Vedlegg: Brev dat. 16.12.14.

Landbruk og naturforvaltning
16.12.2014
Wilfred Pedersen
Haugen
6877 FORTUN
Arkivsak: 13/2492
Løpenr.: 14/13458
Sakshandsamar: Åshild
Ekrene
Angåande tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket
Sluttmelding om restaurering av sel i Berdalen
Vi viser til sluttmelding om restaurering av sel i Berdalen datert 30.09.2014, samt tilsendte
bilete av 25.09.2014. Me viser også til påfylgjande telefonsamtalar med sakshandsamar den
20.11.14 og 08.12.14.
Det vert med dette gjeve melding om at landbrukssjefen har teke slik avgjerd i d-sak 444/14:
Gjennomførd restaurering av sel i Berdalen under gnr. 14, bnr. 4 oppfyller ikkje vilkåra for
utbetaling av løyvd tilskot etter SMIL-ordninga, jf. tilsegnsbrev frå Luster kommune av
04.11.2013.
Arbeidsfristen for tiltaket er sett til den 31.08.2016. I fall manglane ikkje er oppretta innan
denne datoen, vil det innvilga tilskotet, utan nærmare varsel, bli trekt inn med heimel i §§ 9
og 10 i forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket og rundskriv 07/2005 frå
Statens landbruksforvaltning.
De har rett til å klaga på vedtaket. Klaga må vere skriftleg og sett fram innan 3 veker frå De
har motteke melding om vedtaket. Vi viser til vedlagde orientering.
Med helsing
Åshild Ekrene
sakshandsamar
tlf.:57 68 55 82
Vedlegg: vedtak med saksutgreiing datert 16.12.2014.
Mottakar (ar):
Wilfred Pedersen Haugen
6877 FORTUN
Kopi til:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
ADRESSE:
Rådhuset
6868 GAUPNE
TELEFON:
Sentralbord:
57 68 55 00
Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER
TELEFAX
57 68 55 01
E-POST ADRESSE:
[email protected]
ORGANISASJONSNR.
964 968 241
Bankgiro:
3785.07.00142
Luster kommune
Delegert vedtak
Utval som skal ha melding om vedtak:
Plan- og forvaltningsstyret
Vedtaksdato:
16.12.2014
Angåande tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket
Sluttmelding om restaurering av sel i Berdalen
Arkivsak:
13/2492
Sakshandsamar:
Åshild Ekrene
Arkivkode:
MTR 14/4
Vedlegg:
SAMANDRAG:
Wilfred Pedersen fekk etter søknad innvilga tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket til
restaurering av sel i Berdalen hausten 2013. Tilskot vart gjeve i samsvar med søknad med
unntak av material til golv. Det vart sett vilkår om at restaureringa skulle fylgja antikvariske
prinsipp. Søkjar sendte sluttmelding med bilete hausten 2014. Bileta syner vesentlege
endringar jf. opphavleg søknad og vilkår som var sett. Landbrukssjefen har gjort vedtak om at
tilskot til restaurering av sel vert inndrege utan nærmare varsel dersom søkjar ikkje vel å
oppfylle vilkåra gitt i tilsegnsbrev av 04.11.2013 innan gitt arbeidsfrist 31.08.2016.
Delegert mynde er gjeve i delegasjonsreglementet.
Sak: 444/14.
Vedtak:
Gjennomførd restaurering av sel i Berdalen under gnr. 14, bnr. 4 oppfyller ikkje vilkåra for
utbetaling av løyvd tilskot etter SMIL-ordninga, jf. tilsegnsbrev frå Luster kommune av
04.11.2013.
Arbeidsfristen for tiltaket er sett til den 31.08.2016. I fall manglane ikkje er oppretta innan
denne datoen, vil det innvilga tilskotet, utan nærmare varsel, bli trekt inn med heimel i §§ 9
og 10 i forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket og rundskriv 07/2005 frå
Statens landbruksforvaltning.
Steinulf Skjerdal
landbrukssjef
Saksutgreiing
Fakta:
Wilfred Pedersen søkte 15.09.2013 om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket til å
restaurere sel i Berdalen. Søkjar ville rette opp steinfundamentet, leggje nytt golv i skotet,
skifte tak og leggje nytt torvtak. Vidare ville han skifte bordkledning og evt. deler av lafta
tømmervegg. Søkjar skreiv at skotet måtte totalrenoverast.
Wilfred Pedersen fekk innvilga søknaden hausten 2013, den vart imøtekommen med kr
32 000. Tilskotet vart gjeve til restaurering av sel i samsvar med søknaden. I godkjent
kostnadsoverslag vart det gjort fråtrekk frå golv jf. kommunal tiltaksstrategi. For alle
restaureringsprosjekt som vert støtta med midlar frå SMIL- ordninga vert det sett vilkår om at
restaureringa skal fylgja antikvariske prinsipp. Det går fram av tilsegnsbrev av 04.11.2013.
Det inneber mellom anna
• å ta vare på bygningen sin eigenart og heilskapen til kulturmiljøet
• å endra så lite som mogleg. Reparasjon skal føretrekkast framfor utskifting
• å bruka tradisjonelle, stadeigne materialar, teknikkar og fargar.
I tilsegnsbrevet går det også fram at kommunen skal føra kontroll med at gjennomføringa
samsvarar med føresetnadane for tilskotet, og at tilskotet kan krevjast tilbakebetalt heilt eller
delvis dersom det oppstår tilhøve som strir med føresetnadane. Frist for gjennomføring av
tiltaket er sett til 31.08.2016.
Luster kommune mottok bilete frå restaureringa den 25.09.2014 og sluttrapport datert
30.09.14.
Kommunen er jf. forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket § 9 ansvarleg for at det vert
gjennomført tilstrekkelege kontrolltiltak for å sikre at tilskotet vert nytta i tråd med
føresetnadane. Jf §10 har kommunen ansvar for å føre tilsyn med at vilkåra for tilskotet vert
overhaldne. Dersom vilkåra ikkje er overhaldt skal kommunen vurdere å fatte vedtak om
omgjering av vedtak om innvilga tilskot.
I telefonsamtale den 20.11.14 orienterte sakshandsamar om at ein ikkje kunne godkjenne
sluttutbetaling av prosjektet då vilkår i tilsegnsbrev av 04.11.2013 ikkje var oppfylt.
Sakhandsamar orienterte vidare om at kommunen ikkje har noko anna val enn å trekke inn
tilskotet så sant ikkje søkjar ynskjer å gjere om prosjektet slik at det oppfyller dei vilkåra som
framgår av tilsegnsbrevet. Søkjar var ikkje einig i det. I telefonsamtale 08.12.14 ba søkjar om
ei skrifteleg forklaring på kommunen si vurdering.
Vurdering:
Gjennomførte endringar i forhold til det som var omsøkt i søknad av 15.09.13 er
• det er sett inn ekstra vindauge i skotet
• tidlegare var det bylgjeblekk og stein på taket, no er det stålplater. I søknaden sto det at
det skulle leggjast torvtak.
• (heile selet er panelt på nytt, det sto i søknad at bordkledninga skulle skiftast og ev.
deler av lafta tømmervegg)
Det er fleire større avvik som for eksempel manglande torvtak og endring av fasade ved
innsetjing av nytt vindauge. Tidlegare kunne ein sjå skilje mellom skot og sel, skilje er borte i
dag.
På prinsipielt grunnlag drøfta plan- og forvaltningsstyret praksis for godkjenning av SMILprosjekt den 28.10.14. Det vart ikkje fatta formelt vedtak, men signala frå utvalet går på at
administrasjonen skal halda seg strengt til gjeldande forskrift ved godkjenning for utbetaling.
SMIL- prosjektet i Berdalen var lagt fram som døme.
Grunna manglande samsvar mellom søknaden og vilkåra som vart sett for tilskotet, kan ikkje
kommunen ferdiggodkjenne prosjektet for utbetaling. Søkjar har etter tilsegnsbrev
arbeidsfrist til 31.08.2016 til å gjennomføre tiltaket. Søkjar har framleis frist på seg fram til
31.08.2016 til å gjennomføre tiltaket i tråd med føresetnadane som er gitt. Dersom søkjar vel
å gjennomføre endringar som gjer at ein kan godkjenne prosjektet etter antikvariske prinsipp
og i tråd med føresetnadane som er gitt vil han få utbetalt heile\ deler av tilskotet.
Dersom søkjar ikkje vel å fylle opp vilkåra som er gitt i tilsegnsbrev av 04.11.2013 innan
arbeidsfristen, har ikkje kommunen noko anna val enn å inndra midlane.
LUSTER KOMMUNE, Landbruk og naturforvaltning
Gaupne, den 16.12.2014
Åshild Ekrene
sakshandsamar
Avsendar:
…………………………..
………………………….
…………………………..
Mottakar
Melding om rett til å klaga over
forvaltningsvedtak
(Forvaltningslova §27 tredje ledd og fjerde ledd)
Dato
Klageinstans
Denne meldinga gir viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått underretning om.
Klagerett
De har rett til å klaga over vedtaket.
Kven kan De
klaga til
Klagen skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket
som fylgje av klagen, vil han bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er fatta av
kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det
organ desse har bestemt. Dersom vedtaket er fatta av kommunestyret eller fylkestinget, er klageinstansen
kommunaldepartementet eller det organ det har gitt mynde til.
Klagefrist
Rett til å krevje
grunngjeving
Klagen sitt
innhald
Utsetjing av
vedtaket
Rett til å sjå saka
sine dokument og
til å krevja rettleiing
Kostnader ved
klagesaka
Klage til
Sivilombudsmannen
Særlege opplysningar
Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagd
innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid,
ber vi Dykk oppgi når denne meldinga kom fram. Dersom klagen blir send for seint, er det adgang til å
sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. De
bør då i tilfelle nemne grunnen til utsettinga.
Dersom De ikkje allereie har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav
om å få det. Slikt krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny
frist startar frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga.
Klagen skal nemna det vedtak det vert klaga over, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør
nemna Dykkar grunngjeving for å klaga og evnt. andre opplysningar som kan ha noko å seia for
vurderinga av klagen. Klagen må underskrivast.
Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har imidlertid adgang til å
søkja om å få utsett iverksettinga av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord.
Med visse avgrensninger har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle vende Dykk til det
forvaltningsorgan som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om adgangen til
å klage og om reglane for handsaminga elles.
De kan søkja om å få dekt utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld
imidlertid normalt visse inntekts- og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor eller vedkommande
advokat kan gi nærare rettleiing. Det er også særskild adgang til å krevja dekning for vesentlege
kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til gunst for
ein part, er det også adgang til å søkja dekning for vesentlege kostnader i samband med saka.
Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekning for sakskostnader.
Det er også mogeleg å klaga til Stortinget sin ombudsmann for forvaltningen (Sivilombudsmannen).
Sivilombudsmannen har ikkje adgang til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom
De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa
saka inn for Sivilombudsmannen.