eInnsyn i 2017 – info til systemleverandørane

1
eInnsyn i 2017 – info til systemleverandørane
Føremål
Målet med dette notatet er:
1.
2.
3.
4.
Å informera systemleverandørane om status i arbeidet med eInnsyn
Dela oppdatert plan for 2017 med viktige milepælar
Drøfta behov for samarbeid som eInnsyn ser med tanke på full utrulling og drift av eInnsyn
Invitera til konkret dialog om praktisk utprøving 2017
Bakgrunn
Kommunikasjonen mellom offentlege verksemder skal i størst mogeleg grad føregå digitalt. Det same
skal kommunikasjon mellom offentlege verksemder og innbyggarar, næringsliv og private
verksemder.
Difi har ansvar for å utvikla nye OEP eller eInnsyn. Frå juni 2016 kom Oslo kommune med som ein
sentral part i arbeidet med å utvikla eInnsyn. Gjennom samarbeidet med Oslo er eInnsyn utvida til og
å kunna omfatta informasjon om den politiske handsaminga i kommunar og fylkeskommunar.
Difi har og ansvar for prosjektet meldingsutveksling i offentleg sektor, sjå
https://www.difi.no/artikkel/2016/03/referansearkitektur-meldingsutveksling
Prosjektet meldingsutveksling utviklar infrastruktur som skal transportera meldingar på ein trygg og
sikker måte mellom offentlege verksemder. Løysinga er basert på kommunikasjon mellom sokalla
interasjonspunkt som vert installert både hjå avsendar og hjå mottakar.
eInnsyn planlegg å leggja denne infrastrukturen til grunn når meldingar skal sendast mellom
innhaldsleverandørar og den nye tenesta eInnsyn. Dette gjeld både informasjon som skal publiserast
på eInnsyn og innsynskrav attende til innhaldsleverandøren.
Meldingar mellom verksemdene og eInnsyn vil få eit stort omfang. I dagens OEP vert det lasta opp
kring 10.000 nye journalpostar kvar dag frå 120 statlege verksemder. Overført til prinsippet om
meldingar frå verksemdene til eInnsyn, vil det tilseia at det vil koma minst 10.000 meldingar til
eInnsyn kvar dag når tenesta er på plass. I tillegg vil det koma informasjon frå kommunale sektor.
Status for arbeidet med eInnsyn
I september sende me ut notatet Dataflyt mellom offentlege verksemder og eInnsyn, modellar,
ansvar og konsekvensar. Her gjorde me greie for status for prosjektet og korleis me ser føre oss at
eInnsyn kan takast i bruk av verksemdene. Her omtalte me og ansvar og kva naturlege rollar
innhaldsleverandørane, systemleverandørane og Difi vil ha i arbeidet med å realisera eInnsyn.
Utviklinga av eInnsyn er no kome langt. Oslo kommune har gått i produksjon (beta) med søk i
politiske saker no i desember 2016. sjå beta.einnsyn.no.
På den delen av den samla løysinga som skal erstatta dagens OEP, vil me starta utprøving og testing
frå januar 2017.
2
Hovudmilepælar for 2017 (eInnsyn/Ny OEP)
Ny OEP skal etter planen i drift frå 1.1.2018 og for arbeidet med prosjektet eInnsyn er det definert
fylgjande hovudmilepælar i 2017.
Oppgåver
Milepæl år-mnd
Merknad
1
Plan forvaltning og support utarbeidd
2017-2
2
Basisfunksjonalitet eInnsyn ferdig utvikla og
testa
2017-2
3
Integrasjonspunkt og eInnsyn klient ferdig
testa og dokumentert
2017-2
Installasjon og test
gjennomført i 4-8
verksemder i
februar/mars
4
Forvaltning og support utrulling etablert
2017-3
Første del med tanke
på utrulling i
verksemdene som
leverer til OEP
5
Prioriterte nye tenester utvikla og testa
2017-4
6
eInnsyn stat og eInnsyn kommune ferdig
utvikla
2017-5
Utviklingsarbeidet
vert avslutta.
