Sakspapir III

Finnøy kommune
Kommunestyret
Tilleggsinnkalling
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
14.12.2016
Biblioteksalen
Kl. 15:00
Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte.
Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling.
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på
tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: [email protected]
Ryfylke næringshage presenterer 'Grendalaga som utviklingskraft' i byrjinga av møtet.
Det vert servering av graut og innspel frå Finnøy kultur- og musikkskule kl. 14.30.
Finnøy
13.12.2016
Henrik Halleland
ordførar
Randi-Merete Lode
politisk sekretær
Sakliste
Sak nr.
090/16
Saktittel
Finansiering av investeringar i rekneskapen for 2016
Side 2 av 3
Saksframlegg
Sakshandsamar
Arkiv
JournalpostID
Siv Ragnhild Bjerga
K1 - 151
16/9007
Saksnr
090/16
Utval
Kommunestyret
Dato
14.12.2016
Finansiering av investeringar i rekneskapen for 2016
Forslag til vedtak frå rådmannen:
Kommunestyret gjer vedtak om at investeringar i rekneskapen for 2016 blir finansiert ved ubrukt
innlånt kapital, ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond.
Finnøy 12.12.2016
Helene M. Ohm
rådmann
Saksopplysningar
I budsjettvedtaket for 2016, KS-080/15, vart det lagt til grunn at investeringar i 2016 i tråd med
økonomiplan, i tillegg til kapital ved sal av eigedom, skulle finansierast ved låneopptak inntil 55 mill.
kroner. Her framgår ikkje at kan nytta ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond, det er eit krav at
dette skal framgå positivt om fond skal kunne nyttast til finansiering av investeringar. Det er dessutan
ein krav at slikt vedtak må gjerast i løpet av driftsåret, det vil sei innan 31.12.2016.
Vurdering
Rådmannen syner til årsrapporten for Finnøy kommune for 2015 der det framgår at ein har ubundne
kapitalfond og disposisjonsfond. Desse fonda kan nyttast til finansiering av investeringar, dette i
tillegg til ubrukt innlånt kapital. Ved denne løysinga vil ein ikkje ha trong for å ta opp nye lån, ein
nyttar eigenkapital til finansiering av investeringar.
Konklusjon
Rådmannen vurderer det som den beste løysinga for Finnøy kommune i rekneskapsåret 2016 at
investeringar blir finansiert ved ubrukt innlånt kapital, ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond.
Side 3 av 3