Radøy kommune Innkalling for Formannskapet i Radøy Møtedato: Møtestad: Møtetid: 16.12.2016 Kommunestyresalen 09.00 Saksliste: Saksnr 110/2016 111/2016 112/2016 113/2016 114/2016 Tittel Drøftingssak - aktuelle samferdselssaker Drøftingssak - Plan for næring- og tettstadutvikling Drøftingssak - reglement for kommunal byggenemnd Høyring - endringar i valforskrifta Meldingar og referatsaker Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene må melda i frå til kultur- og sørvistorget så snart som råd, tlf 56 34 90 00. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. 9. desember 2016 Jon Askeland møteleiar Arthur Kleiveland utvalssekretær Radøy kommune Saksframlegg Saknr 110/2016 Utval Type Dato Formannskapet i Radøy PS 16.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 16/2101 16/15552 Drøftingssak - aktuelle samferdselssaker Saksopplysingar: Ordføraren varsla i eit tidlegare formannskapsmøte at han ville invitera til ei samferdsledrøfting i formannskap og kommunestyre. Radøy har ei rad samferdslesaker som må løysast framover. Sakene er av ulik karaktèr, der nokre er langsiktige, andre må løysast på kortare sikt. Nokre saker har vedtekne planar, medan andre manglar dette. Utanom Soltveit – Marås er også finansieringsspørsmålet for dei fleste vegspørsmåla ikkje på plass. Nokre prosjekt (særleg arm til Manger frå ny FV565) har vedteken plan, men der det er somme som meiner at plan og trasè må vurderast på nytt. Enkelte saker ligg utanfor kommunen, og bør løysast saman med andre. I andre tilfelle gjeld det å få sett igang planarbeid, for på den måten å koma i posisjon for finansiering og Regional Transportplan (RTP). Ordførar viser til at det var ein god debatt om vegspørsmål i valkampen i 2015, og denne debatten bør førast inn i kommunestyresalen, slik at det vert avklart korleis kommunen skal prioritera i sakene. Ordførar legg fram presentasjon i formannskapsmøtet, som vert ein verkstad for korleis formannskapet vil leggja fram sak for kommunestyret. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til drøfting. Radøy kommune Saksframlegg Saknr 111/2016 Utval Type Dato Formannskapet i Radøy PS 16.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Lisbeth Toppe Alvær 16/1779 16/15637 Drøftingssak - Plan for næring- og tettstadutvikling Saksopplysingar: I verbalpunkta i budsjettet for 2016 heiter det at: «Kommunestyret bed rådmannen utarbeida sak om korleis Radøy best får auka innsats på næringstilrettelegging (også turisme, camping/bubilfasilitetar) og bustadutvikling. Dette skal sjåast i samanheng med Fylkeskommunal plan for areal og transport i Bergensregionen, BRBs strategiske næringsplan, interkommunal nærings- og samfunnsplan m.m.(…)» På denne bakgrunn inviterte rådmannen til anbodskonkurranse for utarbeiding av «ein lokalt tilpassa og handlingsorientert plan for nærings- og bustadsutvikling for Radøy kommune». Det var ein føresetnad at planen skulle utarbeidast med utgangspunkt i relevante næringsplanar for regionen: Strategisk næringsplan for Bergensregionen (2015-2020), Regional næringsplan for Hordaland 20132017 og Interkommunal nærings- og samfunnsplan region Nordhordland (2016-2025). Anbodet gjaldt både utarbeiding og ferdigstilling av sjølve dokumentet, samt deltaking i arbeidsprosessen gjennom møte med kommune og andre relevante aktørar. Konkurransegrunnlag vart sendt til tre firma, og kommunen mottok eitt tilbod pålydande kr 295 000,- eks. mva. Radøy kommune har også nyleg vedteke å støtta Industriutvikling Vest (IUV) sitt målretta arbeid for å stimulere næringsutviklinga dei neste 5 åra. På denne bakgrunn ønskjer rådmannen ei politisk drøfting om vidare prosess for nærings-, bustadsog samfunnsutvikling. Ulike alternativ til drøfting i formannskapet: · Rådmannen inngår avtale med aktuelt firma, og startar arbeidet med plan for nærings- og bustadsutvikling i kommunen. · Rådmannen tek kontakt med aktuelt firma og undersøker muligheitene for å redusera omfang av oppdraget, med føremål år redusera pris. · Alternativ bruk av midlar til nærings-, bustads- og tettstadsutvikling. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til drøfting utan framlegg til vedtak. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til drøfting utan framlegg til vedtak. Radøy kommune Saksframlegg Saknr 112/2016 Utval Type Dato Formannskapet i Radøy PS 16.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 16/2070 16/15643 Drøftingssak - reglement for kommunal byggenemnd Saksopplysingar: Kommunestyret vedtok Politisk reglement i møte 8. desember 2016. Det vedtekne reglementet omfattar ikkje kommunal byggenemnd. Gjeldande reglement for byggjenemnd er frå 2006, og er ikkje heilt i samsvar med dagens praksis. Rådmannen ser behovet for eit tydelege reglement og vil koma tilbake med ei eiga sak om dette. Reglementet for byggenemnda vil etter politisk handsaming bli sett inn i det politiske reglementet. Rådmannen legg i denne omgang opp til ei generell drøfting i formannskapet om byggenemnda si rolle generelt - og konkret inn mot oppfølging av politisk innspel om endra rolle. Rådmannen tar sikte på å leggja fram sak med framlegg til endring i reglementet for byggenemnda i formannskapet i januar og deretter i kommunestyret. