Her er liste over arbeidsgjevarar som blir med på jobbmessa

JOBBMESSE I LOEN 7. FEBRUAR 2017
BilXtra er Norges største bilutstyrskjede.
Med 75 butikkar som sel bildelar,
rekvisita, bilstereo, bilnavigasjon,
barnestolar, lastestativ til bil og
takboksar. BilXtra har som målsetting å
tilby bileigarar eit betre bilhald gjennom
eit stort utval kvalitetsprodukt til
rimelege priser.
Briksdalsbre Fjellstove
Den mektige Briksdalsbreen er ein del av
Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200
meters høgd stuper det ville brefallet
heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen
- eit syn som kvart år trekkjer til seg
gjestar frå heile verda. God mat og
drikke, overnatting i fjellstove eller hytte,
turarrangement og eit innhaldsrikt
suvenirhus gir deg gode minner frå
Briksdalen.
Brødrene AA er verdsledande på bygging
av hurtigbåtar laga av
karbonfiberkompositt. Verftet ligg i Hyen
på vestkysten av Norge og sysselsette i
dag 110 dyktige fagarbeidarar. Vi er kjent
for banebrytande bruk av
komposittmateriale.
BilXtra i Stryn søkjer 1-2 butikkmedarbeidarar i
deltidsstilling.
Briksdalsbre Fjellstove søkjer etter 4 medarbeidarar til
turistsesongen 2017.
Kokk i 100 % stilling frå 15. mai til 30. aug.
Servitør i 100 % stilling frå 15. mai til 30. august.
Ekstrahjelp i spisesalen frå 15. mai til 30. august.
Kinesisktalande butikkmedarbeidar til suvenirbutikken.
100 % stilling frå 1. juni til 30. august.
Brødrene AA ynskjer å kome i kontakt med personar med
håndverksbakgrunn. Dei skal truleg tilsette fleire personar
frå hausten 2017.
Eid Kommune
Eid kommune har om lag 6000
innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i
Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn
du ein bu-, arbeids-, og serviceregion
med 40.000 - 50.000 menneske.
Kommunesenteret Nordfjordeid har alt
du treng i eit kompakt og særmerkt
tettstadmiljø. Eid er ein veldriven
kommune med full barnehagedekning og
er i landstoppen i skule.
Fjord Suvenir har to suvenirbutikkar ved
cruise- kaia i Olden. Vi sel suvenirar og
gåveartiklar. Butikkane held ope når det
er skipsanløp. Arbeidet består i
kundeveiledning, salg, prising og
varepåfylling. Prising og varepåfylling
vert vanligvis gjort på dager uten
skipsanløp.
Geiranger og Nordfjord Cruise Handling
organiserer utflukter i samband med
anløp av cruiseskip på Geirangerfjorden
og Nordfjorden. Selskapet har rundt 150
guidar tilsett i sesongen mai-september.
Det er forventa at om lag 450.000
cruisepassasjerar vil kome til Geiranger ,
Hellesylt og Olden sommarsesongen
2017.
Eid Kommune stiller med representantar frå Helse – og
omsorg. Dei ynskjer å kome i kontakt med personar med
helsefagleg kompetanse.
Teknisk etat:
- 100 % stilling som førstekonsulent i avd. for teknisk
drift
Fjord Suvenir søkjer etter 7-8 butikkmedarbeidarar til
turistsesongen 2017.
Geiranger og Nordfjord Cruise Handling søkjer guidar på eitt
eller fleire av språka engelsk, tysk, italiensk, fransk, spansk
eller nederlandsk.
Arbeidsperioden er mai-september. Men kortare tidsrom kan
vere aktuelt. Arbeidstid kan vere fulltid til berre på dagar
med høg aktivitet.
Hornindal Kommune
Hornindal kommune har vel 1200
innbyggjarar og ein natur som gjev særs
gode høve til eit aktivt friluftsliv sommar
som vinter i skog, mark, fjell og på vatn.
Her er gode oppvekstvilkår og eit godt
skule- og barnehagetilbod. Kommunen
ligg sentralt til i ein bu- og
arbeidsmarknadsregion med ca 70.000
innbyggjarar.
