Årsmelding 2016 - Sunnfjord Golfklubb

Årsmelding 2016
Årsmelding 2016
Sunnfjord Golfklubb
Scandic Sunnfjord Hotel 02. mars 2017
Årsmelding 2016
Innhald
1.0 Frå styreleiar .................................................................................................................................. 3
2.0 Frå dagleg leiar............................................................................................................................... 3
3. Styre si samansetning ....................................................................................................................... 4
4.0 Økonomi......................................................................................................................................... 4
5.0 Jølster 365 AS ................................................................................................................................ 5
6.0 Banedrifta ....................................................................................................................................... 5
7.0 Pro .................................................................................................................................................. 5
8.0 Butikk ............................................................................................................................................. 6
9.0 Vegen til golf (VTG)...................................................................................................................... 6
10.0 Barne og juniorgolf ...................................................................................................................... 6
11.0 Damegruppa ................................................................................................................................. 6
12.0 Seniorgolf. .................................................................................................................................... 7
13.0 Handicapkomiteen ....................................................................................................................... 7
14.0 Medlemsoversikt .......................................................................................................................... 8
15.0 Turneringskomiteen 2016 ............................................................................................................ 8
16.0 Dugnad ....................................................................................................................................... 10
17.0 Aktivitetsoversikt for spel på bana............................................................................................. 11
18.0 Sponsorar ................................................................................................................................... 11
19.0 Framtidig utvikling .................................................................................................................... 12
20.0 Særforbund ................................................................................................................................. 12
21.0 Til slutt ....................................................................................................................................... 12
Årsmelding 2016
1.0 Frå styreleiar
Underteikna har vore styreleiar i 2016. Utfordrande, lærerikt, kjekt og spanande kan være nokre
stikkord for det. Det har vore spesielt utfordrande da vår pro i mange år valte å prøve ein anna
arbeidsgjevar. Denne gangen vart også bekymringane større enn naudsynt. Mange dyktige
golfkollega «trødde til» for at dette skulle gå. Det har gått bra, svært bra både økonomisk,
banefagleg og sportsleg. Mange VTG kurs er gjennomført, og nye spelarar har dukka opp. Det er
hyggjeleg å sjå når spelarar i alle aldrar, både barn og vaksne «kosar seg med golf».
Kommentarane om gode baner og generelt flott forhold høyrast med jamne mellomrom. Det er
kjekt !
Arbeid med 3 hols barngolf anlegg pågår, og skal etter plan ferdigstillast i 2017. Det gjev klubben
nye kvalitetar, og ikkje minst ein arena for rekruttering.
Det er dristig å trekke fram nokre personar som har bidrege ekstra, fordi veldig mange bidreg i
arbeidet med vår daglege drift. Men vår daglege leiar og alt mogeleg ressurs Leiv Årseth legg ned
eit målretta og langsiktig arbeid som er så verdifullt og gjev oss dette flotte fellesskapet som heiter
Sunnfjord Golfklubb.
Tross eit godt 2016, er det «skyer på himmelen». Styret har av den grunn starta eit arbeid for å
stake ut kursen for perioden 2017-2022.
Klubben går inn i eit nytt år, det 25. i klubben si historie. 04.06 1992 blei klubben stifta. Det skal
vi feire !
Tusen takk til dykk alle som har bidrege for eit godt 2016 
2.0 Frå dagleg leiar
Driftsåret 2016 er det beste året som har vore i klubben. Det meste gjekk vår veg, bortsett frå at vår
pro, Donovan Goosen avslutta arbeidsforholdet og gjekk inn i heil stilling i Ålesund og dermed
måtte vi omorganisere oss ein heil del. Til dagleg vart det nok litt «meir stusleg» når det ikkje alltid
var nokon som tok i mot medlemmer og publikum. Dette vart løyst ved å gå inn i eit prøveår med
endå meir dugnad. Odd Anders Vie og Arnar Helgheim tok på seg ein del administrative
oppgåver. Leiv Årseth og og Helge Skudal måtte vere meir tilgjengeleg på klubbhuset.. Alt i alt sit
ein att med intrykk av at det gjekk ganske godt, alle var innstilt på at slik løyser vi det dette året.
Det vart tidleg start av sesongen. Alt 1. nyttårsdag vart første konkuransen avvikla med nyttårsscramble, litt morosamt. Vinteren gjekk bra for bana, men som vanleg med høgt spenningsnivå for
banemannskap. Greenane vart berga med at snø og is vart fjerna av greenane 18 mars, veret berga
resten. Bana vart opna for spel siste veka i april og stengt 21 oktober, nesten 6 månader ope, det er
bra.