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram for drøfting utan framlegg til vedtak. Vedlegg: Reglement for byggenemnd i Radøy kommune RADØY KOMMUNE Dok. ref. 04/153-2/K1-033//LTA Dato: Manger: 09.03.2006 Reglement for byggenemnd i Radøy kommune Vedtatt av Radøy kommunestyre i møte 30. mars 2006, sak 15/06. § 1 Val og samansetjing Byggenemnda har 3 medlemer med 3 varamedlemer som vert valde av kommunestyret. Kommunestyret vel også leiar og nestleiar i byggenemnda. § 2 Ansvarsområde a. Byggenemnda skal stå for den praktiske og økonomiske gjennomføringa av alle nybygg og ombyggingar over 1 mill. kr i kommunen etter godkjende planar. (Med ombygging meiner ein endra romløysing eller bruksendring. Vanleg vedlikehald kjem ikkje inn under plan- og byggenemnda sitt ansvarsområde.) b. Byggenemnda får oppdraga sine frå kommunestyret eller formannskapet og rapporterer attende til formannskapet. Kommunestyret/formannskapet styrer verksemda i byggenemnda ved: - å setja rammer og dra opp retningsliner for prosjektet i oppdragsmandatet - å godkjenna forprosjekt eller skisseprosjektet - å setja økonomiske rammer for prosjektet - å fastsetja oppstart av prosjektet etter at finansieringa er ordna c. Når byggenemnda har fått eit oppdrag, engasjerer nemnda sjølv innan godkjende budsjettrammer nødvendig arkitekt og konsulenthjelp for gjennomføring av oppdraget. d. Byggenemnda skal følgja dei retningsliner som er fastsett i oppdragsmandatet, instruks for kontrahering av bygg og anlegg og elles det som framgår av dette reglement. Byggenemnda skal og syte for alle nødvendige offentlege løyve. e. Når oppdraget er ferdig, skal byggenemnda overlevere prosjektet til formannskapet saman med eit fullstendig økonomisk oversyn. For prosjekt som går over meir enn eitt år, skal det utarbeidast prosjektrekneskap. f. For kurante prosjekt kan byggenemnda delegera gjeremåla sine heilt eller delvis til administrasjonen. § 3 Møte Leiaren kallar byggenemnda saman til møte når leiaren meiner det er nødvendig, når to av medlemene krev det eller når kommunestyret eller formannskapet krev det. Møteinnkalling skal sendast ut ei veke på førehand. Saksdokumenta skal sendast til medlemer og varamedlemer, samt ordførar og rådmann. Møte vert haldne for stengde dører. Postadr.: Krossvegen 8 5936 MANGER Telefon: 56 34 90 00 Telefaks: 56 34 90 01 Bankgiro: 3636.07.00776 Org.nr.: 954 748 634 E-post: [email protected] Nemnda kan kalla inn andre til å ta del i møta når nemnda finn det ynskjeleg. Andre som vert kalla inn, har berre talerett. Ordførar og rådmann eller den som møter på vegne av rådmannen, har møte-, tale og forslagsrett i nemnda. Det skal førast møtebok. Utskrift av møteboka skal sendast til medlemer og varamedlemer, samt ordførar og rådmann. § 4 Sekretariat Tenesteområde plan, forvaltning og næring har i regelen sekretariatsfunksjonen for byggenemnda. Rådmannen kan leggja sekretariatsfunksjonen til andre. Sekretariatet fører møtebok som skal underskrivast av dei medlemene som er til stades. Sekretariatet sender utskrift over vedtaka til rette vedkomande snarast råd etter at vedtaket er gjort. Alle dokumenta som gjeld nemnda sitt arbeid, skal arkiverast på vanleg måte. Elles gjeld §§ i reglement for kommunestyret så langt desse høver. Radøy kommune Saksframlegg Saknr 113/2016 Utval Type Dato Formannskapet i Radøy PS 16.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Anne Dahle Austrheim 16/2195 16/15565 Høyring - endringar i valforskrifta Saksopplysingar: Bakgrunn Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i valforskrifta. Endringane som gjeld elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen og endra frist for godkjenning av førehandsstemmer, er oppfølgjing etter forslag til endringar i vallova fremja i Prop. 73 L (2015-2016). Forslaga vart vedtekne i Stortinget, og departementet føl no opp lovendringane med tilhøyrande endringar i valforskrifta. Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen Stortinget vedtok 13. juni at alle kommunar kan nytta seg av elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen frå og med stortingsvalet 2017. Kommunane som nyttar elektronisk avkryssing i manntalet er sjølve ansvarlege for å setja seg inn i risikoen med ordninga og må sjølve ta initiativ til risikoførebyggjande tiltak. Som varsla i Prop. 73 L ønskjer departementet å forskriftsfesta ein beredskapsprosedyre. Dette er allereie gjort for førehandsstemmegjevings-perioden, der veljarane i alle kommuner vert kryssa av i det elektroniske manntalet. Prosedyren sikrar at veljarane får gjeve førehandsstemme utan for mykje bruk av tid. Beredskapsprosedyren skal tre i kraft umiddelbart ved straumbrot eller kommunikasjonsbrot med det elektroniske manntalet. I slike tilfelle vil det ikkje vera mogleg å kryssa av veljaren i det elektroniske manntalet, og ein må difor følgja prosedyren for beredskap. Det vert difor foreslått ein ny § 31a i valforskrifta: For seint innkomne førehandsstemmer Stortinget vedtok den 13. juni å flytta fristen for godkjenning av førehandsstemmer frå valgdagen kl. 21 til tysdag etter valgdagen kl. 17.00. Som ein konsekvens av denne endringa vart også fristen for å søkja seg inn i manntalet flytta tilsvarande. Vallova § 2-7 (3) lyder: Valgforskrifta § 2 inneheld ein bestemmelse om oppdatering