Kulturlotteriet 2017

Kulturlotteriet 2017
Kulturlotteriet er ei viktig inntektskjelde for Noregs
Mållag, og eit godt høve for lokallaga å skaffe seg
inntekter.
Skrivarstova vonar at mange lag vil nytte høvet til å tinge.
Alle lag som sel lodd, får 9 kroner for kvart lodd som er selt.
Sel lokallaget lodd, blir det vinst til målarbeidet både lokalt
og sentralt – alle tener på det. Medlemene vil som tidlegare
år ha høve til å kjøpe lodd direkte frå skrivarstova, og første
utsending av giro til medlemene går i Norsk Tidend nr. 2/17.
Pris per lodd for lokallaga:
11 kroner
I Kulturlotteriet 2017 er det til saman 818 vinstar til ein
samla verdi av kr 160 250,-. Toppvinsten er som vanleg ein
reisesjekk på 8.000 kroner, 2. vinst er eit rørospledd,
3. vinst er eit abonnement på Syn og Segn, 4. vinst er den
praktfulle boka Jomfru Morgonsoli og andre eventyr og
5. vinst er ein plasterboks.
Salsperiode:
1. april–31. desember 2017
Lodda er vanlege skrapelodd, der ein vinn om ein får tre
like symbol.Vinnarlodd skal sendast inn til skrivarstova, og vi
sender ut vinstane etter kvart som vi får inn vinnarlodd.
Pris ut:
20 kroner
Retur:
Full returrett fram til 1. desember
2017. Ingen retur etter fristen.
Frist for henting av vinstar:
31. mars 2018
Har de spørsmål kring lotteriet, ta
gjerne kontakt med skrivarstova,
tlf. 23 00 29 30.
#
Send inn slippen til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 OSLO eller
send ei tinging i ein e-post til [email protected].
Q Ja, vi vil selje lodd i Kulturlotteriet 2017
Vi tingar
lodd.
Lagsnamn:
Kontaktperson:
Adresse:
Postnr/stad:
Telefon:
E-post: