Vedtaket kan du lese her.

Aktuelle landbruksføretak
Vår ref.
178/15
Dykkar ref.
Arkivsak
15/1082 - 2
Sakshandsamar
Veronika Seim Bech
Direktenr.
90910709
Dato
08.09.2015
Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 20.09.15 - heile Vik kommune
Saksopplysningar
Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding er i utgangspunktet berre tillate
fram til 1. september, jf. forskrifta om gjødselsvarer mv. av organisk opphav § 23.
Dei klimatiske tilhøva våren og sommaren 2015, med ein lang kald vår og låge temperaturar
gjennom sommaren, har ført til sein vekst på grovfôr-areala i kommunen. Mange
landbruksføretak er pr. dags dato ikkje ferdig med 2. slåtten.
Vik kommune har motteke 7 førespurnadar om utsett frist for å spreie husdyrgjødsel utan
nedmolding. Det er trong for å spreie husdyrgjødsel og silopressaft som har kome til i løpet av
dei siste par månadane.
Kommunen kan gje utsetjing på fristen. Sakfeltet er delegert frå politisk leiing til Rådmannen,
jf. «Delegerings- og innstillingsreglement for Vik kommune, vedteke i KS 18.12.2012».
Vurdering
Kommunen kan med heimel i §23, tillate spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding fram til
seinast 1. oktober:
Spredning av gjødselvarer av organisk opphav er kun tillatt i perioden 15. februar til 1.
november. Det er ikke tillatt å spre gjødselvarer på snødekket eller frossen mark.
Spredning uten nedmolding/nedfelling på eng og annen grøde bør gjøres så tidlig i
vekstsesongen at det er mulighet for betydelig gjenvekst som høstes eller beites, og skal gjøres
senest innen 1. september, dersom ikke noe annet er bestemt av kommunen iht. tredje ledd.
Kommunen kan på vilkår av at kommunens klimatiske forhold og vannkvaliteten i kommunens
vassdrag tillater det, ved forskrift eller enkeltvedtak, tillate en senere frist for spredning uten
nedmolding/nedfelling enn 1. september, men ikke senere enn 1. oktober.
Spreiing av husdyrgjødsla tidleg i vekstsesongen gjev den beste utnyttinga av nitrogenet og
andre næringsemne og reduserer faren for uheldig verknad på vassdrag samt utslepp av
klimagassar. For å hindre tap av ammoniakk er det eit føremon å spreie gylle under tilhøve
med låg temperatur, lite vind og gjerne litt regn, men ikkje så mykje regn att det fører til
overflate-avrenning. Det er viktig at ein held god avstand til elvekantar og bekkar.
Postboks 134, 6891 Vik i Sogn | tel: 57 69 82 00 | [email protected] | vik.kommune.no
Bankgiro: 4202.38.41511 | Org. nr 937 498 764
Haustspreiing kan føre til dårlegare herding og fare for vinterutgang på eng. Ved spreiing
seint i veksetida vert det tilrådd at gjødsla vert nytta på raigras som har lang veksetid og som
kan haustast med beiting, eller på eldre eng der ein kan beite av attveksten.
Dei heilt spesielle klimatiske tilhøva våren og sommaren 2015 har ført til at slåtten vart 2-3
veker seinare enn normalt. Sjølv om ein har hatt ut mesteparten av gjødsla tidlegare i
vekstsesongen vil det hjå mange bønder samle seg opp noko ny gjødsel samt pressaft i løpet
av juli og august. Det kan for mange vere viktig å få tømt lagera godt etter 2. slåtten for å ha
nok lagerkapasitet til komande vinter.
Det er framleis god vekst på grasareala og i fylgje vêrmeldingane skal temperaturane halde
seg framover slik at veksten vil halde fram.
Med store snømengder i fjellet vinteren 2014/15 og sein smelting i høgfjellet har elvar og
bekkar hatt god vassføring. Dette medverkar til å redusere faren for oksygenmangel som
fylgje av eventuell avrenning.
Rådmannen kjem til at dei heilt spesielle klimatiske tilhøva i 2015 gjer at det er forsvarleg og
teneleg å gi eit generelt løyve til utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding,
samt at løyvet kan gjelde for heile kommunen og fram til 20. sept.
Tiltaket kan tilrådast med omsyn på naturmangfaldet, jf. naturmangfaldlova §§ 8-12.
Heimel
Forskrift om gjødselsvarer mv. av organisk opphav. FOR-2006-04-07-401.
Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven). LOV-2009-06-19 nr. 100.
Vedtak:
Med heimel i forskrift om gjødselsvarer mv. av organisk opphav, § 23, gjev Vik kommune
generell utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 20. sept. i heile Vik kommune. Ein må
unngå avrenning til elvar og bekkar så langt det let seg gjere. Vert marka frosen eller snødekt
gjeld ikkje løyvet.
Klage:
Vedtaket gjev klagerett etter Forvaltningslova av 10. feb 1967. Sjå vedlagt melding om rett til
å klage over forvaltningstiltak. Klagefrist er 3 veker etter melding om vedtak er motteke.
Klageinstans er Vik formannskap.
Med helsing
Oddbjørn Ese
Rådmann
Veronika Seim Bech
Landbrukssjef
Side 2 av 4
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
(1)Sendar
Vik kommune
Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak
(3)Mottakar
Landbruksføretak i Vik
(4)Klageinstans
(Forvaltingslova § 27 tredje leddet)
(2)Dato: 09.09.2015
Vik Formannskap
Denne meldinga gjev viktige opplysningar dersom De vil klaga på eit vedtak De er gjort kjend med.
Klagerett
De har rett til å klage på vedtaket.
Kven kan de klage til
Klaga sender De til oss, dvs. det organet som er ført opp i rubrikk (1). Dersom
Klagefrist
Rett til å krevje
grunngjeving
Innhaldet i klaga
Utsetjing av
gjennomføringa av vedtaket
Rett til å sjå saksdokumenta
og til å krevje rettleiing
Kostnadene med klagesaka
Klage til
Sivilombodsmannen
vi ikkje endrar vedtaket vårt som følgje av klaga, sender vi klaga over til
klageinstansen, jamfør rubrikk (4).
Klagefristen er tre – 3 – veker frå den dagen dette brevet kom fram. Det er nok
at klaga er postlagd før fristen går ut. Dersom de klagar så seint at det kan vere
uklart for oss om de har klaga i rett tid, bør de oppgi datoen for når De fekk
dette brevet. Dersom De klagar for seint, kan vi sjå bort frå klaga. De kan søkje
om å få lengre klagefrist, og då må de nemne grunnen til at De ønskjer det.
Dersom De meiner at vi ikkje har grunngjeve vedtaket, kan De krevje ei slik
grunngjeving før fristen går ut. Ny klagefrist blir rekna frå den dagen De får
grunngjevinga.
De må presisere:
-Kva for eit vedtak De klagar på
-årsaka til at De klagar
-den eller dei endringar som De ønskjer
-eventuelt andre opplysningar som kan ha noko å seie for vurderinga av klaga
Klaga må underskrivast.
Jamvel om De har klagerett, kan vedtaket til vanleg setjast i verk med det
same. Men de kan søkje om å få utsett gjennomføringa av vedtaket til
klagefristen er ute eller til klaga er avgjord.
Med visse unntak har De rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette finst
i §18 og §19 i forvaltningslova. De må i tilfelle ta kontakt med oss, jamfør
rubrikk (1). De vil då få nærmare rettleiing om retten til å klage, om
framgangsmåten og om reglane for saksgangen.
De kan søkje om å få dekt utgifter til den advokathjelpa De treng, etter reglane
om fritt rettsråd. Her gjeld det visse grenser for inntekt og eige. Fylkesmannen
eller advokaten Dykkar kan gje nærmare opplysningar om dette. Dersom
vedtaket er endra til Dykkar fordel, kan De etter forvaltningslova ha krav på å
få dekt store kostnader som har vore naudsynte for å få endra vedtaket.
Klageinstansen, jamfør rubrikk (4), vil orientere Dykk om retten til å krevje slik
dekning.
Dersom De meiner at De har vore utsett for urett frå den offentlege
forvaltninga, kan De klage til Stortingsombodet for forvaltninga.
(Sivilombodsmannen). Sivilombodsmannen kan ikkje sjølv endre vedtaket, men
kan gje si vurdering av korleis den offentlege forvaltninga har handsama saka,
og om dei har gjort feil eller forsømt noko. Dette gjeld likevel ikkje saker som
er avgjorde av Kongen i statsråd. Dersom De no får klaga Dykkar avgjord i
statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De såleis ikkje seinare føre saka inn
for Sivilombodsmannen.
Side 3 av 4
Særlige opplysningar: Sak 15/1082
Side 4 av 4