av manntalet. Denne bestemmelsen må endrast slik at den er i samsvar med nemde bestemmelse i vallova. Departementet foreslår følgjande endring i § 2: Stemmesetlar Valgforskrifta § 19 omhandlar krav til utforming av stemmesetel. Forskrifta slår fast mellom anna farge og storleik på stemmesetel og tekst, samt stiller krav til rettleiing og stempelfelt på stemmesetelen. Departementet har motteke gode tilbakemeldingar på stemmesetelen sin utsjånad og funksjonalitet, og vil ikkje foreslå nokon endringar på dette. Departementet ønskjer å endra plasseringa av stempelfeltet på stemmesetelen, for å etterkoma innspel i evalueringa av stemmesetelen i etterkant av valet i 2015. Å minska stempelfeltet noko, og flytta det opp, vil i endå større grad sikra at prinsippet om hemmeleg val vert ivareteke. Dette fører ikkje til nokon realitetsendringar i forskrifta si § 19, men krev oppdatering av bileta av stemmesetelen si innside og utside. Departementet vil følgja opp forskriftsendringa med oppdaterte bilete av stemmesetlar for kommunestyreval og fylkestingsval i forkant av valet i 2019. Departementet har følgjande forslag til endring i forskrifta si § 19b: Vurdering Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen Radøy kommune har delteke i forsøk med elektronisk avkryssing i manntal på valdagen ved valet i 2011, 2013 og 2015. Vår erfaring er at elektronisk avkryssing både forenklar og kan vera med og auka kvaliteten ved valgjennomføringa. For å trygga valgjennomføringa er det viktig at det er på plass gode beredskapsrutinar og forslag til ny §31a i valforskrifta er med å trygga dette. For seint innkomne førehandsstemmer Då Endring i vallova var på høyring i starten på 2016 og formannskapet i Radøy gav sitt svar på dette – sak 001/2016, var dette tilbakemeldinga til departementet: Når no vallova vart endra og fristen for godkjenning av førehandsstemmer er sett til tysdag etter etter valdagen kl. 17, er det ein naturleg konsekvens at valforskrifta vert endra for å samsvara med lova. Stemmesetlar Endringane som er foreslått i valforskrifta når det gjeld stemmesetlar gjeld i hovudsak å sikra at prinsippet om hemmeleg val vert ivareteke. Dette er gjort med å forminska og flytta stempelfelt lenger opp på stemmesetelen. Hemmeleg val er eit viktig prinsipp og ein må gjera det ein kan for å leggja til rette for at dette kan ivaretakast på best mogleg måte. Konklusjon Radøy kommune støttar Kommual- og moderniseringsdepartementet sine framlegg til endringar i valforskrifta. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune støttar Kommual- og moderniseringsdepartementet sine framlegg til endringar i valforskrifta. Vedlegg: Høyringsbrev - Endringar i valforskrifta Høring - Endringer i valgforskriften(428222)(2) Utkast til høringsnotat om endringer i valgforskriften(427307) Fra: Sendt: Til: Emne: Vedlegg: Postmottak Radøy tirsdag 6. desember 2016 12.39 Anne Dahle Austrheim; Arthur Kleiveland; Monika Soltveit Gabrielli; Stine Pedersen Sylta; Ingunn Agnethe Øwre VS: 16/4725-2 Høringsbrev - Endringer i valgforskriften Høring - Endringer i valgforskriften(428222)(2).pdf; Utkast til høringsnotat om endringer i valgforskriften(427307).pdf Fra: [email protected] [mailto:[email protected]] Sendt: 6. desember 2016 12:23 Emne: 16/4725-2 Høringsbrev - Endringer i valgforskriften Se vedlagte saksdokumenter. Etter liste Deres ref Vår ref Dato 16/4725-2 06.12.2016 Endringer i valgforskriften - Høring Departementet sender med dette på høring forslag til endringer i forskrift om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgforskriften). Høringsnotat med forslag til endringer er vedlagt. Høringsfristen er satt til 17. januar 2017. Høringsuttalelser skal avgis digitalt på regjeringen.no. Dette gjøres under «Send inn høringssvar» på regjeringen.no/2522819. Alle kan avgi høringsuttalelse. Høringsuttalelser er offentlige etter offentleglova og blir publisert sammen med øvrige høringsuttalelser. Forslagene følger opp endringene i valgloven som ble vedtatt av Stortinget 13. juni 2016. Dette gjelder beredskapsprosedyre for kommuner som velger å benytte seg av elektronisk avkryssing i manntallet på valgdagen, samt endring av frist for innføring i manntallet for norske statsborgere som har bodd i utlandet. Departementet foreslår i tillegg å endre plasseringen av stempelfeltet på stemmeseddelen. Med hilsen Siri Dolven (e.f.) avdelingsdirektør Sissel Lian rådgiver Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendes uten signatur. Postadresse Postboks 8112 Dep NO-0032 Oslo [email protected] Kontoradresse Akersg. 59 http://www.kmd.dep.no/ Telefon* 22 24 90 90 Org no. 972 417 858 Kommunalavdelingen Saksbehandler Sissel Lian Høring – Endringer i valgforskriften Innholdsfortegnelse 1 Innledning ........................................................................................................... 3 2 Elektronisk avkryssing i manntallet på valgdagen................................................ 3 3 For sent innkomne forhåndsstemmer ................................................................... 4 4 Stemmesedler ...................................................................................................... 4 5 Høringsinstanser ................................................................................................. 