Til foreldre/føresette

Til foreldre/føresette
Sommarskolen 2016 i Rogaland er eit tilbod til elevar, tidlegare elevar og lærlingar
som ikkje har bestått praktisk matematikk eller naturfag på yrkesfag.
Karakterstatistikken for Rogaland 2014/2015 viser at det enno er meir enn 200 elevar
har stryk i eitt eller begge faga. I tillegg kjem årets elevar som enno ikkje veit
resultatet og er usikre på om dei vil klara seg. Erfaringane med Sommarskolen er så
gode at det framleis er politisk vilje til å føra tilbodet vidare. Ingen andre tilbod har så
gode resultat!!! Felles for desse elevane er at dei har stryk i faget. Fokus på meistring
og at elevane skal gå ut med ståkarakter er ein klar suksessfaktor.
Avhengig av påmelding tar ein sikte på å koma i gong både med matematikk og
naturfag ved Karmsund, Bryne og Jåttå videregående skoler.
Elevar som dette året står i fare for å få stryk, bør melda seg på Sommarskolen.
Dersom dei likevel får ståkarakter, må dei melda frå til underteikna snarast på E-post,
telefon eller på sms. Påmeldingsfrist er sett til fredag 3. juni.
Sommarskolen er eit gratis tilbod der frokost, frukt og varm lunsj inngår, men
eleven/lærlingen må ha eigen PC (gjeld berre naturfag) og sjølv dekka
transportutgifter til og frå skolen. Skoledagen startar torsdag 16. juni kl.08.00 med
frokost og sluttar kl.15.30. Kurset blir avslutta med eksamen siste dag onsdag 29.
juni.
Sommarskolen 2016 er ein unik sjanse til å gjera seg ferdig med skoleløpet! Det vil
og vera lettare å få læreplass med alle faga bestått.
NB! Elevar og lærlingar med IV og teoretisk matematikk vil ikkje få godkjent ny
eksamen i Sommarskolen. Dei må melda seg opp som privatist.
Lykke til med ein aktiv motivasjonsfase!
Meir info og påmeldingsskjema finn du på nettsida sommerskolen.rogfk.no
Ta kontakt for meir info!
Med venleg helsing
Margoth Sundsbø
Leiar Sommarskolen Rogaland
Tlf. 976 64 021