Referat 3. forhandlingsmøte om intensjonsavtale for mogleg kommunesamanslåing mellom kommunane; Vågsøy og Flora. Stad Florø, Quality hotell Tid 27.02.17 frå kl. 0830 – til kl. 1545 Tilstade Kristin Maurstad, Edvard Iversen og Knut Ove Leite, Vågsøy kommune Ola Teigen, Hanne Kristensen, Jacob Nødseth, Terje Heggheim , Rolf Bjarne Sund Flora kommune. Wenke Kvalvik, Fagforbundet Flora kommune Ingun Kjersti Frøyen, Fagforbundet Vågsøy kommune Njål Eliasson, Ungdommens Bystyre Flora kommune Thomas Hansen Halsnes, Ungdommens Bystyre Flora kommune Marius Strømmen, varaordførar Bremanger kommune, observatør Forfall Morten Hagen, Vågsøy kommune Jan Henrik Nygård, Flora kommune Anders Økland, Ungdommens Bystyre Flora kommune. Audun Åge Røys , ordførar Bremanger kommune, observatør Sak Kva Sak 1. Godkjenning av referat frå siste møte. Sak 2. Gjennomgang av kommunane sin organisering v/rådmennene Vart godkjent med merknadar om at forfall måtte komme tydeleg fram. Sak 3. Gjennomgang av utkast til avtale, punkt for punkt. Rådmennene gjekk gjennom den administrative organiseringa av kommunane. Kort oppsummert så er kommunane organisert etter sama modell. Rådmennene presenterte også den økonomiske stoa i kommunane per no. Kort oppsummert så har begge kommunane i relativt sunn og godt styrt økonomi. Det blir utarbeid eit enkelt dokument som vise desse oppsummeringane. Avtalen blei gjennomgått og justert punkt for punkt. Utkast til avtale pr. 28.01.17 ligg ved referatet. Sak 4. Besøk på SMS sentret. Blei avlyst. Sak 5 Kort om Det er kome inn tre tilbod på gjennomføring av høyringa. Det vil bli gjennomføring av innbyggjarhøyring Sak 6 Vidare framdrift gjennomført innbyggjarhøyring i perioden 9 – 14 mars. Det skal vere 600 respondentar i Vågsøy og 800 i Flora. Rapport blir levert den 17 mars. Det er viktig at kommunane informerer godt i forkant av at undersøkinga skal gjennomførast. Neste forhandlingsmøte blir i Måløy den 6 mars frå kl. 1300 – 1630. Det var semje om at kommunalsjefane i kommunane er tilstade i dette forhandlingsmøtet. Det blir gjennomført folkemøte i Vågsøy den 6 mars kl. 1800. Det blir gjennomført folkemøte i Flora den 7 mars kl. 1800. Forhandlingsutvala frå begge kommunane vil vere tilstade på begge møta. Det blir felles formannskapsmøte den 20 mars i Florø.
© Copyright 2024