7 2 1 Innledning Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender herved på høring forslag til endringer i valgforskriften. Endringene som gjelder elektronisk avkryssing i manntallet på valgdagen og endret frist for godkjenning av forhåndsstemmer, er oppfølging etter forslag til endringer i valgloven fremmet i Prop. 73 L (2015-2016). Forslagene ble vedtatt i Stortinget, og departementet følger nå opp lovendringene med tilhørende endringer i valgforskriften. 2 Elektronisk avkryssing i manntallet på valgdagen Stortinget vedtok 13. juni at alle kommuner kan benytte seg av elektronisk avkryssing i manntallet på valgdagen fra og med stortingsvalget 2017. Det er kommunene selv som velger hvorvidt de vil benytte seg av ordningen, som i så fall må gjelde alle valglokalene i kommunen. Departementet viste i Prop. 73 L (2015-2016) til at kommuner som ønsker å benytte seg av ordningen, er ansvarlige for å sette seg inn i risikoen knyttet til elektronisk avkryssing i manntall på valgdagen. Departementet understreket også at kommunene selv må ta initiativ til risikoreduserende tiltak. Som varslet i Prop. 73 L ønsker departementet å forskriftsfeste en beredskapsprosedyre. Dette er allerede gjort for forhåndsstemmegivningsperioden, der velgerne i alle kommuner krysses av i det elektroniske manntallet. Prosedyren sikrer at velgeren får avgitt forhåndsstemme uten for mye tidsspille. Beredskapsprosedyren skal tre i kraft umiddelbart ved strømbrudd eller kommunikasjonsbrudd med det elektroniske manntallet. I slike tilfeller vil det ikke være mulig å krysse av velgeren i det elektroniske manntallet, og prosedyren for beredskap må derfor følges. Det foreslås derfor en ny § 31a i valgforskriften: § 31a. Beredskapsrutine ved stemmegivningen (1) Ved strømbrudd eller kommunikasjonsbrudd til det elektroniske manntallet skal beredskapsrutinene i denne bestemmelsen tre i kraft umiddelbart. (2) Velger skal ikke legge stemmeseddel direkte i urnen, men i en egen beredskapskonvolutt, jf. valgloven § 9-5a (4). Velgeren legger beredskapskonvolutten i en urne. (3) Beredskapskonvolutten skal skille seg klart ut fra det øvrige valgmateriellet. Beredskapskonvolutten skal være oransje og påføres teksten beredskapskonvolutt med trykt skrift. (4) Når beredskapssituasjonen opphører skal beredskapskonvoluttene leveres val gstyret for godkjenning. I kommuner med todagersvalg skal eventuelle beredskapsstemmer mottatt på søndag behandles og krysses av i det elektroniske manntallet før valglokalene åpner på mandag. 3 (5) Om kommunikasjonen med det elektroniske manntallet gjenoppstår eller strømmen kommer tilbake avsluttes beredskapsrutinen umiddelbart, og velgere avgir stemme på ordinær måte etter valgloven § 9-5 (3). 3 For sent innkomne forhåndsstemmer Stortinget vedtok den 13. juni å flytte fristen for godkjenning av forhåndsstemmer fra valgdagen kl. 21 til tirsdag etter valgdagen kl. 17.00. Som en konsekvens av denne endringen ble også fristen for å søke seg inn i manntallet flyttet tilsvarende. Valglo vens § 2-7 (3) lyder: (3) Valgstyret skal sørge for at en stemmeberettiget som er bosatt i utlandet, og som ikke har vært folkeregisterført som bosatt i Norge noen gang i løpet av de siste ti årene før valgdagen, føres inn i manntallet i kommunen, dersom vedkommende søker om innføring innen kl. 17 dagen etter valgdagen. Valgforskriftens § 2 inneholder en bestemmelse om oppdatering av manntallet. Denne bestemmelsen må endres slik at den er i samsvar med nevnte bestemmelse i valgloven. Departementet foreslår følgende endring i § 2: § 2 skal lyde: § 2. Oppdatering av manntallet (1) Departementet sørger for at manntallet blir oppdatert i henhold til § 1 frem til lørdag før valgdagen. (2) Dersom manntallet skal endres etter krav om retting av feil eller klage i henhold til § 1 bokstav a, skal valgstyret gi melding til folkeregistermyndigheten om dette. (3) Valgstyret sørger for at norske statsborgere som har bodd i utlandet i mer enn 10 år og som søker og avgir stemme innen utgangen av tirsdag etter valgdagen kl. 17.00 i henhold til § 1 bokstav c, føres inn i manntallet manuelt. (4) Det skal ikke føres noen inn i eller ut av manntallet hvis vedkommende derved blir manntallsført i mer enn en kommune, eller ikke blir manntallsført i noen kommune. I slike tilfeller skal ikke manntallet oppdateres uten at manntallet i den andre kommunen blir oppdatert tilsvarende. (5) Velger skal ikke føres inn i manntallet dersom vedkommende er manntallsført i en annen kommune og har avgitt forhåndsstemme til denne kommunen. 4 Stemmesedler Valgforskriften § 19 omhandler krav til utforming av stemmeseddel. Forskriften fastslår blant annet farge og størrelse på stemmeseddel og tekst, samt stiller krav til veiledning og stempelfelt på stemmeseddelen. Departementet har mottatt gode tilbakemeldinger på stemmeseddelens utseende og funksjonalitet, og vil ikke foreslå noen endringer på dette. 