Leirvik 12.juni 2015 Sommarhelsing 2015 Sommaren står for døra

Leirvik 12.juni 2015
Sommarhelsing 2015
Sommaren står for døra, sjølv om det ikkje kjennest akkurat slik no når
gradestokken slit med å runda ti grader.
Denne våren har det skjedd ein liten teknologisk revolusjon på Leirvik skule. Det
har kome smartkanoner i alle klasserom til glede for både elevar og lærarar. Ein
flott reiskap som er med å gjera kvardagen både meir variert og interessant.
Men sjølv med ei mengd teknologiske hjelpemiddel vil det alltid vera innsatsen til
den einskilde elev i lag med lærarane og dykk som foreldre som vil vera dei
avgjerande faktorane for læring og trivsel.
Sist veke hadde me «Bli kjent dagar» for førsteklassingane som skal begynna til
hausten. Ein flott gjeng som vart tatt godt i mot av både lærarar og
femteklassingar som verkeleg tok fadderoppgåva si på alvor. Det var flott å sjå
at elevane våre verkeleg hadde lagt ned mykje arbeid og engasjement for at dei
nye førsteklassingane skulle få eit flott første møte med skulen..
No er det berre innspurten att. Me skal arrangera talentiade, ha avslutningsfest
for sjuande trinn og så avsluttar me med den prestisjefulle duellen på
Vikahaugane der elevar møter lærarar til fotballkamp. Heldigvis for oss lærar er
gjennomsnittsalderen lågare enn for to år sidan. Så det er håp om ein jamn
kamp!
Uansett resultat i kampen vil eg ynskje både elevar, foreldre og tilsette ved
Leirvik skule ein riktig god sommar.
Mvh
Bjarte Bongom
Rektor Leirvik skule
Litt praktisk informasjon
Oversikt kontaktlærarar 2015/2016
1A
1B
2A
2B
3A
3B
4A
4B
5A
5B
6A
6B
7A
7B
Marit Stalheim Grimstad, Tove Kristin Tverderøy
Linda Petterteig, Inger Marit Sætrevik
Elin Polden, Cecilie Raunholm
Liv Kari Tverderøy, Cecilie Raunholm
Hildegunn Eskeland
Tine Skou Drange
Jorun Eikeland
Eir Vikøren
Andreas Bjordal
Anne Sissel Skilbrei
Tove Kristin Tveit, Trude Færevåg
Astrid elin Lønning, Vigdis Haga
Lars Ivar Sundfør
Hege Fjølstad
Leksehjelp: Det vert ikkje leksehjelp den siste veka. Elevane som har SFO-plass
går i staden rett på SFO, medan dei andre går heim.
Klede og anna utstyr:
Alle klede, støvlar og sko må takast med heim før skulen er slutt for i år.
Siste skuledag, fredag 19.juni er elevane ferdige klokka 12.00. SFO opnar
klokka 12.00 denne dagen, så elevar som har SFO kan gå dit etter skulen er
slutt.
Program for siste skuledag:
Kl 08.30-09.00
Kl 09.00-09.45
Kl 10.00-11.15
Kl 11.15-11.45
Kl 11.45-12.00
Samling i klassane
Fotballkamp mellom elevar og lærarar
Samling/kosetime i klassane
Elevane kan ta med seg ein brus og ein liten pakke med
kjeks utanom vanleg matpakke.
Felles samling i aulaen
Me avsluttar i klassane og ønskjer kvarandre god sommar
Første skuledag etter ferien er måndag 17.august.