Styremøte – mandag 22. august 2011 Me kallar inn til styremøte i Regionrådet Nordhordland IKS Tid: Mandag 22. august kl 0900 -1100 Stad: Regionrådet sitt møterom Sakliste: 29/11 Ny reiselivssatsing i Nordhordland – kommunane og Regionrådet si rolle 30/11 Etablering av arbeidsgruppe for vurdering av mulig lokalmedisinsk senter for Nordhordland 31/11 Grunnlovsjubileet 2014 – forprosjekt/synopsis 32/11 Meldingar/eventuelt Med helsing Regionrådet Nordhordland IKS Håkon Matre Styreleiar Elin F. Styve Dagleg leiar Sak 29/11 Reiselivssatsing Nordhordland – Regionrådet si rolle Bakgrunn Etter ein periode med drøftingar om framtida for Nordhordland Reiselivslag, er det i ferd med å sendast eit strategiutkast på høyring, samstundes som organiseringa av reiselivssatsinga i regionen har vore diskutert. 10. august gjekk styret i Nordhordland reiselivslag inn for å arbeida vidare med ein modell som inkluderer samarbeid med ein planlagd ny næringshage for reiseliv og kulturnæringar, der finansieringa delvis vert løyst ved hjelp av SIVA-midlar og HFK/kommunale tilskot. I skisse til ny modell er det meininga at reiselivslaget då vert ein medlemsorganisasjon utan tilsette, med inntekter frå næringa sjølv, og der pengane hovudsakeleg blir brukt på marknadsføring og kjøp av tenester og kompetanse i kultur/næringshagen. Målet med ny modell er å bygga eit regionalt kompetansemiljø knytt til reiseliv og kultur/oppleving. Den nye næringshagen skal blant anna driva produktutvikling, kompetanseutvikling og næringsutvikling, og tilby “full pakke” av tenester for både reiseliv og kulturnæringar i alle kommunane i regionen. Planen er at reiselivslaget og næringshagen skal vera to ulike selskap, og at reiselivslaget er tenkt å stå for marknadsføringsaktivitetar for medlemene. Regionrådet/kommunane si rolle på veg mot den nye organiseringa: I dag er ikkje alle kommunane med i Nordhordland Reiselivslag, og fleire har varsla utmelding. Det har vore eit sterkt ønske frå kommunane at det skal koma ei ny satsing på reiseliv, og at næringa skal sterkare på bana. Kommunane har ei viktig rolle i profileringa av regionen, og tilrettelegging av infrastruktur. Vurdering I samband med ei reiselivssatsing frå “scratch” som det no vert lagd opp til, er det viktig å sjå på kommunane si rolle, då ei satsing er forventa å vera ei felles regional oppgåve. Det er dermed nærliggjande å tenka Regionrådet Nordhordland inn som ein fødselshjelpar til satsinga, ved at kommunane gjennom Regionrådet samarbeider med dei involverte partane om å få den nye modellen på beina. Det er ein klar føresetnad frå SIVA og andre større aktørar at regionen opptrer samla i ein søknad om eit næringshageprogram knytt til reiseliv. Det er difor avgjerande at kommunane er med på ei andelsfinansiering og forpliktar seg til å ta ei aktiv rolle i opprettinga av den nye organisasjonen. Saka vert lagd fram til drøfting og eventuelt vedtak Vedlegg: Konseptskisse - modell for organisering og økonomi Sak 30/2011 Etablering av arbeidsgruppe som skal vurdera realisering av lokalmedisinsk senter for Nordhordland Bakgrunn Helseutvalet har fått i oppdrag å vurdera omfang og innhald i konseptet ”Nordhordland Distriktsmedisinske Senter” i samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen. Politiske, medisinske og økonomiske sider av konseptet må vurderast, og den rette posisjonen i høve samhandlingsreforma må finnast. Fleire pågåande og gjennomførte prosjekt viser at ulike former for distrikts- /lokalmedisinske senter bidrar til å sikre observasjon, behandling og etterbehandling på beste effektive omsorgsnivå. Det viser og at eit slik tilbod kan hindra innlegging i sjukehus og at pasientane sett pris på tenestetilbodet. Vurdering Helseutvalet tilrår i møte 17. juni 2011 at det vert sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå administrativ, politisk og fagleg hald frå kommunane og frå psykiatrisk divisjon i Helse Bergen. Gruppa får i oppdrag å utgreia modell og realisering av Lokalmedisinsk senter for Nordhordland. Mål for arbeidsgruppa: Vurdere realisering av eit lokalmedisinsk senter ut frå ulike modellar for organisering og nivå på helsetenester. Vurdere muligheiter til å samlokalisere spesialiserte helsetenester og lærings- og meistringstilbod. Mandat for arbeidsgruppa: Det er sett ned ulike arbeidsgrupper som har eller skal vurdere innhald i konseptet Lokalmedisinsk senter for Nordhordland. Tilrådingar