Styret har ei liste over forbetringstiltak på bana. Etter ei prioritering vart det sett i gang arbeid med
drenering av range, påfyll av fairway bane1.drenering og påfyll venstre side bane 5 og litt drenering
bne 1 og 2. (rikeleg med dugnadsarbeid til våren)
Barnegolf/kortbaneanlegget går sin gang. Fairwayane vart sådde og er klipt. Grunnarbeid til greenar
og utslag er ferdige. I disse dagar (13.febr. 2017) skal det bestillast kunstgras som skal leggast no til
våren. Offisiell opning vert veke 32 eller 33 med snorklipping av presidenten i NGF Marit Wiig
som ein del av 25 årsmarkering av at klubben fyller 25 år 2017
Årsmelding 2016
Golfklubben kjøpte golfsimulatoren frå Donovan Goosen , den har som vanleg vore montert i
klubblokalet, slik at dei som ynskjer har eit tilbod i vinterhalvåret ogso. Den er ganske godt brukt
slik at det ser ut til å vere ei forsvarleg investering.
3. Styre si samansetning
Styre
Leiar:
Nestleiar:
Styremedlem:
Styremedlem:
Styremedlem:
1.vara:
2.vara:
* = på val
Arne Myrekrok
Leiv Årseth*
Mathias Haug
Ewa Sonesson*
Tore-Bjarne Gamborg*
Hanne Fonn*
Roald Eikås*
Dagleg leiar
Klubben har ikkje hatt formelt tilsett dagleg leiar, men Leiv Årseth har på vegne av styret hatt den
daglege oppfylginga i lag med klubbsekretærane.
Sekretærar administrasjon
Arnar Helgheim og Odd Anders Vie
Grupper, utval, komitear, ansvarlege
Vegen til golf-ansvarleg: Tore Heggheim
Handicapkomité: Ole Jacob Bye
Klubbutvikling: Leiv Årseth
Kvinnekontakt: Ewa Sonesson
Barn/junior-kontakt: Paula Lesto
Turneringskomité: Magne Stubhaug (leiar), Ewa Sonesson, Inger Jorun Årseth og Rune Hovland.
Valkomité: Roy Svalheim, Inger Jorun Årseth valt 2015, Thor Olav Andersen valt 2016.
Disiplinærkomité: Tore-Bjarne Gamborg, Roy Svalheim
Banemannskap: Leiv Årseth, Helge Skudal
Ansvarleg politiattest: Ewa Sonesson
Styremøter
Det er halde 8 styremøte sidan førre årsmøte. Styret har hatt møter gjennom heile året.
4.0 Økonomi
Som rekneskapen syner har 2016 vore eit uvanleg godt år økonomisk. Dette på grunn av fleire
samanfallande trekk som trufaste « gamle» og fleire nye sponsorar, samarbeid med UDI om
integrering og ny innkjøpt golfsimulatoren som gav eit godt økonomisk pluss.
Då Donovan Goosen sa opp si stilling som pro vår 2016, vedtok styret ei prøveordning for året,
ved å fordele oppgåvene på delvis dugnad og andre omfordelingar, slik at det ikkje vart tilsett ny i
stillinga.
Årsmelding 2016
Prøveåret har tydeleg synt at vi har gode resursar i klubben som kan handter ekstraordinere
situasjonar på ein god måte.
5.0 Jølster 365 AS
Jølster 365 AS vart skipa i november 2014 av 9 reiselivsbedrifter i nedre Jølster, inkludert
Sunnfjord Golfklubb og Jølster Skisenter. Selskapet har fått driftsstøtte i 3 år frå Sunnfjord
Næringsutvikling. Selskapet er seinare utvida med 6 bedrifter lokaliser ovr heile Jølster, og truleg
hotellet på Skei etter selskapets årsmøte i år. Kvar bedrift har like stor eigarandel i selskapet og
med kr. 20 000 i aksjekapital.
Føremålet er å opptre samla for å selje bedriftene sine produkt gjennom ein felles salskanal, denne
vert tilgjengeleg med felles Booking system no i vår.
