Invitasjon // KiB-Kurs vår 2017 NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal Invitasjon til KiB kurs i Ørsta Oppstart 1. mars Søknadsfrist 16. februar 2017 Kurs i mestring av belastning (KiB) er eit tilbod til medarbeidarar i IA-verksemder. Formålet med kurset er å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for betre meistring av belastningar knytt til helse, arbeid eller privatliv. Inntak til kurset vert gjort utelukkande ut frå grunngjevingar i søknaden. Motivasjon og ein godt grunngjeven søknad vil bli vektlagt sterkt når deltakar skal veljast ut til eit avgrensa tal plassar. I løpet av kurset skal deltakaren kunne kjenne att belastningar, førebyggje overbelastning og utvikle eigen meistringsevne vidare. KiB-kura vert leia av spesialutdanna og godkjende kursleiarar. Kurset er basert på kognitiv teori som legg vekt på samanhengen mellom eigne tankar, problem-forståing og problemløysning. Det er utvikla ei arbeidsbok som blir brukt aktivt gjennom heile kurset. Det vil vere mellom 12 og 15 deltakarar på kvart kurs. Kven kan delta på KiB-kurs? Kurset er utvikla for arbeidstakarar som er utsett for vedvarande belastningar, har symptom på overbelastning og har behov for å betre evna til å regulere og meistre belastningane sine. Oppbygging og gjennomføring Kurset går over 10 gonger, organisert med undervisning 2 ½ time ein gong per veke i 8 veker, etterfølgt av 2 oppfølgingsmøter. Deltakarne må vere tilstade minimum 7 av 10 kursdagar for at NAV Arbeidslivssenter skal kunne refundere kursutgifter, gjennom førebyggings- og tilretteleggingstilskot. . Belastningane kan være knytt til alle område i livet. Før kursstart deltek kursdeltakarane i ein førehandssamtale med kursleiar for å sikre at dette kurset er det riktige tilbodet for den enkelte. I førehandssamtalen vert det også gjort ei kartlegging i forhold til deltakar sin motivasjon for å gjennomføre kurset. Vilkår for å kunne søke KiB Deltakaren må vere arbeidstakar tilsett i ei verksemd i Møre og Romsdal som har teikna IA-samarbeidsavtale med NAV Arbeidslivssenter. Det vert venta at deltakaren har evne og vilje til å investere tid og krefter til å jobbe med metodar og teknikkar under og mellom samlingane (heimeoppgåver). Kurshaldarar : Nina Måseidvåg Janita Krøvel Startdato: Onsdag 1. mars 2017. Sluttdato: Onsdag 7. juni 2017. Kursstad: Åmdal Ungdomshus, Ørsta. Tidsramme: 17.30 til 20.00. For å bli vurdert til kurset må søknaden vere postlagt seinast Torsdag 16. februar 2017 Utfylt søknadsskjema sendast til: NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal Postboks 1508 6025 Ålesund Søknad og søknadsskjema Arbeidstakar og arbeidsgivar skal i fellesskap utarbeide søknaden. Bruk søknadsskjemaet: ”Søknad om deltaking på kurs i mestring av belastning” som følgjer med denne invitasjonen. Kurset er gratis for deltakarne. Arbeidsgivar betalar kursarrangøren og får kursavgifta refundert i ettertid gjennom førebyggings- og tilretteleggingstilskot. Det er ikkje nødvendig å sende eige skjema for refusjonskrav. Tilskotet vert utbetalt etter at kurset er slutt, under føresetnad av deltaking på minimum 7 av 10 kursdagar og oppfølgingsmøter. Kostnader i samband med vikar, reise eller anna vert ikkje dekt av NAV. Spørsmål i forhold til søknad kan sendast som epost til [email protected] eller [email protected]
© Copyright 2024