Sommarhelsing2014

Bjorøy skule
Foreldre/føresette
Dykkar ref.
Vår ref.
2013/115 - 13424/2014
Saksh. – tlf.
Bjørnar Fjellhaug - 55097582
Dato
13.06.2014
SOMMARHELSING FRÅ BJORØY SKULE TIL HEIMANE
Eit nytt skuleår nærmar seg slutten og vi går inn i den siste veka av skuleåret 2013-2014. Vi ser
fram til ein etterlengta sommarferie og legg bak oss nok eit innhaldsrikt skuleår.
Siste veka
Sommarfest vert tysdag 17. juni kl 1800. Vi har komen i skade for å skriva feil dag og dato i årboka og
må på det sterkaste beklage dette! Vi startar med program i gymsalen før det vert felles grilling ute
etterpå. Vi på skulen tenner grillane og så tek de med det de ynskjer å grille :) Vi gler oss til ei flott
avslutning.
Tradisjonen tru vert det Bjorøytalentar på torsdag 19. juni. Elevane ser fram til og gler seg til dette! Vi
gler oss til talentane!
Siste skuledag vert fredag 20. juni. Alle sluttar då kl 1200. SFO er open som vanleg. Skulen
spanderer pølser på elevane denne dagen etter naturstien.
Endringar i personalet
Det vert ein del endringar i personalet frå hausten av. Nokre sluttar, medan nye kjem. Som
de allereie er kjend med vert det endring av rektor frå nytt skuleår av. I tillegg er det
nokre til som forlet oss.
Magnhild Valvik gjekk av med pensjon til vinterferien. Magnhild er nok den som har
kjent alle krinklar og krokar best på Bjorøy etter å ha vore reinhaldar i 34 år på skulen.
Så ved vinterferien vart det ei ny tidsrekning, før og etter Magnhild! Ho har hatt kontroll
og utført reinhaldet på ein framifrå måte og vi merkar at ho ikkje er hos oss lenger, men unnar ho ei
god pensjonisttilhøve.
Karen Elise Dahle takkar av etter nærare 9 år ved skulen. Ho skal byrje på Foldnes skule til hausten.
Marit Valland har sagt opp stillinga si og sluttar etter over 8 år ved skulen.
Postadresse:
Postboks 184
5342 STRAUME
Telefon: 55 09 60 00
Telefaks: 55 09 60 01
www.fjell.kommune.no
Bankkonto:
Bankkonto for skatt:
Organisasjonsnr.:
8580 14 08600
6345 06 12466
951 996 777
Tom Klippenberg har søkt om eit års permisjon frå 01.09.2014 for å gå over i anna stilling.
Nina F. Fimreite har arbeidd som assistent i skule og SFO sidan 2011. Ho avsluttar tenesta hos oss no
til sommaren og går over i annan stilling i kommunen.
Vi takkar dei alle for utført teneste og ynskjer lukke til i ny jobb og nytt tilvære!
Annette Salhus held fram som timelærar det neste skuleåret. Ho har foreldrepermisjon fram til nyttår og
startar med i jobben ved årsskifte. Linn-Hege Dang, lærar frå Bjorøy, er tilsett i foreldrepermisjonen til
Annette.
Cecilie Bruland fortsett også og går inn i vikariatet for Tom i hans permisjon. Ho vert med det
kontaktlærar for 7.klasse frå 01. september av.
Vi ynskjer Linn-Hege velkomen til Bjorøy og er glade for at Annette og Cecilie held fram hos oss.
Kontaktlærarar 2014-2015
Det vert litt endringar i kontaktlærarkabalen for neste skuleår:
1. klasse:
Veronica Storesund
2. klasse:
Kurt Sakseid
3. klasse:
Anne Mette Lie
4. klasse:
Anna Håland Berget
5. klasse:
Guro Jerpseth Øverby
6. klasse:
Inger-Helen Kallestad
7. klasse:
Tom Klippenberg/Cecilie Bruland
Timelærarar:
Klasserom:
Klasserom:
Klasserom:
Klasserom:
Klasserom:
Klasserom:
Klasserom:
Ringjaskjeret
Bjørøyhamn
Høganeset
Tyssøyna
Tangen
Eie
Glomsneset
Anita Ramm-Eriksen, Ann-Helen Lie Markhus, Ingunn Myrlid,
Annette Salhus (foreldrepermisjon til 01.01.2015) og Linn Hege Dang (vikar for
Annette Salhus).