6.0 Banedrifta
Det er to personar som tek seg av arbeidet på bana, Leiv Årseth og Helge Skudal som etter kvart har
utvikla eit samarbeid som nærmast går av seg sjølv. Timelistene syner høves vi 1180 og 431 timar
Begge ruslar nok rundt med diverse oppdrag som ikkje vert noterte så nøye, men er tilfredsstillande
å få på plass. Det har ikkje vore utført spesielle forbetringar denne sesongen. Forbetringsinnsatsen
har vore retta mot barne/kortbananlegget som ligg godt føre det som var planlagt. I haust vart det
starta opp fleire tiltak rundt på bana som ein vonar vert ferdige tidleg 2017.
Klubben var representert på Golforum 2016, som er eit fagleg seminar arrangert av NGF.
Maskinene er stort sett i bra stand, men dei vert eitt år eldre for kvart og det må planleggast
fornying etter kvart.
Bilde syner Helge Skudal sin kreativitet, ved at seglduk har erstatt raker og mykje manuelt arbeid
7.0 Pro
Klubben har ikkje hatt tilsett pro 2016 sesongen, men vi har teke mot bestilling av enkelttimar og
formidla vidare til tidlegare pro, Donovan Goosen.
For første og andreårs medlemmar har klubben hatt tilbod om trening / oppfrisking av
grunnleggjande teknikkar annankvar onsdag. Det er Arvid Årseth (trenar 2 utdanna), som har
gjennomført treningane.
Årsmelding 2016
8.0 Butikk
Donovan Goosen har hatt ansvar for butikken i eigen regi. Odd Anders Vie og Arnar Helgheim har
hatt det lokale ansvaret med ope to kveldar i veka. Utover det har Helge Skudal og dageleg leiar
hjelpt til etter behov.
9.0 Vegen til golf (VTG)
Tore L. Heggheim har vore ansvarleg for VTG kursa. Det har vore jamleg kurs gjennom heile
sesongen. I alt 8 kurs à 12 timar, 38 stk. har gjennomført kurs. Mange av kursdeltakarane er tilsette i
sponsorbedriftene og får av den gunn «gratis» kurs.
Ved fullført kurs og betalt avgift er det inkludert eitt års medlemskap og spelerett i klubben
inneverande sesong.
10.0 Barne og juniorgolf
Leiar av barne og juniorarbeidet er Paula Lesto, medan Arvid Årseth leiar og organiserer
treningsaktiviteten. I treningsarbeidet er borna delt inn i tre grupper etter alder. Frå 6 til 9 år (11
stk.), 10 til 12 år (12 stk.) og over13 år. (3 stk.).
Totalt deltakarar i alle grupper er 26 stk. 12 treningar har vore gjennomført og med avslutning 2.
veka i september med merkeutdeling inkludert kaker, saft og kaffi. Arvid Årseth, Roald Eikås, Roy
Svalheim, Andreas Haug, Tor Kristian Kvammen, Frode Brandal, Irene Nergård og Lena Årseth har
gjennomført aktivitetane. Treningsavgift er kr 550,Juniorar over 13 år har hatt tilbod om trening med Arvid Årseth. 21 august arrangerte Sunnfjord
Golfklubb Narvesen Tour. 10 av våre juniorar stilte og konkurrerte mot mange juniorar frå region
Vestlandet Nord. Det er ei stor utfordring framover å fylle på med nok trenarkrefter og
aktivitetsleiarar.
Juniorar i aktivitet
11.0 Damegruppa
Damegruppa har hatt liten aktivitet primært på grunn av manglande tal aktive kvinner, men også
manglande interesse hos de få aktive. Den som kan knytast til som aktivitet er at på for-sommaren
blei kvinnene i Sunnfjord Golfklubb invitert til golfkveld hos sine kollegar i Florø Golfklubb.
Årsmelding 2016
Det blei tatt initiativ til ein «takke for sist» samling i Sunnfjord Golfklubb i haust. Til samen 13
damer, derav 4 fra Florø. Det ble spilt 9 hull Texas scramble med kaffe, kaker og premier som
avslutting.
Det er likevel verd å merke seg at litt ut i sesongen var det nokre kvinner som tok initiativ. I regi av
Kari Hansen starta ein med uformelle samlingar ein kveld for veka. Tiltaket såg ut til å vere ein
vellukka måte å få auka aktivitet.
12.0 Seniorgolf.
Det er ingen i klubben som er medlemmer i Norsk Seniorgolf. Vi har ei stor gruppe over (55 år
menn 50 år kvinner) som er senior, dei fleste av disse deltek aktiv på lik linje i all klubbaktivitet.
