Les mer om sammenslåingen i lokalavisen Vestnytt

6
A k t u e lt
Vestnytt tirsdag 7. februar 2017
idretten kjem tettare på kommunen:
Frå tilskodar til medspelar
Leiar Kenneth Oen
trur Øygarden
idrettsråd vert
teke meir på alvor
når dei no inngår
samarbeidsavtale
med kommunen.
RONG: – For idrettsrådet er det bra
at me no får ein samarbeidsavtale,
tilsvarande dei som idrettsråda
i Fjell og Sund har med sine
kommunar. Avtala vil gje rådet
større legitimitet, meiner Kenneth
Oen.
Idrettsrådet representerer store
klubbar som Skjergard IL, Rong
IL og Øygarden symjeklubb,
samt ytterlegare fem lag innan alt
frå sykkel til kampsport. I 2015
vart det sparka nytt liv i idrettsrådet gjennom eit samarbeid
mellom Hordaland Idrettskrets,
administrasjonen i Øygarden og
rådet sjølv.
Meir på alvor
– Med denne avtala formaliserer
me samarbeidet på alle nivå. Eg
opplever at idretten no vert teke
meir på alvor både hjå rådmannen
og i den politiske leiinga, seier Oen.
Nyleg kom avtala på bordet
til utvalet for levekår, der politikarane samrøystes gjekk inn for
samarbeidet som kjem til endeleg
avgjerd i kommunestyret.
– Kenneth Oen hadde ei god
orientering for utvalet om avtala
og den positive utviklinga i
idrettsrådet. Rådet er i ferd med
å verta eit nyttig organ for både
idretten og kommunen. Håpet er
at endå fleire klubbar sluttar seg
til idrettsrådet, seier utvalsleiar
Remi Oen (Frp).
Id r e t t s r å d e t s k a l hjel p a
kommunen til å ta avgjerder til
beste for all idrett i Øygarden og
bidra til at kommunen når måla
sine i idrettsdelen av kulturplanen.
Tidlegare inn
– Me ser at det kan vera ein
fordel å få idretten tidlegare inn
i prosessane. Dei har vore involvert i planane kring ny bane på
Toftøy og Hjeltefjorden Arena,
fakta:
Øygarden idrettsråd
•
•
Rådet er organisert i Noregs
Idrettsforbund gjennom idrettskrinsen og opererer etter
deira lover, samt vedtak gjort
på årsmøtet i idrettsrådet.
I saker som gjeld tildeling av
midlar til anlegg, høyringsinnspel på nybygg og liknande, er
det Øygarden idrettsråd som
skal samordna og representera
klubbane inn mot kommunen.
men kunne med fordel vore kopla
på tidlegare, meiner Remi Oen.
Idrettsrådsleiar Kenneth Oen
har vore i kontakt med idrettsråda
i Fjell og Sund for å starta samtalane om samordning av råda inn
mot den nye storkommunen.
– Det er positivt at også me i
Øygarden har fått ein avtale med
kommunen. Det bør vera eit mål
at måten Øygarden driv støtte
til idrettsanlegg vert vidareført
i storkommunen. Best mogeleg
vilkår for idretten er eit felles mål
for råda i heile regionen, seier
Kenneth Oen.
Foto: Karstein Sæverås
KaRsteiN sæveRås
[email protected]
90769391
felles brannvern på plass neste år
RONG: 1. januar 2018 er oppstarts-
dato for det nye brannvernet i
regionen. Sotra og Øygarden
brannvesen IKS er, som forkortinga tilseier, eit interkommunalt
selskap, der ressursane frå dagens
Sotra Brannvern og Øygarden
brannvesen vert slegne saman.
Det er oppretta eit styre i det nye
selskapet. Styret kom på plass
i midten av november med Per
Rune Eikeseth (Sund) som leiar
og tidlegare øygardenordførar
Olav Martin Vik som nestleiar.
– Silvia Haugland (TVØ) er
også mellom dei faste medlemmene frå Øygarden. Noko av
det som har vore drøfta i representantskapet for brannvesenet,
er ei verdifastsetjing av utstyret
som Øygarden tek med seg inn
i selskapet, seier noverande
ordførar Børge Haugetun (TVØ).
Han sit sjølv som leiar i represe nt a nt sk ap et , sa m a n me d
mellom andre ordførarane Marianne Bjorøy (Ap) i Fjell og KariAnne Landro (H) i Sund.
– Ei sli k ka r tlegg i ng av
verdiane er kostnadsrekna til
200.000 kroner. Det er brei semje
om at det er pengar som kan
nyttast betre til andre føremål,
med tanke på den samanslåingsprosessen Fjell, Sund og
Øygarden er i gang med. Det er
lite vits i å rekna på dette når me
uansett vert ein samla kommune
om få år, seier Børge Haugetun.
KaRsteiN sæveRås
[email protected]
90769391
Leiar Kenneth Oen i Øygarden
idrettsråd trur samarbeidsavtala
med kommunen vil bidra til at
idretten vert lytta meir til og kjem
tidlegare med i politiske prosessar.
Øygarden brannvesen er utstyrt med mellom anna ein tankbil som kan
samanliknast med brannbilane på flyplassar, med ein stor tank for skum i
tillegg til 10.500 liter vatn. Bilen og anna utstyr vert med inn i samanslåinga Sotra og Øygarden brannvesen IKS.
to mistet
lappen
sPJeLD: To sjåfører måtte ta
beina fatt etter en laserkontroll fredag kveld. Rundt
klokken 22.00 rigget politiet til en laserkontroll ved
Spjeldtunnelen. – Der ble
det gjort to førerkortbeslag, opplyser operasjonsleder Hans-Erik Thue ved
Vest politidistrikt.
I 6 0 - s o n e n bl e d e t
også skrevet ut to forenklede forelegg. – Høyeste
hastighet vi målte, var 83
kilometer i timen, melder
Thue.