Pleie – og omsorgssektoren i Hornindal
består av einingane:
- Omsorgssenteret
- Heimetenesta
-Tenestene for funksjonshemma
- Kjøkken, vaskeri og reinhald
Dei søkjer etter personar som har utdanning/erfaring
innan desse yrka.
Hornindal barnehage søkjer etter tilkallingsvikarar med
erfaring frå barnehagesektoren.
Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell
i Indre Nordfjord.
Alexandra er kjend for si særeigne og
personlege atmosfære,
der gode tradisjonar møter moderne
hotelldrift med auge for stil og komfort.
Loen byr på fantastisk natur og høve til
vandring i imponerande omgjevnader!
Hotel Alexandra og Hoven Restaurantdrift søkjer etter
medarbeidarar. Dei er interessert i å kome i kontakt med
norsk – eller engelskspråklege som har interesse for og
erfaring innan reinhald, servering og kokk.
Hotellet ligg vakkert til ved Loelva i Loen
- Stryn - Nordfjord !
Nærleiken til fantastiske naturperler som
Strynefjellet, Jostedalsbreen
Nasjonalpark, Lodalen, Briksdalsbreen og
Skåla gjer sitt til at Hotel Loenfjord er
førstevalet om ein ønskjer rimeleg
overnatting av høg kvalitet.
Hotel Loenfjord søkjer etter hotellmedarbeidarar frå mai til
september. Dei er interessert i å kome i kontakt med norsk –
eller engelskspråklege som har interesse for og erfaring
innan reinhald, servering og kokk.
Hovenbana er ei pendelbane, der
teknologien er basert på vektutligning
med to store vogner, der den eine går
opp medan den andre går ned. Det er
plass til 45 passasjerar i kvar
vogn. Stigninga frå fjorden og opp fjellet
Hoven er for bratt for ei ordinær
gondolbane.
Leverandør er sveitsiskøsterrikske Doppelmayr Garaventa, den
største leverandøren i verda på
taubaner.
Nomek er ei moderne og spesialisert
bedrift innan platebearbeiding og
mekanisk produksjon. Vi er lokalisert i
Stryn og disponerar i dag 7500m²
moderne produksjonslokale. Investering
og utvikling innan automatisert
produksjon er ein bærebjelke for
bedrifta.
Vi er ei bedrift med ca. 400 tilsette. Lokal
tilknyting til tradisjonar og kvalitet
gjennomsyrer alt vi gjer.
Våre produkt er utvikla over lang tid,
med dei beste råvarer og oppskrifter.
Dette er det som legg grunnlaget for
sluttprodukta våre.
Vi sel i dag produkta våre saman med vår
forretningspartnar REMA 1000 Norge. Du
finn produkta våre i alle REMA butikkane
rundt om i landet.
Hoven Loen søkjer etter sesongmedarbeidarar som ynskjer
arbeidsoppgåver rundt drifta av pendelbana.
Nomek søkjer etter:
50 % stilling kantine
60 % stilling reinhald
1-3 produksjonsmedarbeidarar innan sveis og montering
Konstruksjonsmontør
Nordfjord Kjøtt søkjer etter personar med følgjande
kompetanse:
- Teknisk, datastyring, hydraulikk/luft/automasjon
- Elektro/elektronikk, mekanikarar/maskinmekanikarar
- Pølsemakarar/kjøttskjerarar
- Generelt fagutdanna personell
- Administrasjon
I tillegg skal dei tilsette ca. 60 personar i
sommarferien/skuleferien. Dei oppfordrar ungdom til å søkje
sommarjobb hos dei.
Olden Fjordhotell er eit førsteklasses
hotell i Olden i Nordfjord. Hotellet ligg i
rolege omgjevnadar med vakker utsikt
over fjorden.
Pretre AS blei etablert i 1976 og har heile
tida vore ein utviklingsorientert og
toneangivande bedrift i det norske
markedet. Vi er ca. 85 tilsette, og omset
for over 220 millionar kroner. Vi er
spesialistar på prefabrikkerte
rekonstruksjonar, og leverer eit komplett
bæresystem med rask og rimeleg
montering. Hovudproduktet er takstolar,
og vi er i dag landets største produsent
av komplette takverk. I tillegg leverer vi i
aukande omfang både bjelkelag og
precut og samansette bindingsverk.