frå desse arbeidsgruppene må takast omsyn til ved vurdering av omfang, innhald og lokalisering. Gruppa skal vurdere - samlokalisering av tenester for ulike pasientgrupper frå tenesteleverandørar på ulike helsenivå - ulike løysingar når det gjeld lokalisering, økonomi - investering og drift, organisering, eigarskap og samarbeidsløysingar - ulike løysingar for utbygging/gjennomføring (vertskommune, helseføretak, privat) - bruk av ekstern kompetanse - mulige samarbeidspartar Gruppa må ta omsyn til eksisterande legevaktteneste og lokalisering av den når lokalisering av andre døgnbaserte helsetenester vert vurdert. Gruppa skal utarbeide ei tilråding til helseutvalet i samsvar med mandat for arbeidet. Tidsramme: Start: 15.09.11 Slutt: 15.12.11 Forslag til arbeidsgruppas samansetting: Styret i regionrådet – Nils Marton Aadland, Meland Brukarutvalet i HB – Anne Berit Kolås Helseutvalet – Rolf Martin Tande Rådmannsgruppa – Øystein Søvik Strategigruppa – Anne Jorunn Lunde Helse Bergen – Gro Fanebust og Geir Lien HDS – Kim Sperstad? Sekretær for gruppa – Anne Hildegunn Færøy Framlegg til vedtak: 1. Styret i Regionrådet Nordhordland IKS er positive til etableringa av ei arbeidsgruppe for vurdering av eit lokalmedisinsk senter i Nordhordland. 2. Nils Marton Aadland vert oppnemnd som styret sin representant i arbeidsgruppa. Sak 31/11 Grunnlovsjubileet 2014 – forprosjekt/synopsis Bakgrunn: Med bakgrunn i tidlegare styrevedtak om å sondera mulighetane for ei markering av grunnlovsjubileet i Nordhordland, har Jon Askeland og dagleg leiar vore i kontakt med Statsarkivet. Her har det kome fram idé om eit spel i 2014, som kan fortelja historia om nordhordlendingane og Christie i tida kring 1814. Statsarkivar Yngve Nedrebø skriv: “Forfattar Erling Gjelsvik held på med ei bok om bergensarane si historie, og er kommen fram til 1814. I følgje rettsprotokollane etter det "tumultariske opptrinn" i Bergen i juni 1814, fekk dei galopperande kornprisane fekk om lag 1000 menn og kvinner frå Samnanger, Fana, Osterøy og ytre Nordhordland til å true brødrene Krohn. Det enda med ei stor sak, med avhøyr og straff av nokre hundre av dei. Gjelsvik kan kan tenke seg å lage tekst til eit "spel", men om det skal lagast må ein få fatt på pengar, og ein regissør så snart som råd er. For eit spel vil krevje ei organisering. Dersom ein ville laga drama, er det meir enn nok stoff for mange lokale tema. Christie var dommar, folket svalt og truga til sist med opprør.” Erling Gjelsvik skriv: “Jeg tror vi her har et materiale og et konfliktstoff som det kan bli frodig, intens dramatikk av. Selve kontrasten mellom sultne bygdefolk og en velfødd, opphøyd embetsstand – innenfor rammen av dette turbulente året – er jo gull verdt. Med mye mer krutt i enn å skildre det som skjedde på Eidsvoll, og de andre velkjente rundene i 1814-valsen. Dette strileopprøret er jo ukjent stoff for nesten alle! Det beste er at vi kan få frem hvilket samfunn Norge faktisk var i 1814, med de virkelige motsetningene mellom høy og lav, uten rosemaling og etterpåklistret nasjonalpatos. Og så har vi jo konflikten mellom Bergen og omlandet, som er et av de mest takknemlige motsetningsparene en dramatiker kan ønske seg – det rommer så store muligheter for både indignasjon og humor. Når det gjelder de økonomiske rammebetingelsene for å utvikle teksten til en forestilling som denne, henviser jeg til Dramatikerforbundets avtaleverk (se www.dramatiker.no). Som dere vil se, er en endelig avtale for historiske spill ennå ikke fremforhandlet. Men det foreligger en anbefaling, som jeg føler meg forpliktet av. Første skritt videre i denne prosessen må være å utvikle et mest mulig konkret synopsis, med risset av et handlingsforløp og en karaktertegning av de sentrale rollene. Dette vil kreve en god del arbeid, på den kreative siden selvfølgelig, men ikke minst med å finlese og tolke det historiske grunnlagsmaterialet. For å gjøre en slik jobb, etter min vurdering et månedsverk, må jeg ha kr 30 000.” Framlegg til vedtak: Styret i Regionrådet Nordhordland IKS stiller seg positive til at Erling Gjelsvik utarbeider eit synopsis med tanke på eit framtidig spel som ei markering av grunnlovsjubileet i Nordhordland. Parallelt med at synopsis vert utarbeida skal administrasjonen utgreia mulighetane for finansiering av ei oppsetting frå ulike kjelder, før arbeidet med konkrete førebuingar eventuelt vert sett i gang.
© Copyright 2024