Forvaltning,
stabilisering held fram
7
Kommunikasjon verksemder (120) etablert
mot eInnsyn test
2017-8
Sikra at alle
verksemdene får
levert data til eInnsyn
test
8
Kommunikasjon verksemder (120) etablert
mot eInnsyn prod
2017-11
Sikra at alle
verksemdene får
levert data til eInnsyn
prod
9
eInnsyn overlevert og sett i drift
2018-1
Dagens OEP vert
avslutta
3
eInnsyn – ulike modellar for tilknyting
Difi hentar i desse dagar inn ein del praktisk informasjon frå alle dei 120 verksemdene som leverer
data til OEP. Det gjeld mellom anna kva sak/arkivsystem dei nyttar, kontaktperson i arbeidet med
innføring av eInnsyn med meir.
Dei 120 verksemdene skal i løpet av 2017 gradvis knytast opp mot ny løysing slik at alt ligg klart til
overgangen ved årsskiftet 2017/2018. Difi har definert to ulike måtar å levera data til den nye
løysinga på.
Alternativ 0
Det me har kalla alternativ 0 vil vera ei overgangsordning i eit avgrensa tidsrom. Lengda på dette
tidsrommet er ikkje definert enno. Alternativ 0 vil vera klart til utprøving i eit avgrensa tal
verksemder i februar 2017. Deretter vil det verta rulla ut til alle verksemdene fram til
august/september 2017. For å knyta seg til eInnsyn etter alternativ 0, må kvar verksemd gjera
fylgjande: (Dette berører ikkje sak/arkivsystemet)
1. Filkatalog for data til eInnsyn må opprettast hjå kvar verksemd.
2. eInnsyn klient må lastast ned frå Difi og installerast på server hjå kvar verksemd
3. Integrasjonspunkt må lastast ned frå Difi og installerast saman med eInnsyn klient. Desse to
komponentane kjem som ein ferdig installasjonspakke saman med dokumentasjon og
oppsett.
4. Konfigurering. Komponentane må konfigurerast til å kommunisera med filkatalog eInnsyn,
med kvarandre og med integrasjonspunkt for eInnsyn hjå Difi. Filer som vert lagde i filkatalog
eInnsyn, vert handsama av eInnsyn klient etter definerte reglar og deretter vert 1 og 1
journalpost overført til eInnsyn hjå Difi via integrasjonspunkt og vert søkbar i eInnsyn.
Figur: Enkel skisse for alternativ 0.
Dette alternativet er den enklaste løysinga for å kunna levera data til eInnsyn. Verksemdene vil
nytta same OEP-modul som dei brukar i dag til å henta ut data i rett format (Noark4 offentleg
journal) og leggja det klart i definert filkatalog for data til eInnsyn.
Alternativ 0 føreset ikkje endringar eller justeringar i sak/arkivsystem eller i dagens OEP-modul.
4
alternativ 0+ - inneheld og sti (URL) til publiserte dokument
Me ynskjer og å drøfta ei mindre tilpassing av alternativ 0. Eit viktig mål for arbeidet med eInnsyn er
å leggja til rette for at verksemdene kan kunna leggja ut/publisera dokument som dei vurderer som
offentlege.
Ein rapport frå Difi om dette i 2012 konkluderte med at ei lenkje som viser kvar slike dokumentet er å
finna, på eigen nettstad eller andre stader, kan vera ein god måte å løysa dette på.
Like etter at rapporten om fulltekstpublisering kom i 2012, gjorde Difi tilpassingar i OEP slik at sti til
dokument kunne leggjast inn i OEP-basen direkte. Systemleverandørane byrja og å sjå på konkrete
løysingar, men dette arbeidet stansa opp. Alternativ 0+ kan vera eit steg på vegen til målet om
fulltekstpublisering. Løysinga er ikkje fullgod, men kan opna for at verksemdene kan byrja å prøva ut
korleis arbeidet med å publisera dokument best kan leggjast opp.
Alternativ 0+ føreset fylgjande:
-
Systemleverandørane må leggja til eit nytt felt i uttrekket til dagens OEP. I Noark-standarden
er det lagt til rette for dette med feltet DOKBESKRIV.OJ->VE.FILREF. Her skal sti (url) til fila
leggjast inn.