4 Departementet ønsker å endre plasseringen av stempelfeltet på stemmeseddelen, for å etterkomme innspill i evalueringen av stemmeseddelen i etterkant av valget i 2015. Å forminske stempelfeltet noe, samt flytte det opp, vil i enda større grad sikre at prinsippet om hemmelig valg ivaretas. Dette medfører ingen realitetsendringer i forskriftens § 19, men krever oppdatering av bildene av stemmeseddelens innside og utside. Departementet vil følge opp forskriftsendringen med oppdaterte bilder av stemmesedler for kommunestyrevalg og fylkestingsvalg i forkant av valget i 2019. Departementet foreslår følgende endring i forskriftens § 19b: § 19b. Krav til stemmesedler med kandidatnavn ved stortingsvalg (1) Ved stortingsvalg skal utsiden av stemmeseddelen ha en farget mønsterside med fargekode C0 M60 Y90 K0, og et mørkt mønsterfelt øverst. Utsiden av seddelen skal på hvit bunn ha veiledningstekst og stempelfelt. Stemmeseddelen skal ha en hvit innside med navn på parti eller gruppe og kandidatnavn, og en brettekant med samme mønster og fargekode som utsiden. (2) Stemmeseddelen skal ha kolonne med ruter til venstre for kandidatnavnet til å endre rekkefølgen på kandidatene. Kolonnen skal ha overskriften «Nr.». Til høyre for kandidatnavnet skal det være kolonne med ruter for å stryke kandidater. Kolonnen skal ha overskriften «Stryk». (3) På stemmesedler til stortingsvalg skal det av veiledningen fremgå a) hvordan velgeren endrer rekkefølgen på kandidatene, og b) at dersom velgeren ønsker å stryke ett eller flere kandidatnavn, så må det skje ved å sette et merke i ruten til høyre for kandidatnavnet(ene). (4) Nederst på venstre side av stemmeseddelen skal det trykkes stemmeseddelnummer og en unik stemmeseddel ID. Stemmeseddelnummer skal trykkes i font Arial 10 punkt. Nummeret består av 22 karakterer og blir generert i valgadministrasjonssystemet. Stemmeseddelnummeret skal trykkes på begge sider av brettekanten. Stemmeseddel ID genereres av trykkeriet forløpende i trykkingen, hver stemmeseddel skal ha et eget unikt nummer. Dette skal trykkes i font OCRB 10 punkt. Dette nummeret består av 8 karakterer. Stemmeseddel ID skal kun trykkes på venstre side av brettekanten. (5) Styremerker skal plasseres både på innsiden og utsiden av stemmeseddelen som vist i bildene nedenfor. (6) Stemmeseddelen skal ha forskutt falsing. Etter falsing skal størrelsen på stemmeseddelen være bredde 150 x høyde 203 millimeter. Den skal være trykket på 90 gram ubestrøket hvitt papir. 5 Stemmeseddelens innside skal se slik ut: Stemmeseddelens utside (mønsterside) skal se slik ut: 6 5 Høringsinstanser Departementene Kommuner Fylkeskommuner Fylkesmenn Registrerte politiske partier Aftenposten Barneombudet Brønnøysundregistrene Dagbladet Dagens Næringsliv Datatilsynet Den norske Helsingforskomité Den norske kirke Direktoratet for forvaltning og IKT Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap Evry Elevorganisasjonen Faglig forum for formannskapssekretærer Forbrukerombudet Forbrukerrådet Forum for Kontroll og Tilsyn, FKT Funksjonshemmedes fellesorganisasjon Helsedirektoratet Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, IMDi Innvandrernes Landsorganisasjon, INLO Institutt for Samfunnsforskning KS - Kommunesektorens arbeidsgiver- og interesseorganisasjon Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner Likestillings- og diskrimineringsnemnda Likestillings- og diskrimineringsombudet Likestillingssenteret Longyearbyen lokalstyre Medietilsynet MIRA-senteret Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (Nsm) NORDEM Norges Blindeforbund Norges forskningsråd Norges handikapforbund Norges juristforbund Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) Norges Teknisk-naturvitenskaplige Universitet (NTNU) Norsk Forbund for utviklingshemmede Norsk Institutt for By- og Regionforskning (NIBR) 7 Norsk journalistlag Norsk pensjonistforbund Norsk presseforbund Norsk redaktørforening Norsk rådmannsforum Norsk Studentorganisasjon Norsk telegrambyrå Ombudsmannen for Forsvaret Posten Riksrevisjonen Rokkansenteret Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner SAFO Sametinget Statens Kartverk Statens råd for likestilling av funksjonshemmede Sametingets ungdomspolitiske utvalg, SUPU Sivilombudsmannen Skattedirektoratet Statens seniorråd Statistisk sentralbyrå Sysselmannen på Svalbard TV2 Universitetet i Agder Universitetet i Bergen Universitetet i Oslo Universitetet i Stavanger Universitetet i Tromsø Utlendingsdirektoratet Valgdirektoratet Valgforum Verdens Gang 8 Radøy kommune Saksframlegg Saknr 114/2016 Utval Type Dato Formannskapet i Radøy PS 16.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 16/2184 16/15432 Meldingar og referatsaker Saksopplysingar: Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker: a. Dialogsamling – vidareføring av Etablerersenteret og Invest in Bergen. b. Reguleringsplan Fv565 Tolleshaug-Marås – ny TS-revisjon c. Reguleringsplan Fv565 – skisse rundkjøring Marås d. Vest politidistrikt sin struktur for tenestestad og tenesteeining – høyring regionrådet e. Ladeinfrastruktur – status og behov - notat f. Orientering v/rådmannen g. Orientering v/ordføraren Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering Vedlegg: Dialogsamling - vidareføring av Etablerersenteret og Invest in Bergen Reguleringsplan Fv565 Marås-Soltveit - ny TS-revisjon Fv565_Skisse rundkjøring Marås Høyringsuttale - Nærpolitirefoma - Vest politidistrikt sin tenestestads- og ten (L)(109161) Høyringsuttale - Nærpolitirefoma - Vest politidistrikt sin tenestestads- og ten (L)(109161) Ladesinfrastruktur status og behov Kommunane i Hordaland Takk til alle som var til stade for ei god dialogsamling på Grand terminus 15. november, og for alle dei gode og konstruktive innspela i samband med vidareføringa av Etablerersenteret og Invest in Bergen. Me har notert oss følgjande hovudutfordringar som vart peika på i løpet av drøftinga denne dagen: · Korleis skal Etablerersenteret sine tenester knytast saman med fylkeskommunen sitt arbeid, og korleis skal me ivareta det gode arbeidet som vert utført regionalt/lokalt i dag? · Korleis gjere Etablerersenteret relevant for heile fylket, med tanke på på dei ressursane som dei disponerer? · Korleis ser aktørkartet innan etablererrettleiing og etablererkursing ut i dag? Aktørkartet må teiknast. · Korleis skal eventuelle «kvite flekkar» på kommunekartet handterast? · Kva styringsmodellar er mest relevant å nytte? Skissere ut «Heradstveitmodellen» med ulike styringsgrupper for dei to prosjekta. · Korleis ivareta alle regionane sine Strategiske næringsplanar i arbeidet med oppfølging/rullering av SNP for bergensregionen? Vegen vidare: Hordaland fylkeskommune skisserer så snart som råd moglege svar på desse utfordringane og presenterer desse til ei foreløpig styringsgruppe samansett av: Karstein Totland, Masfjorden kommune Børge Haugetun, Øygarden kommune Julie Andersland, Bergen kommune (Må avklarast) Jon Larsgård, Jondal kommune Sunnhordland: Peikar ut egen representant Med helsing Mette Nora Sætre Næringssjef Regionalavdelinga | næringsseksjonen Hei Gjeldande reguleringsplanen Fv565 Tolleshaug – Soltveit med arm til Manger vart godkjend i 2010. Sidan den gong har det vore nokre endringar i lov- og regelverk samt handbøker som påverkar reguleringsplanen. Vi har difor valgt å gjennomføra ein ny TS-revisjon av denne reguleringsplanen for å ta hensyn til desse endringane. I samband med TS-revisjonen er det til no gjennomført to møte med revisorane og ei synfaring på Radøy. Eit sentralt tema på det siste møtet var påkoplinga i sør. Revisorane tilrår ikkje løysinga som avklart tidlegare men heller ei rundkøyring ut frå eit «trafikksikkerhetsperspektiv». Vi har laga ei skisse som viser prinsippet for ei rundkøyring, jfr. Vedlegg. Revisorane har vurdert desse løysingane og konkludere med: Vi vurderer de to løsningene slik: Løsning med gradvis nedtrapping av vegstandard fra ny veg til gammel veg: Ny veg vil ha vesentlig høyere standard enn gammel veg. Hastighetsnivået på den nye vegen vil ligge rundt 80. Selv med nedskilting av ny veg til 60 før overgangen til gammel veg vil man forvente at fartsnivået i overgangssonen vil bli høyere enn det er i dag ved denne løsningen. Overgangen fra ny til gammel veg skjer i et område med uheldig horisontal og vertikalkurvatur. Etter overgangssonen kommer trafikantene inn i et lavbrekk. Her er det økt sannsynlighet for glatt føre. Vegkanten er sikret med betongkant. Betongkanten er ikke godkjent rekkverksløsning og kanten utgjør et påkjøringsfarlig sidehinder. Rekkverket er også for kort og sikrer ikke sideterrenget i lang nok utstrekning. Dersom dette forholdet skal utbedres innebærer det nytt rekkverk og flytting av jordbruksavkjørsel. Løsning med ny veg avsluttet i rundkjøring: Rundkjøring reduserer fartsnivået fra ny veg med høy hastighet og man får en trafikksikker og tydelig overgang mellom to vegstandarder. Rundkjøringen gir en trafikksikker kryssløsning for sideveg og jordbruksavkjørsel som knyttes til samme rundkjøring. Anbefaling: Ut fra et trafikksikkerhetsperspektiv anbefales løsningen med rundkjøring. Vi har diskutert dette internt hjå oss og har konkludert med at vi ynskjer å følgje råda frå revisorane, dvs. å kopla nyvegen til eksisterande veg via ei rundkøyring slik vedlagt skisse viser. Denne løysinga vil vera billigare og vi er også innanfor regulert område. Slik rundkøyringa er vist på vedlagt skisse, er den plassert i samsvar med reguleringsplanen. Rundkøyringa kan justerast. Vi har også tatt dette opp med vegeigar Hordaland Fylkeskommune og dei er enig i vår konklusjon. Vår planansvarleg Kjell Erik Myre vil ta denne saka vidare med dykk. Med venleg helsing Svein Rosseland Seksjon: Vegseksjon Nord-, Midt- og Sunnhordland Postadresse: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER Kontoradresse: Nygårdsgaten 112, BERGEN Telefon: +47 55516363 Mobil: +47 90690033 e-post/Lync: [email protected] www.vegvesen.no e-post: [email protected] Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Vest politidistrikt [email protected] [email protected] Knarvik, 1. desember 2016 Høyringsuttale – Vest politidistrikt sin tenestestads- og tenesteeiningsstruktur Me viser til; Skriv frå Vest politidistrikt datert 21. oktober 2016 «Innbyding til høyring – Vest politidistrikt sin tenestestads- og tenesteeiningsstruktur». Vårt skriv datert 29. august 2016 «Nærpolitireforma – innspel til struktur frå Regionrådet i Nordhordland» Skriv frå Regionrådet til politimeisteren datert 11. januar d.