INFORMASJON M/PÅMELDING TIL SKULEGUDSTENESTE ELLER ANNA TILBOD Det har i Bømlo vore lang tradisjon for at skulane deltek på skulegudsteneste i tida før jul. Julehøgtida er historisk tett knytt til kristendommen, og i skulegudsteneste i kyrkjene møter elevane denne kulturarven i eit religiøst arrangement. Sidan dette er eit religiøst arrangement, er det friviljug for elevane å delta. Skulane pliktar å ha eit kulturelt tilbod til dei elevane som ikkje ynskjer å delta på det religiøse arrangementet. Kva dette tilbodet er, skal vera kjent for elevane og deira føresette når dei melder seg på det alternative tilbodet, eller skulegudsteneste. For elevar under 15 år, er det føresette som melder sine born på til det arrangementet dei ynskjer at borna skal delta på. Elevar på 15 år eller eldre, vel sjølve – så her må føresette formidla til skulen det valet ungdommen sjølv har gjort. Utdanningsdirektoratet har klargjort viktige føresetnader for gjennomføring av skulegudstenester: at det skjer i samarbeid og forståing med heimen at det er enkelt for heimen å forstå kva ein eventuelt skal be seg fritatt for at det er gitt informasjon i så god tid at heimane som ynskjer det, med rimeleg frist kan melde om fritak at skulen har sørgt for ikkje-diskriminerande fritaksordningar eller alternativ som er gode for dei som melder fritak fritak omfattar også øving til gudsteneste skulen bør organisera deltakinga ved aktiv påmelding at heimen ikkje må gi ut informasjon om eigen tru rektor skal sikra at fritaksretten vert rett praktisert Gudstenesta bør ikkje få karakter av semesteravslutning, da ei avslutning skal vere samlande for alle elevar på skulen. Avslutningsarrangement, og andre markeringar i løpet av skuleåret som er meint å inkludere alle elevar, bør derfor leggast til skulen, slik at alle kan delta. Du kan lese meir her om gudstenester på nettsidene til Utdanningsdirektoratet. __________________________________________________________________________________ PÅMELDING SKJER VIA MOBILSKOLE: VEL ALTERNATIV 1 ELLER 2: ALTERNATIV 1: Skulegudsteneste i Bremnes kyrkje, torsdag 8.desember 2016 kl. 11.00 ALTERNATIV 2: Anna kulturelt tilbod på Meling skule, torsdag 8. desember i 3. og 4. time Skildra tilbodet: Astrid Lindgrens jul SVARFRIST: fredag 1. desember
© Copyright 2024