Therese Lunde og Monica Skauge
Assistentar:
SFO:
Administrasjon:
Elisabeth Skjerdal (SFO-leiar), Therese Lunde, Monica Skauge,
Evelyn Hopland og Rita Svendsen
Svein Ove Rørvik (rektor), Inger-Helen Kallestad (avdelingsleiar),
Elisabeth Skjerdal (SFO-leiar), Rita Svendsen (kontorsekretær).
Lærings- og skulemiljø
Skulemiljøet er godt! Trivselsleiarane treng ei ekstra takk for ein flott utført jobb! Dei er kreative og
flinke og resten av elevgruppa gjev uttrykk for at dei trivs med aktivitetane som er i friminutta. Det er
bra! Vi har også fått delt ut mange t-skjorter i antimobbearbeidet «Mobbing er som et troll, får det lys på
seg så sprekker det». Tøffe og stilige t-skjorter som kun kan fortjenast gjennom gode ord, handlingar
og omsorg for og med kvarandre!
Kunstlærarane har hatt prosjekt med pynting av uteområdet. Trollet er komen på vegg og mur, samt
pynting av gjerde, benkar med meir! Flott!
Nasjonale prøvar synte særs gode resultat på lesing. Vi ser over tid at vi er god på lesing,
men har litt utfordringar knytta til matte og engelsk når det gjeld å løfta resultata meir. Dette
har vore fokus og vi har arbeidd med forbetringar dette året. Eg har stor tru på at dette
arbeidet over tid vil vise auka og forbetra resultat.
Trivselsundersøkinga, elevundersøkinga og ZERO-undersøkinga syner auka trivnad og nedgang i antal
mobbehendingar! Det betyr at vi går i rett retning, men må halde trykket på førebyggjande og
haldningskapande arbeid kontinuerleg.
FJELL KOMMUNE | SOMMARHELSING FRÅ BJORØY SKULE TIL HEIMANE 2
Fokuset og satsinga på relasjonar er og må bli viktig! Vi har utforma relasjonelle normer i klassane og
på skulen. Vi arbeidar kontinuerleg med å skapa gode relasjonar til alle som er delaktig i
skulekvardagen og vert tryggare på at gode relasjonar mellom vaksne og barn, er med på å auka
læringsutbyttet!
Elevrådet gjer også ein flott og god innsats for eit godt skulemiljø! Dei har bla. også organisert kantine,
Bjorøytalentar og fotballturnering! Gode tiltak og flott med elevengasjement!
Tilstandsrapport
Tilstandsrapport vedk. Bjorøy skule er gått ut på anbod. Anbodsfrist er sett til slutten av juni. Då vil det
gjerast ein tilstandsrapport på korleis skulen er, moglegheiter til utbetring/ombygging og tilrettlegging til
å vera eit framtidsretta og tenleg skulebygg. No er ein på veg, så får vi krysse fingrane for at det kjem
på plass ei utviding for framtida.
Skyss
Det vert endring i skyss neste skuleår. Skyss vil ha all skuletransport til og frå skulen, noko som
medfører at alle elevar må ha busskort som skal ta bussen. Bussen vil gå som tidlegare frå Tyssøy, og
frå tunellen ca kl 0805 (rutebuss/skulebuss). Meir info om dette vil koma ved skulestart.
Timeplanendringar
1. og 2. klasse:
Oversikt over når timane tek til og sluttar:
MÅNDAG
TYSDAG
ONSDAG
TORSDAG
FREDAG
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
11.10-11.40
11.10-11.40
11.10-11.40
11.10-11.40
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
Leks. 1325-1355
Leks. 1325-1355
Leks. 1415-1445
Leks. 1325-1355
11.10-11.40
11.40 – 12.25
3. og 4. klasse:
Oversikt over når timane tek til og sluttar:
MÅNDAG
TYSDAG
ONSDAG
TORSDAG
FREDAG
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
11.10-11.40
11.10-11.40
11.10-11.40
11.10-11.40
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
12.25 – 13.10
Leks. 1325-1355
Leks. 1325-1355
Pause
Leks. 1325-1355
13.10-13.20
11.10-11.40
11.40 – 12.25
13.20 – 14.05
Leks. 1415-1445
MELLOMSTEGET:
Oversikt over når timane tek til og sluttar:
MÅNDAG
TYSDAG
ONSDAG
TORSDAG
FREDAG
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
08.25 - 09.10
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
09.10 - 09.55
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
09.55-10.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
10.10 – 11.10
Pause
Pause
Pause
Pause
Pause
11.10-11.40
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
Pause
13.10-13.20
13.20 – 14.05
11.10-11.40
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
11.10-11.40
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
Pause
13.10-13.20
13.20 – 14.05
11.10-11.40
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
11.10-11.40
11.40 – 12.25
12.25 – 13.10
Pause
13.10-13.20
13.20 – 14.05
FJELL KOMMUNE | SOMMARHELSING FRÅ BJORØY SKULE TIL HEIMANE 3
FAU, SU, SMU og Velforeninga
Vi vil takke FAU for godt arbeid og engasjement! Takk til FAU-leiar Janikke Bjordal for godt samarbeid!
