Frå 09.03.2017 Den Norske Veterinærforening Til Norges Bondelag

Frå
09.03.2017
Den Norske Veterinærforening
Til
Norges Bondelag
Innspel til jordbruksforhandlingane 2017, veterinære reiser
Vedlegg 1; Eksempel på veterinære reiser.
Ordninga med reisetilskot til veterinære reiser er viktig og treffer godt. I
jordbruksavtalen 2016 vart satsane ikkje auka og det samla tilskotet vart redusert
med 1 million kroner til 46,70 millionar kroner. Dette forverrar avstandsulempene for
husdyrprodusentar og gjer det enno vanskeligare å oppretthalda eit minimum av
dyrevelferd for produsentar med lang avstand til næraste veterinærvakt.
Veterinærforeninga gjennomførte i 2013 ei undersøking av kostnad for eit
veterinærforetak ved å senda ein tilsett veterinær med bil på reise. Då fann me at
den i snitt var 18 kr per km. Ei konservativ framskriving av dette talet med 2,5%
årleg kostnadsvekst gir ein kostnad for 2017 på 20 kr per km. Dette talet tar ikkje
høgde for tida bilen står i ro. Tilsvarande må veterinærforetaket fakturera minst 905
kr per time for å ha kostnadsdekning for ventetida. Det gir ei underdekning i
ordninga for 2017 på 605 kr per time. Ventetid vert utløyst ved bruk av annan skyss
enn eigen bil. Dette er særleg aktuelt ved bruk av ferge og skyssbåt og
underdekninga rammar slik bønder langs kysten verst.
Taket på utlegg for leigd skyss og taket på andre kostnadar gir særlege utfordringar i
distrikt med lite brukte skyssbåtar. Der er kilometerprisen høgare enn det
jordbruksavtalen godtar. Det overskytande vert belasta bonden som må velga
mellom forsvarleg husdyrproduksjon og eigen økonomi. Dette taket forhindrar slik
husdyrhald i heile landet og vil på sikt gi redusert bruk av naturgitte norske
fôrressursar. DNV held fram at det ville vera meir hensiktsmessig å ta stilling til ein
øvre sum per rekvirentbesøk. Då kan ein setta ein verdi på storsamfunnets ønske om
husdyrhald i heile landet. T.d. slakteverdien av ei vaksen ku, eller 15 000,- kr.
Strukturendringa i veterinærpraksis held diverre fram på same måte som i
landbruket. Stadig fleire veterinærar finn seg arbeid innanfor andre områder enn
produksjonsdyr. Det er difor stadig fleire distrikt det vanskelig lar seg gjera for
bønder å få tak i dyrehelsepersonell som tilbyr ambulerande tenester både på dagtid
og på vakt. DNV og Bondelaget er i dialog om dette temaet. Tilskot til veterinære
reiser er ei viktig brikke i dette puslespelet, og Bondelaget må prioritera dette
tilskotet høgare i jordbruksavtalen 2017.
Utan tilgang på dyrehelsepersonell lar det seg ikkje gjera å driva forsvarleg
husdyrproduksjon. Veterinærforeninga ser med stor bekymring på den mangeårige
underdekninga i ordninga. Den høge transportkostnaden per besøk i grisgrendte
strøk aukar risikoen for at produksjonsdyra sin velferd vert ein salderingspost.
Skyssrefusjonen er eit presist virkemiddel for å sikra at bøndene kan henta
dyrehelsepersonell til sjuke dyr til ein overkommelig kostnad. Difor må satsen for
refusjon av skyss med bil på veterinære reiser aukast med frå 9,70 kr til 20,- kr per
km for å virka som den er tenkt. Timesatsene må aukast til 905 kr,- per time.
Mvh
DNV
Dan Åge Øyen
Gunnar Dalen
Vedlegg 1
Skyssrefusjon 2017
Sats 2017:
9,70 kr/km
Nødvendig sats (Framskrivne 2013-tall):
20,00 kr/km
Eksempel på en reise til en rekvirent på 100 km en vei, 200 km tur-retur
Gis ikke tilskudd 40km
Dekkes av ordningen 160km
---------------------------20km--------------------------------------------------------------100km
Dagens sats:
Første 40 km faktureres bonden
9,70 kr/km x 160 = 1552,00 kr
Faktisk kostnad ved å rekvirere veterinær utover egenandelen (2013):
Første 40 km faktureres bonden
20,00 kr/km x 160 = 3200,00 kr
Bondens ekstra utlegg per besøk om gammel sats blir beholdt, han er eneste rekvirent på
reisen og veterinæren fakturerer bonden underdekningen:
(15:1584 kr, 16:1328 kr)
10,30 kr/km x 160 = 1648,00 kr
Bondens utlegg per besøk uten skyssrefusjon, hvis bonden er eneste rekvirent på reisen:
(20,00 kr/km x 40 = 800,00 kr) + (20,00 kr/km x 160 = 3200,00 kr) = 4000,00 kr
Eksempel på en reise til en rekvirent på 50 km en vei, 100 km tur-retur
Gis ikke tilskudd 40km
Dekkes av ordningen 60km
---------------------------20km---------------------------------------------------------------50km
Dagens sats:
Første 40 km faktureres bonden
9,70 kr/km x 60 = 582,00 kr.
Faktisk kostnad ved å rekvirere veterinær utover egenandelen (2013):
Første 40 km faktureres bonden
20,00 kr/km x 60 = 1200,00 kr.
Bondens ekstra utlegg per besøk om gammel sats blir beholdt, han er eneste rekvirent på
reisen og veterinæren fakturerer bonden underdekningen:
(15:594 kr, 16:498 kr)
10,30 kr/km x 60 = 618,00 kr
Bondens utlegg per besøk uten skyssrefusjon, hvis bonden er eneste rekvirent på reisen:
(20,00 kr/km x 40 = 800,00 kr) + (20,00 kr/km x 60 = 1200,00 kr.) = 2000,00 kr