Kort elevinformasjon

Kort elevinformasjon
skoleåret 2014-2015
Voss Folkehøgskule ynskjer deg velkommen som elev!
Voss Folkehøgskule er ein vakker skule i gamal vestlandsstil på Seim på Voss, rett
utanfor Vossevangen (sentrum), ovanfor Vangsvatnet (ca 20 min å gå). Vi har eit
positivt personale og gode, unge, aktive lærarar og spennande linjer.
Fantastiske elvar og fjell omkransar Voss og byr på sterke naturopplevingar heile året,
både fart og spenning – og ro i sjela. Voss gjer deg muligheit til skikøyring i eit av
Nord-Europas beste alpinanlegg. Voss har og kafear og butikkar av alle slag, kulturhus
med fleire kinoar, bibliotek. Voss har eit aktivt kultur- og friluftsliv heile året.
Kart over skulen
Kart over Vangen
Internat, måltider og fellesrom
Internatrom Midtgard
Internatrom Jomsborg
Internatrom
Skulen har to internat med vaskeri og tørkerom: Jomsborg og Midtgard.
Vi har 100 sengeplasser fordelt på dobbeltrom og enkeltrom.
Viss du ynskjer enkeltrom og /eller bad må du søke om dette. Vi fordeler rom i august.
Både enkeltrom og bad kostar ekstra. Se avsnitt om Økonomi.
Ganglærarar
Lærarane har ansvar for kvar sin internat-gang.
Gangråd
Kvar gang på internatet har eigen ganglærar og vel ein eigen gangsjef og brannsjef.
Gangrådet skal mellom anna få livet på internata til å gli godt. Oppgåver er trivselsfremjande
tiltak, organisering av reinhald, drøfting av konfliktar i skulemiljøet, gjennomføre elevkveldar,
gjennomføre morgonsamlingar/ord for dagen …
Peisestova og TV-rommet
Peisestova er fellesrommet vårt. Her finn du elevkiosken som vert driven av elevane.
TV-rommet er forma med sofabenker i amfi for TV og film.
Måltider
Frukost:
Lunsj:
Middag:
Kveldsmat:
Kvardager og laurdag
Kvardager
Kvardagar og sundagar
Kvardagar og sundagar
0745-0815
1130-1230
1600
2000 – 2030
Sundag 0900 – 1000
Laurdag 1300
Laurdag 1800-1900
Undervisningsrom og salar
Undervisningsrom og spesialrom kan du nytte fram til kl. 2300.
Internett
Alle undervisningsrom, fellesrom og internatrom har trådlaus internett-tilgang.
Økonomi
Kostnader





Innmeldingsavgifta
2.000 kroner betaler du når du takkar ja til elevplassen din
Opphaldskostnader 85.500 kroner: kost, losji og undervisningsmateriell, klasseturar
Tillegg enkeltrom
5.000 kroner
Tillegg rom med bad
5.000 kroner
Særskilt diett etter avtale med kjøkkenet
NB! Dersom du sluttar i skuleåret, må du betale for 6 veker etter sluttdato.
Studiereiser / linjeturar








Frisport ekstrem
Idrett og friluftsliv
Data
Film
Musikk
Folkemusikk
Trening og helse
Innovasjon
16.000
10.000
19.000
19.000
17.000
14.000
10.000
19.000
kroner: Slovenia, Soca
kroner: Lanzarote, La Santa
kroner: San Francisco og Silicon Valley
kroner: Los Angeles og Hollywood
kroner: New York
kroner: Scotland
kroner: Lanzarote, La Santa
kroner: San Francisco og Silicon Valley
NB! Prisene dekkjar alt unntatt lommepengar. Forbehold om endringar/endelege prisar.
Turane skal betalast innan 15. august.
Andre kostnader



