Selgar - internasjonalt salg

CREATING PROGRESS
Scana Propulsion AS er ein leiande leverandør av framdriftssystem for skip på den internasjonale
marknaden. Bedrifta har spesialisert seg på teknisk avanserte reduksjonsgir, propellsystem, tunnel thrustarar og kontrollsystem, og har opparbeidd eit godt omdøme i marknaden. Scana Propulsion er heileigd
porteføljeselskap av børsnoterte Incus Investor ASA, og koordinerer drifta av propulsjonsselskapa i Norge,
Singapore, Kina, USA og Brasil. Scana Propulsion har 175 tilsette og hadde i 2015 ei samla omsetning på
318 MNOK. Datterselskapet Scana Mar-El er lokaliset på Dalen i Telemark og er ein av Europas leiande
produsentar av kontrollsystem for skip. Scana Mar-El har for tida 39 tilsette.
Selgar - internasjonalt salg
Scana Mar-El søkjer etter deg som er ute etter ei spennande og utfordrande stilling innan salg og markedsføring til norsk og internasjonal marknad.
Arbeidsoppgåver:
•
Salg av framdrifts- og manøversystem til norsk og internasjonal marknad.
•
Byggje og utvikle relasjonar til eksisterande og nye kundar.
•
Delta i bedrifta sine marknadsaktivitetar.
•
Utarbeide og fylgje opp tilbod.
Bakgrunn og eigenskapar:
•
Forståelse av teknisk salg, gjerne nokre år relevant erfaring.
•
Analytisk og systematisk.
•
Utadvent og med gode samarbeidsevner.
•
Gode kunnskapar i engelsk, skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr:
•
Godt,tett og uformelt arbeidsmiljø.
•
Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Bjønn Tveito, tlf 35075810 / 934 40 658, eller salgssjef
Bjørn Svendsen, tlf 959 64 155.
Søknad med CV sendast innan 9.1.2017 til: [email protected].
Scana Mar-El AS, Storvegen 48, N-3880 Dalen
www.scanapropulsion.com