Ekstern vurdering

Ekstern vurdering
Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage
Marianne Meling
Kva er ekstern barnehagevurdering. Korleis koma i gang med ekstern barnehagevurdering? Kva er stegene før, under og etter ekstern vurdering.
Nettadresse:
Udir.no/kib
Kva er ekstern barnehagevurdering
- og kvifor gjere det
 Ekstern barnehagevurdering er eit verkty for å støtta barnehagen sitt arbeid med
pedagogisk kvalitetsutvikling
 Legg vekt på barnehagen som lærande organisasjon
 Metoden tar utgangspunkt i lov om barnehage med forskrift, Rammeplan for barnehage
 Gir rom for ulike eigarar, lokale tilpassingar og ulike barnehageprofilar
 Metoden omfattar intern analyse og ekstern vurdering av kvaliteten i barnehagen, og
munnar ut i eit internt/lokalt utviklingsarbeid
Viktig refleksjon, praksis i eigen barnehage: kva pregar kulturen der du jobbar eller har ansvar?
- bruksteoriar og forsvarsmekanismar el. kultur for læring og utvikling?
Grunngiving av behovet for ekstern vurdering
Grunngiving av behovet for ekstern vurdering i barnehage finn ein i Rammeplan for barnehage 2011
s 56, Kap. 4.3 Vurdering av arbeidet i barnehagen;
«Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå
kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar.»
«Vurdering som blir gjord tilgjengeleg for andre, kan bidra til ein open og brei debatt om måla,
innhaldet, oppgåvene og kvaliteten i barnehagen.»
«Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon.»
Rammeplanen seier og
«Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal
vere ein lærande organisasjon, slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar.
Kvalitetsutviklinga i barnehagen inneber ei stadig utvikling av kompetansen til personalet.»
(Rammeplan for barnehage 2011, s. 21)
Ekstern barnehagevurdering er eit grunnlag for tilstandsrapport om
barnehagen, eit nødvendig grunnlag for å få til utvikling.
Data om
No- situasjon
Erkjenna
behov for
endring
Ønska
situasjon
Refleksjon rundt
Fig. Erkjenne behov for endring, Imtec
Det eksterne blikket
 kan skapa debatt og refleksjon i barnehagen rundt måla, det pedagogiske innhaldet, barnehagen si
prioritering av oppgåver, og kvaliteten vurdert opp mot lover og forskrifter
 kan bryta med ein sterk, samstemt og etablert kultur, og gi barnehagen ny innsikt i eigen praksis.
 kan få tilsette til å sjå behovet for å endra praksis og motivera dei til å arbeida målretta med
kvalitetsutvikling i eigen barnehage
 kan og støtta det barnehagen eller leiinga i barnehagen anar frå før, og på den måten hjelpa
barnehagen til å prioritera og setta i gang eit målretta utviklingsarbeid.
 At ekstern vurdering peiker på tilhøve som er kjent frå før, er ikkje i seg sjølv negativt.
det gi nødvendig framdrift til ein endringsprosess.
Tvert imot kan
 Kan tilføra eit friskt blikk (kur mot husblindhet)
 Ekstern vurdering kan peika på nye område der utvikling er nødvendig, i tillegg til å styrkja
bernehagen sitt eige verkelegheitsbilde.
Ekstern vurdering involverer:
 barna
 føresette
 heile personalgruppa
 og ev. andre relevante samarbeidspartar
og er eit godt verkty for refleksjon og drøfting, og kan bidra til open og brei
debatt om barnehagen sine mål, innhald, oppgåver og kvalitet.
Førebuing – ekstern barnehagevurdering
 http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-forkvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/forebuing/
Ekstern barnehagevurdering består av fem trinn:
Velja område for
vurdering
Laga
framtidsbilde
Innhenta og
strukturera
informasjon
Analysera og
gjera
vurdering
Spegla
tilbake til
barnehagen
1. Velja område for vurdering
2. Laga framtidsbilde
3. Innhenta og strukturera informasjon
4. Analysera og gjera vurdering
5. Spegla tilbake til barnehagen
Veksling
– barnehagen startar utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen
Fig. 2 Ekstern barnehagevurdering – fem trinn
Veksling
1. trinn – velja område for vurdering
Tidsplan for arbeidet før vurderingsveka
 Veiledarane planlegg vurderinga, setter opp tidplan med oppgåver og
ansvar for arbeidet før vurderingsveka og sender den til barnehagestyrar.
 Samarbeid med barnehagen, styrar, som set inn aktuelle aktivitetar med
tidspunkt for observasjonar knytt til vurderingstemaet.
.
Ståstadsanalyse - barnehagen vel område/tema for vurdering

