Kompetanse for mangfald, 20.3.17

Kompetanse for mangfald, 20.3.17
Parallellsesjon kommune og fylkeskommune
«Korleis gi born med minoritetsspråkleg bakgrunn ein god start og
eit godt utdanningsløp i Sogndal kommune?» v/ Sogndal kommune
Rom: AF1 Svingen
Sogndal kommune har tilsett ein kommunal prosjektleiar og har tenkt dette prosjektet inn i
heilskapleg tenking på oppvekst i Sogndal kommune, og at dei 3 einingane som deltek i prosjektet
jobbar med delmål i prosjektet .
Flora kommune
Rom: F1, Svingen
«Arbeid med kompetansebygging i kollegiet og bruk av digitale
verktøy» v/ Eid ungdomsskule og Nordfjordeid skule
Rom: F2, Svingen
«Korleis jobbe med haldningsskapande arbeid for tilsette og elevar»
v/ Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rom: F3 Svingen
Eid og Flora vgs vil saman presentere sine prosjekt og sette av tid til erfaringsutveksling og
refleksjon. Dei vil snakke om korleis dei jobbar med haldningsskapande arbeid både for tilsette
og elevar og korleis dei koplar språksatsinga mot dette prosjektet.
Fou parallellsesjon 1. Rom: F1, Svingen
Estetiske læreprosessar og kulturutrrykk - ein veg til kulturell
brubygging? v/ Henriette Harbitz og Hans Mark Svedal. Rom: F1 i
Svingen
Henriette og Hans Mark vil presentere eit fleirårig utviklingsprosjekt gjort i samarbeid med to
barnehagar i Sogn om formidling av samisk kultur og levemåtar.
”Språkmiljø i den fleirkulturelle barnehagen” v/ Hilde
Hofslundsengen og Sigrid Bøyum
Barnehagen skal støtte alle barn si språkutvikling, men i kva grad blir ulikskap og
fleirspråklegheit synleggjort i barnehagen sitt fysiske språkmiljø? Dette er spørsmål Hilde og
Sigrid har prøvd å finne svar på i sitt prosjekt.
Fou parallellsesjon 2. Rom: F2, Svingen
”Barnehageleiinga sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving i
barnehagen: Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar” v/
Anne Grethe Sønsthagen.
Anne Grethe starta sitt doktorgradsprosjekt i august, og har gjort noko datainnsamling i to
barnehagar som deltek i ”Kompetanse for mangfald”. Ho vil presentere sine første refleksjonar
etter observasjonar gjort i barnehagane og dagbøker skrive av personalet, med fokus på
barnehagen som inkluderingsarena.
”Lærarar sitt medvit om eigne haldningar og kunnskapar om
mangfald” v/ Solrun Samnøy
Forsking viser at det er stor skilnad på lærarar si eiga oppfatning av korleis ho/han møter og
inkluderer elevar som på ulike måtar er annleis og i mindretal, og på desse elevane si oppfatning
av korleis dei vert møtt. Det viser seg at det er vanleg for lærarar å signalisere noko anna enn det
som var intensjonen, og det som ein trur at ein kommuniserer. Denne sesjonen vil stimulera
lærarane til å sjå etter sine eigne blindsoner og til å bli klar over sine fordommar. Ved å reflektera
rundt sine eigne verdiar, haldningar og handlingsmønster, kan ein i større grad bli i stand til å sjå
ulike elevar sine perspektiv. Læraren sitt medvit om sine eigne haldningar og kunnskapar er ein
ressurs i arbeidet for mangfald i skulen.
Fou parallellsesjon 3. Rom: F3 i Svingen
«Fagleg leiing og tverrkulturell kompetanse i fire barnehagar i Sogn
og Fjordane» v/ Merete Nornes-Nymark og Ane Bergersen.
Merete og Ane presenterer nokon foreløpige funn frå prosjektet dei starta våren 2016. Gjennom
medvit om eigne verdiar, haldningar og eiga førforståing kan pedagogar auke sin kulturelle
kompetanse knytt til fleirkulturalitet i barnehagen. Bruk av etiske dilemma er ein av fleire
metodiske tilnærmingar. Djupdykk i eigen norske kultur er første steg i bevisstgjeringsprosessen.
«Kultursensitive læringsformer» v/ Ane Bergersen
2
Ane presenterer frå sin publiserte artikkel i boka «Mangfold i skolen» med same namn.
Hovudfokuset er på skule, men kan vere aktuelt for heile utdanningssektoren. I kva grad er
lærarar bevisst at ulike læringsformar kan vere kulturspesifikke og med på å fremme eller hemme
minoritetsspråklege elevar si læring spesielt? Å ha kompetanse til å sjå læring i eit
samfunnskulturelt perspektiv kan vere nødvendig i eit fleirkulturelt Noreg.
Fou parallellsesjon 4. Rom: AF1, Svingen
«Korleis påverkar morsmålet innlæringa av grammatisk genus hos
vaksne andrespråksinnlærarar» v/ Silje Karin Ragnhildstveit
Silje Karin disputerer den 10.februar med sitt doktorgradsprosjekt som har sett på korleis
morsmålet påverkar innlæringa av grammatisk genus hos vaksne andrespråksinnlærarar. Ho vil
presentere eit utdrag frå denne forskinga.
3