saksbehandlar

NORD- OG MIDHORDLAND
JORDSKIFTERETT
Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i
hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av
eigedomsgrenser. Landet er delt inn i 34 jordskifterettar med til saman ca. 240 tilsette. Administrativt er
jordskifterettane underlagt Domstoladministrasjonen (DA) i Trondheim. Jordskifterettane ynskjer å vere
utviklingsorienterte, blant anna gjennom breidde og mangfald i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal
kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Nord- og Midhordland jordskifterett omfattar kommunane: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell,
Fusa, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og
Øygarden. Domstolen har kontor i Statens Hus i Bergen og har 11 tilsette.
SAKSBEHANDLAR
Ved Nord- og Midhordland jordskifterett er det ledig fast 80 % stilling som saksbehandlar, med
tiltreding frå 01. april 2017.
Vi kan tilby deg arbeidsoppgåver innanfor administrativt saksarbeid, økonomi og rekneskap,
arkivering, post- og telefonteneste, men også andre gjeremål i samband med jordskifteretten sine
oppgåver. Du vil få ein del kontakt med publikum.
Du bør ha utdanning på høgskulenivå, alternativt 3-årig vidaregåande skule/fagbrev i kontorfaget og
relevant praksis, samt røynsle i bruk av administrativt IKT verktøy. Vi føreset at du er ein initiativrik,
serviceinnstilt, sjølvstendig og løysningsorientert medarbeidar. God skriftleg og munnleg
framstillingsevne og evne til å samarbeide er naudsynt i stillinga.
Vi kan tilby deg løn etter staten sitt regulativ for førstekonsulent kode 1408 avhengig av
kvalifikasjonar. Fra løna blir det trekt 2% innskot til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. På
tenestereiser vert det utbetalt skyss- og kostgodtgjering etter Staten sitt regulativ.
Jordskifteretten har ei rekke interessante utfordringar som gir deg høve til fagleg og personleg
utvikling. Kvalifiserte kandidatar blir oppfordra til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og
nedsett funksjonsevne.
Spørsmål om stillinga kan rettast til jordskifterettsleiar Thorbjørn Svane, tlf. 909 47 341,
[email protected] eller førstekonsulent Kjersti Instebø Borlaug, tlf. 55 69 37 05,
[email protected].
For ytterlegare opplysningar om jordskiftedomstolane, sjå www.jordskifte.no eller
www.jordskifte.no/jber
Søknad vedlagt CV og kopi av vitnemål og relevante attestar skal sendast Nord- og Midhordland
jordskifterett, postboks 7316, 5020 Bergen.
Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. I denne samanheng viser vi til offentleglova § 25, 2. ledd.
vedkomande moglegheit for å bli unntatt frå søkarlista.
Søknadsfrist: 05. februar 2017.