SAKSPROTOKOLL Arkivsak-dok. Arkivkode Saksbehandler 16/00676 Bernt Eilev Aalvik Behandla av 1 Utval for formannskap/plan og økonomi 2 Kommunestyret Møtedato 02.06.2016 Saknr 43/16 Økonomiplan-2017-2020 Utval for formannskap/plan og økonomi har behandlet saken i møte 02.06.2016 sak 43/16 Møtebehandling Arne Mosefinn, Krf, Daniel Mossefinn, Raudt og Knut Kvissel, Frp tok sete. Repr. J. Ytrefjord kom med slikt framlegg: 1. «Kommunestyret vedtek ramer for driftsbudsjettet i 2017-2020 som foreslått av rådmannen, men jamfør likevel fylgjande komentarar. 2. Kommunestyret vil vurdera økonomisk utvikling framover med tanke på endra ramer/tiltak i 2017 for driftsbudsjettet. - Styrking bemanning barnehage og skule ( 2.17 og 2.18) - EM tiltak ( 2.23/2.24) - Tiltak for reasfaltering/bruvedlikehald (6.1) - Velferdsteknologi : nærmare vurdering av utvida bruk (3.02) - Utvida kulturskuletilbod ( 5.07 / 5.08) - Tiltak for næringsutvikling - Klima – og miljøtiltak , f.eks vektleggja energiøkonomiske tiltak ved nybygg i Voss Kommune 3 Utarbeidast langsiktig plan i forhold til Barnevern, helsestasjon- og skulehelseteneste, PPT med tanke på arbeid med førebygging, integrering. Dette bør gjerast også med tanke på framtidig samlokalisering av areal og fagmiljø. 4 a) Kommunestyret tek føreslåtte investeringsråmer og tiltak til etterretning, og vil koma attende til investeringar i budsjettet for 2017 når det føreligg vedtak om nytt symjeanlegg/basseng i Kommunestyret i juni 2016. 4 b) Me vil likevel peika på behov for ny barnehage på Nyre/flytting eller utviding av Gjernes barnehage.( p 48) Tilrettelegging for barn i sentrum( p 57) . Redusera investeringar i Velferdsteknologi (11/25/29) Forskriftsmessig legevaktsbil (8) og interkommunal legevakt og kortidsplassar (52)» Repr. I. Schau Johansen kom med slikt framlegg: 1. Bustadpolitikk 1.1 Investering i hardbruks-bustadar. Føremål: Å spare kostnadar til vedlikehald, og korte ned tida bustadane står tomme og ventar på oppussing før ny brukar kan flytte inn. 1.2 Sjølvfinansierte bustadar for unge vaksne med funksjonshemming. Aktuell tomt: I bak-kant av Tinghusplassen, med utsyn mot Vangsvatnet og Prestegardsmoen. 2. Ungdomsskule: Behovet for ny ungdomsskule i sentrumsområdet må kartleggjast. Det er viktig å planleggje for framtida. Dersom kartlegginga syner at det bør byggast ny skule i løpet av dei neste åra, må det takast omsyn til dette i økonomiplanen for 2017. 3. Barnehage: 3.1 Barnehagestrukturen i Voss kommune må gjennomgåast med tanke på ei omlegging til barnehage-einingar som gjev utgangspunkt for meir effektiv drift, og dermed fleire barnehageplassar innanfor noverande rammer. 3.2 Kommunen skal arbeide for å inngå nye rammeavtaler som opnar for at dei kommunale barnehagane kan handle inn formingsmateriell og anna som dei treng der dei til ei kvar tid finn det gunstigast, slik dei private barnehagane har høve til å gjere. 4. Helse og fritid 4.1 Helsesysterfunksjonen skal vernast mot kutt. 5. Universell tilrettelegging: Møterom og kommunestyresal i Voss Tinghus skal ha teleslynge eller annan tilsvarande teknologi som legg til rette for at personar med nedsett hørsel kan delta aktivt i politiske møte og andre møte som finn stad her. Tiltaket blir finansiert med tilsvarande reduksjon i kommunestyret sin reservepost. Votering FPL vedtok samrøystes å leggja ut framlegg til Økonomiplanen 2017 – 2020 med innkomne framlegg til offentleg ettersyn. Vedtak Økonomiplan 2017 – 2020 vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til handsaming i kommunestyre 16.06.2016. 2
© Copyright 2024