Kvar onsdag er det eit organisert tiltak som vert kalla for» pensjonistgolf». Ein møteplass for golf
og sosialt samvær.
13.0 Handicapkomiteen
Årsrevisjon av handicap vart gjennomført 1.1.2017. Retningslinjene for årsrevisjonen er nedfelt i
EGA Handicap System. Revisjonen er obligatorisk for alle spelarar. Formelen Golfbox nyttar vart
noko endra før årets revisjon, men reknestykket er fortsatt basert på dine resultat målt opp mot
forventningane i aktuell handicapgruppe. Eit for stort avvik resulterer i opp- eller nedjustering.
Sjå her for alle endringar og nyheiter i EGA Handicap System:
http://www.golfforbundet.no/spiller/turneringer/ega-handicap-system
Handicapoversikt
Ved årsrevisjon i GolfBox for handicapstatus for medlemmene i Sunnfjord GK var det ved
utgangen av året 155 (begge kjønn) i handicapkategori 1-5, og 121 i kategori 6 (tidlegare kjend som
«klubbhandicap»). Klubbhandicap er frå 2017 erstatta med handicapkategori 6 (hcp 37-54).
Sortert på kjønn og handicapkategori, er det følgjande fordeling:
Hcp.kategori
Frå - til
Kvinner
Menn
1
-4,4
0
1
2
4,5-11,4
0
13
3
11,5-18,4
3
34
4
18,5-26,4
3
45
5
26,5-36,0
7
49
6
37-54
25
96
1
3
Intet handicap (eller hcp=99)
Talet på medlemmer med i handicapkategori 1-5 viser ein oppgang på 10 frå året før, mens talet på
medlemmer i kategori 6 er redusert med 4. To kvinner har tatt steget opp til kategori 3, mens det
totale antal menn med handicap betre enn 26,5 har auka frå 85 til 93.
Handicapnivået på spelarane i Sunnfjord GK har vore stabilt dei siste åra, men er markant høgare
enn for seks til sju år sidan.
Årsmelding 2016
14.0 Medlemsoversikt
Sunnfjord Golfklubb hadde ved årsskiftet 382 medlemmer, av desse er 291 aktive barn, juniorar og
vaksne. Resten av medlemmene er passive og Long Distance- medlemer. Ved førre årsskifte var
talet på medlemmer 400, av desse 274 aktive.
Grupper
FH - Aktivt medlem m/lån
FH - Aktivt medlem m/årskort
FH - Aktivt medlem u/lån
FH - Barn under 15 år (BARN)
FH - Ektefelle/samboer m/lån
FH - Ektefelle/samboer m/årskort
FH - Ektefelle/samboer u/lån
FH - Junior under 20 år (JUN)
FH - Long Distance Ektefelle (LDE)
FH - Long Distance Medlem (LD)
FH - Long Distance u/lån
FH - Passivt medlem (P)
FH - Student (STUD)
FH - Student u/lån
FH - Æresmedlem (ÆRES)
FH - Aktiv medlem – klubben betalar
FH – Fakt som aktiv medlem u spelerett, men har lån
FH – VTG spelerett neste år pga VTG seint året før
13/2/2016
85
86
17
15
11
6
3
15
2
15
9
90
10
1
3
1
2
3
(1/1/2015)
91
30
53
21
11
7
4
20
2
13
21
110
8
1
3
-
Kommentar til medlemsoversikt:
Av statistikken ser det ut som det er nedgang i medlemstalet på 28 stk. Det vert slike «hopp» år om
anna når vi ryddar i medlemsarkivet. Når nokon melder seg ut vert dei fyrst endeleg sletta 2. året
etter utmelding, jamfør lovene til NIF.
I meldingsåret er det 46 stk. som har meldt seg inn. Som kjent får alle som fullfører VTG
medlemskap i klubben, om alle disse held fram som medlemmer veit vi fyrst når medlemskontigent
vert sendt ut.
15.0 Turneringskomiteen 2016
(Magne Stubhaug (leiar), Ewa Sonesson, Inger Jorun Årseth og Rune Hovland)
Målsetjinga til komiteen er å lage eit turneringsopplegg med ”noko for ein kvar smak”. Når vi
sjekka GolfBox etter sesongen, finn vi 38 registrerte klubbturneringar med stort sett god deltaking.
Av desse var 8 lag turneringer. Turneringssesongen varte frå: 1.1.16 – 9.10.16.