Det er viktig å vita noko om, og ta utgangspunkt i barnehagen sin ståstad når barnehagen skal velja område/tema
for vurdering. Barnehagen skal difor gjennomføra Ståstadsanalysen i god tid før ekstern barnehagevurdering

I dette prosjektet skal barnehagen gjennomføra hovudtema og tilleggstemaet: Trivsel

Ut frå resultata (fortolkinga av sterke sider og utviklingsområde) som kjem fram av denne analysen, vel barnehagen
eit område der personalet ser at barnehagen har behov for utvikling. Dette området skal deretter formast til eit
tema for barnehagevurdering.

Når ståstadsanalysen er ferdig utfylt lastar styrar ned resultata og kommentarane i ein rapport og sender den på epost til dei eksterne veilederane

Veiledarane samlar innformasjon, før- og i løpet av vurderingsveka

For å kunna lukkast best mogeleg med ekstern vurdering og kvalitetsutvikling er det viktig at styrar arbeider for å at
alle tilsette får eit eigarforhold til vurderingstemaet, og motivera til prosessen gjennom brei involvering og deltaking
.
Foreldremedverknad
 Når personalet har gjennomført ståstadsanalysen bør foreldra verta informert
om resultatet av analysen, og verta gitt reell medverknad på val av tema for
ekstern vurdering og lokalt utviklingsarbeid.
Det er lovfesta at foreldra skal trekkast med i vurderingsprosessar og verta gitt medverknad:
«Foreldrerådet og samarbeidsutvalet i barnehagen skal ha høve til reell påverknad på
vurderingsprosessen. Korleis vurderinga av barnehagearbeidet skal gjennomførast, må nedfellast
i årsplanen: Kva skal vurderast, kva er formålet, kven skal delta i vurderingsarbeidet, og korleis og
når skal det skje?» (Rammeplan for barnehage 2011, s. 56)
Trinn 2, laga framtidsbilde
 Framtidsbilde vert laga ut frå barnehagen sin ståstad, og er bygd opp av
kvalitetsmål og teikn på god praksis basert på resultat frå Ståstadsanalysen
og føringar i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage
 Det er framtidsbilde som er grunnlag for vurderinga og kvalitetsutviklinga i
barnehagen etter ekstern vurdering
 Teikna på god praksis vil gi retning og heilt konkrete mål for det vidare
utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen
Eit godt framtidsbilde er nøkkelen i vurderingsarbeidet
Framtidsbilde består av
Kvalitetsmål
Det skal vera fire kvalitetsmål i eit framtidsbilde. Kvart kvalitetsmål er henta frå
nasjonale føringar gjennom Barnehagelova eller Rammeplan for barnehage,
og skal vera relatert til vurderingstemaet. Dei fire kvalitetsmåla skal ha fire ulike
perspektiv:
 Barneperspektivet
 Personalperspektivet
 Foreldreperspektivet
 Barnehagen som lærande organisasjon
Teikn på god praksis
Her bryt ein ned kvart kvalitetsmål til maks fire teikn på god praksis.
Utforming av framtidsbilde
Viktig:

forankring i personalgruppa

framtidsbilde skal vera god kjent av dei involverte partar: personalgruppa, eigar og foreldra (t.d.
via SU/FAU før vurderinga startar)

styrar må vera open for eventuelle innspel og forslag til løysingar

sikra god kvalitet og forankring i lov og forskrift (regelverk)

når framtidsbilde skal utformast, må ein ta stilling til om ein skal gå i djupna eller bredda i
vurderingstemaet

barnehagen får inntil to veker til å drøfta framtidsbilde, deretter sender styrar tilbakemelding til
vurderarane om framtidsbildet er godkjent som det er eller om barnehagen ønskjer justeringar
endeleg utkast:

