Redaktør/Dagleg leiar Vigga AS Dombås

VIGGA
Vigga AS på Dombås er utgjevar
av lokalavisa Vigga, som kjem ut i
kommunane Lesja og Dovre. Avisa
Lokalavis for Lesja og Dovre
har om lag 2300 abonnentar. Vigga er
vekeavis, kjem ut på torsdag, og verksemda har 4,5 årsverk. Avisa
vart etablert i 1987, og har eit godt fotfeste blant lesarane.
Vigga AS er heileigd av Skjåk Mediautvikling AS, som gjev ut
lokalavisa Fjuken, og er ein del av Polaris Media ASA.
Vigga søkjer
redaktør/dagleg leiar
Vår leiar søkjer nye utfordringar, og vi søkjer difor ein
strukturert og ryddig person, som sjølv er ein aktiv
skribent, og som skal vere ein samlande og inspirerande ressurs i vidareutviklinga av Vigga. Leiaren skal og
vere ein viktig medspelar i marknadsarbeidet. Leiaren
rapporterar til styret.
Den nye redaktøren/daglege leiaren har:
• God og relevant redaksjonell røynsle
• Interesse for fleirkanalpublisering
• Interesse for marknadsarbeid, med forståing for
samanheng mellom produktutvikling og innsats i
lesar- og annonsemarknad
• Leiarerfaring- helst frå medieverksemd- ønskjeleg,
men ikkje ein føresetnad
• Evne til å motivere medarbeidarane
• Grunnleggjande forståing for økonomi
Leiaren skal vere ein tydeleg, samlande og inspirerande
ressurs i vidareutviklinga av Vigga sitt medietilbod i alle
kanalar. Leiaren skal sjølv vere ein aktiv bidragsytar i
dette medietilbodet, og må vere ein pådrivar i arbeidet
med den digitale transformasjonen i mediehuset. Som
leiar i Vigga vil du få ein allsidig, hektisk og spennande
kvardag. Det er difor viktig at du er god til å prioritere,
og har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane.
Frist 17. februar 2017.
Vi tilbyr spanande utfordringar i ei stilling der oppgåvene må løysast i stor grad av sjølvstende, men også
i samarbeid med morselskapet. Til stillinga høyrer
konkurransedyktige vilkår for løn, pensjonsordning og
forsikring.
Nærare opplysningar om stillinga får du hjå styreleiar
Asta Brimi, tlf. 91 32 73 97 eller [email protected].
Søknad med CV vert å sende til Vigga AS, v/Asta Brimi,
på epost: [email protected]