KL_Ulvund - Naturbase

500
20
475
525
450
425
375
Lauveng
Garden Ulvund i Voss kommune
har lauveng med alm, som framleis
er i drift med slått og styving.
Innmarka er svært brattlendt og
mykje av den må slåast med ljå.
350
325
300
275
Enga på Ulvund er svært artsrik. Det er mange
artar som indikerer tradisjonell drift, t.d. småengkall, gjeldkarve og augnetrøst.
Garden vert driven med om lag 60 vinterfòra
sauer. Desse beitar på innmarka vår og haust.
D05
D01
550
ne
t
525
at
500
sv
475
yr
kd
al
450
425
400
375
350
325
300
275
250
0
100
200
300
Rundt innmarka, ved rydningsrøyser, og langs
gardsvegen, er det styvingstre av alm og ask. Ein
del av innmarka utgjer ei lauveng med spreidde
almestuvar.
250
M
Ulvund
400
Beite
Slåttemark
Lauveng
Kulturmark ute av drift
Edellauvskog – her med store
mengder styvingstre og
stadvis ope beite
Restareal
Vatn
Eldre hus/tunskipnad
Nyare hus
Steingard
Veg
Naturtype (DN-99)
D01 Slåtteeng
D05 Hagemark
400
500 m
Garden ligg i den bratte lia på austsida av
Myrkdalsvatnet nord for Vinje. Innmarka er på
om lag 80 dekar og ligg som ei langstrekt tunge
med slåttemark i den elles edellauvskogskledde
lia. På eit platå om lag 200 m over garden ligg
vårstølen Nedste Ulvundstølen.
Garden har tre bruk (265/1,3,4) og to av desse er
i aktiv drift. I rekkjetunet ligg fleire gamle bygningar samla med slåtte- og beitemark rundt.
Innmarka har ikkje vore utskifta og er inndelt
ivertikale teigar.
Midt på sommaren vert enga slått. I utkantane er
det svært bratt og her må det slåast med ljå og
høyet berast på ryggen. Alm og ask vert styva
tidleg på hausten og lauvet nytta til fôr.
Søraust for innmarka er det tresett beite der
dyra går ein periode før dei vert sendt på fjellet.
Tidlegare vart det slått både her og i eit større
område rundt den noverande enga. Då ein slutta
med kyr rundt 1980 vart slåttearealet på Ulvund
redusert.
21
Dokumentasjon
1
1996 Hovudfagsoppgåve v/UiB av Line Rosef,
omhandla eng og beitemark på Voss og har med
ruteanalyser frå Ulvund.
1 2000/-01 Mary Losvik ved UiB publiserer to artiklar om artsmangfaldet i engene på Ulvund. Ho har
funne samanhang mellom stort artsmangfald og
ikkje-gjødsla område, bratte område og kort feltsjikt.
Utviklinga skal følgjast vidare.
Tilstand 2000
Både kulturlandskap og bygningar vert generelt
haldne i god stand. Beitetrykk og slåtteareal er
mindre no enn då bruk -/3 var i drift. Likevel
framstår kulturlandskapet velstelt med artsrik
eng og mange styvingstre som vert skjøtta både
i kantsoner og eng.
Dei flataste areala av slåttemarka vert gjødsla
moderat og dei mest artsrike områda finn me
difor i dei bratte utkantane. Heile engområdet
kan likevel kallast artsrik slåtteeng (DN-99) og
delen med lauveng er sett i kategorien artsrik
hagemark (DN-99). Både beitet i utmarka og
engstykka som ikkje lenger vert slått, kan lett
førast attende til slåtteeng (DN-99).
Utvikling 1991 – 2000
Skjøtsel
1
1991 Alle tre bruka fekk STILK-støtte frå dette
året. Bruk -/3 fekk tilskotet i 3 år, medan bruk -/4 har
årleg tilskot fram til 2002 og bruk -/1 har årleg tilskot
fram til 2004.
Midlane går til;
- beiting og slått
- vedlikehald av styvingstre
- rydding av beite
- oppløing av murar
- ferdselstiltak
- restaurering av styvingstre
1 1994 Eigaren på bruk -/3 slo ikkje lenger sjølv
og dei to andre brukarane tok då over slåtten av størstedelen av enga hans.
1 2000 Ny eigar på bruk -/3 driv ikkje aktivt, fekk
Biologisk mangfald tilskot frå DN til vedlikehald av
styvingstrea.
Edellauvskogen rundt slåttemarka har også ei
stor mengd styvingstre, men desse vert ikkje
hausta. Sauene beitar skogen i den tida dei går
på innmark og dette dannar ein del opne parti.
Framtida
1 Brukarane ynskjer å halde fram med
drifta slik den er i dag. Det er uklart
korleis neste generasjon stiller seg til å
ta vare på verdiane.
1 Det bør utarbeidast ein skjøtselsplan
for bruka.