Randstad er eit bemanningsbyrå. På
Øyrane 3 i Førde ligg kontoret som
dekkjer heile Sogn og Fjordane fylke. Vi
har mange spanande stillingar hos ein
rekke bedrifter og verksemder innan
både privat og offentlig.
Olden Fjordhotell søkjer etter hotellmedarbeidarar til
turistsesongen 2017.
Pretre søkjer etter:
CNC-operatør
Lagermedarbeidar med trucksertifikat
Produksjonsmedarbeider
Vi leitar kontinuerleg etter folk innan bygg og anlegg,
produksjonsmedarbeidarar, truckførarar, slaktarar og
skjerarar. Akkurat no leitar vi også etter folk innan sal og
systemutvikling.
1936 begynte Einar Kvamme sin
skreddarpraksis, som gjennom 3
generasjonar har utvikla seg i takt med
tida.
Riccovero har gradvis utvida seg og har
no 7 konsept butikkar og 3 outlet
butikkar i Norge. Damekolleksjon blei
introdusert for første gong i 2002 og er
eit spennande satsingsområde som er i
stadig vekst og modning. No består både
herre og dame kolleksjonane av
konfeksjon, fritidsklede, sko og tilbehøyr.
RiccoVero ynskjer å kome i kontakt med dei som har
følgjande kompetanse:
Design
Butikkarbeid
Konstruksjon/mønster/søm/produktutvikling
Innkjøp og logistikk
Web/digital marknadsføring
Skogstad er ein av Noregs største
leverandørar av sports- og fritidsklede til
heile familien. Vi er kjend for vårt gode
design og vår gode kvalitet.
I strandkanten ved Nordfjorden, i rolege
og vakre omgjevnader, finn du Innvik. Ein
liten tettstad og eit sokn til Stryn
kommune på sørsida av Innvikfjorden.
Her starta Skogstad historia si for over 75
år sidan , og her er framleis hjartet i
drifta av Skogstad.
Skogstad søkjer etter 4-5 butikkmedarbeidarar i perioden
juni til august i butikkane i Olden og Innvik. Det er
moglegheit for forlenging.
SFE sin visjon er «kraft til å påverke
framtida». SFE er ein stor aktør i den
norske kraftindustrien, med omfattande
produksjon av fornybar energi, ansvar for
over 4000 km linjenett og med ein
engasjert leverandør av straum til
husstandar og bedrifter over heile
landet.
SFE søkjer etter sommarvikarar. Du vil få fleire detaljar om
stillingane når du møter dei på standen.
Bano AS er et internasjonalt firma som
leverer et komplett baderomskonsept til
helsesektoren. Bano har med sine
konsepter vunnet både nasjonal og
internasjonal anerkjennelse.
Selskapet er i dag etablert i flere land
med salgskontorer i Bergen, Stockholm,
Helsinki, København, Amsterdam og
London. Selskapet har administrasjon,
sentrallager og egne fabrikker på
Sandane i Norge.
Stryn Bedriftsbarnehage AS (SBB) ligg
solrikt til nær skog og fine friluftsområde,
nær Stryn sentrum. SBB er ein privat
barnehage eigd av foreldre og
verksemder i Stryn. Barnehagen opna i
januar 1992 og har 2,5 avdeling.
Avdelingane heiter Rødhette, Blåmann
og Storegruppa.
Stryn Hotel ligg sentralt i Nordfjord,
idyllisk ved elvekanten i Stryn. Eit hotell
med særpreg, der du kan oppleve sosialt
samvær i naturskjønne og rolige
omgjevnadar, på same tid som
handlegater og kjøpesenter er like om
hjørnet. Ein hyggelig ramme om
arrangement
Bano søkjer etter 2 produksjonsarbeidarar innan
plast/kompositt og tre. Fordel om personane har erfaring,
men det er ikkje eit krav. Oppstart i mai/juni.
Vidare er dei på jakt etter ein lærling innan
produktteknikerfaget som kan starte i august 2017.
Stryn bedriftsbarnehage søkjer etter tilkallingsvikarar.
Stryn Hotell søkjer etter hotellmedarbeidarar til
sommarsesongen 2017.