Tilsette skal ha eigarforhold til framtidsbilde

Skal vera barnehagen sitt bilde av ønska framtid for barnehagen

Vurderarane avgjer den endelege utforminga av framtidsbilde
Spørsmål til refleksjon og drøfting i personalgruppa:
 Kva seier barnehagelova og Rammeplan for barnehage om temaet?
 Kva fire kvalitetsmål vil de prioritera i dette framtidsbilde?
 Korleis kan de bryta ned kvart kvalitetsmål til fire teikn på god praksis –
kva seier lovgrunnlaget, forskrifter, lokale planar og føringar?
 Korleis vil de ta i vare barnehagen sin profil, og ev. lokale tilpassingar?
 Er dette eit bilde av ønska framtid for vår barnehage?
 Er det område som personalet saknar?
 Er det noko de meiner at vurderarane har tatt ut av samanhengen?
http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/
Trinn 3, innhenta og strukturera informasjon
Med utgangspunkt i det godkjente framtidsbilde, kvalitetsmål og teikn på god
praksis, er neste trinn å planlegga og gjennomføra innhenting av data og
informasjon.
Innhenting av informasjon går føre seg både før vurderingsveka, og i vurderingsveka
Innhenting av informasjon kan delast i fire hovudområde:
 Eksisterande informasjon i form av dokument
 Ståstadsanalysen
 Brukarundersøkingar blant barn, føresette/foreldre eller personalgruppa
 Innhenting av data i vurderingsveka
 Samtalar
 Intervju
 Observasjon
 Ev. påstandsskjema
Innhenting av informasjon før vurderingsveka
All informasjon som fortel noko om vurderingstemaet og kan skaffast før
vurderingsveka ved hjelp av eller i tillegg til Ståstadsanalysen, vil hjelpa
veiledarane til å få eit innblikk i barnehagen sin pedagogiske praksis,
læringsmiljø, virkemåte, kvardag og arbeid i høve
vurderingsområde/temaet.
Så snart barnehagen har gjennomført ståstadsanalysen sender styrar heile
rapporten og barnehagen sine dokument (som fortel noko om
vurderingstemaet) til veiledarane. Det kan til dømes vera:
 Aktuelle planar
 Resultat frå brukarundersøkingar
 Rapportar
 I tillegg skriv styrar fakta om barnehagen (for bruk i rapporten)
Fakta om barnehagen:
 pedagogisk profil og eigartilhøve
 kor barnehagen er plassert, adresse og miljø
 satsingsområde
 bakgrunn for val av vurderingstema
 barnetal
 tal tilsette/stillingar og årsverk
 administrasjonsressurs
 organisasjonskart
 instruksar, reglar og retningslinjer
 organisering
 dagsrytme
Aktuelle planar
 barnehagen sin pedagogiske plattform
 årsplan
 verksemdsplan
 fagplanar, progresjonsplan
 månadsplanar, vekeplanar
 månadsbrev, eller anna pedagogisk dokumentasjon
 møteplan
 kompetanseplan
Resultat frå brukarundersøkingar
 foreldre-brukarundersøking
 medarbeidarundersøking
 barnesamtalar
 miljøkartlegging; læringsmiljøet, relasjonar, struktur, organisering og samspel
 ev. andre relevante undersøkingar
Rapportar
 årsrapport til eigar
 ev. andre aktuelle rapportar
Merknadar til innhenting av data/informasjon før vurderingsveka
 Dersom barnehagen har nettside er det gunstig at vurderarane får
midlertidig tilgang til denne. Som regel ligg der mykje informasjon om
barnehagen, og vurderarane kan fylja med på barnehagedrifta i vekene
før dei kjem til barnehagen.
 Årsplan, månadsplanar/vekeplanar og månadsbrev for dei ulike
avdelingane gir ofte svært god informasjon. Der er difor nyttig at
vurderarane har tilgang til og les desse i vekene før dei kjem til
barnehagen.
Innhenting av informasjon i vurderingsveka
Tyngdepunktet i barnehagevurderinga er vurderingsveka.
Det må settast av 4 dagar der vurderarane er i barnehagen.
Dag 1
 møte med styrar før dei byrjar arbeidet
 kontaktetablering både med barn og tilsette, presentasjon på avd./samling
 observasjon og uformelle samtalar
 kontakta tillitsvalde
 observasjon
 personalmøte
Dag 2
 Samtale med barna
 Foreldremøte
 Samtalar med styrar, og ev andre
Dag 3
 Observasjon
 Uformelle samtalar
