ORDENSREGLAR FOR HJARTDAL OPPVEKSTSENTER

ORDENSREGLAR FOR HJARTDAL OPPVEKSTSENTER
1.
SKULEN SKAL VERE EIN TRYGG STAD FOR ALLE
a.
b.
c.
Alle må oppføre seg høfleg og greitt mot kvarandre.
Det skal vere arbeidsro i klasserommet.
Vi kan ikkje ha voldsom eller farleg leik.
d.
Snøballkasting er lov på blink.
e.
I skuletida skal elevane vere på skuleområdet.
f.
Kjøring med sykkel, rullebrett eller liknande skuleområdet er
forbode i skuletida.
g.
Elevane skal vere ute i friminutta. Når veret er dårleg kan dei vere
inne. Det er lærarane som avgjer om elevane skal vere inne.
h.
Mobiltelefonen skal ligge i sekken heile skuledagen, og den skal vere
slått av. Ved spesielle høve kan eleven ta fram mobilen etter avtale
med lærar.
2.
3.
GOD HELSE FOR ALLE ER VIKTIG
a.
Brus og godteri er ikkje lov å ha med utan at lærar gjev lov til det.
b.
All bruk av tobakk/rusmiddel er forbode.
ALLE MÅ TA GODT VARE PÅ SKULEN OG SKULESAKENE
a.
Alle har ansvar for å halde orden på skulen.
b.
Bøker, utstyr og inventar som høyrer skulen til skal takast godt
vare på. Dersom ein med vilje eller som følgje av uforsiktig
framferd øydelegg noko av dette, må ein erstatte skaden.
4.
FARLEGE GJENSTANDAR
a.
Dersom elevar tek med seg ting på skulen som kan vere til skade
eller ulempe, kan skulen ta hand om dette.
5.
BRUK AV SYKKEL OG ANNA FRAMKOMSTMIDDEL TIL SKULEN
a.
Det er foreldra/føresette som avgjer når barna kan sykle til skulen.
Skulen rår til at foreldre/føresette følgjer dei tilrådingane som
Trygg trafikk har utarbeidd.
b)
Ved bruk av sykkel skal det nyttast sykkelhjelm, og sykkelen skal
vere i god stand.
c)
Skulen vil rå ifrå bruk av sparkesykkel, akebrett, rattkjelke,
snowracer, spark og liknande for å kome seg til/frå skulen.
6.
FRÅVER/MELDING
a.
Har du vore borte frå skulen skal melding leverast første dag på
skulen etter fråveret. Bruk meldingsboka, sms eller e-post.
7.
TILTAK SOM KAN NYTTAST DERSOM EIN ELEV BRYT REGLANE:
a.
b.
c.
d.
Munnleg åtvaring.
Ringer til føresette raskt (låg terskel og til alle involverte partar)
Melding heim.
Utvisning/bortvisning resten av dagen, inntil 1 dag.
Dei føresette vil da få melding om dette, og dei skal så langt råd er
ha hatt høve til å uttale seg på førehand. Skulen skal i brev gjere
greie for kva som har skjedd, og kva for rettar dei føresette har.
8.
Ordensreglementet for Hjartdal Oppvekstsenter er utarbeidd på
bakgrunn av Ordensreglementet for Hjartdal kommune.