Stryn Kommune
Stryn kommune med sine
omlag 7 200 innbyggjarar, har storslått
natur med fjordar, fjell og
brear. Kommunen har eit variert og
omfattande nærlingsliv. Stryn er ein av
dei største reiselivskommunane på
Vestlandet. Det er gode oppvekstvilkår
for born og ungdom, og eit rikt kulturliv.
Det er eit ekspansivt næringsliv med
etterspurnad etter ulik type arbeidskraft.
Det er gode kommunikasjonar med Oslo,
Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass
er Ørsta - Volda eller Sandane med
reisetid ca. 1 time.
Stryn kommune som arbeidsgjevar har i
alt 775 tilsette fordelt på 549 årsverk.
Stryn kommune har følgjande ledige stillingar:
Skule- og kulturetaten
- Rådgjevar PPT – kontoret, 100% stilling
- Barnehagelærar Vikalida barnehage, 100% stilling
- Utlysing i februar 2017 stillingar for lærar,
barnehagelærar og fagarbeidar / assistent frå
01.08.17
- Dei kommunale barnehagane søkjer stadig etter
tilkallingsvikarar. Fleire av dei kommunale
barnehagane vert representert på jobbmessa.
Helse- og sosialetaten
- Administrativ leiar Legekontoret
- 60% stilling som helsesøster frå våren 2017
- Miljøterapeut i Heimetenestene frå våren 2017
- Leiar for Flyktningtenesta frå 01.06.2017
- Helgevakter i Pleie og omsorg.
- Sjukepleiar 75 % stilling ved Stryn Omsorgssenter
- Sekretær 80 % stilling Stryn Omsorgssenter
- Ferievikariat Stryn Omsorgssenter, Vikane
omsorgssenter, tenestene for funksjonshemma og
ved Stryn helsesenter.
Teknisk etat
- Stilling som Prosjektingeniør
- Fagarbeidar i vaktordninga vann og avlaup
-
100 % stilling som informasjonsmedarbeidar ved
servicekontoret i Stryn kommune
Du finn oss midt i Stryn sentrum ved Per
Bolstad plass. Vi er kjent som
"Kaffebaren. Vi er også et spisested og
serverer lunsjretter, salater, varme
sandwicher og andre småretter. På
kveldstid har vi pub/bar og du kan få
servert en 3-retters middag.
Stryvo er ein norsk total aktør innan
design, produksjon, testing, installasjon
og dokumentasjon knytt til metallbehandling. Vi leverer produkt,
konstruksjonar og prosess-system til
fleire bransjar; inkludert olje og gass,
maritim, fornybar energi og bygg og
konstruksjonar. Stryvo består av flere
selskaper med moderne maskiner og
høyt kvalifiserte medarbeidere
.
Stryn Kaffebar & Vertshus søkjer etter :
2-3 kokkar
3-10 servitørar
2-3 oppvask/reinhald
Stryvo Group sitt behov for medarbeidarar varierar gjennom
året, men dei har stadig nye prosjekt og planar. Dei er difor
interessert i å kome i kontakt med flinke folk med følgjande
kompetanse:
- CNC programmering – maskinering og dreiing
- Sveis
- Industrimekanikar
- - Industrirørleggar
- Formenn
- Ingeniørar
- Teknikarar
- Prosjektleiing
Pr. i dag har dei behov for 2-3 tilsette.
Stryvo Group har inngått avtale om leige av tidlegare Ulstein
Verft sitt anlegg i Fiskå i Vanylven kommune.
Dette er eit viktig ledd i Stryvo si satsing innan olje & gass,
maritime næringar og fornybar energi. Stryvo Group håpar å
kome i gong på Fiskå etter sommarferien og er interessert i å
kome i kontakt med potensielle kandidatar som ynskjer å
jobbe der.
TINE Meieriet Byrkjelo ligg i Byrkjelo i
Sogn og Fjordane. Meieriet driv
produksjon av Norvegia® og brunost,
samt porsjonspakking av Norvegia® og
tapping av konsummjølk. Anlegget
behandlar årleg 130 millionar liter mjølk,
og produserer ca. 11 300 tonn Norvegia®
og 2700 tonn brunost. Ca. 10 000 tonn
Norvegia® vert porsjonspakka, og ca. 7,5
millionar liter konsummjølk vert tappa
per år. Antal tilsette ved anlegget er 135.
