velkommen til nytt skuleår! - Odda vidaregåande skule

HORDALAND
FYLKESKOMMUNE
ODDA
VIDAREGÅANDE SKULE
Kjære elev!
August 2012
VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR!
SÅ KJEKT AT DU SKAL GÅ HOS OSS DETTE SKULEÅRET!
Takk for at du har valt skulen vår, anten du er heilt ny som elev eller du gjekk her i fjor og skal
halda fram. Vi ønskjer deg velkomen og ser fram til å møta deg måndag den 20.d.m. Vi håper du vil
finna deg tilrette og oppleva Odda vidaregåande skule som ein god stad å vera og ein god stad å
læra.
Det er god søknad til skulen vår i år. Kommande skuleår vil vi vera om lag 280 elevar.
Vi har elevar frå mange stader og vil vera eit fargerikt fellesskap. Målet vårt er at vi saman skal
skapa ein inkluderande skule med høgt fagleg nivå, gode læringsresultat og framifrå trivsel. Det
betyr at vi skal gjera vårt beste for at du skal læra og at du skal trivast. Vi vonar at du har lyst å
læra og at du også vil gjera ditt beste. Er du positiv og tolerant, vil du òg vera med å skapa eit
aktivt og godt klassemiljø. For komande skuleår vonar vi å få til kjekke aktivitetar som kan vera
med å vidareutvikla det gode sosiale miljøet på skulen. Vi håper vidare på at vi får eit engasjert
elevråd som vil vera pådrivarar for ein god skule.
Kontaktlærar, faglærarar og medelevar er dei næraste samarbeidspartnarane dine i
skulekvardagen. Men òg rektor og dei andre leiarane ved skulen, rådgjevarar, kontorpersonalet
med fleire, er her for å hjelpa og rettleia deg. Vi ønskjer òg å samarbeida godt med heimen din,
andre skular og næringslivet for at skuletilbodet skal bli best mogeleg.
Vedlagt finn du ein del praktiske opplysningar i samband med skulestart. For foreldre til elevar på
Vg1 vil det vera eige foreldremøte på kveldstid tysdag 21. august. Vi kjem tilbake med eiga
innkalling. For hybelboarar vil det vera eiga arrangement på skulen onsdag 22.8 kl. 15.00. Ta
kontakt med oss viss du har spørsmål om hybel. Vi ønskjer deg framleis ein flott ferie. Lad opp
batteria dine, og gjer deg klar til stor innsats på skulebenken og på verkstaden frå 20. august.
Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurer på. Døra mi vil alltid vera open for deg.
Med helsing
Karl Erik Christiansen
rektor
Hordaland fylkeskommune
Opplæringsavdelinga
www.hfk.no/opplæring
www.http://odv.hfk.no
Odda vidaregåande skule
5750 ODDA
tlf. +47 53 64 96 00
fax. +47 53 64 96 99
e-post: [email protected]
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR I SAMBAND MED SKULESTART
1. Første skuledag
Første skuledag er måndag 20. august 2012. Frammøtestad er aulaen i gymnasbygningen.
Elevar i Vg2 og Vg3 møter kl 1200.
Elevar i Vg1 møter kl 0900.
Alle må ta med skrivesaker.
Kantina vil vera open og vil vera ein fin stad å treffa nye og gamle skulevener.
2. Aktiv skulestart
I dei to første skulevekene vil vi leggja opp til ein aktiv skulestart. Her vil du få ein introduksjon til
utdanningsprogrammet du har valt og faga. Vi vil og gjera klart kva reglar som gjeld på skulen og
kva forventningar vi har til deg. I arbeidet for å få til eit best mogeleg sosialt miljø vil vi arrangera
felles skulefrukost for Vg1, og ha ein aktivitetsdag for heile skulen.
3. Læremiddel
Elevane vil få gratis lærebøker på utlån. Skrivesaker, permar og naudsynt utstyr må alle elevar
kjøpa sjølve. Vi vil og nytta digitale læremiddel.
Verne- og utstyrsliste blir utlevert første skuledagen for yrkesfagelevane.
Hordaland fylkeskommune satsar på den digitale skulen og vil at elevar skal få digital kompetanse.
Elevane på Vg1 får difor utlevert kvar sin berbare PC. Ein føresetnad er at dei forpliktar seg til å
overhalda PC-reglementet til skulen.
Frå 8.august kan ein bestille PC via nettside https://elevpc.hfk.no . Betaling utføres elektronisk på
same adresse.
For mer informasjon om elevPC gå til www.hordaland.no – opplæring og elev-PC (denne vil være
oppdatert innan skolestart)
4. Skuletransport
Søknadsskjema og midlertidige reisekort for skuleskyss blir utlevert første skuledag.
Hordaland fylkeskommune
Opplæringsavdelinga
www.hfk.no/opplæring
www.http://odv.hfk.no
Odda vidaregåande skule
5750 ODDA
tlf. +47 53 64 96 00
fax. +47 53 64 96 99
e-post: [email protected]
5. Personskjema
Vedlagt følgjer personskjema. Dette må fyllast ut og leverast kontaktlærar snarast etter skulestart.
Her må mellom anna namn, adresse, tlf. privat og arbeid pluss personnummer til føresette, fyllast
ut for at eleven skal bli registrert i databasen. Registrering er viktig om noko skulle skje eleven.
Skulen må då vite kor ein skal venda seg. Personskjema blir, etter registrering, oppbevart innelåst
på skulen sitt kontor.
6. Søknad om stipend/lån 2012-2013
Alle som skal søkja om stipend/lån må gjera dette på nettsida www.lanekassen.no.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, uavhengig av inntekta
til føresette. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
For å få pengane utbetalt, må du
ha eigen bankkonto
senda tilbake underskriven stipendmelding/gjeldsbrev som du hentar på skulen
Er du under 18 år, må både du og ein av foreldra/føresette skrive under.
Bur du på hybel i Odda og avstanden til foreldreheimen ikkje er lang nok (40 km), må du
levere dokumentasjon på kvifor du bur på hybel
7. Skulefotografering
Det vil bli portrettfotografering til Årbok og elevkort for alle elevar klassevis følgjande dagar;
onsdag 5., torsdag 6. og fredag 7. september d.å.
RETTEN TIL SKULEPLASS
Vi gjer merksam på at frammøte til rett tid første skuledag er ein føresetnad for å vera sikra
skuleplass. Viss du ikkje møter, får ein søkjar som står på venteliste, automatisk plassen din.
Rektor kan berre unntaksvis og etter skriftleg søknad, gje elevar fritak for å møta ved skulestart.
Dersom du har spørsmål som treng svar før skulen byrjar, kontakt skulen på telefon 53 64 96 00
eller kom innom kontoret på Eidesmoen.
Vel møtt måndag 20. august 2012 og lukke til med kommande skuleår.
Hordaland fylkeskommune
Opplæringsavdelinga
www.hfk.no/opplæring
www.http://odv.hfk.no
Odda vidaregåande skule
5750 ODDA
tlf. +47 53 64 96 00
fax. +47 53 64 96 99
e-post: [email protected]