å. og til møte med politimeisteren mandag 29. februar Politimeisterens forslag til organisering i tenesteiningar med tilhøyrande tenestestader er i stor grad iht. til det som har vore innspela frå Regionrådet i Nordhordland. I forslaget er Nordhordland og Gulen/Masfjorden/Solund slått saman til ei tenesteeining som heiter Nordhordland. Det er vidare føreslått at det er to tenestestader i denne eininga, Knarvik og Hosteland. Det betyr at ein legg ned Austrheim, Eivindvik og Hardbakke som tenestestader. Regionrådet er svært fornøgd med at forslaget legg til grunn ei tenesteeining med to tenestestader. Me meiner at det er svært viktig å ha ei tenesteeining i nord, i eit så stort geografisk område som Gulen, Masfjorden og Solund utgjer. Og at eininga vert plassert i området Masfjorden/Gulen i forhold til ei risiko- og politifagleg vurdering. Det eine forslaget er at tenesteeininga også er eigen geografisk driftseining (GDE). Driftseiningsleiaren har personalansvar, økonomi- og budsjettansvar, samtidig som han er medlem i leiargruppa til politimeisteren. Tenesteeiningsleiaren har ikkje desse funksjonane. Tenesteeiningsleiaren som sit i Knarvik blir då driftseiningsleiar for tenesteininga som består av våre 9 kommunar (inkl. Solund, ikkje Osterøy). Det andre forslaget frå politimeisteren er ei driftseining beståande av to tenesteeiningar, nemleg Nordhordland og Voss med omegn. Då vil driftseiningsleiar enten sitja i Knarvik eller på Voss. Me vil då få ei driftseining som strekk seg frå Solund til Eidfjord. Det siste verkar ikkje fornuftig for oss, og me ser det som lite hensiktsmessig at politiressursane skal styrast frå Voss eller omvendt. Me har lang og god tradisjon i Nordhordland for eit tett samarbeid med politiet, og mellom «blålysetatane» gjennom beredskap, øvingar, førebygging og haldningsskapande arbeid. Regionrådet er veldig godt fornøgd med dagens Nordhordland lensmannsdistrikt, og meiner det er bygd opp eit godt politi i Nordhordland. Dagens organisering fungerer godt, og distriktet har utmerka seg med tilstrekkeleg med tenestepersonell og patruljar. Eininga har god kriminalitetsførebygging, spesielt retta mot ungdom. Eininga har den høgaste oppklaringsprosenten i politidistriktet, og samarbeidet mellom einingane som er føreslått samla i Nordhordland er etter vårt syn godt. Det å ha ein tett og god dialog mellom kommunane og driftseiningsleiaren og at han i neste omgang tar viktige signal og saker med inn i leiargruppa til politimeisteren, ser me som svært viktig i samarbeidet mellom kommunar og politiet sin toppleiing. Politiråda er viktige for samhandlinga mellom kommunane og politiet - og dette samarbeidet fungerer for vår del svært godt. Me har i dag eit godt samarbeid i TSU - trafikkfagleg samarbeidsutval, og det ynskjer me vidare. Nordhordland Utviklingsselskap IKS, postboks 13, 5902 Isdalstø Telefon 56 37 58 88 / e-post: [email protected] / www.nordhordland.net Regionrådet meiner derfor at Nordhordland må vera eigen GDE. Andre viktige moment me ynskjer å peika på er: Nordhordland består av mange kommunar og det er særs viktig med tett og god dialog mellom kommunane sin leiing og leiarar i politiet Nordhordland er ein stor region beståande av hav/sjø, fjord, land, vidder og fjell – og har betydelege avstandar Regionen er i vekst, særleg i søre del, men med tunge installasjonar i nord Me har E39 gjennom regionen og me har FV 57 med stor tungtrafikk til Mongstad. Vegane i regionen er ulukkesbelasta og mange av dei er i tillegg utsatt for ras og stenging. Fensfjord-bassenget med Mongstad industriområde og industrien i Sløvågområdet er stor og har mange verksemder med stort risikopotensiale Mongstad er ei av dei største hamnene i Europa i tonnasje, og det er stor trafikk til / frå hamnene. Området er utsatt i forhold til oljesøl og gassulukker m.v. I tillegg veks aktiviteten i Sløvågområdet kraftig Storhavet ligg tett på oss med dei utfordringar dette kan føra til Schengen-kontroll på Mongstad Slik politidirektoratet legg føringar for politimeisteren si leiargruppa, ser me at denne vil bestå av veldig mange «administrative stillingar» (funksjonelle driftseiningsleiarar, stab, PST), og me er veldig redde for at dette kan gå på bekostning av den operative sida som Regionrådet ser som svært viktig å ha med i toppleiinga. Dei fleste av desse vil i tillegg sitja i Bergen. Nokre ekstra GDEar i ei allereie stor leiargruppe, må etter vårt syn ikkje vera avgjerande for korleis ein delar inn politidistriktet i GDEar. Nærpolitireforma legg opp til at kontor skal bytast ut med mobilitet. Dette er me i stor grad enig i, men då må det også vera ei føresetnad at den mobile dekningsgraden i regionen også må opp på eit vesentleg høgare nivå enn i dag. Politiet må elles vera i tet på teknologisk utvikling og ta i bruk nytt utstyr dersom dette skal lukkast på ein god måte. Konklusjon: Regionrådet i Nordhordland viser til tidlegare uttalar / innspel og at me er tilfreds med at Nordhordland er føreslått som tenesteeining med to tenestestader, men me er tydeleg på at Nordhordland også må vera eigen geografisk driftseining (GDE) basert på dei ulike momenta me har peika på. Då kan politiet halda på verdfull kompetanse, ha gode faglege miljø, ha god kontakt mot innbyggjarane og sikra tett og god kontakt og dialog mellom kommunane og ansvarleg leiar i politiet. Osterøy er lagt innunder Bergen kommune i alle forslaga frå politimeisteren. Dette er ei løysing Osterøy kommune er svært lite fornøygd med, og vil koma med eigne innspel på dette. Med venleg helsing