I 2016 satte vi ein rekord for sesongstart som kan verte vanskeleg å slå. 1. januar kl. 13.00
arrangerte vi Nyttårsgolf, 9 hols scrambleturnering med 32 deltakarar.
Den ordinære sesongen vart «slått i gang « 1. mai, med solide 40 deltakarar.
Årsmelding 2016
I tillegg til turneringane som er nevnt nedanfor arrangerte vi stort sett ein laurdag/søndagsgolf kvar
helg det ikkje var anna turneringsaktivitet.
Pin Cup 5.juni
For første gangen på mange år arrangerte klubben Pink Cup. Det var 21 deltagarr, derav 3 damer.
Nordea Pairs 13. juni
Her konkurrerte 20 deltakar. Lena og Arvid Årseth gjekk av med sigeren, Ole Lemoen og Magne
Stubhaug vart nummer to. Lena og Arvid gjekk vidare til regionsfinalen som vart spela på
Bjørnefjorden i august.
Audi Quattro Cup 18. juni
Arrangert av Berge & Co. 22 spelarar utgjorde 11 lag der minst ein frå kvart par er Audi-eigar.
Steinar Øvrelid og Bjørnar Gjerde vann og fekk dermed sjansen til å spele landsfinalen på Bogstad.
Dei hadde imidlertid ikkje høve til å stille.
Volvo World Golf Challenge 10. juli
Denne turneringa vart arrangert i samarbeid med Frydenbø bilsenter, 25 deltakarar. To klassar, over
og under 11,4 i handicap. Dei tre beste i kvar klasse gjekk vidare til landsfinalen. I klasse A vann
Jakob Stavang Stubhaug (av dei som var gamle nok til å gå vidare til landsfinale var Marcus
Gamborg best) og i klasse B vann Ole Lemoen. Jakob satte for øvrig banerekord på 67 slag i denne
turneringa. Landsfinalen vart spela på Larvik Golfklubb. Ewa Sonesson deltok i verdsfinalen i SørAfrika i slutten av april etter at ho vann landsfinalen klasse B i 2015.
Cross Country golf 9. august
Dette har blitt ei populær turnering og vi arrangerte derfor to utgaver i 2016, begge med 31
deltakarar. Komiteen hadde satt denne turneringa ut til Arnar Helgheim og Odd Anders Vie, som
kom opp med ei «ny bane» på 18 hol med spel på kryss og tvers i scrambleformat.
Narvesen Tour 21. august.
38 påmeldte frå 6 klubber til Narvesen Tour på Sunnfjord (tidl. Junior Tour). Sunnfjord stilte med
13 spillere, som er rekord. Åndreas Årseth vann Gutter klasse 13-15 med -7 netto og Jakob
Stubhaug vart beste gut 13-15 år brutto med +3. Jarle Stølsnes Bjørnefjorden vann Gutter klasse 1619 år med +4 netto, brutto premien med på par gjekk til Markus Wilhelmsen frå Ålesund. I klasse
Jenter 13-15 år vann Silje Ohma frå Fana både nett og brutto. I klassen Jenter 16-19 år vann Stine
Axelsen frå Fana både brutto og netto. I tillegg hadde vi to klasser for dei yngste der alle premiert
likt.
NVT Sunnfjord Open
Vår NVT-turnering vart arrangert 13. august med 36 deltakarar frå 8 klubbar.
- Brutto slagspel: I herreklassen vann Ole-Magnus Orlien (+1) medan Sven Ove Langlo (+10)
vann i seniorklassen og Jakob Stubhaug (+4) vann juniorklassen.
- Stableford: Her vann Marcus Gamborg, Helge Skudal og Jakob Stubhaug kvar si klasse.
Sunnfjordserien
Vi hadde sett opp ein vårsesong med 6 innleiande turneringar der dei 3 beste var teljande.
Avslutninga var eit ”playoff” med 3 turneringar og ein finale over 18 hull. Vi heldt fram med ein
felles klasse, men endra litt på antall tellande runder for å behalde spenninga lengst mulig. I snitt
deltok deltok 21 på dei 10 rundane. Det vart svært jamt og spanande i samandraget. Helge Skudal
viste fin form på hausten og klarte å beholde ledelsen heilt inn. Han vann foran Inge Nedrebø og
Inger Jorunn Årseth.
