Meir informasjon og oppretting av digital postkasse.

Sikker digital post
Gol kommune førebur no digital utsending av brev til innbyggarar og næringsliv. Kanalane vi
nyttar er krypterte så det er trygt å motta brev, sjølv om det har sensitivt innhald. Vi vonar
overgangen til digital post er ei god ordning for deg som til vanleg nyttar digitale løysingar.
Konkret dato for oppstart kjem vi attende til men planen er å vere i gang før sumaren.
Slik opprettar du digital postkasse
Du kan opprette postkasse på norge.no.
Les meir om digital postkasse og sjå spørsmål og svar om digital postkasse.
Har du allereie digital postkasse, treng du ikkje gjere noko.
Kva skjer om du ikkje opprettar digital postkasse?
Då vil den digitale posten gå til Altinn. Opnar du ikkje brevet i løpet av nokre dagar, blir det
sendt på papir.
Du kan reservere deg
Ynsker du ikkje å få post digitalt, kan du reservere deg via reservasjonsregisteret.
Har du aldri registrert mobilnummeret eller e-postadressa di ved innlogging på ei offentleg
teneste via ID-porten, er det ikkje naudsynt å reservere seg. Då får du automatisk post på
papir.