Sosialkonsulent saksnr. 16/2893

Øygarden kommune er ein kystkommune nordvest for Bergen med vel 4900 innbyggjarar. Reisetid frå Bergen til
tettstaden Rong er ca 40 minutt. I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og
attraktive byggetomter. Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å
byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester.
STILLING MED SAKSNR 16/2893 sosialkonsulent
NAV Øygarden har ledig 80% fast stilling som sosialkonsulent frå snarast.
Arbeidsoppgåver for stillinga:
• Sakshandsaming etter sosialtenestelova
• Oppfølging og tiltaksarbeid i tverrfagleg samarbeid internt i NAV-kontoret og med andre deler av
hjelpeapparatet
• Iverksetjing og oppfylging av tiltak for brukarar i Kvalifiseringsprogrammet
Det er utarbeida stillingsomtale for stillinga
Kvalifikasjonar for stillinga:
• Utdanning som sosionom eller anna sosialfagleg høgskuleutdanning
• Personar med anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan også søkja
• Evne til å arbeida resultatorientert og effektivt
• Evne til å motivera personar som er i ein omstillingsfase i livet
• Klarer å arbeida sjølvstendig og å ta avgjersler
• Gode samarbeidsevner
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Lønsvilkår: Tariff
Nærare opplysingar om stillinga, får ein ved å venda seg til:
Einingsleiar Vidar Sangolt tlf:53 04 54 65 eller e-post:[email protected]
Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar via vårt digitale søknadssenter
https://www.oygarden.kommune.no/skjema/skjema For ytterlegare informasjon og rettleiing
kring det digitale søknadssenteret, ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.
Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande
lover, reglar og tariffavtaler. Medlemskap i pensjonsordning hos KLP. Administrasjonsmålet i
kommunen er nynorsk. Øygarden kommune er IA- verksemd.
Vi gjer merksam på, jamfør Offentleglova § 25, at opplysningar om søkjar kan verta
gjort offentleg, sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje å verta ført opp i postjournalen.
Søknad om unnatak frå § 25 må vera grunngjeven. Dersom søknad ikkje vert teken til
følgje, vil søkjar verta varsla om dette.
Attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert tekne med i original og kopi ved eit
eventuelt intervju.
SØKNADSFRIST: 22.07.2016