Årsmelding 2016
Klubbmeisterskap 05. og 06. september
Som vanleg gjekk klubbmeisterskapet i slagspel over 36 hol laurdag og søndag. Vinnarane vart:
Herrar: Arnar Helgheim (+13)
Herrar Senior: Jan Furelid (+18)
Damer: Ewa Sonesson (+32)
Junior: Jakob Stavang Stubhaug (-2)
Geir Huus minnepokal (beste resultat): Jakob Stavang Stubhaug
Klubbmeisterskap match
Det var dei 16 beste uavhengig av klasse i klubbmeisterskapet som kvalifiserte seg til
matchspelet. I finalen vann Jakob Stavang Stubhaug med 7 & 6 mot Arnar Helgheim.
Vi har sett litt på utviklinga dei siste tre åra. Ser vi på alle turneringar under eit så er snittet
ganske stabilt. Men vi ser at lag turneringar har ei betre utvikling enn individuelle.
Klubbmesterskapen har også hatt ei negativ utvikling med tanke på oppslutning frå toppåra
rundt 2006 med over 50 deltakarar. Ein bør vurdere om ein i 2017 skal gjeninnføre ein B-klasse
som spelar berre ein dag.
Sunnfjordserien på klubbhuset etter siste turnering. Dette var en grei løsning da det var en del
fremmøtte til å hedre vinnarane.
Bilete viser bedriftsbesøk
16.0 Dugnad
Klubben krev inn dugnadsavgift i lag med årskontingenten, slik at alle i prinsippet deltek i dugnad.
Denne avgifta får ein refundert om ein tek på seg faste oppdrag gjennom sesongen, eller arbeider
enkelttimar til ein har fylt kravet om 7 timar.
Faste dugnadsoppdrag er:
 Ballplukking 7 personar : Leia av Rolf Øvrebø
 Klippe utslag: Gunnar Hansen
 Stell av uteareal kring klubbhus: Kari Hansen
 Reinhald av klubblokala: Ewas Soneson, Lena Årseth, Inger Jorun Årseth.
I tillegg kjem dei som utfører annan dugnad gjennom sesongen. Som ein forstår er
dugnadsinnsatsen av stor økonomisk verdi for klubben. Spesielt dette året i og med at nokre av
oppgåvene som Donovan Goosen hadde vart fordelte på dugnadsarbeid.
Årsmelding 2016
17.0 Aktivitetsoversikt for spel på bana
Sesongen 2016
Månad
Medlemar Gjester
April
34
Mai
665
Juni
707
Juli
831
August
765
September
589
Oktober
273
November
0
Sum
3864
Turneringsrunder
Sum med turneringar
Endring frå året før
Endring i prosent
Totalt
4
23
28
68
78
22
19
0
242
38
688
735
899
843
611
292
0
4106
754
4860
836
25 %
Sesongen 2015
Medlemar Gjester
0
540
569
679
614
508
219
2
3131
2014
Totalt
Totalt
9
33
52
75
16
7
0
192
0
549
602
731
689
524
226
2
3323
701
4024
21
1%
249
607
608
531
590
369
173
0
3127
876
4003
Som tabellen syner har det vore god auke i aktiviteten på bana, dette kjem nok for ein stor del av
lang sesong, og at bana tidleg var i god stand. At det har vore god stemning og godt humør verkar
også positivt på aktiviteten.
18.0 Sponsorar
Våre viktige sponsorar for sesongen 2016 er:
.
Årsmelding 2016
Serit Fjordane IT
Jølstraholmen kraftverk,
Josten Sunde, Stein Arne Sunde
19.0 Framtidig utvikling
Styre har høg fokus på klubben sin langsiktige utvikling, og har påbegynt eit strategiarbeid for
perioden 2017-2022.
Stikkord for arbeidet er :
- God økonomisk utvikling
- God fagleg utvikling, både sportsleg og anlegg
- God marknadsutvikling
20.0 Særforbund
Sunnfjord Golfklubb er medlem av Sogn og Fjordane Idrettskrins og Norges Golfforbund, og
gjennom desse organisasjonane medlem av Norges Idrettsforbund.
21.0 Til slutt
Sunnfjord Golfklubb er ein breddeklubb med fokus på alle nivå i alle aldrar. Likevel, det er kjekt å
kunne trekke fram Jakob Stavang Stubhaug sin prestasjon i 2016 sesongen. Jakob er teken ut til
NGF si talentutvikling i 2017.
Jabob har trena målretta og med høg innsats i mange år, og med god støtte frå Donovan Goosen og
familien – Sunnfjord Golfklubb gratulerer !