Fjøsutforming, logistikk og dyreflyt Det er store volum fôr, dyr og gjødsel som skal handterast. Feil løysing kan krevja mange ekstra timar – kvart år. Sparer du bare 10 minutt pr. fjøsstell, har du frigjort 120 timar på årsbasis - over 3 arbeidsveker for ein lønna avløysar. Sjølve fjøsbygningen og val av teknologi har sterk innverknad på timeforbruket. Detaljar på innreiing og innreiingsløysingar vil vera avgjerande. God dyreflyt er viktig, der flytting av dyr og handtering av enkeltdyr er avgjerande for å halde arbeidsforbruket nede. Også i eksisterande fjøs med bås og lausdrift vil det vera mogleg å gjera endringar i drift og logistikk som aukar liter mjølk pr. arbeidstime. Dette sjølv om fjøset ikkje er optimalt. Ved nybygg og påbygg må du sette fokus på å få eit fjøs med høg arbeidsproduktivitet. Bruk tid til å hente innspel frå andre mjølkebønder, og bruk rådgjevarar med spesialkompetanse på teknikk som diskusjonspart. Arbeid smartare – ikkje hardare Produktivitet betyr ikkje at du skal springe raskare, men at du finn løysingar som gjev høgare produksjon pr. arbeidstime Lean koordinator hjelper deg i gang I Lean jaktar du målretta på sløsing. Lean er eit tankesett der ein forenklar og effektiviserer produksjon og arbeid. Altså få meir ut av innsatsfaktorane. Her finst mange ulike verktøy og teknikkar som kan redusera arbeidstid og hjelpa deg å gjennomføra endring. Opplegget høver også godt som studieopplegg der fleire deltakarar hjelper kvarandre til å analysere drifta si og få fram forbetringsområde. «Smart tidsstyring i mi bedrift» har fått støtte frå kompetanseutviklingsprogrammet i jordbruket (KIL). Geno, Nortura og TINE eig prosjektet. Målet er å auke bevisstgjeringa av arbeidsforbruk i eigen buskap Har du ein travel kvardag? Sett fokus på di arbeidstid og styring av tida. Kor mange liter mjølk produserer du pr. arbeidstime i fjøset? Det er stor variasjon i tidsbruk i fjøset mellom ulike gardsbruk. Årsaka er ulik mekanisering og automatisering, kor god logistikk det er i fjøset, samt røktaren sine arbeidsrutinar og arbeidstempo. Ved å setje fokus på arbeidet i fjøset og korleis tida blir nytta, vil du kunne få ein betre arbeidsdag og produsere meir mjølk pr. time. Kor mange liter mjølk vert produsert i fjøset ditt pr. arbeidstime i dag? Rekne ut ved å legge inn dine tal i tabellane. Stor variasjon i arbeidsproduktivitet Arbeidsproduktivitet er produksjon pr. arbeidstime, slik som liter mjølk eller kg kjøtt pr. arbeidstime. Dette talet kan vi samanlikne sjølv om gardsbruka har ulik jord og dyrkingstilhøve, eller om bruka ligg på Jæren, Finnmark eller i Danmark. Figuren viser resultat der 36 bruk anslo kor mange timar dei brukte pr. dag i det nye fjøset. Me ser at bruka med mjølkegrav med høgast arbeidsproduktivitet, produserte like mykje mjølk pr. arbeidstime som snittet av robotbruka. Prøv å sette inn dine tal i figuren. Analyse for forbetring Vil du produsere meir mjølk og kjøtt pr. arbeidstime enn i dag? Ved å registrere arbeidstid pr. arbeidsoperasjon gjennom arbeidsdagen i fjøset får du oversikt over tidsbruken. Dermed kan du sjå kvar du kan få effekt av å gjere forbetringar. 1. 2. 3. 4. Kontakt Lean-koordinator for hjelp til oppstart. Start med å registrere arbeidstida i fjøset i ei veke. Analyser kvar du kan gjere forbetringar, gjerne saman med Lean-koordinator. Gjennomfør nye registreringar for å måle endring i tidsbruk. Du kan gjere slike tidsmålingar fordelt i året for å fange opp årstidsvariasjonar. Produksjon pr. år Resultat pr. år ut frå denne veka: Produsentnr.: Kg EKM: Kg EKM pr arbeidstime Registreringar for år og veke: Årskyr, stk.: 35 Timar pr. årsku 30 Okseslakt, stk.: 20 Timar pr. slakt 7 Veke: 2016 20 265 615 6 400 Kg kjøtt pr arbeidstime Slakt,kg: Timar i alt for alle involverte i fjøset 10,4 2,3 2,5 2,2 3,3 2,3 253 45 Tal minutt per dag Dyregruppe/arbeidsoppgåve 1. Kyr 2. Spedkalvar, 0-3 mnd 3. Kviger 4. Oksar 5. Vedlikehald og reparasjon 6. Driftsleiing Sum Minutt 22,88 Sum timar Mandag 100 25 20 20 15 180 3,00 Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 90 20 15 15 120 15 275 4,58 95 15 15 25 80 15 50 20 10 160 2,67 30 195 3,25 80 15 15 15 15 50 190 3,17 Lørdag 83 15 20 20 60 10 208 3,47 Søndag 95 30 15 15 10 165 2,75 Sum veke 623 135 150 130 195 140 1 373 22,88 Eigne rutinar er avgjerande for arbeidsforbruket Har du fokus på kva du gjer, og korleis du gjer det? Korleis organiserer du deg sjølv, og korleis nyttar du tida di? Det er stor forskjell på kva folk får utført av arbeid. Me må stadig jobba med å forbetra oss - ein har alltid noko å læra. Brukarar som registrerte sitt timeforbruk: «Nå fekk eg sjå kor mykje tid som går med ved overbelegg og provisoriske løysingar» «Nå ser eg kor det er lønsamt å investere» «Dette var nyttig for å for å få bevisstgjera meg sjølv»
© Copyright 2024