Tunåsen barnehage
Tunåsen Barnehage ligg i Hornindal.
Vi har full matordning, bakar all brødmat
sjølv og det er økologisk. Vi har
utegrupper som rullerar etter faste
intervall, og vi er mykje ute heile året.
Vi har vår "eigen" skog som har fått
namnet Bjørneskogen. Denne jobbar vi
med for å utvikle og gjere den
spennande og interessant.
Vi jobbar i aldersbestemte grupper og på
tvers av alder.
TINE Meieriet søkjer etter 15 sommarvikarar innan
produksjon og lager.
Tunåsen barnehage søkjer etter tilkallingsvikarar som har
erfaring frå barnehagesektoren.
Visjonen vår er "Saman set vi spor".
Verto Norge AS er et bemanningsbyrå
lokalisert på Sunnmøre på vestkysten av
Norge. Vårt hovudkontor ligg i kystbyen
Fosnavåg.
Verto samarbeida med store og små
bedrifter over heile landet. Vi levera
innan alle bransjar og fagområde, og
hjelper til med å finne både norsk og
utanlandsk arbeidskraft.
Verto søkjer alle typar kompetanse. Dei har oppdrag
innanfor dei fleste yrker så alle vert oppmoda om å henvende
seg til Verto. Registrer gjerne CV` en din på verto.no før
jobbmessa.
Vest
Landbrukstenester SA
Vest landbrukstenester er eit
sjølvfinansiert selskap eigde av bønder i
Hornindal, Selje og Stryn kommune. Vi
arbeider for å hjelpe bøndene med
avløysarar og utlønning når bonden skal
ha ferie/fritid eller vert sjuk. Vi tilbyr
også små bedrifter hjelp til utlønning av
tilsette.
AS Vinmonopolet er ein butikkjede med
einerett på sal av vin, brennevin og
sterkøl, som sikrar ansvarleg sal av
alkohol. Vi er om lag 1800 tilsette,
og har over 300 butikkar over heile
landet. Vi skal gjere oss fortent til folks
støtte gjennom å tilby Norges beste
kundemøte, prega av fagkunnskap,
service og ansvarlegheit.
Karriererettleiing
•Ynskjer du å snakke med nokon om
jobbsituasjonen din ?
•Vurderer du å søkje ny jobb, men er
usikker på kva moglegheiter du har?
•Tenkjer du på etterutdanning eller
omskulering?
•Vil du tilbake til arbeidslivet etter nokre
år heime?
Vest Landbruksteneste søkjer etter personar med
landbruksrelatert utdanning og praksis. P r. i dag har dei
ledig 1 stilling som landbruksvikar og 1-3 ringavløysarar.
Arbeidsområdet er Hornindal kommune og Stryn kommune.
Vinmonopolet i Stryn søkjer etter ei sommarhjelp samt
ekstrahjelp i feriar og ved behov.
Stryn Næringshage har eigen stand for å
kome i kontakt med dei som eventuelt
tenkjer på å starte eiga bedrift.
Næringshagane i Nordfjord er eit
samarbeid mellom Stryn- og
Nordfjordeid Næringshagar – to
kommersielle ressurssentera og
kompetansenettverk – med føremål om
å fremje vekst og positiv utvikling av
næringsliv og samfunn.
Aktuelle stillingar pr. 040217
NAV Eures stiller med stand på
jobbmessa.
Om du ynskjer deg ein jobb i utlandet
kan NAV Eures hjelpe deg å finne ein
jobb i EU/EØS-landene og Sveits. Om du
er arbeidsgjevar kan NAV Eures hjelpe
deg med å finne riktig kandidat frå
EU/EØS-landene og Sveits.
-
NAV har ein eigen stand om
arbeidssøkjarane har behov for å prate
med ein rådgjevarar under jobbmessa.
NAV Rekrutteringsteam Nordfjord
-
- 100 % stilling som avløysar i Fjærland
100 % vikariat i 5 mnd som avløysar i Fjærland
Teamleder på Flåm kundesenter, 100 % stilling