Dag 4
 …vurderarane reflekterer, analyserer og skriver rapport
Tidsplan for vurderingsveka
Trinn 4, analysera og gjera vurdering
Barnehagen vert vurdert ut frå framtidsbilde
Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å
reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har
samla inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka.
Dei samanstiller og ser etter mønster i informasjonen, og held
den opp mot teikn på god praksis, framtidsbilde.
Vurderarane sitt arbeid med gjennomføring av vurderinga
Mellom dei ulike intervjua og observasjonane drøfter vurderarane:
 Kva såg me?
 Kva høyrde me?
 Kva område, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er godt dekka?
 Kva treng me å vita meir om?
Etter kvar dag i barnehagen er det nyttig å gå gjennom teikn på god praksis og
drøfta korleis informasjonen fargar framtidsbilde så langt:
 Kva har me tydeleg sett av god praksis
 Kva er me usikre på?
 Kva område ser det ut til at barnehagen har utfordringar med, utviklingsområde?
Barnehagen skal ha tilbakemelding på framtidsbilde:
 Sterke sider knytt til vurderingstema/teikn på god praksis
 Utviklingsområde, praksis som kan verta betre
Stabiliser og ta vare på dei sterke sidene!
Fortsett å utvikla det barnehagen alt er god på …den beste kvalitetsutviklinga skjer
nødvendigvis ikkje ved å øva på dei største utfordringane!
Kvalitetsutvikling
= fokus på progresjon, ikkje det å vera best
James Nottingham
Trinn 5, Spegla tilbake til barnehagen
Rapporten skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen
etter ekstern barnehagevurdering
Etter at barnehagen er stengt vert rapporten vert lagt fram for:
 Heile personalgruppa
 SU/FAU representantane i barnehagen, og ev. vararepresentantane
og tillitsvalde
 Barnehageeigar
 Eventuelt andre som er invitert. Det kan vera spesialpedagog, PPT
osv.
 Tidsramma er 1 – 1 ½ time.
Veksling…
Veiledarane overrekker skriftleg utgåve av rapporten til styrar og barnehageeigar
 Stafettpinnen og ansvaret for oppfylging av rapporten er då gitt til styrar og
barnehageeigar. Det krev:
-
refleksjonar og drøfting i personalgruppa
-
konkrete tiltak og handlingsplan for arbeidet
-
oppfylging av utviklingsarbeidet
 Styrar og barnehageeigar forpliktar seg til å fylja opp vurderingane i rapporten for
kvalitetsutvikling i barnehagen
 Styrar har ansvar for å sei noko om vegen vidare, gangen i utviklingsarbeidet og
motivera personalet for arbeidet
 Prosjektet held fram, og barnehagen vil få veiledning i utviklingsarbeidet for å auka
kvaliteten for barna i barnehagen
Viktige spørsmål kan vera:
 Kva seier eigentleg rapporten?
 Kva er det viktigaste å gripa fatt i?
 Korleis kan ein oppnå at alle tilsette erkjenner utviklingsområda og behov for endring
 Korleis utarbeida ein plan for utviklingsarbeidet, med synleggjering av; prioriteringar, mål, tiltak,
ansvar og tidsfristar?
 Korleis vert barnehagen sine mål, visjon og verdiar ivaretatt i drøftingar om framtidsbilde,
utviklingsområda i rapporten, og mål og tiltak for utviklingsarbeidet?
 Kva praksis ønskjer barnehagen?
 Korleis skal fokus og praksis vera på leik, læring og utvikling for barna?
 Korleis er barnehagen sitt fokus på prosessmål i arbeidet med barna; i planlegging, gjennomføring
og vurdering av det pedagogiske innhaldet, – og korleis synleggjera dette for brukarane ?
 Korleis vert barnehagen ein lærande organisasjon?
 Kva tiltak verkar, og engasjerer dei tilsette?
 Korleis kan barnehagen ta i bruk eksisterande kompetanse?
 Kva treng barnehagen av spesifikk kompetanseutvikling i forhold til utviklingsarbeidet, endring, mål
og tiltak?
Verktyet finner de på Udir. sine nettsider
Udir.no/kib
 http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-ibarnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/eksternbarnehagevurdering/