Last ned program

Gudbrandsdalsseminaret 2017
Kunst og livshøgtider
Velkomne til Gudbrandsdalsseminaret
Under Gudbrandsdalsseminaret 2017 går vi inn i emne som har å gjera med livshøgtidene, fødsel
og dåp, konfirmasjon og giftarmål, død og gravlegging. Det andre temaet gjeld kunst, folkekunst
og profesjonell kunst. Knytt til spørsmåla kring livshøgtidene ligg det nær å sjå på kunstnarlege
uttrykk inspirerte av overgangane i tilværet, kyrkja og gravstadene. Men vi vil også få ein
presentasjon av det som rører seg i dagens kunst i distriktet vårt.
Johannes Skråstad er eit namn knytt til nokre av dei eldste altartavlene i kyrkjene i dalen. Dei siste
åra har eit stort forskararbeid vore utført for å dokumentere og identifisere innsatsen hans på dette
området.
Keramikk er eit stadium mellom sand og sand, sa Torbjørn Kvasbø stutt tid etter at han kom til
Ringebu for snart førti år sidan. Sidan har han vore ein pioner på dette kunstområdet med verksemd i inn- og utland.
Mange av oss får namnet sitt skrive i stein, og gravminna har ein like lang tradisjon som kyrkjene
og gravstadene. Enda eldre er gravhaugane med sine skikkar som arkeologane avdekkjer, også hos
oss.
I livet er lekamslysta aller eldst. I 2015 kom det andre bindet av tobindsverket Lekamslyst, med
tilrettelegging og presentasjon av folkeleg erotisk dikting i Noreg som på det meste til nå har ligge
bortgøymt i arkiva. Ikkje minst i Gudbrandsdalen har fantasien blomstra på dette kroppsnære feltet. Ut ifrå slik djup menneskeleg trong lever vi med det å bli vaksen, og det å finne seg ein make,
og med utvikling av utstyr og skikkar knytte til konfirmasjon og giftarmål.
Foto:
T.v.: Keramikk av Torbjørn Kvasbø.
Framside: Gravminne frå Sør-Fron
kyrkjegard. Foto : Kåre Hosar
Maihaugsalen
Maihaugen, Lillehammer
Onsdag 25. januar 2017
Program
09:30
Registrering og kaffe
10:00
Velkomen
10:15
Samtidskunst i Gudbrandsdalen Ingrid
Blekastad
Direktør, Kunstbanken i
Hamar
10:45
Keramikk. Frå handverk til
kunstnerisk uttrykk.
Torbjørn
Kvasbø
Keramikar
11:15
Kaffepause
11:30
Hans-Jacob Dahl
Dagleg leiar, Pilegrimssenter Dovrefjell
12.00
Kirkekunst i Gudbrandsdalen
før akantusen. Et møte med
Johannes Skråstad.
Folkekunst og gravminner
Kåre Hosar
Konservator, Maihaugen
12:30
Lunsj
13:15
På friarføter i Gudbrandsdalen.
Kirsti Krekling
13:45
På sporet av bronsealderens
overgangsritualer:
offerfunn fra Gudbrandsdalen
Folkedikting om frieri og
bryllaup frå Gudbrandsdalen.
Døme på erotiske
motiv, biletbruk og skjemt.
Kaffepause
Anne Lene
Melheim
Tidlegare konservator ved
Maihaugen, no pensjonist
Seksjonssjef, UiO—
Kulturhistorisk museum
Jarnfrid Kjøk
Lektor/kulturhistorikar
14:15
14:45
15:00
Pecha Kucha:
Gravminne i Skjåk
Håkåstadstolen i Vågå
1. kommunion
Jomfrutepper
Marte på Bø i Ruste
15:30
Spørsmål og diskusjon
16:00
Avslutning
Marit Hosar
Stein Grjotheim
Ivar Teigum
Kåre Hosar
Marit Hosar
Arne Skuterud
Fylkesarkivet i Oppland
Påmelding
Bindande påmelding innan
16. januar 2017 kan sendast til:
Maihaugen
Maihaugvn 1
2609 Lillehammer
Tlf 61 28 89 00
Epost: [email protected]
For spørsmål, kontakt:
Kåre Hosar
906 27 881
Ved påmelding, oppgje:
Namn
Adresse, fakturaadresse
Tlf og epostadr
Lunsj er inkludert, men meld ifrå om
særskilde matbehov
Døypefont frå Vågåkyrkja. Foto: Kåre Hosar
Seminaravgift:
Seminaravgifta er 600 kr
Avgifta kan betalast ved påmelding
til konto 1503 23 53824
Merk med Gudbrandsdalsseminaret og namn
Arrangørar:
Gudbrandsdal
Historielag