Unni Sværen har gjeve melding om at ho til hausten gjer seg som leiar for SMU. Eg vil gjerne takka ho
for godt og konstruktivt samarbeid desse åra og takka for den formidable innsatsen ho har gjort
gjennom SMU for elevane sitt ve og vel!
Takk også til SU og leiar Sigve Hindenes for godt samarbeid gjennom året og åra! Det har vore godt
med eit engasjert og interessert Samarbeidsutval!
Takk også til Ole Bjørn og Beverley Sandahl for godt samarbeid i samband med sambruk og
samarbeid med Velforeninga og grendarommet! Vi set pris på sambruken og er glade for
samlingspunktet på øya!
Leksehjelp
Påmelding til leksehjelp vil koma i august. 1. klasse vil få tilbod etter nyttår.
Attgløymde klede
Fint om De kjem innom og tek ei opprydning i garderoben til barnet/a ditt/dine. Det som ikkje er henta
ved skuleslutt, gjev vi vidare til ein veldedig organisasjon.
Neste skuleår
Første dag etter sommarferien vert torsdag 14. august. 2.-7. klasse startar kl 0825, medan 1.
klasse startar kl 0900. Følg med på heimesida og i Vestnytt.
Tusen takk for meg!
Då står det att å takka!! No går det meir og meir opp for meg at det nærmar seg avslutning på
Bjorøy og eg skal starte på eit nytt kapittel! Eg er svært takksam! Takksam for tida på Bjorøy,
menneska eg har møtt, utfordringane, utviklinga og ikkje minst det vi har fått til saman både foreldre,
elevar og tilsette! Eg er stolt over Bjorøy! Stolt over den flotte skulen og den gode driven vi er inne i! Vi
har auka trivnad og betra læringsresultat blant elevane! Ein kan ha visjon om ingen mobbing, men dit
hen kjem ein nok aldri! Likevel viser tiltaka og fokuset vårt på eit godt og trygt skulemiljø resultat av at
vi er i rett retning! Det er bra! Vi MÅ aldri gløyme fokuset og trykket på at alle skal ha ein god
skulekvardag!
Eg har stor tru på relasjonspedagogikk og er svært glad for at vi har, og er, pilotskule! Vi har eit år att
av piloteringa og eg er ikkje i tvil om at det ber frukter! Gode relasjonar er nøkkelen for å lukkast i
skulekvardagen og er med på å gjere læringsgrunnlaget betre for elevane! Vi er også avhengig av at
de som foreldre står med oss og talar positivt om skulen slik at elevane har eit betre utgangspunkt til å
møta skulekvardagen.
Ein epoke er over for min del og eg legg ikkje skjul på at det til tider har vore krevjande, men likevel
gode år! Eg har trivst svært godt og blitt glad i elevane og skulen! Tusen takk for godt samarbeid! Takk
for utfordringar, innspel og medverknad! Ynskjer både elevar, foreldre, «øyafolket» og tilsette lukke til
vidare! De er gode! :)
Til sist vil eg få ynskja alle ein riktig god sommar og så gjev eg stafettpinnen vidare til Svein Ove Rørvik
frå hausten av! Ynskjer også alle lukke til vidare!!! Nyt sommaren, det fortener de!
Med helsing
Bjørnar Fjellhaug
Rektor
FJELL KOMMUNE | SOMMARHELSING FRÅ BJORØY SKULE TIL HEIMANE 4