg norsk
emigrantbygd, seier Ystebø. I dag
er han styreleiar for utvandrings-
BOKSLEPP: Boka om Vestnorsk emigrantsenter dokumenterer dei 15 første åra,
frå 1997 til 2012. Frå venstre: Dugnadspådrivar Oddmund Skjelvik, forfattar Kjartan Rødland, styreleiar Asbjørn Ystebø og styremedlem Frank Aarebrot.
FOTO: Tore Hjalmar Sævik
Framleis er det nokre bygningar
ein gjerne skulle hatt for å komplettere præriebyen på Sletta.
Ein togstasjon, ein butikk og ein
saloon er noko av det som ideelt
sett skulle vore på plass. Men flytting av bygningar frå Amerika er
kostbart. Det er også ei stor utfordring å ta vare på eldre hus som
er bygde for tørt amerikansk innlandsklima i eit fuktig vestnorsk
kystklima. Alternative løysingar
vert diskutert. Eit av dei kan vere å
reise kopiar som er tilpassa norske
forhold.
Rike onklar
Valforskar Frank Aarebrot er
styremedlem i Vestnorsk utvandringssenter og synest det er viktig å minnast både positive og
negative sider ved utvandringa til
USA. Men han påpeikar også at
det kan aktualisere utfordringar i
samtida.
– Senteret er stadig meir rele-
vant i det multikulturelle samfunnet Noreg er i ferd med å bli, seier
han.
Aarebrot hevdar utvandring er
«riset bak spegelen» som befolkninga brukar mot styresmakter
som ikkje vil gi dei fridomen dei
krev. Slik meiner han det var i Noreg på slutten av 1800-talet, og slik
meiner han det er i andre land i
dag.
– Det betyr at dersom vi lukkar grensene, gjer vi det lettare for
diktatorane. Det gjer Sletta viktig,
seier han.
Han ønskjer seg rike onklar
som kan sjå betydninga av senteret og hjelpe til med å reise det
planlagde besøkssenteret. Då trur
han besøkande kan få endå større
utbytte. Dagen
ØKUMENISK: Emigrantkyrkja på Sletta vart vigsla av biskop Ole D. Hagesæther til
bruk for eit breitt spekter av kristne trussamfunn. FOTO: Hanne Kristin Pedersen