Me ser føre oss at ein justerer modulen slik at det vert mogeleg å definera ein rotsti t.d
www.difi.no/offentlege_dokument/...... Denne rotstien vert så lagt til som prefix på dokumentnavnet
som ligg i arkivdatabasen (dokument001.pdf) Ein vil på denne måten greitt få generert opp
dokumentsti til www.difi.no/offentlege_dokument/dokument001.pdf. Stien vert overført til eInnsyn
og fungerer som vegvisar til publiserte dokument.
Det må vera mogeleg for verksemdene å definera kva dokument som skal få lagt til sti (URL). Det
naturlege vil vera å velja alle journalpostar som ikkje har skjerma informasjon i metadata eller i
dokument. Dette kan tilpassast med å filtrera på kodar i metadataskjema. Verksemdene må og ha
høve til å overstyra informasjon i sti-feltet dersom det er behov for det.
Alternativ 0+ føreset ikkje endringar eller justeringar i sak/arkivsystem eller i dataformat, men
eksporten til OEP må ta med eit ekstra felt.
Alternativ 1 – ekspeder til eInnsyn
Alternativ 1 er den løysinga som Difi meiner bør vera målet for alle verksemdene etter ei viss tid. I
dette alternativet ser me føre oss at verksemdene ekspederer informasjon til eInnsyn som ein del av
dagleg sakshandsaming eller dagleg arkivarbeid. Ein og ein post må kunna overførast til eInnsyn etter
at innhaldet er kvalitetssikra av verksemdene. Med det meiner me at verksemdene har skjerma eller
sladda all informasjon som ikkje er offentleg slik at det ikkje skjer feilpublisering av sensitiv
informasjon.
I alternativ 1 må og sti til dokumentlager leggjast med for alle journalpostar der dokument og
vedlegg og kan publiserast. For journalpostar der det er metadata eller dokument som ikkje er
offentlege, må det vera enkelt for brukarane å kunna be om innsyn etter gjeldande reglar.
5
Me ser føre oss at data til og frå eInnsyn i prinsippet blir handsama som ei melding, og data til
eInnsyn berre vert ein meldingstype av fleire .
Alternativ 1 krev tilpassingar i sak/arkivsystemet eller i modular for ekspedering av meldingar.
Modul for å senda melding eller ekspedera melding må kunna støtta ein ny type melding som skal
gå til eInnsyn. Ny mal for slik melding vil verta nærare definert. Formatet vil vera Noark5, JSONLD.
Figur: Melding til eInnsyn vert ein av fleire typar meldingar.
Det er oppretta eiga side på Github der sak/arkivleverandørane (og forsovidt alle andre) er inviterte
til å koma med behov og innspel til dette arbeidet.
https://difi.github.io/move-api/
Alle sak/arkiv leverandørane er også invitert inn på Slack, team Move-Beta, ein kanal for uformelle
diskusjonar og erfaringsdeling knytta til etablering av meldingsutveksling internt i forvaltninga.
Systemleveradørane har fått info gjennom workshop, webinar med meir om arbeidet med
meldingsutveksling og dei er og involverte i pilotar .
6
Informasjon til eInnsyn, grøn – gul – raud
I dialogen med referansegrupper og pilotar i eInnsyn, har arbeidet med å publisera dokument hatt
stort fokus. Slik publisering er eit hovudmål med den nye ordninga, og det vil vera den største
omlegginga frå dagens OEP til eInnsyn.
Verksemdene er opptekne av at publisering av dokument skal skje gradvis og på ein trygg og sikker
måte. Tilrådingane går i retning av å grovdela informasjon som vert skapt i sakarkiv/systema. Alle
verksemder har ein del informasjon som utan atterhald kan publiserast som offentleg, grøn
informasjon. På same vis vil dei og ha informasjon som klart skal merkast som ikkje offentleg, raud
informasjon. Ein del informasjon vil vera i ei gråsona mellom desse to gruppene, gul informasjon.
Utrullinga av eInnsyn vil ta omsyn til dette. Det er eit godt råd å byrja med det som utan tvil kan
publiserast. Deretter kan verksemdene få erfaring og byggja etter kvart byggja god kompetanse på
problemstillinga som knyter seg til publisering av dokument
Her ynskjer me konkrete innspel frå systemleverandørane på korleis desse behova kan løysast på ein
god måte.
Kvalitetskontroll – skjerma data som ikkje er offentleg
Då dagens OEP kom i 2010, utvikla systemleverandørane ein eigen modul for uttrekk av data i rett
format. I denne modulen vart det og etter kvart bygd inn funksjonar og rutiner for kvalitetskontroll.
Dette arbeidet vil ha stor nytte og ved overgang til eInnsyn.
I dialogen med verksemdene har det koma fram ein del behov som må dekkast eller tilpassast.
1. Verksemdene må ha full kontroll på kva data som skal publiserast til eInnsyn og når det
skal skje. Det vil sjølvsagt og gjelda dokument og eventuelle vedlegg til hovuddokument
2. Det må vera mogeleg, tidleg i arbeidet på enkelt vis, å kunna markera om ein journalpost
kan ekspederast til eInnsyn eller ikkje. Ref grøn, gul og raud informasjon. Det som i første
omgang vert sett til gul, må kunna takast fram att for ny vurdering. Innbyggarane har
likevel rett til å be om innsyn i alle typar informasjon.
3. Det må vera høve til å ekspedera journalpostar med link til dokument løpande til eInnsyn
4. Verksemdene må ha fleksibilitet til å organisera arbeidet med kvalitetssikring slik dei
sjølve finn best og mest praktisk
Kanskje er det meste av dette på plass i dei løysingane sin er på marknaden i dag.
Det er viktig at brukarane får ein felles ekspederingskanal for ulike typar meldingar. Eigenskapar ved
meldingen avgjer automatisk korleis den skal handsamast og kven som er mottakar.
Arbeidsflyt kan kanskje vera om lag slik:
Klargjer for
eInnsyn
Gjer utvalg av
kva som skal
sendast
Kvalitetssikre
Ekspeder
7
Identifiser
meldingstype
Bygg
melding
Valider
melding
Avlever til
integrasjonspunkt
Kopling mellom metadata og dokumentlager
Alternativa 0+ og 1 føreset at verksemdene kan publesera offentlege dokument på ein server dei
disponerer og at stien til dokumenta vert lagd med datasettet til eInnsyn. Ein del verksemder har
slike løysingar i dag og dei som ikkje har det må finna gode måtar å løysa dette på.
Innsynskrav
eInnsyn vil og leggja opp å senda alle innsynskrav som meldingar via integrasjonspunkt til rett
verksemd. Det er meldt behov for at det vert sendt ein type status tilbake til eInnsyn og lagd på rett
innsynskrav. Det kan vera Under handsaming, innvilga, avslege.
Format
Det er utarbeida eit nytt dataformat for meldingar som skal overførast til eInnsyn. Dette er basert på
RDF og JSON-LD representasjonen av det. Dataformatet byggjer på Noark 5 og felta derifrå, så
informasjonselementa og strukturen burde derfor vera godt kjend.
Som omtalt i tidlegare notat så ynskjer me på sikt å samla inn meir informasjon ut i frå denne
strukturen. Eit første steg er likevel å overføra same datasett som i dag, men på nytt format.
Vidare dialog
Difi ynskjer konkret dialog med systemleverandørane i det vidare arbeidet med å utvikla eInnsyn. Me
vil tru at det i arbeidet med eInnsyn og meldingsutveksling ligg spanande utfordringar og muligheiter
også for systemleverandørane. Arbeidet med å få konkrete og fullgode løysingar på plass vert til slutt
ei sak mellom verksemdene og dei som leverer system med rett funksjonalitet.
Kring midten av januar vil me ta kontakt for å avtale møte. Tema vil då vera informasjon om eInnsyn,
drøfta konkrete løysingar, avtala utprøving og pilotering med meir. Kom gjerne med innspel til datoar
som kan høva.
Kontaktpersonar:
Johannes Hunderi ([email protected])
Gunnar Urtegaared ([email protected])
Helsing
Gunnar Urtegaard
Fagdirektør/prosjektleiar eInnsyn