Årskort/skikort, ca.
3.500 kroner (hos Voss Resort) for dei som ønskjer kort eller må ha
kort på linja eller i valfaget; gjeld Idretts- og friluftslivslinja, Frisport og skifag/valfag
Hovudinstrument
5.000 kroner for undervisning på ditt instrument; gjeld Musikkelevar
Lommepengar
Skulepengane betalast den 15. i kvar månad frå september til og med mai,
Beløpa er tilpassa lånekassens utbetalingar. Planen får du tilsendt seinare.
Forsikring
Du er forsikra mot skader/ulykker som hender i samband med skulen sin undervisning og
aktivitetar. Dei private eigedelane dine er ikkje dekka av skulen si forsikring. På reise/linjetur
må du ha eigen reise- og helse forsikring. (kanskje foreldra dine har allereie?)
Funksjonar
Hovudlærar
Kvar linje har ein hovudlærar som planlegger og koordinerar linjeaktivitetane:
Internatleiar/husmor
Internatleiar Kiss har ansvaret for drifta av internatet og hjelper til når elevar vert sjuke.
Tilsynslærar
Tilsynslærar har anasvar frå middag til morgensamling kvar dag. Det er tilsynslærar du skal
vende deg til om du har praktiske problem eller spørsmål på ettermiddagstid og i helgene.
Tilsynslærar har telefon:
Skulen sitt nummer er:
Vaktmester/brannvernleder:
916 62 569 fra kl 1600-0830
5652 9040
905 66 395
Vaktmeister er driftsleder og brannvernleiar
Og følger opp stort og smått på internatet og er skolens brannmester.
Kontoret
Kontoret er ope for elevane 1200-1230 og 1400-1600. Kontorleiar svarer på spørsmål om lån
og stipend mm, leverer ut post, følger opp betaling av skulepengar.
Elevråd
Elevrådet er fellesorgan for alle elevane, og skal saman med andre råd arbeide for å skape
trivnad og gode samarbeidstilhøve på skulen, ta seg av elevane sine interesser, og fremje
desse for rektor, personalråd, lærarråd og styre.
Ordensreglar og ordningar
Skulen sine reglar er enkle og sikrar eit godt liv for alle:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
vis respekt og omsyn
ver høfleg og snill
møt presis og forberedt
hald orden
overhald ro-tid
ver opplagd og munter 
ver totalt rusfri
Rusmidlar
Ingen rusgifter/dopingmidlar er lov. Skulen er eit aktivt og kreativt kulturmiljø heilt utan
rus med god livsstil i fokus. Du kan ikkje bruka/oppbevara/vere rusa av alkohol eller nokon
andre rusmidlar på skulen.
Disiplinærutval– reaksjonar
Skulen har eit eige utval for behandling av disiplinærsaker. Vedtak i disiplinærsaker kan
ankes til styret. Sluttar du frivillig eller blir utvist for resten av skuleåret, må du betale
skulepengar i 6 veker frå sluttdato.
Bryt du ordensreglane / har stort fråvær / ikkje betalar skulepengar / ikkje fylgjer opp
ansvarsoppgåvene dine kan rektor utvisa deg for kortare / lengre tid, i verste fall for
resten av skuleåret, eller avgjere andre reaksjonar.
Frammøte, fråvær og permisjon – retningslinjer
Du må delta. All undervisning er obligatorisk. Dette gjeld også alle aktivitetar /
skulearrangement / eksterne samarbeidsprosjekt / turar etc.
Alt fråvær vert ført på vitnemålet. Fråvær vert ført i dagar og timar. Etter søknad kan
noko fråvær godkjennas utan at vi reknar fråvær. Du må søkja på førehand for å få
godkjent permisjon utan fråvær. Blir ein elev bortvist føres fråvær for perioden.
Ro på skulen etter kl. 23.00
Dersom du ikkje skal overnatte på skulen må du gje beskjed til skulen.
Litt av kvart
Besøksordning
Gjester kan overnatte på ditt internatrom. Bur du på dobbeltrom, må du gjere avtale med
den du bur saman med. Gjester fylgjer skulen sine reglar. Billige prisar.
Vask og reinhald
Alle elevar vaskar romma sine sjølve og held dei i orden, og deler ansvaret for å halde
korridor, trapper, dusj og toalett reine og ryddige.
Klesvask og –tørking
Det er to vaskeri på skulen. Bruk av vaskemaskin er inkludert i skulepengane.
Arbeidsgrupper/ kjøkkenteneste ”Gul Garde”
Alle elevane er med i ei arbeidsgruppe to til tre veker i løpet av skuleåret: «Gul Garde» for
kjøkkenarbeid og anna reinhald på skulen.
Avfall
Vi har avfallssortering: bio-boss, papp/papir, metall og anna avfall.
Oppbevaring
Syklar
Ski og brett
Emballasje
Skytevåpen
oppbevarast i sykkelskur
setjas i to skistaller / prepperom / tørkerom
oppbevarast i i kott på rommet eller eigne rom
og ammunisjon oppbevarast i eigne låste våpenskåp
Skulerute hausten 2014
August
September
Oktober
November
Desember
24
27
6-13
8-9
10-30
16
sundag
haustfest
sundag - måndag
laurdag & sundag
uke 46, 47, 48
juleavslutning
skulestart
for elever og foreldre/familie
haustferie
elevstemne
reiseveker
heimreise
skulen stengjer kl 12
Skulerute våren 2015
Januar
Februar
Mars
April
Mai
NB!
6
16-23
28-8
1-3
15
16
tirsdag
laurdag-måndag
laurdag
-onsdag
fredag-sundag
avslutningsfest
laurdag
skulestart
vinterferie
påskeferie
påskeferie
fri
avslutning
avreise
skulen opnar 5 jan kl 17
skulen opnar 8 apr kl 17
skulen stengjer kl 12
Datoane viser fridagar frå og med – til og med. Merk: forbehold om endringar