Saksdokument - Lærdal Kommune

Lærdal kommune
Sakspapir
Saksnr.
009/17
Utval
Formannskapet
Møtedato
26.01.2017
003/17
Kommunestyret
09.02.2017
Sakshandsamar: Monika Lysne
Arkiv:
Arkivsaksnr. 17/72 - 2
Plan for førebygging, habilitering og rehabilitering - oppstart av planarbeid
Kort samandrag:
Plan for førebygging, habilitering og rehabilitering skal vere eit verktøy for å sikre
førebyggjande innsats og god, tverrfagleg re-/habilitering innan helse- og omsorgsektoren.
Det er naudsynt å revidere planen som sist vart vedteken i 2008, for å sikre eit godt samarbeid
på tvers av tenesteaktørane innanfor helse- og omsorgsektoren, og sikre fokus på førebygging,
rehabilitering og habilitering i alle tenestene, samt å oppdatere plan etter gjeldande lover og
regelverk.
Rådmannen si tilråding:
Kommunestyret vedtek at det vert starta eit planarbeid for Plan for førebygging, habilitering
og rehabilitering. Planarbeidet skal følgje Plan- og bygningslova sine prosessreglar for
kommunale planar, slik at planoppstart vert varsla offentleg, og framlegg til plan vert lagt ut
til offentleg ettersyn før politisk slutthandsaming.
26.01.2017 Formannskapet
Røysting:
Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.
FS-009/17 Vedtak:
Kommunestyret vedtek at det vert starta eit planarbeid for Plan for førebygging, habilitering
og rehabilitering. Planarbeidet skal følgje Plan- og bygningslova sine prosessreglar for
kommunale planar, slik at planoppstart vert varsla offentleg, og framlegg til plan vert lagt ut
til offentleg ettersyn før politisk slutthandsaming.
09.02.2017 Kommunestyret
Røysting:
Tilrådinga frå Formannskapet vart samrøystes vedteke.
KS-003/17 Vedtak:
Kommunestyret vedtek at det vert starta eit planarbeid for Plan for førebygging, habilitering
og rehabilitering. Planarbeidet skal følgje Plan- og bygningslova sine prosessreglar for
kommunale planar, slik at planoppstart vert varsla offentleg, og framlegg til plan vert lagt ut
til offentleg ettersyn før politisk slutthandsaming.
Vedlegg:
Prosjektmandat H&O.docx
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.
Samhandlingsreforma, Lov om folkehelsearbeid, Lov om kommunale helse- og
omsorgtenester, Lov om helsepersonell m.v., Lov om pasient- og brukarrettigheiter, Forskrift
om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta, Forskrift om oversikt over
folkehelsen, Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
Saksutgreiing
Lærdal kommune reviderte Plan for habilitering og rehabilitering sist i 2008. Etter det har
Samhandlingsreforma (2012) kome med nye krav til kommunen, som er viktig å få gjort
gjeldande gjennom revidering av planverket. Plan for førebygging, habilitering og
rehabilitering skal vere eit verktøy for å sikre førebyggjande innsats og god, tverrfagleg re/habilitering innan helse- og omsorgsektoren.
Helse- og omsorgsplanen vart vedteken i 2012. Denne planen tek opp blant anna tre grep for
å gje moglegheit for innsparing og ei meir effektiv teneste:
·
·
·
Auka satsing på førebygging, tidleg innsats og aktiv omsorg
Gjennomgang av rutinar og system for tildeling av tenster
Etablering av ei koordinerande eining
Det er både lovpålagd og eit stort behov i kommunen å få på plass ei koordinerande eining,
som skal samordne og styrke helse- og omsorgtenestene i kommunen gjennom
samanhengande og ressurseffektive tenester tilpassa brukaren sine behov ved å:
·
·
·
·
·
Sikre eit samanhengande brukarforløp, der brukar er midtpunkt
Halde brukar aktiv lengst mogleg i eige liv-snu tenestene frå institusjon til brukar sin
heim
Sikre tverrfaglegheit i kartlegging, vurdering og tildeling av tenester
Vere tilpassa krav til forsvarlegheit i følgje lovverket
Sikre at førebyggjande innsats vert gjennomgåande i alle tenester
Ei slik koordinerande eining og organiseringa av denne, skal vere innarbeida i Plan for
førebygging, habilitering og rehabilitering.
Organisering av planarbeidet er lagt opp slik:
Prosjekteigar: Kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen
Prosjektleiar: Ergoterapeut, Johanne Gjestdal Mo
Prosjektgruppe: Fysioterapeut Iris Blaaflat, Koordinator for helse og omsorg Gudrun
Sigurdardottir, Leiar for helsesenteret Vivian Kvam, Konsulent for menneske med nedsett
funksjonsevne Sissel Simonsen, Einingsleiar for PLO Hrafnildur Yr Elvarsdottir.
Planarbeidet er tenkt gjennomførd innan juni 2017.
For meir informasjon om innhaldet i prosjektmandatet, målsetjingar, organisering og
bakgrunn for planarbeidet, vert det vist til vedlagde prosjektmandat.
Økonomiske konsekvensar
Planarbeidet skal verte finansiert innanfor eksisterande budsjett.
Vurdering
I følgje prosjektmandatet for Implementering av plan for førebygging, habilitering og
rehabilitering for helse- og omsorgsektoren i kommunen, så fungerer ikkje koordineringa av
helse- og omsorgtenestene og rehabiliteringstilbodet optimalt i dag. Aktørane arbeidar mykje
kvar for seg, og samarbeidslinjene bør betrast. Det er viktig å få innarbeida
Samhandlingsreforma (2012) i revidert plan, og det er og viktig å få med det førebyggjande
fokuset, i tillegg til habilitering og rehabilitering. Dette er viktige grep som også Helse og
Omsorgsplanen påpeikar for å vri tenestene frå institusjon til heim. Eit fungerande samarbeid
tenstene i mellom, er avgjerande for å nå måla som vart vedteken gjennom Helse- og
Omsorgsplanen. Administrasjonen ser det som naudsynt og viktig å få på plass ein
revidert/ny og oppdatert Plan for førebygging, habilitering og rehabilitering for å sikre dette
viktige tverrfaglege samarbeidet. Administrasjonen meiner at planarbeidet bør følgje
prosessen for planarbeid i Plan- og bygningslova, då det sikrar medverknadsprosess både for
innbyggjarar, brukarar, tenesteaktørane og politikarane.