JORDVERNKONFERANSEN FOR MØRE OG ROMSDAL Mandag 3.april 2017 Gjermundnes vidaregåande skule, Vikebukt, Vestnes Longva, Haram Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Berre dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet. Dette er bakteppet når det blir invitert til jordvernkonferanse på Gjermundnes mandag 3.april. Målgruppe er politikarar og administrasjon i kommunane, bønder, grunneigarar og andre som er opptekne av korleis areal som er egna til matproduksjon blir brukt. Inga deltakaravgift. Arrangør: Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i samarbeid med Jordvern Møre og Romsdal Fylkesmannen i Møre og Romsdal Møre og Romsdal Bondelag Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag PROGRAM Tid: Mandag 3.april 2017 kl 10.00-16.00 Stad: Gjermundnes vidaregåande skule, Vikebukt, Vestnes Møteleiar: Kolbjørn Gaustad Kl 10.00: Landbruksmuseet er ope for omvisning. Kl 10.30: Registrering og servering av kaffe og rundstykker. Kl 11.00: Opning ved Frank Madsøy, landbruksdirektør i Møre og Romsdal. Kl 11.15: «Jordvern ein kongstanke», ved forfattar Knut Ødegård. Kl 12.00: Ordførarane i Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Sandøy Fræna og Molde får kvar sine 5 min til å fortelja om jordvern i sine kommunar. Kl 13.00: Middag. Høve til omvisning på Landbruksmuseet. Kl 14.00: Jordvern og vegbygging v/Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. Kl 14.30: Jordvernet i lovverket v/Gunvor Fossholt Ytterstad, jurist hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kl 15.00: Førstekandidatane på stortingsvallistene presenterer kva jordvern det einskilde parti står for. Paneldiskusjon. Kl 16.00: Avslutning. PÅMELDING Innan tirsdag 28.mars til tlf 90 95 47 87, eller [email protected] ÅRSMØTE I JORDVERN MØRE OG ROMSDAL Etter avslutning av konferansen blir det årsmøte i Jordvern Møre og Romsdal.
© Copyright 2024