Høyring - Endringar i valforskrifta

KOMMUNESEKTORENS ORGANISASJON
The Norwegian Association of Local and Regional Authorities
Kommunal- og moderniseringsdepartementet - KMD
Postboks 8112 Dep
0032 OSLO
Vår referanse:
Arkivkode:
Saksbehandlar:
Deres referanse:
Dato:
10/01209-14
X00 &00
Gjertrud Strand
Sanderød
16/4725-2
12.01.2017
Høyring - Endringar i valforskrifta
KS har ingen merknader til høyringa. Sjå vedlegg.
Med hilsen
Lasse Hansen
Helge Eide
Vedlegg
KS
Besøksadr.: Haakon VIIs gate 9
Postadr.: Postboks 1378, Vika, 0114 Oslo
Nettside: www.ks.no
E-post: [email protected]
Telefon: +47 24 13 26 00
Org.nr.: 971 032 146
Bankgiro: 8200.01.65189
Iban:
NO63 82000165189
Vedlegg
Høyringsuttale: Endringar i valforskrifta
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sende 06.12.16 ut eit høringsnotat med forslag
om enkelte endringar i valforskrifta. Endringane som er føreslått gjeld først og fremst elektronisk
avkryssing i manntall, seint innkomne forhandstemmer og utforming av stemmesetlane.
Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen
Elektronisk avkryssing inneberer at veljarane kryssast av i eit felles elektronisk manntall, som
erstattar papirmanntalet kommunar tidlegare har nytta til avkryssing på valting.
Ved gjennomføring av valet med elektronisk manntal er ein sårbar for strømbrot og/eller
kommunikasjonsbrot. Derfor føreslåast ein ny § 31 a i valforskrifta som er ei rein beredskapsrutine
ved stemmegjevinga. Dersom det oppstår strømbrot skal ikkje veljaren leggje stemmesetelen direkte
i urna, men i ei egen beredskapskonvolutt, jf. valloven § 9-5a (4), og veljaren skal deretter leggje
beredskapskonvolutten i ei urne jf. ny § 31 a (2) i valforskrifta. Denne beredskapskonvolutten skal
skilje seg klart ut frå valmateriellet elles. Når beredskapssituasjonen tek slutt skal
beredskapskonvoluttane leverast valstyret for godkjenning.
I dei føreslåtte endringane presiserast det at veljaren legg beredskapskonvolutten i ei urne (§ 31 a
(2)). I dag er det mange kommunar som praktiserer å leggje beredskapsstemmer «til sides», og ikkje i
ei urne. Her reknar ein med at departementet ynskjer at alle stemmene skal leggjast i ei urne av
omsyn til hemmeleg val.
KS har ingen merknader til dette.
For seint innkomne førehandsstemmer
Stortinget vedtok 13. juni 2016 å flytte fristen for godkjenning av førehandsstemmer frå valdagen kl.
21.00 til tysdag etter valdagen kl. 17.00. Som ein konsekvens av denne endringa vart også fristen for
å søkje seg inn i manntalet flytta tilsvarande, og det følgjande endrast i valforskrifta § 2 som inneheld
ei føresegn om oppdatering av manntalet.
Dei føreslåtte endringane er ikkje omfattande, men berre for å presisere dei ulike fristane som gjeld
for valstyret i kommunen.
KS har ingen merknader til dette.
Stemmesetler
Valforskrifta § 19 omhandlar krav til utforming av stemmesetelen, mellom anna farge og storleik på
stemmesetelen, og tekst og krav til rettleiing og stempelfelt på stemmesetelen. KMD har motteke
gode innspel til stemmesetelen sin utsjånad og funksjonalitet, og vil berre føreslå endringar om
plasseringa av stempelfeltet på stemmesetelen.
Det ble gjeve fleire innspel etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015, til dømes at stempelfeltet på
stemmesetelen, som er plassert midt på stemmesetelen, gjer det mulig for valfunksjonærar å sjå kva
liste veljaren har stemt på. Dette inneberer at valfunksjonæren må «kjenne til» dei ulike namna på
dei ulike listene, noko som ikkje er urealistisk i små kommunar. Dette bryt med prinsippet om
hemmeleg val.
Dei nye endringane i valforskrifta om krav til stemmesetlar inneberer at stempelfeltet vert plassert
høgare opp og noko mindre. Dette sikrar prinsippet om hemmeleg val.
Endringane dreier seg i hovudsak om produksjonen av stemmesetlane, og er av veldig teknisk art. KS
har ingen kommentarar til dette.
KS oppfattar at høringsendringane er i tråd med tilbakemeldingar frå kommunar og fylkeskommunar
ved gjennomføringa av kommune- og fylkestingsvalet i 2015. KS har difor ingen merknader til
høyringa.