Alle ordførarar i Regionrådet Nordhordland Karstein Totland Leiar Regionrådet Nordhordland Kopi: Kommunane i Region Nordhordland Nordhordland Utviklingsselskap IKS, postboks 13, 5902 Isdalstø Telefon 56 37 58 88 / e-post: [email protected] / www.nordhordland.net Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Radøy kommune Sektor for drift og forvaltning Notat Emne: Ladeinfrastruktur: status og behov I budsjettdokumentet for 2016 heiter det at «kommunestyret vil ha ei sak på status og behov for ladepunkt, støtteordningar og tenleg vidare tilrettelegging for miljøvenlege bilar, som ladepunkt for el-bilar, hydrogenbilar m.m.». SSB sine tal viser at talet på registrerte el-bilar (personbilar) i kommunen har auka frå 0 i 2010 til 54 i 2015. Tala for 2016 ligg ikkje føre. Den største veksten har skjedd dei siste åra, frå 8 registrerte el-bilar i 2013 til 54 i 2015. Sett i forhold til talet på el-bilar i kommunen, var Radøy kommune tidleg ute med å etablera lademuligheiter for ladbare kjøretøy. Tal frå SSB viser at kommunen i 2011 hadde etablert 26 ladepunkt og hadde 1 registrert el-bil, medan forholdet i 2015 var 54 el-bilar og 26 ladepunkt. I 2016 har kommersielle aktørar etablert ein hurtigladestasjon i Manger sentrum, og ladepunkt ved senteret i Austmarka. Dei 26 etablerte ladepunkta som kommunen eig er knytt til dei kommunale bygga. Dei er fordelt på rådhuset, Radøy ungdomsskule/Radøyhallen, Hordabø skule, Velferdssenteret og heimetenesta, Helsehuset, Prestbrekka (OMSUT) og Sæbø skule/barnehage. Tilbakemelding frå leiarane ved desse bygga tyder på at dagens behov langt på veg er dekka. Vurderinga er basert på i kva grad tilgang på ladepunkt vert etterspurt blant tilsette og andre. Unntaka er rådhuset, Helsehuset og OMSUT, der det er mange besøkande og eit aukande tal tilsette som nyttar ladbare kjøretøy til og frå arbeid. Ved desse bygga er det behov for å utvida kapsiteten i takt med etterspørsel. Det er også ein del bygg i kommunen som ikkje har tilgang til lademuligheiter for el-bil, t.d. Austebygd skule, Manger skule, Prestmarka barnehage og fleire av bygga knytt til OMSUT. Etableringskostnad pr nytt ladepunkt vil variera og m.a vera avhengig av type ladepunkt, plassering, behov for fysisk tilrettelegging osb. Snittpris per ferdig etablert ladepunkt er av fleire aktørar estimert til om lag kr 25 000,-, som er same summen HFK nytta i si tilskotsordning for 2016. Det er pr i dag gratis å lada på alle dei kommunalt eigde ladestasjonane. I tillegg til å bygga ut ladeinfrastruktur med gratis parkering, har kommunen kjøpt inn ladbare kjøretøy til bruk i dagleg drift i kommunen. Heimetenesta har hatt el-bil nokre år, og rådhuset får i desse dagar el-bil til bruk for tenestene ved rådhuset. Post [email protected] Radøyvegen 1690, 5936 Manger Kontakt Telefon +47 56 34 90 00 Telefaks +47 56 34 90 01 www.radoy.kommune.no Konto 3636 07 00776 Org.nr. 954 748 634 Våren 2016 søkte Radøy kommune Hordaland fylkeskommune (HFK) om midlar til ei utviding av ladeinfrastrukturen i kommunen. Føremålet var å styrka kapasiteten ved allereie etablerte ladestasjonar, og å etablera nye ladepunkt ved bygg som ikkje alt har lademuligheiter. Kommunen fekk ikkje tildelt midlar frå den ordinære tildelinga, men vart oppmoda om å søkja igjen til hausten. Nye midlar vart aldri lyst ut, men kommunen vart kontakta av HFK i november og tildelt «restmidlar». Kommunen har derfor fått kr 200 000 til ei vidare styrking av ladeinfrastrukturen i kommunen. Pr i dag kjenner ikkje rådmannen til at det er lyst ut tilskotsordningar til ladeinfrastruktur for 2017 hjå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland eller ENOVA, men vil følgje med på tilskotsutlysingar på dette området. Utbygging av ladeinfrastruktur er i samsvar med strategiane i Klimaplan for Hordaland 20142030, der målet m.a. er at minst 20 % av alle lette køyretøy skal gå på ikkje-fossile drivstoff innan 2020, og 40 % i 2030. Tiltak for å redusera klimagassutstlipp er også i tråd med kommunen sin eigen Kommunedelplan for klima og energi Radøy kommune (2010-2013). Ein viktig føresetnad for at el-bilar skal vera eit attraktivt alternativ, er eit godt utvikla ladeinfrastruktur i område som er aktuelle for dagens og potensielle nye brukarar. Rådmannen legg derfor til grunn at kommunen bør prioritera å utvida ladekapasitet ved bygg der det alt er ein etterspørsel som ikkje er dekka, og vidare bør leggja til rette for lademuligheiter ved bygg med mange tilsette/besøkande som ikkje har alt har ladekapasitet. I tillegg kan kommunen leggja til rette for at andre aktørar bidrar til å utvida ladeinfrastruktur i kommunen, t.d. gjennom tilskot. Tilgang til hurtigladestasjon i Manger sentrum er i så måte eit godt supplement til kommunen sine eigne normalladestasjonar. Når det gjeld hydrogenbilar er det framleis eit stykke fram, sjølv om utviklinga går fort. Stadig fleire bilprodusentar lanserer hydrogenbilar, men det er førebels få slike bilar på den norske marknaden. Tilrettelegging for bruk av hydrogenbilar vil ein kome tilbake i takt med utvikling og vekst i denne typen bilar. Saksbehandlar: Sektor for drift og forvaltning/Lisbeth Toppe Alvær Vår referanse: 14/1054 - 16/15630 / FA - K21, HistSak - 09/1082 Dato: 09.12.2016
© Copyright 2024