Informasjon om barlind i Hordaland

Barlind
Barlind er eit seigt treslag som kan bli særs gamalt. Den eldste levande organismen i Hordaland kan
mykje vel vere ei barlind, og fleire av dei eldstre trea våre kan ha opplevd at vikingane sigla inn
fjordane våre. Hordaland er det viktigaste fylket for denne raudlistearten i Noreg.
Frå Gjuvslandslia på Varaldsøy. Her står den viktigaste barlindførekomsten i Noreg, kanskje også ein
av dei beste i verda. Mange av trea er imponerande einskildtre som er fristilte på slåttemark. Foto:
Stein Byrkjeland.
Felt med barlind i Gjuvslandslia 2011. Etter at eit plantefelt med gran vart fjerna her 3 år tidlegare er
barlinda sikra. No veks også kusymre, ramslauk, grov nattfiol, skogfredlaus og mange andre
karplantar frå ein frøbank som har lege i jordsmonnet i 40 år i påvente av rom og lys å vekse i! Foto:
Stein Byrkjeland.
Barlind i verdsklasse!
Hordaland har dei største barlindbestandane i Noreg
Barlinda er hardfør, men like fullt truga. Arten har status som sårbar (VU) på den norske raudlista.
Den har ei vid utbreiing i verda, men Noreg er eitt av få land som har store bestandar. Vi har såleis eit
internasjonalt ansvar for å forvalte denne arten, og dette gjeld i særleg grad Hordaland. Dei største
bestandane i landet finst på sterkt avgrensa område i vårt fylke, og nokre av desse førekomstane
held truleg «verdsklasse».
11 verneområde og store einskildtre
Vi har ein eigen verneplan for barlind- og kristtornområde i Hordaland. Den omfattar dei 11
viktigaste områda, der 8 er verna som naturreservat og 3 som landskapsvernområde. Den største
einskildførekomsten er Gjuvslandslia landskapsvernområde på Varaldsøy. Her åleine reknar ein med
det veks mellom 1000 og 1500 barlind. Den største barlinda i Nord-Europa veks også på Varaldsøy,
men ein annan stad på øya. Dette einskildtreet er verna som naturminne.
Denne barlinda står i Gjuvslandslia landskapsvernområde på Varaldsøy. Den er ikkje spesielt stor, og
neppe heller særleg gamal. Sentralt inne på Varaldsøy står ei barlind som vert rekna som den største
i Nord-Europa. Det treet kan godt ha opplevd vikingtida! Foto: Stein Byrkjeland
Fleire gamle barlind i Hordaland har vore verna som naturminne i lang tid. Dette er ei av 6 godt
vaksne barlind på Barlindflaten i Ålvik som vart verna allereie i 1935. Foto: Stein Byrkjeland.
Dårleg rekruttering
Mange av barlindene som veks i Hordaland er gamle, til dels særs gamle. Det er ei lukke for barlinda,
for i mange område på Vestlandet har rekrutteringa vore særs skral i fleire tiår.
Truga av hjorten
Barlind vart brukt til å lage boge og til medisin
Tidlegare vart barlind nytta til å lage boger av, og barlind har også vore nytta som medisinplante.
Dette har medverka til at mange opp gjennom åra har hegna om barlinda. Slik bruk er ikkje lenger
aktuell, likevel er det enno mange som synest det er stor stas at det veks barlind i nærmiljøet.
Granplanting på 50- og 60-talet
Like fullt har viktige førekomstar med barlind blitt sterkt påverka i nyare tid. I den store
granplantingsepoken på 1950- og 60-talet vart fleire store barlindbestandar sterkt tilplanta med gran.
Grana veks langt raskare og vert høgare enn barlind, og er i dag så stor at barlinda i slike område er i
ferd med å bli skugga ut. På sikt vil barlinda tape konkurransen med grana slike stader.
Hjorten beiter på barlind
Minst like dramatisk er den sterkt aukande hjortestamma på Vestlandet. Hjorten beitar gjerne på
unge barlind, og mange stader er det mest ingen ny rekruttering av barlind på grunn av dette. Det er
ikkje dramatisk på kort sikt ettersom godt vaksne tre har vore skåna og barlinda vert så gamal, men
med tida vil effektane bli registrerbare dersom hjortestamma held seg høg.
Borken på barlinda er giftig for mange dyr, men ikkje for hjorten. Mange gamle tre har tydelege teikn
på at hjorten har gnagd på dei, utan at det har påverka treet si livskraft nemneverdig. Dette endra
seg sterkt vinteren 2009/10. Denne vinteren var lang og hard, med uvanleg store mengder snø her
vestpå. Det gjorde at hjorten mange stader vart ståande fast i små område, og måtte livberge seg på
det som var tilgjengeleg der. Følgjeleg har eit stort tal barlind blitt mest ringborka i visse område.
Særleg tydeleg er dette i Kvinnherad og Modalen. Alle andre treslag i vår natur ville døy raskt av ein
slik påverknad, men i alle fall inntil vidare ser det ut til at dei fleste barlindene hos oss faktisk taklar
også dette!
Hjorteskade på barlind i Gjuvslandslia i 2010. Mange barlind i på Varaldsøy vart ringbarka av hjort
denne vinteren, ettersom lang vinter og mykje snø gjorde at hjorten ikkje kom seg fram der den går
til vanleg, og dermed måtte ete det han fann. Foto: Stein Byrkjeland.
Vern og hogst
Vern av viktige førkomstar
Alle dei viktigaste førekomstane av barlind i Hordaland er verna i medhald av naturmangfaldlova. Dei
er då sikra mot hogst og øydelegging. Ein del mindre førekomstar er ikkje verna særskilt. Det kan bli
aktuelt å sikre nokre av desse i framtida ved hjelp av frivillig vern, i samarbeid med skogeigar.
Verneområde i Hordaland med vernetema barlind/kristtorn (merka med raud skrift). Kjelde:
Naturbasen. Klikk på kartet for å sjå interaktivt kart i naturbasen
Granhogst i barlindområde
Der viktige bestandar har vore tilplanta med gran, har Fylkesmannen i fleire høve fjerna denne grana
dei seinare åra. Dette er krevjande og kostbare hogstprosjekt, som har vore finansiert av staten.
Dette er gjort med gode resultat i Gjuvslandslia landskapsvernområde i Kvinnherad (2008) og
Barlindflaten naturreservat i Ålvik (2011).
Bjørnebærkratt stoppar hjorten!
Det er vanskelegare å sikre gamle barlind mot hjorteskade. Nye plantar som er berre nokre få år
gamle, vil svært ofte bli beita av hjorten når dei veks fritt. Dei yngre plantane som greier seg veks
nesten utan unntak inne i tette kratt med bjørnebær. Her kjem ikkje hjorten alltid til. Sunnhordlandsregionen er særs rik på bjørnebær, og det er heldigvis same delen av fylket som har dei største
førekomstane av barlind!